(Tom scene. Ei seidkvinne kjem inn på scena. Ho er lang og bøygd og ser ut som ei heks. Ho stoggar og ser seg ikring, og talar med eit trolsk mål).
KOLBEIN STERKE.
Tredje akt
Gå til forspelet til tredje akt
Eit tun med røykstove og ei bu med loft. På bua er der svalegangar i framgrunnen. Ei steintrapp fører opp til svalegangen. I bakgrunnen kan ein sjå noko av eit anne hus på garden. Det er same scena som i akta føre på. Det er eit år seinare. Ut frå røykstova kjem gutorm, han møter kona Gunnhild i tunet. Gutorm går med ei ermelaus stuttrøye og med berre skorteermar. Buksa er til vanleg kvardagsbruk. Lenger ute i akta klæder han seg i helgabunad. Gunnhild har ein sid kjole som rekk ned mot jorda, og ho kjem seinare i helgabunad
Gutorm
I dag tenkjer eg at eg ber han Tor ut på tunet, så kan han age folk om her kjem nokon som ein ikkje ventar.
Gunnhild
Gjer deg ikkje meir til spott enn du er. I dag kan det tenkjast at han Bård Kvite vitjar deg for å minne deg om avtalen de gjorde på Dragseidet. No har du først brote dåpslovnaden din, og driv på og blotar saman med Tore Frøystad, og no vil du bryte lovnaden til han Bård og. Det kjem til å gå deg ille når du bryt alle lovnader du har gjeve.
Gutorm
Eg vil ikkje høyre dette maset ditt meir. Det eg har gjort det har eg min fulle rett til. Han Gutorm let seg ikkje tving må du vite.
Gunnhild
Du har ingen grunn til å bryte ditt ord til din beste ven. Og du hugsar vel at han Tore Spretteboge tok godordet frå deg, og det var vel nok når du høyrde kvite Krist til-. Men du braut alle lovnader og tok til å blote saman med Tore
Gutorm
Det er ikkje første gongen at du prøver å hindre meg i mine planar. Du lyt akte deg for kva du gjer. Der er ei grense skal eg seie deg.
Gunnhild
Eg har ope fortalt deg mine meiningar, og har ikkje gjenge i løynd med mine planar. Og når du i dag tenkjer på å bryte lovnaden til Bård Kvite, og tvinge di eiga dotter til festarøl med Tore, då vil eg gå imot deg så langt eg har makt og evne til.
Gutorm
Du har gått i mot meg i alle ting. Du har enda til sett ætta di opp i mot meg.
Gunnhild
Det er ikkje eg som har fått ætta mi til å gå bort frå dei gamle gudane. Hauk, bror min, følgde trufast kont Olav Trygveson i fleire år, og han fall saman med kongen i slaget ved Svolder.
Gutorm
Vi talar ikkje om dei som er borte. Men du må slutte å leggje deg etter å tyne alle mine planar.
Gunnhild
Du meinar at her ikkje lenger er vitne som kan tvinge deg til å halde ditt ord. Kongen og far min er borte, og sameleis bonden Hallstein som let livet sitt i slaget ved Svolder. Men du kunne vyrde kona di så mykje at du og rekna med hennar vitnemål.
Gutorm
No held du munn, eg vil ikkje høyre eit ord meir.
Gunnhild
Du har sjølv fortalt så mykje, så her er nok av vitne å få.
Gutorm
Veit du noko om han Kolbein Sterke. Han har vore borte i fire år utan at vi har høyrt frå han. Ingen veit anten han er død eller livande. Ryktet seier at han er med Olav Digre og tvingar folk til Kvite Krist. Han skal ha ei klubbe han sler ned alle dei som ikkje vil bøye seg for det kongen byd. Det er rart at han ikkje gjev livsteikn frå seg er så han meinar at han har ei festarmøy her.
Gunnhild
Her kan ha vore mang ein fugl og kvitra om ikkje du har høyrt det. Du må spørje dotter di om ho har høyrt noko frå han Kolbein.
Gutorm
Du kunne ha sagt ifrå om du har høyrt noko.
Gunnhild
Når du spør kan eg fortelje deg det. Her kom helsing til ho Synnøve frå han Kolbein at han tenkte å kome i sumar for at det kan haldast festarøl
Gutorm
Han Kolbein får sende bod til meg vil han meg noko. Men hindrar du mine planar i dag, då må du akte deg for kva som hender. (Gutorm går or tunet, og Gunnhild går mot huset. To bønder kjem inn på scena).
Kjell
Her er stilt i tunet. Han Gutorm har nok ikkje teke tappen or tunna enno.
Eirik
Han Gutorm veit nok når han skal tappe ølet, ver sikker på det. Eg har høyrt at han Bård Kvite har tenkt å kome ubedd til festarølet i dag.
Kjell
Det er ikkje godt å ha lovt bort dotter si til to, og skal halde festarøl berre for den eine.
Eirik
Han Bård Kvite har ikkje så mange med seg lenger. Det er langt mellom dei som held seg til Kvite Krist her i skipreide no.
Kjell
Det har vore prat om at kongen skal kome her til sommaren. Men her har no ikkje kome noko førebod som eg har høyrt om (Dei er på veg or tunet då Gutorm kjem mot dei)
Eirik
Det er ein sto dag for deg Gutorm i dag.
Gutorm
Eg skal ikkje nekte for det. Og no må de gje dykk til her i tunet.
Kjell
Vi tenkte no ikkje å stogge her i dag. Vi gjekk berre vegen her gjennom tunet.
Gutorm
De må ikkje gå langt unna, eg likar å ha grannane med meg i dag. (Kjell og Eirik går or tunet, og Gutorm går til den andre kanten).
(Synneve, ei ung jente md lyst utslege hår, kjem ut på svalegangen. Ho er berrføtt, i understakk og kvit skorte. Gerd , terna hennar, følgjer med henne. Gerd går i ein mørk ullkjole, med eit fletta band kring livet. Synnøve set seg på ein kubbestol med hendene for augo. Gerd har kam og greier håret hennar).
Gerd
Du gret vel ikkje veit eg.
Synneve
Gret gjer eg ikkje, men eg vil ikkje pynte meg til det festarølet han far vil halde i dag.
Gerd (Kambar og steller håret hennar , og begge to teier still. Langt borte høyrdest det låt av eit bukkehorn).
Synneve (sprett opp).
Det er han Kolbein som kjem. Høyrde du den låten. Det er berre han Kolbein som spelar på bukkehorn på den måten.
Gerd
Berre det ikkje er førebodet hans Tore Spretteboge, at no kjem han med heile sitt følgje til gards.
Synneve (Lyder og det kjem nye tonar).
Dette er den tonen han Kolbein brukte, eg vi gå etter luren og høyre om han svarar meg. (Synneve går inn og kjem ut med ein lang neverlur. Ho lyfter han og bels ein låt. Stoggar og lyer, og det kjem svar med bukkehorn. Ho bles ein gong til, og når ho tagnar og lyer kjem låten frå bukkehornet).
Synneve
Det er Kolbein, eg vågar på at det er han. Og no går eg og pyntar meg. (Ei stund er det tomt på scena. Så kjem ein ung mann på 25 år saman med nokre menn som ber våpen. Mennene går over tunet og vert borte. Den unge mannen, Egil Haukson, står igjen med ein ung mann midt i tunet).
Egil Haukson
Her er stilt i gjestebodsgarden. Vi er visst for tidleg ute. Men vi treng ikkje gjere noko bry, vi kan sjå oss om på garden (Gunnhild kjem ut or stova. Egil går og helsar på henne. Dei to mennene tek ho i handa).
Egil
Ver helsa kjære farsøster.
Gunnhild
No var eg glad eg såg deg. Eg kan få bruk for ei teneste frå deg i dag. Kom inn i stova så eg kan få tale med deg i einrom.
Egil
Det er godt om eg kunne gjere deg ei teneste. Du har vore den beste eg har hatt å gå til alt frå barnedagane, då eg miste far min.
Gunnhild
Du har ikkje med deg kona i dag?
Egil
Nei, vi ventar andre barnet no, og då likar ho best å vere heime ved årelden. Ho lyt halde augo med villstyringen som berre er to vintrar gamal. Eg skal helse frå henne.
Gunnhild
Kom no, eg vil gjerne tala med deg før alt folket kjem til gards. (Gunnhild og Egil går til stova, den andre går mot bakgrunnen og vert borte).
(To menn kjem inn på scena. Fleire hermenn går over tunet og vert borte. Gutorm kjem mot dei to).
Gutorm
Velkomne til gards. (Dei helsar på kvarandre).
Tore Frøystad (som og vert kalla Spretteboge).
Eg har mine folk med meg , om det skulle verte bruk for mannemakt.
Kåre (far til Tore).
Dette er ein stor dag for son min, og eg såg gjerne at det fekk ein heldig utgang.
Gutorm
I dag ber vi Tor ut i tunet så han kan vere med oss å drikke festarøl. Eg tenkjer det skal setje ein støkk i dei som vågar å kome ubedde. (Gutorm og Tore går inn i bua. Dei kjem ut med Tor som står på ein krakk. Tor er ein stor trekubbe med eit utskore hovud og med ein hamar i handa. Dei set han i tunet fram for trappa. Guden er pynta med ymse slag glimmer).
Gutorm (går nokre skritt ifrå og snur seg og ser på guden).
Eg tykkjer han Tor er morsk i augnelaget i dag. No skal eg gå etter ølet, så drikk vi ei skål for Tor og vigslar dagen til han. (Gutorm går og kjem igjen med eit stort drikkehorn. Han lyfter hornet mot guden). Tor si skål, han skal signe dagen. (Gutorm drikk og sender hornet til Tore).
Tore (han løfter hornet og rettar det mot Tor).
Tor si skål for mi lukke. (Sender hornet attende til Gutorm og som sender det til Kåre. Han drikk og Tor si skål).
Tore
Eg hadde venta å sjå kvinnene når eg kom til gards. Men dei held seg borte.
Kåre
Du må ikkje vere for brå. Du veit dei er blyge og vil gjerne vere for seg sjølv og pynte seg i slike høve. (dei tre mennene går bort).
Gunnhild (går mot loftet. Synnøve kjem ut og er i festbunad).
Han Egil , brorson, er komen og har mennene sine med seg. Eg er glad fordi han kom. Vert ikkje han Gutorm og eg forlikte i dag, så reiser du og eg bort med han Egil og mennene hans. Eg trur ikkje han Gutorm vågar å bruka makt mot kone og dottera, no då vi har dei som verjer oss.
Synneve (dei høyrer bukkehornet nærmare).
Høyrer du mor. Det er han Kolbein som kjem og eg er viss på det. Han Kolbein kjem nok til å finne ei råd for oss.
Gunnhild
Så kjem ikkje kongen , når han ikkje har sendt bod på førehand. No må Kvite Krist og Jomfrua hjelpe oss så ikkje gleda di vert til sorg i dag. Men kom no og ver med og helse på han Egil. (Dei tre går mot stova).
Bård (kjem med fleire menner inn på tunet. Han stoggar og ser på husguden).
Han Gutorm har sett han Tor til å helse folket velkomne ser eg. Men eg tenkjer der vert ikkje nokor hjelp å få frå han, om han Gutorm treng nokon å hjelpe seg i dag.
1. mann
Eg tykkjer han Tor hellar stygt på seg, eg tenkjer han dett i koll før han Gutorm får han i hus igjen. (Karane lær).
2. mann
Han Gutorm har vel ikkje spart på offeret til han i dag, og han har vel hatt storblotaren Tore Spretteboge til hjelp.
Bård
Her kjem dei og har sine folk samla, no får vi høyre kor velkomne vi er (Gutorm kjem saman med Tore og Kåre og nokre av Tore sine menn).
Gutorm
Det er framandfolk ute og går ser eg (Gutorm helsar ikkje på dei nykomne).
Bård (helsar).
Det er vel ikkje så heilt framande folk heller. Om vi ikkje er nærmaste grannar, så er vi no frå same skipreide. Og ein gong hadde vi to meir samarbeid enn det som er vanleg grannar i mellom.
Gutorm
Det vart brått slutt på det hopehavet då du gav deg til heime og dyrka opp jorda. Du gav trælane fri, men dei laut slite hardare enn dei hadde gjort før. Eg heldt fram med mine handelsreiser eller kva vi skal kalle det . Så vi kan seie at vi har hatt nok med kvar sitt i det siste.
Tore
Han Gutorm har hatt gudane si velsigning både til lands og til sjøs.
Bård
Og endå har han gjort han Tor huslaus, og sett han opp som vaktar ute på tunet.
Gutorm
Eg tenkjer han ser med vonde auge på dei som vil kome til gards og yppe strid. Har du Bård noko å krevje sidan du har teke løysingane med deg, så får du seie ifrå.
Bård
Vi har noko å tale om vi to, sidan vi har ei avtale som enno ikkje er avslutta.
Gutorm
Eg tenkte det at det var avtale frå Dragseidet du fer og masar om. Det var ei vannære for gudane våre å gje lovnad i namnet til Kvite Krist. Vi må vere ferdig med det no.
Bård
Det du og eg gjorde eiden på var ikkje tvinga til av nokon.
Gutorm
Kongen nekta at vi fekk gjere eiden til Odin og Tor, og då er ikkje eg bunden av det. Det er mangt nytt kome til sidan vi gjorde den eiden.
Tore
Du Bård har fått merke både Odin og Tor sin vreide. Kona di er blitt lam i begge føtene, og ligg i sengebenken og ikkje kan hjelpe seg sjølv. Olav Digre skulle vel ha kome og hjelpt henne, no du har sendt sonen din til han. Han er visst likare til å gjere dei helselause enn til å gje dei helsa igjen.
Bård
Sant er det at kona mi ligg ufør, og ho Helga ber lagnaden sin med tolmod. Ikkje trur korkje ho eller eg at det er Odin og Tor som er skuld i det. Og enno har eg tru på at ho skal kome seg opp av senga så ho kan hjelpe seg sjølv.
Gutorm
No vil eg spørje deg Bård, har du høyrt noko frå han Kolbein. Vi her på garden har ikkje høyrt frå han sidan han reiste til kongen. Han kan ikkje ha tenkt på at han hadde festarmøya her, når han ikkje har gjeve livsteik frå seg på mange år.
Bård
Eg har fått bod frå han Kolbein at han tenkte å kome heim i sommar. Og ikkje er alle her på garden uvitande som du seier. Eg veit at sendebodet som kom til oss, også reiste her til med helsinga frå han Kolbein (det vart stor uro mellom folk, og alle vender seg mot tre ryttarar som kjem. Dei stoggar og går av hestane og bind dei. Kjem bort til folket i tunet. Den fremste er ein medels høg kraftig kar, med våpen, ei klubbe og eit bukkehorn er fest i beltet).
Kolbein Sterke
Her er mange folk samla. Eg ser at far min er i flokken , så er vel kanskje eg og venta.
Gutorm
Bodsend er de ikkje korkje far din eller du. Men er ikkje kong Olav Digre med deg på denne ferda. Det har gjenge sterke rykte om det ei tid. (Kvinnene og Egil Haukson er og komne til. Dei står bakanfor i flokken).
Kolbein
Ikkje var det løgn det du fortalde. Kong Olav med følgje var på veg for å gjeste folket i Firdafylket. Då vi var komne opp på Strynefjellet vart det ei forferdeleg torever og snødrev, så ein knapt kunne stå i uværet. Vi fann fram til steinhytta og tok inn der. Då vart kongen sjuk med mykje feber og måtte leggje seg.
Tor
Tor visste nok å setje støkk i Olav Digre, og han let jotnane få ta seg av han. Tor veit kva makt dei har, når dei får sleppe til.
Bård
Korleis var det med kongen. Ligg han sjuk på fjellet?
Kolbein
Etter to dagar med høg feber, vart han feberfri og fisk. Jotnane har vore hardt etter han ofte. Dei tolde vel ikkje at han kom inn på deira einemerke. Kongen sette ut ferda her til og snudde og tok vegen attende til Lom.
Tore
Vi har høyrt om denne kongen din, og vi lengtar ikkje etter at han skal kome på desse kantar. Han er ein harde herre som drep folk eller gjer dei helselause om dei ikkje tek mot den nye læra hans. Her vil vi dyrke våre gamle gudar i fred.
Kolbein
Kongen ville gjerne ha kome her til, men sjukdomen hindra han denne gongen. Han bad meg bere fram helsing. Serleg bad han meg helse Gutorm og Bård som hadde vore med på forliket på Dragseidet. I helsinga fekk eg bod med til dei at dei måtte gjere alt dei kunne for å fremje Kvite Krist si sak. Og han lova å sende prestar her til med det første.
Gutorm
Kongen skal ha takk for helsinga. Men det er andre tider her no, og i dag er det ein annen ting vi er samla for. Eg trur dei som ikkje er bedne her til i dag, finn at et er god gamal sømd å gå her ifrå i fred og ro.
Bård
Det høyrest ut som eg ikkje er velkomen i dag. Men eg vil seie ifrå at den lovnaden som vi to har gjort den må drøftast før noko anna kan hende.
Gunnhild
Her er mange her i dag som ikkje er bedne av husbonden, til og med brorsonen min er mellom dei. Eg trur ikkje at du Gutorm vil bryte gamal frendevenskap og vise bort dei som er ubedde.
Gutorm
Alle veit kva dagen gjeld, og dei som vil ver med på det skal ikkje eg vise bort.
Kolbein
Det er ikkje sikkert at den du har sett ut på tunet til å vakta garden , kan hjelpa deg om noko røyner på. Eg har nyss vore på Hundorp, der hadde Dale Gudbrand sett avguden Tor i tunet for å age kongen. Kong Olav baud meg å slå til han med klubba, og for det slaget rauk Tor i mange stykke (Det vert øsing og rop mellom folk).
Mennene til Bård Kvite og Egil Haukson (ropar:)
Bruk klubba på husguden hans Gutorm.
Kolbein (tek klubba opp frå beltet og går fram til husguden).
Han er vel ikkje så godt fora denne som avguden hans Dale Gudbrand, men dei duger like lite begge to .
Folk (ropar i øsing:)
Slå husguden så han stuper.
Gunnhild (kjem fram til Kolbein)
Det er ikkje med klubba du skal vinne di festarmøy. Her er det ikkje kongen som byd deg bruke klubba. Du lyt lite på meg no.
Kolbein
Det var godt du minte meg på det. Det er andre ting eg er komen her for i dag. (Han går attende til dei andre).
Gutorm (ser ut som han vil ha sagt noko. Han er uroleg og går att og fram. Målet er heller ikkje så kvast lenger).
Eg skal drøfte saka med deg Bård enno ein gong. Men då vil eg at Tor Frøystad skal vere med, og du Bård kan ta med deg ein mann. Dei andre får gå til skjenkjarsveinane, og dei vil by dykk heimebryggja øl. (Det vart mykje høgrøysta tale. Folk går bort. Kvinnene og Kolbein og Egil går til inngangen for stova).
Bård
Skal eg ha uskylde folk får det verte Egil Haukson.
Gutorm
Det er greidt, (Gutorm ropar til Egil at han skal kome. Han kjem fram til dei andre).
Bård
Du tok ordet frå meg før eg var ferdig. Den saka vi her skal drøfte vedkjem både Kolbein og Tore Frøystad, og då tykkjer eg at det er stor urett at Tore skal vere med og drøfte saka, og sonen min skal ikkje vere med.
Tore
Kolbein er det som kjem her og vil krevje ein rett som han ikkje har. Vi får finne ut kva rett han har til å fremje saka si , før han får kome med sitt ord i saka.
Bård
Det er eg som her i dag kjem med krav til han Gutorm, om å halde ein avtale vi har gjeve kvarandre. Vi har late borna våre vekse opp med den trua at detter var å lite på. Kolbein var seks år så han hugsar sjølv kva om hende. Dette er det saka gjeld, og til å føre prov på dette veit eg ikkje om du Tore har noko du har å seie.
Egil
Han Bård har ei rettferdig sak å fremje her i dag. Når no son hans er komen for at tidlegare lovnader kan haldast, då er det urimeleg at Kolbein ikkje får vere til stades.
Tore
Det var vel heller uskylde vitne dei burde prøve å få fram, som kan stadfeste påstandane deira. Men det er kanskje slik at her er ikkje slike vitne å finne.
Egil
Eg skjønar at du vil minne oss om at kong Olav Trygveson og Hallstein frå Stad, og heller ikkje far min er mellom dei levande og kan ikkje vitne i denne saka. Men eg kan vitne frå min heimstad at eg og mange med meg høyrde far min fortelje om denne lovnaden.
Tore
Både du Bård Kvite og du Egil Haukson har svikta bøndene i dykkar skipreide, og har slutta å dyrke dykkar gamle gudar. Det er så stor svik at det er ingen av bøndene her ikring som har tiltru til dykk lenger. Og de kan vel snart få merke gudane sin uvilje mot dykk.
Bård
Eg tenkjer gudane dykkar har ikkje større makt enn guden til dølene som han Kolbein slo sund. Men Gutorm har ikkje sagt noko om korleis han vil løyse denne saka.
Gutorm
Eg har ikkje anna å seie enn det er har sagt. Det var ei nidingsferd av kongen å kome med heile sin her og tving oss til dåpen. Og ein slik lovnad som eg gav deg Bård, den vil ikkje verte godkjend om du så prøver det på Gulatinget.
Tore
No har vi høyrt Gutorm sine eigne ord at det ikkje er nokon lovnad som held for Gulatingslova. Og ingen kan venta at han gjev bort dotter si til ein mann som vanærar våre gudar og sed og skikk. Han har rømt til Olav Digre for å få hjelp mot bøndene i sitt eige skipreide, og det er best han vender attende før bøndene tek afere mot han.
Egil
Eg vil ta ordet ein gong til, før Gutorm seier sitt siste ord i denne saka. Som de veit så var Gunhild og far min rette søsken. Dei kom godt ut av det med kvarandre, også når det galdt trua på kvite Krist. Du Tore har ymta om at her ikkje finst vitne. Eg har fortalt kva far min sa, og farsøster har tal med meg i dag. Ho var med den gongen dette hende, og sjølv om ho er kvinne vil ho stå fram og vitne om nokon krev det. Eg vil ikkje leggje meg fram i korleis og kven du vil ha til din gud. Men bryt du fastemann lovnaden du og Bård har gjort eiden på, då vil eg fortelje deg no at både eg og heile mi ætt vil stå imot deg i denne saka.
Gutorm
Ikkje skal frendane mine kome og seie at eg bryt mitt ord utan grunn. Når Bård hevdar at Kolbein også har rett å vere med så skal eg rope han hit. (Sjur ropar og Kolbein kjem).
Kolbein
Synneve og eg har kjent denne lovnaden frå vi var born, og ingen har hindra oss i å vere i lag. Og då eg i dag let ein låt i bukkehornet så svare ho med luren som ho før har brukt å gjere. Det er ikkje eg som skal tale mi sak, det skal far min gjere. Då eg sende helsing til henne tidleg på sommaren, sende ho den helsinga attende at eg måtte kome snart.
Egil
Etter det som no er sagt vil eg råde Gutorm og Bård til å gå i einrom og tale ut i denne saka. Og vert de samde kan de kalle til vitne
Bård
Dette går eg med på, og vil kalle Egil Haukson inn som mitt vitne.
Gutorm
Det ser ut til at det gamle ordtaket står ved makt, at frende er frende verst. Det er kvinner og born som no skal ha det siste avgjerande ordet, ser det ut til. Men Bård skal få tale med meg som han ønskjer, og eg vil ha Tore Frøystad til mitt vitne.
Tore
No er vi ikkje lenger komne enn vi var då vi tok til i dag. Går Kolbein her ifrå så er vi dei same som var utpeika av han Gutorm. Ingen andre enn dei han Gutorm har nemnt opp bør ha noko å seie her i dag. Vert ikkje det godkjent får vi fremje saka på ein annen måte.
Gutorm
Bård og eg skal talast ved under fire auge, og treng vi vitne ropar vi inn dei som er oppnemnde. (Gutorm og Bård går inn i stova).
Tore
No går eg og talar med far min og smakar på ølet med eg ventar. (Tore går bak om stova, noko etter går Egil same vegen).
Kolbein (står igjen åleine. Dei to mennene som kom ridande saman med Kolbein kjem over tunet).
Det kan bli strid om festarølet. Far min talar no mi sak med Gutorm.
Hake (herkledd)
Eg tenkjer at du Kolbein ikkje har noko imot at eg går og talar med ho Gerd.
Kongens skald (han har ei vid kappe og vikingklæde).
Eg vonar denne dagen får ein god utgang, og då vil eg seie fram eit kvad til Kvite Krist og kongens pris.
Kolbein
Der kjem festarmøya mi, og eg vil nytte denne stunda til å tale med henne (Kongs skalden går bort. Synneve og Gerd kjem. Gerd og Hake møtest og går bort i lag).
Synneve
Kva råder er det no som skal takast. Er det lagnaden vår som vert drøfta no?
Kolbein
Lagnaden vår er lagd i hendene til fedrane våre. Vi lurer oss til ei lukkestund på førehand (Kolbein tek ho inn til seg og ho hallar som snarast hovudet inntil bringa hans, men skuvar han strakst frå seg).
Synneve
Her er mange augo som vaktar på oss i dag.
Kolbein
Hugsar du då vi var små og leika oss med kyr og sauer, eg var mann og du var kone. Då sa eg at eg skulle reise bort og drepe den store draken. No har eg drepe den store draken då eg slo sund husguden hans Dale Gudbrand, og no er eg komen for å hente prinsessa. (Dei kan ikkje la vere å ta kvarandre i hendene).
Synneve
I dag skal eg vere god med far om han gjer som eg vil. (Det høyrest høge skrik og skrål og to fulle menn kjem fram på scena).
Første fulle mann
No Tore må du kome og berge festarmøya di frå han Kolbein Sterke, elles tek han henne med på hesten og rid bort med henne.
Andre fulle mann
Er du komen her på bruderov i dag du Kolbein Sterke.
Tore (kjem springande).
Det er best du Tore held hendene borte frå Synneve. Du har ingen rett til å ta henne i famn, som eg såg du gjorde. (Han skuvar dei to frå kvarandre. Synneve dett over og Kolbein spring bort og reiser henne opp).
Kolbein
Vil du ikkje be ho Synneve om orsaking for framferda di mot henne.
Tore
Det er du som treng be om orsaking for å ha trengt den inn her ubeden. (Dei to fulle mennene slær hendene i saman og hoppar høgt i veret og huvar).
Andre fulle mann
Send no han Kolbein attende til Kongen med nasa i ein klut.
Første fulle mann
Du må ikkje finne deg i det Tore at han ranar festarmøya di frå deg (Dei knyter nevane mot Kolbein, og gjer rundkast i tunet så dei vert liggande på marka og sprelle med føtene. Gutorm kjem ut og ropar på Tor og Egil).
Synneve
No har far din avgjort lagnaden vår for heile livet. Kva gjer vi om dei ikkje er blitt samde?
Kolbein
Då legg vi saka fram for Gulatinget, og mor di og du reiser heim med Egil i dag.
Gunnhild (kjem bort til dei).
Kvite Krist vere lova som sende deg Kolbein her til i dag.
Synneve
Berre det ikkje endar med strid og mannefall. Eg er redd enno at vondt kan hende.
Tore (kjem springande ut or stova).
Kom karar no skal våpna tale mi sak med Kolbein Sterke. (Det vert huing og skrik. Kåre spring bort til Tore).
Kåre
Styr deg Tore. Ser du ikkje den store mannemakta dei har her i dag. (Mennene hans Tore samlar seg kring han. Mennene til Bård og Egil sler ring om Kolbein og kvinnene).
(Hermennene på begge sider vil ha saka avgjort med våpenmakt, og eggjar Tore til å gå på).
Tore (ropar til Kolbein).
Er ikkje han Kolbein Sterke ein feiging så kjem han fram og prøver våna med meg.
Kåre
Har ikkje Gutorm bruk for vår vennskap og bryt sitt ord, så skal vi møte han ein annan gong når våpna er meir likleg fordelt til vår fordel. Kom no son min så går vi heim.
Tore
I dag vil eg syne alle kva feiging han Kolbein er som smetter seg bak ein kvinnfolkstakk når noko røyner på.
Kolbein (går ut av ringen og steller seg opp åleine utan å ta sverdet or slira).
Her står eg synleg nok om du Tore vil meg noko.
Kåre (Grip Tore og held han fast med makt).
Du må la vitet rå og ikkje sinnet.
Tore
No skal sverdet tale.
Kåre (kjempar hardt med sonen).
Veit du ikkje at Kolbein er her som kongen sin mann.
Mennene hans tore (ropar:)
Lat han Tore få viljen sin så han Kolbein kan få smake sverdet.
Første fulle mann
Her skal blodet renne til Tor sin heider (Han dreg sverdet og går mot Kolbein).
Synneve (ropar høgt)
Kolbein, Kolbein (Alle kvinnene er redde og skrik, og hermennene ropar eggjingsrop).
(Kolbein har teke opp klubba og står roleg og ventar. Første fulle mann stikk etter han, Kolbein går til side og støyter til han med klubba så han dett over. Hake er komen til og med same Første fulle mann reiser seg og vil ta Kolbein på nytt, kastar han seg i millom , og vert såra slik at han sig i kne. Kolbein dreg sverdet og då rømer Første fulle mann attende til Tore sine menn).
Kolbein (Gerd har kom til og legg seg på kne attmed Hake)
Kom hit og hjelp Hake han er såra. (To mann kjem og tek Hake mellom seg, og Gerd følgjer dei bort).
(Hermennene vert ståande mot kvarandre. Og det er murring i begge leirar).
Første fulle mann (som no har fått mod igjen).
Lat oss hogge ned Olav digre sin klubbesvein (Det er mykje rop og øsing, men ingen kjem ut av flokken til Tore, ein ropar) Vi må merkje han som har svike gudane.
Kolbein (stig enno eit steg fram).
Tore og alle hans menn skal få gå ut or tunet utan at det skal verte gjord dei mein av noko slag.
Tore
I dag har du mannemakta kring deg, men endå kan det hende at våre gudar kan stanse deg liksom Tor stogga Olav Digre på Strynefjellet.
Kolbein
Eg står ved mitt ord, og det må de ta imot strakst. Det vert for seint skal det vere sverdet som skal tale.
Kåre
Alle stikk sverdet i slira og går med Tore og meg or tunet. (Han og Tore går og alle hermennene følgjer dei).
Gunnhild (går bort og stiller seg opp attmed Gutorm).
No veit eg at bandet som bind oss i hop kan aldri slitast utan at vi begge vert ulukkelege.
Gutorm (retter seg opp liksom han tek etter å få modet igjen).
Når det no har gjenge slik at semja mellom Bård og meg er oppattnya, skal festarølet verte halde som lovt er for Synneve og Kolbein Sterke. Og det skal haldast her på garden trevekersdagen frå i dag. Då er alle som er her velkomne igjen med alle sine, så mange som kan kome heimanfrå.
Bård (går bort til Gutorm).
I dag har venskapen vår hatt si hardaste prøve til denne daga. Eg vil takke deg for at du gjorde det slik at denne venskapen kan halde fram med borna våre.
(Gutorm går fram til Synneve og Kolbein. Synneve gjev han handa og ser faren opp i andletet)
Synnøve
Takk for at du i dag valde å gjere dotter di lukkeleg.
Kongens skald (stig fram).