Til Litteraturoversikta

Tittelside
Personar
Første akt
Andre akt
Tredje akt

KOLBEIN STERKE.

Andre akt

Gå til nytt bilete i andre akt

Dagen etter, på same staden som første akt.

Kor
Lova være Gud
Kvite Krist den einbårne son
til den einaste sanne Gud,
kom til kong Olav
og gav han sin dåp
og baud han si hjelp
til å vinne sitt fedrenes rike,
og sette han i kongsstolen
som Harald hadde bygt.
og Haakon hadde verja

Lova vere Gud
Kong Olav tok odelen sin
og fria landet frå
framande kongar
og deira leigesveinar
Norge skal vere for nordmenn
fridom skal kvar mann eige
som bur og byggjer
i fjord og dalar
og ut til den yste øy

Lova vere Gud.
Heilag er kallet
kongen kar fenge.
Folket med lydnad
skal tene sin konge.
Gjævare konge kar aldri
nokon nordmann kåra.
Større siger har
ingen hermann vunne,
enn kongen vann i dag
Utan at blod har runne,

Hosianna
Lova vere Gud.
Haleluja.

(Helga og Kolbein er åleine på scena)

Kolbein
Eg vil sjå kongen i dag og.

Helga
Vi kan ikkje møte på tinget vi to. Det er berre for vaksne menner. Kvinner og born må sitje heime.

Kolbein
Konger vil sikkert like om eg kom. Det er ingen annan som har fått sett kongsmerke han bar på bringa. (Bård kjem inn på scena.)

Helga
Kjem du åleine? Har det hendt han Gutorm noko?

Bård
Han var med mellom dei 12 talsmennene som skulle svare kongen. Dei skulle få dåpen av bisp Sigurd.

Helga
Var det ingen som tala mot kongen i dag?

Bård
Det som hende kor i gårkveld hadde gått som eld i turt gras mellom hermennene frå fylket.

Helga
Det hadde vel ikkje noko med saka å gjere?

Bård
Alle såg det som eit stort under det kongen og bispen hadde gjort.

Helga
Var alle rykter så sanne som det, då var det ikkje mykje lygn til.

Bård
Det såg ut som folk hadde fått ein støkk av det, og når dei såg den store hermakta kongen møtte med, var det ingen som eggja til strid.

Kolbein
Kjem kongen her i dag og?

Bård
Det vert kanskje her han døyper dei 12 utsendingane.

Kolbein
Eg vil vere med kongen.

Helga
Ja,du skal få reise til kongen, men du må bli stor og sterk først.

Kolbein
Er ikkje eg stor no då? (Han knyter nevane opp i lufta og strekkjer seg for å syne kor stor han er).

Helga
Du kan skjøne du er sterk du som keitet Kolbein Sterke. (Det ropar inne frå steinbua. Helga går inn og kjem strakst ut igjen).

Helga
Ho Gunnhild vil ikkje ligja der inne ålene. Vi skal leie henne ut seier. Ho ottast vel for han Gutorm.

Bård
Eg tenkjer vi får gjere henne til viljes i dette. (Bård går inn og hentar eit segl og legg på marka, og lagar til så ho får sitje. Bård og Helga går inn og kjem igjen med Gunnhild mellom seg, og hjelpar henne til å få sitje.)

Gunnhild (med veikt mål)
Har kan Gutorm kome i unåde med kongen?

Bård
Det var ingen som mælte i mot kongen i dag

Gunnhild
No gjorde du meg glad. Eg var så redd kan Gutorm ikkje kunne styre sinnlaget sitt. Han vart alltid så arg på meg når eg nemnde den nye trua med han.

Helga
Ta det med ro og kvil deg. Du hadde ein hard dag i går. Og no har du ingenting å ottast for.

Gunnhild
Eg våga ikkje å sleppe kan Gutorm her til åleine, eg kadde slik otte for han. Han toler ikkje å høyre om den nye trua. Det har vore ei vanskelg tid. Hauk, bror min, har fortalt meg om den nye trua. men han Gutorm toler ikkje at og nemner eit ord om det.

Kolbein
Eg skal passe på so ingen får ta barnet ditt (Helga kjem med barnet og legg det inn til Gunnhild.)

Gutora (Kjem inn på Scena.)
Dei synte seg ikkje hovdingane frå Sunnmøre og Sogn i dag. Dei var sidreva og krylrygga og kongen skremde alt modet ut av dei berre han såg på dei:

Bård
Det var ikkje anna å gjere når kongen kom med så stor hermakt, og godt vepna og velbudde var dei.

Gutorm
Vi kunne no ha sagt kongen meininga vår, og ikkje vore som ein annan saueflokk. Hovdingane våre er anten gått i haug eller farne til Island eller Færøyane. Enno set harmen i folk i Firda fylket mot Mørejarlen fordi kan brende inne kong Vemun. Og vi kan skjemmast for at ingen ev oss har hemna det drapet. Og mellom Firda og Sogn har det aldri vore nokon venskap. Ein får ikkje noko godt samarbeid når ein ikkje har tiltru til kvarandre. Etter mitt skjøn har vi lite ære av møtet vårt med kongen i dag.

Ginnhild
Kom hit Gutorm. Eg er så glad for at du kom igjen med liv og helse. I dag vil eg at kongen skal gje meg eg barnet dåpen. Då er vi fri for at barnet kjem ut for nokon fåre på heimvegen.

Gutorm
Du må ikkje tenkje på og hevte kongen bort med slikt i dag. No har to prestar teke til å døype alle hermennene som kom her til.

Guihild
Bård og du skal vel og ta imot dåpen i dag?

Bård
Eg var ein av dei aller første prestane døypte. Og Gutorm er mellom dei som skal ta mot dåpen av bisp Sigurd.

Gutorm
I dag er det vel ikke anna å gjere ennå å la dei få renne vatnet ned over hår og skjegg.

Gunnhild
Når du vert døypt så kan du heller ikkje nekte at barnet og eg får dåpen av bisp Sigurd.

Gutorm
Det sømer seg ikkje å blande born og kvinner opp i det som hender her i dag.

Gunnhild
Har nokon av dykk høyrt om Hauk, bror min, er med mellom kongsmennene.

Bård
Eg tyktest høyre at han var nemnd.

Gunnhild
Vil du Bård gå og finne han, eg vil gjørne få tala med han om han er her.

Hallstein (er komen inn).
Dette skal eg gjere for deg, eg kjenner Hauk frå før.

Gunnhild
Det er gildt å møte godt folk når ein er komen på framand stad. (Barnet tek til å skrike. Helga hjelper Gunnhild med å leggje barnet til brystet. Kolbein steller seg interesert opp og ser på at barnet får mat.)

Kolbein
Er det god mat du har til barnet.

Gunnhild
Ja,dette er god mat til alle småborn. Det var slik mat mor di gav deg og då du var liten.

Kobein
Det trur eg ikkje, for det har ikkje ho mor sagt.(Vender seg til mora)

Helga
Det er noko alle born må få for å vekse og verte store.

Kolbein
Vert jenta snart så stor at eg får leike med henne

Helga
Ikkje med ein gong, men om eitt år eller to får du leike med henne. (Barnet sluttar å suge, og Helga legg barnet og mora godt til rette.)

Bård (til Gutorm.)
Vi to har berga oss frå mange skjer i sjøen. Det lyt store bårer til for å øydeleggje vennskapen imellom oss.

Gutorm
Hugsar du då vi låg på eit lete skjer ute på Orkenøyane, Vi låg 12 mann på skjeret. Då hjelpa kom var det berre du og eg igjen.

Bård
Det var ei natt som vi ikkje gløymer.

Gutora
Det var du som var sterkast den gongen,og heldt meg fast når båra slo over oss.

Bård
Men hugsar du den gongen ned i Frakkland då vi vart fanga av nokre munkar og stengde ned i eit kjellarhol. Og så fann vi ei vintunne då vi prøvde å kome ut.

Gutorm
Vi drak og song og skreik til vi somna, og munkane fann oss sovande.

Bård
Eg hugsa at det var ein nordmann med mellom munkane, og det var han å takke at vi berga livet den gongen

Gunnhild
Der såg de. Dei for mildt fram mot dykk dei som høyrde til Kvite Krist.

Gutorm
Vi fekk sjå alt anna enn mildskapå. Munkane har mange nordmenn sitt liv å svare for.

Gunnhild
Kan de anna vente Dykk slik som de stal og røva. Fekk de det ikkje med det gode så drap de folk. De lyt slutte med det no de skal tene Kvite Krist.

Bård
Eg har tenkt på det ofte, at vi kadde kanskje vore like rike om vi hadde fare med handel i Vesterveg. Eg skulle ha lyst til i gjere ei slik ferd før eg vart for gamal til å gå i båt.

Gutorm
Vi får vere i lag som før anten det vert kjøpmansferder eller vikingferder

Bård
Vi vert vel meir heimkjære no når vi begge har kone og born i ta oss av

Gutorm
Eg kadde no helst sett at det hadde vore ein gut.

Bård
Ei ven og velskapt jente kan det verte mange som får hug på når ho vert vaksa. Ho som er koma av så godt folk.

Gunhild
Eg ser mest på at jenta får levedagar og er frisk og velskapt.

Gutorm
Eg skal syte vel for henne,og ho skal ikkje verte bortsett til mindre aktande folk enn vi er sjølve.

Bård
Eg skal ikkje ønskje noko betre for han Kolbein, enn at han fekk jenta di til festarmøy når har vart vaksen.

Gutorm
Deg Bård reknar eg for likemann i alle ting, og kanskje litt fram om meg. Hadde vi no hatt eit staup øl til å stadfeste det med, skulle vi ha gjort eiden på at dei to skal få kvarandre, og vi skal drikke festarøl nir dei er vaksne.

Gunnhild
Lat oss no få dåp og namn på småjenta vår, då først kan vi verna henne for jotnar og haugfolk. Eg får ikkje fred før ho er døypt til Kvite Krist.

Gutorm
Er vil ikkje høyre om slikt tull. Du kan terge gudane mot oss med mindre uvisleg snakk enn dette. Har vi ikkje hatt gode åringar og kome velberga frå alle fårar. Torshamaren har eg slege over inngangen og då er barnet trygt si lenge det er der inne.

Gumflgild
Når eg får vite meir om denne jomfrua, så vil eg be til henne for barnet vårt og for oss alle. Eg vil snakke med han Hauk, han veit så mykje om alt dette.

Gutorm
Held du ikkje no opp så kjem gudane til å hemne seg på oss før vi kjem heim igjen.

Bård
De må ikkje gjere det slik at det vert ufred mellom dykk. Det er mangt som kan verte anleis enn vi trur, når vi har fått prøvt det ei stund.

(Halstein kjem og har med seg Hauk Egilson, ein av kongens hermenn)

Gunnhild
Takk for di du kom bror. No skal eg få den trua som du fortalde om sist vi var i lag

Hauk
Det var uventa at eg skulle få treffe deg her i dag. Det var ein stor siger for kong Olav, og eg er stolt av hermennene som hadde møtt til tinget og tok så verdig i mot kongen.

Gunnhild
Eg er så glad du kom. Du må kome bort og sjå veslejenta vår.

Gutorm
Det var ein stor dag for deg Hauk, høyrer eg. Men det skal du vita at vi set ikkje høgt dei som har gått inn i kongsheren for å bere våpen mot folket i sitt eige fylke.

Hauk
Landet set vel ikkje større pris på dei som let danskekongen og Gunnhildsønene herja i landet. Kong Olav har vunne igjen odelen sin, og han vil gjeve oss fred i landet

Gutorm
Ynglingakongane har soge merken ut av folket, og dei modigaste og djervaste har dei drepe eller jaga dei ut or landet. Men no kan det hende at dei har gjort seg sjølve verst no dei har gått til krig imot gudane våre.

Hauk
Kong Olav baud dykk kristendommen. Og eg tykte at det var ein stor heider for mine frendar og vener at dei tok så verdig i mot kongen og hans bod.

Gutorm
Ikkje reknar eg det for eit tilbod når kongen har samla heile sin her for å tvinge fire fylke i Midtlandet til å bryte med sine gamle gudar.

Hauk
Du Gutorm er søstermannen min. Lat oss ikkje bruke harde ord no når striden er avgjort (Hauk vender seg til Gunnhild og ser på barnet.)

Gutorm
Torshamaren kan enno kome til å tukte svikaren, og det kan kome til å flyte blod før dåpen er fullførd

Andre akt- Nytt bilete

Tilbake til starten av andre akt

Dei 12 talsmennene kjem først og steller seg opp. Dei er tre for kvart av fylka Sogn, Firda, Sunnmøre og Romsdal. Etter på kjem dei gjevaste hermennnene til Olav og steller seg opp på den andre sida. Eit kor kjem inn og vert ståande midt i mellom

Kongens skald (stig fram)

Som eld har gjetord gjenge
om gjve Trygvesonen.
Med Kvite Krist sitt merke
har kongen siger vunne
Trygves gamle kongerike.
Trufaste frendar baud han trygd.
Kong Olav lydmelt lova
å kristna landet eller døy.

Dei som motstand reiste
i Rygjefylke røynde,
dei miste mål og mæle
og kristen dåp laut take
I dag er fire fylke
for heidens trollskap fria
Sigurd bisp skal bringe
Kvite Krist sin bodskap.
Kongen ikkje drygde
gjeve djerve tingmenn dåpen

Samhald og fred fekk råde.
Ramn vart utan føde.
Ved Stad vart krossen reist
Med bod frå Kvite Krist.
Her har fire fylker
dåp og signing fenge.
Djerve sigers drotten,
stor i alle dygder,
folket kunne kryna
Olav folkekongen

(Kong Olav og bisp Sigurd med kongens ærendsveinar kjem inn på scena. Kongen er kledd med prydeleg kappe, og med kongeleg klæde. Bisp Sigurd er kledd i bispeskrud, og har bispestaven i handa. Kongens her ropar)

Kong Olav Trygveson er helsa. Han er sigerskongen

Kor

Ære vere Gud,
Olavs Gud er Norges Gud,
Kvite Krist,
haleluja,
vårt land sin Gud skal vere.
Frå Stad går bod i nord og syd.
Ein kross er reist i Norges jord
eit kjærleiksbod er gjeve.

Ynglingeætta sin gjæve son
tidleg vanskar møtte.
Vart driven bort frå land og rike,
røva som barn i framandt land,
skild frå si kjære moder.
Lagnaden prøver den som stordåd skal øve

Morbror Sigurd til Holmgard
berga den unge Trygve sonen,
Dronning i Gardarike
lærde han kongeleg sed og skikk.
Kong Valdemar gav han heider
Verdig ein kongeson.
18 vintrar då han i viking for
øvde han større idretter
enn nokon den tid hadde spørt.
Lagnaden vernar den som stordåd skal øve.

Dronning Gyda eit bodord sende
til Englands gjævaste menner,
på tinget ville ho velje seg mann.
Olav stelte seg bakerst av dei.
Han var det dronninga valde.
Lagnaden peikar ut den som stordåd skal øve

Kristendomen kong Olav tok
her i det engelske riket.
Bispen i Southampton gav han
kjennskap til bibelens lære.
Kong Edelred han stod fadder
Då konfirmasjon han fekk
Lagnaden kalla han heim til stordåd å øve

Til Dragseidet nær ved Stad
frå inste fjord til hav
kom folk på kongens bod.
Hans auge lyste mildt
men orda kom med mynde,
kongsheren stod ikring
der skjold og hjelmar blenkte.
Lagnaden kalla han til Kristen dåd å øve

Bygdafylking utan hovding,
sverdet det sat fast i slira.
Orda ville ikkje duge
Mot den hjelmeprydde her.
Her fekk kongens vilje råde.
Olav kristen dåd fekk øve

Kongens stallar (stig fram)
Kong Olav Trygveson har i dag gjort semje med sendemennene frå Sogn, Firda, Sunnmøre og Rauma. Dei har vedteke å ta mot kristen dåp, og hjelpe til kvar i sine fylker for å få framgang for denne saka. Prestane døyper no alle sendemennene, og alle skal her etter lyde Kvite Krist sine lover. No vil kongen helse dei utvalde tals mennene.

(Kong Olav stig fram)

Kongsheren ropar:
Olav er vår konge. Han har sigra i alle stridar. Olav Trygveson samlar folket.

Olav (talar då alt har stilna)
På Dragseidet har eg i dag tala til dei gjævaste menner frå fire fylke. Frå desse fylka har mine gode frendar kong Harald Hårfagre og kong Haakon den gode fått mange av sine vener og hjelpesmenn. Og i dag har eg mellom mine hermenner: Finn frå Rauma, Arnor frå Møre, Hauk frå Fjordane og Arnfinn frå Sogn. Dei vil trufast følgje meg og vinne siger for Kvite Krist frå landsende til landsende. Eg takker dykk i dag gilde bygdehøvdingar fordi de tok mot bodskapen om Kvite Krist, og vil late dykk døypa. Etter kvart skal det kome prestar til dykk med opplæring i den rette trua. De må gå i gang med og reise Gudshus kvar i dykkar sveiter, og rive ned alle hov for heidningane. Bisp Sigurd vil no gje Guds signing til dykk alle

Bisp Sigurd ( stig fram, lyfter hendene og les signinga over folket på latin. Seier på norsk:)
Faderen sonen og den heilage ande vere med dykk alle

Koret
Gud herren skal signe oss
Kvite Krist skal leie oss
Kong Olav skal verje oss
Amen

Dåpen
(Bisp Sigurd går fram til den staden der dåpen skal vere. To av kongens hermenn følgjer med han. Bispen vender seg fram og løfter hendene og syng ein kort latinsk hymne til Guds pris. Det vert støtta av veik musikk og song. Han vender seg mot dei 12 utsendingane frå fylka.)

Bisp Sigurd
I Guds og Kvite Krist sitt namn bed eg dei 12 talsmennene for bøndene kome fram og ta imot den heilage dåp. (Den fremste i flokken tek eit par stig. Då ingen følgjer etter vert han ståande. Det er heilt stilt og ingen stig fram. Bispen seier til dei to hermennene med myndig mål) Før dei som skal få dåpen hit (Dei to hermennene går fram og byd mannen følgje. Han snur seg mo det andre, og føl så viljug med. Då dei er komne nær dåpsstaden seier:)

1. Kongsmann
Her lyt du leggje ned våpna dine

1. talsmann
Skal ikkje ein fri mann få bere sine våpen.

1. kongsmann
Ingen går med våpen fram til bispen og tek mot Kvite Krist sin dåp. (1. talsmann legg skjoldet ned og tek av seg sverdet. 1. kongsmann peikar med sverdet på hjelmen) Av med hjelmen. (Det vert gjort. Han går fram til bispen , og dei to hermennene vert ståande igjen.)

Bisp Sigurd
I Guds og Kvite Krist sitt namn skal du no mottake den heilage dåp. (Bispen lyfter hendene og messar på latin, musikken og songen tornar med. Det går snøgt med 5 stykker. Då er det Gutorm som skal fram. Han vil gå heilt fram, men hermennene stoggar han. Han står utan å ta av seg våpna. Ein hermann peikar med sverdet mot han at våpna skal av (Brennfort dreg Gutorm sverdet or slira og sler sverdet or handa til hermannen)

Gutorm
Ingen kongstræl har rett til å ta våpna frå ein fribåren bonde.

Bispen (kjem bort til Gutorm)
Heller ikkje heidningane går inn i offerskålen med våpen, og gjer seg til "varg i veum". Det skal heller ikkje du vere når du stig fram for den gud som har kalla deg til dåpen.

Gutorm
Eg ber mitt sverd med ære, og ingen klerk har rett til å byde meg å leggje sverdet ned for ein Gud eg ikkje kjenner.

Bispen (til hermennene)
Tak sverdet frå han (Kongsmennene vil ta sverdet men Gutorm dyttar dei bort , og begge hermennene dreg sverdet or slira. Dei andre som ikkje har moteke dåpen steller seg i ring rundt dei. Det vert skrik og bråk. Dei to hermennene trekkjer seg attende. Bispen står åleine mot dei stridshuga bøndene. Då stig han som først fekk dåpen fram mellom dei)

1. talsmann
Vi har i dag vorte valde som talsmenn for kvar sitt fylke, og gjort avtale med kongen. Ingen må få det å seie at vi braut vår lovnad og let sverdet tale. Legg sverdet ned og tak mot dåpen slik vi har lova (Dåpen gjeng no som før til alle 12 er døypte.)

Kong Olav (stig fam.)
Dei to kvinnene har og bede om å få dåpen for seg og borna sine. Leid kvinnene fram til dåp og velsigning. (Helga ber barnet til Gunnhild og leier Kolbein i handa. Kongen leier Gunnhild fram.)

Sigurd
Gud som rår over jord og alle himlar og Kvite Krist hans son fødd av Maria Møy, den velsigna av alle kvinner, og Guds heilage ande dei signar dykk med sin dåp og hjelpe dykk til eit nytt liv (Vender seg til Helga og Kolbein) Gud vil gjerne ta mot dette barnet, og vil det skal få oppæring i Guds lov, og gå i hans teneste og gjere gode gjerningar til Guds ære. Kva heiter du guten min?

Helga (leier guten nærmare inn til bispen. Ho svarar for han)
Vi har kalla han Kolbein

Kolbein
Mor seier eg heiter Kolbein Sterke

Sigurd
Eg døyper deg Kolbein til Kvite Krist sin stridsmann på jorda. Krist og den heilage Guds moder verne deg i liv og død (Sigurd auser vatn på Kolbein sitt hovud og gjer krossteiknet. Så ber Helga det nyfødde barnet fram og legg det i hendene til Gunnhild. Sigurd vender seg til Gunnhild). Vil du at dette barnet skal nyte dåpen i dag?

Gunnhild
Ja det vil eg

Sigurd (tek opp det same ritualet som til Kolbein og spør Gunnhild.)
Kva ska det vesle barnet heite?

Gunnhild
Det har ikkje vorte nemnt enno, så eg veit ikkje. (Ho vender seg mot kong Olav)

Olav
Her i nærleiken har kongsdottera Sunniva late sitt liv for Kvite Krist. Skulle det ikkje vere gildt å få kalle barnet Synnøve?

Gunnhild
Ja det skal barnet heite.

Sigurd (auser vatn på barnet og tek opp att dei same orda som til Kolbein, men byter ut stridsmann til Kvite Krist sin bodberar. Etter på døyper han Helga og Gunnhild. Bispen syng ein hymne og les fadervår på latin.)

Gunnhild
Gud vere lova og prisa, og Kvite Krist og Jomfrua, lova og prisa vere dei alle.

Olav (som har vore fadder går no og helsar dei og ynskjer dei til lukke med si dåpspakt.)
Du Kolbein er ein stor og staut gut.

Kolbein
Mor seier at eg skal tene ein stor konge når eg vert vaksen

Olav
Du vil verte ein gjæv stridsmann i kongens her du som heiter Kolbein Sterke (Kongen tek ha i handa og legg handa på hovudet hans. Bispen kjem og til og tek han i handa og gjer krossmerke over han)

Bård (kjem fram til kongen)
Eg vågar meg til å spørje kongen om ei teneste.

Olav
Lat meg få høyre ynskjet ditt

Bård
Gutorm og eg har halde saman i alle våre utferder alt frå vi var unge, og no har vi gjeve kvarandre lovnaden på at borna våre skal gå saman i ekteskap når dei vert vaksne, og Synnøve sin far skal skipa til festarøl for dei. No vil vi gjerne ha kongen til vitne

Olav
Det gjer eg med glede

Bård (hentar Gutorm)
No vil vi at Kongen seier fram eiden for oss (Bård og Gutorm tek kvarandre i handa, og kongen legg si hand på handa deira. Bård tek opp igjen det kongen seier, og etter på gjer Gutorm det same)

Olav
For Gud den almektige og Kvite Krist og Den Heilage ande, lover eg at det er min vilje at Synnøve og Kolbein skal gå saman i ekteskap når dei vert vaksne, og Synnøve sin far skal skipa til festarøl for dei

Gutorm (Då kongen seier han føre tek han til slik:)
Odin og Tor med hamaren

Olav (tek opp at med fast mål.)
Det er ein ny gud du skal tene her etter, og det er ein Gud som er gagnleg for deg både i dette livet og det komande, (Olav seier føre og Gutorm etter, og eiden vert gjeven i rette former. Olav vender seg så til kvinnene og borna) Eg trur det vil følgje lukke og signing med desse to borna som er dei første born som har teke imot Kvite Krist sin dåp her i Firda Fylket (Herstyrken marsjerar bort. Ein høyrer døyvd song og musikk.)