Til Litteraturoversikta

Tittelside
Personar
Første akt
Andre akt
Tredje akt

KOLBEIN STERKE.

Første akt

Første akt går føre seg i 997 ein stad ut mot havet ved Dragseidet. Der står ei steinbu eller naust. Opningen vender inn mot scena. Gutorm med kona Gunnhild, og Bård Kvite med kona Helga. og sonen Kolbein Sterke som er seks år er komne til Dragseidet for å møta kong Olav Trygveson. Ein mann frå Stadlandet har og kome hit. Gunnhild er blitt barnsjuk og skal føde, og Helga er med henne inne i buda. Hallstein er faren fram i bygda for å få ei kvinne til å vere med og hjelpe den som skal føde.

Kor
Kvite brimhestar
ber på drakevenger
den høgreiste kongen,
størst mellom menner.
frå Englands rike
og mjuke dronningfamn,
til odelen som kallar
Ynglingasonon til arven
i Haralds rike.

Kvite Krist sitt merke
skal reisast i Noregs jord
og standa urikkande fanst
til æveleg tid.
Høgætta nenner
og bønder og stridsmenn
til Dragseidet er dei
alle kalla å møte
av vikingedrotten
Olav Trygveson
som byd dei til
kristen dåp.

Ingen vert verna
av Odin og Tor,
deira tid er forbi
og kjem aldri igjen.
Kvite Krist med sitt
kjærleksbod
vernar det nyfødde barn
og tek hemnen mot fiendsmann
i si rettferdige hand.

Gutorm
Eg skjønte det før eg for heimanfrå at det var ikkje rett å ta ho, Gunnkild med på denne ferda.

Bård
Du veit det er store ting som skal gå for seg kor i morgon.

Gutorm
Det høver ikkje, å ka kvinner med når det er våpna som skal tala. Og det vil eg tru at våpna vil gjere ære på våre gamle gudar når vi i morgon møter kongen.

Bård
I morgon vil eg at det er du Gutorm som talar vår sak for kongen,anten det vert med ord eller med våpen.

Gutorm
Når vi var utanlands var det alltid du Bård som var føraren på skipet og her til lands tel det mykje at du er i ætt med Arinbjørn Herse,

Bård
Slik var det, men no meinar eg at du er den rette til i vere talsmann for Firda fylket. Arinabjørn Herse er borte, og det er ingen som kar take på seg å fylle hans rom. No kjem det sterkt for meg at i morgon vil lagnaden for oss bønder verte avgjort for lange tider.

Gutorm
Berre det var vel over med ho Gunnhild. og dei berga livet både ho og barnet.(Ein har høyrt veike ynk frå steinbua. Gutorm går utoleg kring)

Helga(kjem ut frå steinbua.)
Er her ikkje nokor kvinne kome enno. Det vart ein hard fødsel. og det kan stå om livet både for mor og barn. (Det høyrest hardare rop innan frå og Helga skunder seg bort til varmen og hentar varmt vatn.)

Kolbein Sterke
Var det her det var det vatnet de tala om som gjer folk frisk.

Bård
Det var ut på Selja det, og det er for langt borte til at vi kan få tak i det no.

Kolbein
Vi må få tak i det vatnet til han bestefar når vi fer heim igjen. (Hallstein kjem inn i stor fart.)

Gutorm
Var det inga kvinne å få med.

Hallstein
Ingen av kvinnene våga å gå med då den gamle seidmannen skremde dei med vonde ånder. Det ville kome ei stor ulukke på den som hjelper denne kvinna å få avløysing med barnet. Dei som kjem til dette møte er i stor unåde med gudane.

Gutorm
Korleis skal dette gå? Gunnhild og barnet kjem til å setje livet til.

Hallstein
Det var ei ung jente som ikkje hadde hatt barn,og som var ukunnig i dette. Ho sa at kvinna kunne ikkje liggje og lide vondt utan å få hjelp. Ho kom og ville følgje meg, men kvinnene heldt henne fast så eg måtte gå åleine. (Helga kjem på nytt og styn køyrest innanfrå.)

Helga
Er det ingen å få til å hjelpe?

Hallstein
Ingen våga å vere med.

Gutorm
Det er gudane som mislikar at ho Gunnhild tok ut på denne ferda, og no hemner dei seg, med å ta frå meg både kona og barnet.

Kolbein
Var det du Hallstein som fann vatnet som lækjer folk?

Hallstein
Eg har berre høyrt om det. Det skulle vere Trond Jørunarsson saman med ein mann til, som fekk sjå alt dette. Det var ei kongsdotter som rømde frå Irland. Det var ein trollmann som ville ta frå henne trua på Kvite Krist. Ho kom til Sjelja og døydde i ein hiller.

Kolbein
Kan dei gjere folk friske dei som trur på Kvite Krist?

Bård
Vi kan ikkje tru alt vi høyrer. No er vi komne her for å halde på den trua som våre feder har hatt frå gamal tid.

Gutorm
Du veit det ikkje du, men ho Cunnhild vart med fordi ho ville svike den gamle trua og gudane våre. Det er Hauk, bror hennar, som har forvilla henne til å tru på Kvite Krist.

Bård
Vi får ikkje tru så ille om henne.

Gutorm
Måtte Tor syne seg i morgon i all sin styrke, og sende oss mange menn frå Firda fylket og frå Sogn og Møre og Rauma, og late våpna våre bite på kongsmennene, så kongen måtte be oss om nåde.

Hallstein
Eg såg kongsflåten no han kom frå Ulvesund og sigla fram om Selja. Det var mange skip og stor mannefjølde. Det vert og fortalt at kongen ventar mange skip nordanfrå, som skal vere på veg forbi Stad. No trengst det at lendmennene får med seg alle stridsføre menn, så vi kan ha ein her som mæler seg med kongsheren.

Gutorm
Eg vil kjenne meg som ein stakar om eg reiser heim igjen og har teke imot den nye trua uten at der er blod av kongsmenn på sverdet mitt.

Bård
Lat oss tale meir roleg om dette. Vi veit ikkje om kongen vil byde oss så harde vilkår at vi får bruk for våpen.

Gutorm
Eg har høyrt at den nye guden har gjeve kongen jotunmakt, så han kan gjere folk både lame og stumme. Jotunmakta har aldri vunne over Tor og våre gudar. No må vi stå saman alle som ein mann, så gjev nok gudane oss siger.

Bård
Du veit at vi to har halde saman ute i strid og heime i dei fredelege sysler. Og no er vi samde om at det er du som skal føre ordet, og eg vil stå saman med deg om det kjem så langt at vi må gripe til våpen. Då får det same hende med oss begge.

Gutorm
Slik skal det vere. (Vender seg til Hallstein.) Du Hallstein må få med deg alle mann her frå byda og stå like samstelte som vi gjer.

Hallstein
Eg er ein ung menn som korkje kar kone eller eigedom. Men det veit eg at far min og alle hans menn vil bite kvast frå seg når vi i morgon møter kongen. Det har gått herpil til alle her ikring. Dei skal møte opp med våpen og vere budd på å bruke dei om det trengst.

Helga
Kor skal dette gå når eg ikkje får hjelp. No må du Bård kome og hjelpe meg det du kan. (Ho ser seg i kring.) Kvar har de gjort av guten, eg ser ikkje kan Kolbein nokon stad. De må sjå etter han og ikkje sleppe han ifrå dykk (Helga går inn igjen)

Bård
Du Gutorm må sjå etter han Kolbein. (Han går motvillig etter Helga.)

(Kolbein kjem inn og har to mann i følgje med seg. Begge er i grå side kapper med hette fram over hovudet. Den eine av dei er høgre enn folk flest. Den andre er av vanleg storleik, og han er noko eldre å sjå til. Den høge er Olav Trygveson og den andre er Sigurd bisp. Dei gjev seg ikkje til kjenne og ingen veit kven dei er.)

Kolbein (vender seg til Gutorm.)
No har eg funne to mann som kan hjelpe ho Gunnhild (Begge dei to som kjem helsar venleg)

Kong Olav
Her kom ein gild liten kar som ville ha oss med seg.

Gutorm (ser stridt på dei to mennene. )
Er det kongsmenn som er komne til tinget?

Olav
Kongsmenn er vi vel alle her i landet, no då kong Olav er teken til konge på Gulstinget og i Trøndelag og i Vika. Heile landet har teke han til konge. Då er vel de og kongsmenner vil eg tru.

Gutorm
Det seiest at han fer hardt fram og tvingar folk til å gje avkall på sine gamle gudar. Han skal skade dei som ikkje tek nye trua både for liv og helse. Folket her har ikkje gjeve nokon lovnad om å skifte trua på dei gamle gudar.

Olav
I morgon vil kongen tale til folket her om den nye trua. Eg har vore med og veit at dei no har teke mot denne trua der han har kome, både på Austlandet og i Vika . No i sommar tok dei denne trua både i Rygjafylket og Hordafylket. Dennne guden er kjend i mange land for sine store undergjerningar som vert gjort mellom folk. Og mange heilage menner har alt medan dei levde evna til å gjere sjuke folk friske.

Kolbein
Er det ikkje Kvite Krist som har slikt vatn som gjer folk friske?

Olav
Det er han som gjev oss det levande vatnet.

Kolbein
Det var godt for ho Gunnhild at eg fann dykk og fekk dykk med.

Olav
Du er ein gløgg kar etter alderen, og du vil sikkert verte ein gjæv mann for landet ditt.

Gutorm
Foreldra til denne guten er inne i steinbua og hjelper ho Gunnhild, kona mi, som skal føde. Vi er komne frå dei indre bygder i Firda for å vere på tinget i morgon. (Ein høyrer tydelegare rop frå den sjuke. Helga kjem ut.)

Bisp Sigurd (vender seg til Helga. Han talar norsk , men han har ein framand klang i målet.)
Vørde Kone. Har du den hjelp du treng. I utlandet har eg også lært meg å hjelpe i slike høve. Vil du at eg skal hjelpe deg?

Helga
Det er berre mannen min eg har til hjelp, og han er heilt uvan med å gje slik hjelp. Eg er heller ikkje så kunnig sjøl, endå om eg har vore med og hjelpt til i nokre fødslar. No ser det ut som det står om livet for mor og barn.

Sigurd
Snilde kone, eg vil gjerne hjelpa deg det og kan.

Helga
Eg var takksam om ho kunne få dykkar hjelp. Men først må eg spørja den mannen der, for det er kona hans som skal føde.

Gutorm (vender seg brått til bispen.)
Kan du kjelpe kona og barnet så alt går vel så vil eg ikkje stengje vegen for deg. Eg høyrer at du er ein lærd mann. Men utan om det veit og ingen ting om kva mann du er. Namnet ditt kar du ikkje sagt, og du er vel ein av dei som er komen her for å lære folk opp i den nye trua.

Sigurd
For meg er det ikkje skilnad på romar eller grekar, og ikkje på nordmann eller danemann. Ikkje eit ord skal eg seie om den nye trua før kona di har fått forløysing og er utan for fåre. Kan kona di få tiltru til meg så vil det hjelpe om eg syng ein hymne som eg har høyrt i den store stad Rom.

Gutorm
Kan du hjelpe kona mi så gjer det.(Bispen går inn i steinbua.)

Olav
Du er ein mann som talar di sak vel. Eg skulle ynskje at kongen fekk sjå deg og verte din ven.

Gutorm.
Heller ikkje du har namngjeve deg for meg

Olav
Eg har vore viking eg som du, men i morgon er eg med i den flokken som vil gjere samband med Firdafylket, og få dei til å ta mot den nye trua.

Gutorm
Då møtest vi ikkje som vener i norgon. Dei som vil ta gudane frå oss møter vi ikkje berre med milde ord. (Det lyest ein latinsk hymne inne i bua.)

Olav (Vender seg til Hallstein.)
Du som er her ifrå har vel høyrt om det som har hendt ut på Selja.

Hallstein
Det går mange underlege segner om det som har hendt der. Eg er ikkje så viss på kva som er påliteleg.

Olav
Eg vil gjerne køyre kva de som bor her veit å fortelje om dette.

Hallstein
Eg veit berre det andre har fortalt. Det skal vere fleire som har sett eit lys som har stege opp frå jorda og opp mot himmelen. Og dei som har vore der borte har sett bein som det har lyst av, og som gav ein søtleg ange ifrå seg. Det har og hendt undergjerningar med dei som har vore der borte.

Olav
Har du høyrt noko om eit hovud som vart funne der.

Hallstein
Det skal vere to mann som såg det, og tok med seg hovudet. Den eine av dei var Tord Jorunarsson. Somme seier at dei tok hovudet med seg og gav det til kong Olav Trygveson.

Olav
Her har det sikkert vore heilage menneskje som har sett livet til for Kvite krist.

Hallstein
Det skal vere ei kongsdotter som kon hit etter det folk kar fortalt.

Kolbein
Er den kongsdottera død?

Olav
Eg tenkjer ho er mellom dei heilage og syng i himmelen. (Han vender seg til Hallstein.) Eg har høyrt at kongen har sagt at han vil få med seg kjende folk og fare ut til Selja. Her har nok Kvite Krist kome føre kongen og vitja dette fylket. (Ung jente med laust flagrande hår kjem springande. Ho stoggar brått og andar fort fordi ho har sprunge. Ho høyrer song inne frå bua.)

Jenta (vendet seg til Hallstein.)
Kjem eg for seint?

Hallstein
Det var godt du kom. Her er det nok bruk for deg.

Jenta
Eg lurde meg frå alle heime, og sprang hit så fort eg vann.

Gutorm
Gå inn i denna steinbua då vil du finne ei kvinne som tek seg av deg og seier kva du skal gjere.

Jenta
Eg veit ikkje om eg duger, og har ikkje vore med på slikt før. Men og tykte eg måtte gå når eg høyrde kor ille det var. (Ho går varsamt bort til bua og inn. Strakst etter kjem ho ut med kjoleermane oppbretta. Ho går mot elden.)

Jenta
Eg skal hente varmt vatn men her er ikkje vatn.

Hallstein
Eg skal vere med deg og finne vatn.

Kolboin (går bort til jenta.)
Eg har høyrt om levande vatn som gjer folk friske. Og eg har høyrt om ei kongsdotter som syng opp i Valhall. (Hallstein og jenta går etter vatn. Inne høyrer ein sterkare rop og den latinske hymnen lyer på nytt.)

Olav (til Gutorm.)
Er det første barnet du ventar no. Det er nok største spaninga når ein får den førstefødde.

Gutorm
Ja,det er den første. Kona ville ikkje vere heime så eg måtte ta henne med. Ho meinte det skulle ikkje hende før ho kom heim. Eg er redd det vil føre med seg ei ulukke at ho vart med.

Kolbein (til Olav.)
Kan du ikkje gå med ein gong du som er så høg og og sterk og hente dette vatnet til ho Gunnhild.

Olav
Såg du den heilage mannen som gjekk inn i steinbua, eg tenkjer han kan hjelpe betre no enn vatnet ifrå Selja.

Kolbein
Vi skal ha med oss slikt vatn heim til han bestefar.

Olav
Har du ein bestefar som har bruk for slikt vatn.

Kolbein
Han kan ikkje stå på føtene sine, han har gikt.

Olav
Då lyt de nok få med dykk vatn ifrå Selja. (Songen har stilna. Og om litt køyrer ein barneskrik inne frå bua.)

Olav (vender seg til Gutorm)
No tenkjer eg at eg kan ynskje deg til lukke med den førstefødde.

Gutorm (for seg sjøl.)
Tor den mektige vere takk og ære. Det står i alle høve til liv med barnet.

Olav
No tenkjer eg kona di er lukkeleg. Ho fekk ein ny gud til hjelp utan å vita det. (Det vert stilt ei stund, ein høyrer skrik av den nyfødde av og til.)

Helga (kjem ut.)
No må du Gutorm kome inn og sjå den vene dottera du har fått. (Gutorm går inn saman med Helga.)

(Sigurd kjem ut or steinbua. Olav vender seg til han.)

Olav
Måtte vi kunne føre like stor lukke til desse folka i morgon som i dag.

Hallstein
Er det ein hard og strid konge du tenar under?

Olav
Den kongen og tenar under han er rettferdig og allmektig. Og han er det de skal få møte i morgon. (Hallstein går ut frå scena.)

(Olav og Sigurd vert ståande saman med Kolbein. Kongen tek Kolbein i handa, han lyfter kappa til sides. og syner fram ein stor kross han ber på bringa.)

Olav
Veit du kva dette merke tyder?

Kolhein
Er det fordi at du er konge.

Olav
Dette er Kvite Krist sitt merke. Du har rett dette ber eg fordi og er konge som med dette merke skal gje siger for Kvite Krist til folket mitt.

Kolbein
Er du den store kongen alle skal møte i morgon?

Olav
I morgon skal alle få møte kongen sin. Då lyt alle velje Kvite Krist eller slåst med kongen.

Kolbein
Eg skal fortelje far og mor at du er ein snill konge.

Olav
Kongen må gå no, men du skal vere den første her eg signar med krossmerke. (Kongen bøyer seg ned og legg krossen på hovudet til Kolbein.) No er du kalla til å vere stridsmann for Kvite Krist og kongen.(Olav gjer krossmerke med handa over Kolbein. Sigurd gjer og krossmerke for Kolbein. Olav og Sigurd går bort. Strakst etter kjem Bård og Hallstein begge inn på scena frå kvar sin kant.)

Kolbein
Eg veit kva den store mannen heiter. Det er kong Olav, det er den kongen de skal møte i morgon. Han synte meg Kongsmerket sitt, og la det på hovudet mitt.

Bård
Det var godt at kongen kom hit og hadde med seg bispen. Dei gjorde eit under og berga ho Gunnhild og barnet.

Hallstein
Tenk at det var kongen eg tala med. Eg spurde om det var ein streng konge han tente. Han er rettferdig og allmektig og han skal de møte i morgon, sa han. Eg tykte at det var noko meir enn vanleg med danne mannen, og så var det kongen.

Bård
Det var ein merkeleg mann han som hjelpte ho Gunnhild og. Han tala så mildt med henne, så ho fekk tiltru til han med det same. Det var som alt løyste seg opp. Han heldt ho i handa og song so vent. Den mannen kunne å gjere underverk. Eg har og høyrt slik song i Frakkland og England.

Jenta (kjem og har teke på seg dei klæda ho kadde då ho kom.)
Eg er så glad eg fekk vere med og hjelpe denne kona. Eg trudde ikkje det var så hardt i verte mor. Ho hadde ikkje greidt det hadde ikkje denne mannen kome.

Kolbein (til jenta.)
No har eg sett ein konge, og han synte meg kongsmerket sitt. Og den du såg det var bispen hans.

Jenta
Eg såg det at det var ein som kunne gjere under, men no må eg skunde meg heim så ingen får vita kvar eg kar vore.

Hallstein
Eg skal følgje deg så du ikkje kjem ut i nokon fåre. (Dei går bort og Helga kjem ut frå steinbua.)

Kolbein
Eg skal bli kongsmann når eg blir stor. Det sa kongen.

Bård
Det var gjævare folk enn vi visste som vitja oss i kveld. Det var kong Olav og bispen hans.

Helga
Eg skjøna at det var ei høgare makt som hadde gjeve han evna til å gjere undergjerningar. (Ho og Kolbein går inn i steinbua.)

Gutorm (Kjem ut.)
No vil eg setje opp Torshamaren over inngangen, så ikkje haugfolket skal få makt over barnet. Ein kan ikkje vere trygge for desse trollmennene til Kvite Krist som kom her heller.

Bård
Eg trur ikkje du treng å ottast at dei skal gjere ilt på barnet som dei på ein underfull måte hjelpte inn i verda. Det var kongen og bispen.

Gutorm
Hadde ikkje ko Gunnhild ført oss opp i denne uventa situasjonen, så kunne vi ha teke i mot dei på ein annan måte.

Bård
Du meiner vel ikkje, at du ville brukt våpen, når du no veit at det var dei som berga både kona og barnet.

Gutorm
Det veit vi ikkje noko sikkert om nokon. Men dei gjorde ikkje noko ilt medan dei var her får vi tru. Og dei kjem nok ikkje igjen i kveld. Eg vil no setje hamarteiknet over inngangen, så har eg verna både mor og barn for alle slags vonde makter. (Gutorm går og sler Torshamaren inn i veggen over inngangen.)