Ole Bernhard Andreasson Loen
      Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
        
        I EI MURBLOKK I BYEN
     Ho kom frå ei fjordbygd på Vestlandet. Han kom frå ei fjellbygd i India. Som av ei magnetnål vart dei dregne, ho til Oslo og han til Bombay. Til slutt hamna dei i den same murblokka i den store byen.
  
     Dageleg fortalde dei kvarandre om kvar sitt paradis i bygda heime, og banna livet i skyskraparen. Men fast hekk dei som fluga i kongroveven. Kvifor rister dei ikkje støvet av føtene sine og vender attende til det lovpriste bondelandet?
  
    
      
     |