Ole Bernhard Andreasson Loen
      Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
        
        DET DØDE PARADISET
     På sætervollen stod mannshøge nesler og tistlar Mellom nedfalne hus. Nakne vegger utan tak, med utslegne dører og glas.
  
     Det hjalar ingen lokk inga bjølle ringlar i åsen på veg frå beite. Her er inga ku som rautar og ventar ei hand med salt.
  
     Borna spring ikkje mellom sela med glade rop. Det lyser ikkje bål på Briseldebakken. Ungdomsleiken i sommarnatta er borte.
  
     Ei uhyggeleg djup stille gjer at eg kulsar i den lyse dagen. Når kvelden kjem skrik ugla på Klempehamaren. Det lyder som eit nårop over det døde paradiset.
  
    
      
     |