BildearkivetAlle bilde som er tilgjengelege på nettet frå Audun Loen sitt bildearkiv, er samla i ein felles katalog. Dei same bilda kan då nyttast i ulike presentasjonar på nettet utan å bli lagra separat for kvart prosjekt. Bildearkivet har dokumentasjon av innhaldet i kvart bilda, men ingen eigen presenatasjon. Det er i samband med etablering av bildealbum og artiklar at bilda blir sette saman i ein logisk samanheng. |
![]() |
Slektsdatabasen (Loen.Lokhis) Hovedinnhaldet på nettstaden "Loen-bilder.info" er gards-og slektshistorie for Loen kyrkjesokn. Der er med bilde som viser naturen, gardstun og personar. Slektsdatabasen er tilgjengeleg berre for dei som har slektstilknytning til Loen og som deltek med etablering av datainnhaldet. Demo med bilder
Postkort
Det er laga temavisning for Postkort. Denne visninga omfattar alle postkort som inngår i Audun Loen sitt postkortarkiv (del av bildearkivet). Korta er gruppert geografisk i bildegalleri (album)
Reise i bilde
Det er etablert opplegg for ei temavising med oppslag via grend, gard og bruk (matrikkelen) der ein nyttar sattelittbilde og flybilde som meny. I flybilda er grend, gardar og bruk representerte med punkt som kan veljast. For kvar geografisk eining er det opplegg for å vise bildegalleri, bildepunkt og lenker til tekstdokument. Eksempel:
Garden Loen.
Innhaldet av bilde er under etablering og er svært mangelfult pr 1.3.07.Bilda for for gard og bruk vil bli ei blanding av bilde frå dagens situasjon og historiske bilde.
Fottur
Fottur er ein funksjon som viser tursti/turveg med flybilde som bakgrunn. Langs stein/vegen er det punkt som kan veljast, og til kvart punkt er det knytt bilde og omtale.
Eksempel:
Storerunden i Loenn.
Bildegalleri og bildevisning
Bildegalleri (bildealbum) er ei samling av bilde i lite format. Ved å klikke på eit bilde vert det vist i stort format på den måten som er standard for bildearkviet "Loen bilder".
Eksempel:
Storerunnen i Loen.
Nokre bildealbum er også lagt ut som bildevideo. Eksempel på dette er: "Naturbilde frå Loen" og "Sjurebruket i Loen"