LOKHIS.
Informasjons-modell

Til Lokhis-start

Figur 1. Informasjonsmodell for LOKHIS

Figur 2. Datamodell for hovedmodulane i LOKHIS

Figur 3. Eksempel på forvaltninsopplegg. Tekstmodulen

LOKHIS

Ved utvikling av ein bygdebase for Loen kyrkjesokn vart Lokhis (lokalhistorisk informasjonssystem) nytta som arbeidstittel. Det vart då formulert ein informajonsmodell som kan nyttast også ved eteblering av ein landsdekkande bygdebase. Denne modellen har blitt omtalt som Lokhis-modellem

Lokhis-modellen er ein heilt overordna modell som ikkje omfatter detaljerte databaseløysingar. Det er to hovedpunkt. 1. Løysinga skal gi gards-og slektshistore direkte frå arkivkildene og ikkje gå vegen om trykte bygdebøker. 2. Oppslag skal skje direkte mot sentrale databasar uten å etablere lokale kopidatabasar (dermed ein landsdekkjande bygdebase). Prinsippet blir då at kobling, lenking og anna tilrettelegging av data skal skje direkte mot dei sentrale arkiva.

Informasjonsmodellen er basert på at data vert henta frå sjølvstendig modular (databasar) som utveksle data og funksjonalitet. Prinsippet er det same som for Gårdskart på nett som hentar data frå Statens landbruksforvaltning, Statens kartverk, kommunane og NIBIO. Prinsippet tilsvarer elles det som er omtalt som SOA (= Service oriented architecture). Denne type informasjonsløysingar forutset felles standardar og samarbeid mellom dei som forvaltar data.

Figur 1 viser den overordan modellen for LOKHIS.

Denne modellen har modular (databasar) for Bruk/bustadar (med eigarar/bygslarar), Personar (med slektsrealsjonar) og Arkivkjelder (kyrkjebøker, foleteljingar, skifte m.v) som basis. I tillegg må det kunne hentast informasjon frå modular med kobling til Bildearkiv , Tekstbibliotek og Kartsystem.

I staden for trykte bygdebøker vil det etter Lokhis- prinsippet vere eit dataprogram/brukargrensesnitt som hentar ut informasjonen og styrer dialogen med brukarane (kalt "Lokhis" i modellen - figur 1)

Kvar modul må ha sitt eige dataforvaltningsopplegg med rutiner fore etablering, oppgradering og vedlikehald. I dette forvaltningsopplegget inngår også rutiner får å tilrettelegge datagrunnlaget for å yte dei web-tenestene eller API-ane som LOKHIS-appen forutset. Rutinane for etablering av personmodulen med slektsopplysningar er svært omfattande med m.a rutiner for automatisk kopling og lenking. Det er for omfattande å ta med modellar for alle forvaltningsrutinane i dette notatet, Figur 3 viser modellen for veldikehald av tekstmodulen. Heilt eneklt kan ein seie at dette går ut på å etablere kobling mellom digitale tekstdokument/kapitler og personar og stadar (kommune, gard, bruk). Sjølve teksten kan finnast i ulike digitale tekstbiblotek f.eks, artiklar i årbøker fra historielag, artiklar i LokalhistorieWiki mv.

For å vise eksempel på bruk av modellen kan ein vise til bygdebaen for Loen Kyrkejsokn. Figur 2 viser korleis hovedmodulane er modellert i denne prototypen. Med basis i denne modellen kan det m.a. gjerast oppslag mot modulen bruk og få ei liste over alle eigarer/brukarar for kvart bruk (eksempel for Sjurebruket på garden Loen) For kvar av desse personane kan det frå modulen Person hentast opp familieside (eksempen for Ola Andersen på Sjurebruket i Loen) Vidare kan det frå Kildemodulen hetas opp kildeside som viser livsløptet for personen (eksempel for Ola Andersen på Sjurebruket i Loen.

Modellen er i utgangspunktet utfoma med tanke på bruk av landsomfattande datakjelder. Gjennom 20-30 år har modellen blitt justert og tilpassa teknologisk utvikling og utviklinga i arkivverket. Modellen for Lokhis har ikkje hatt innverknad på det som har skjedd innan arbeidet med bygdebøker og forvalting av arkivkjelder men ein ser litt av den same utvikinga som har skjedd med Lokhis.modellen.

Det vert no etablert eit landsdekkande historisk befolkningsregister (HBR). Hovedkjelder for dette arbeidet er folketelljngar og kyrkjebøker. Registeret vert etablert frå folketeljinga i 1801 og fram til 1964. Derfrå vert det kopla til Folkeregisteret som vert ajourførtg kontinuerleg. Registeret har ein del som er tilgjengeleg for pulbikum via nettstaden Histreg.no. Histreg omfattar også kjelder som vert forvalta av Digitalarkivet. Det er dette prosjektet eg i dag ser på som den største moglegheita for å realisere Lokhis-modellen. Tekst kan hentas t frå Lokalhistoriewiki og kart kan hentast frå gardskart på nett.

HBR har intensjon om å lenke saman kjeldepersonar (f.eks. brudgom i ein vielse og far ved ein dåp) som gjelder same person (gir livsløp for person). Det er også ein intensjon om å koble sammen personar via slekt og ekteskap/parforhold (gir familie for person). For å lukkast med dette er HBR avhengig av en stor dugnadsinnsats med kobling og lenking. HBR har også planar om å knyte personar til bruk/bustadar (gir slektshistorie knytt til bruk).