4635 Gulen
      Bygdeskildring. Gulen kommune
        
          |  Kartutsnitt som viser Gulen kommune |  
        Gulen kommune ligg i Ytre Sogn ved innlaupet til Sognefjorden. Kommunen består av 1 500 øyar, holmar, skjær og mange små kryssande dalføre på fastlandet. Kommunen er avgrensa av Sognefjorden i nord, Nordsjøen i vest, Fensfjorden i sør og fjella i Stølsheimen i aust (Wikipedia). 
        Eivindvik er administrasjonsstaden i kommunen, som også er ein av fire skulekretsar. Dei andre tre er Brekke, Dalsøyra og Byrknes (Byrknesøyna). Gulen var åstad for Gulatinget og tinget blei truleg samla skiftevis i Eivindvik og på Flolid, som er kommunens tusenårsstad. Her samla høvdingar og storbønder fra heile Vestlandet seg for å avgjere rettstvistar og hylle norske arvekongar (Wikipedia). 
      
     |