LOKHIS.
Informasjons-modell

Til Lokhis-start

Figur 1. Informasjonsmodell for LOKHIS

Figur 2. Eksempel på forvaltninsopplegg. Tekstmodulen

LOKHIS

LOKHIS (Lokalhistorisk Informasjonssystem) er eit konsept for å forvalte og formidle lokalhistorisk informasjon ved hjelp av web-teknologi med internett som transportveg for data.

Informasjonsmodellen er basert på at data vert henta frå sjølvstendig modular (databasar) som utveksle data og funksjonalitet. Prinsippet er det same som for Gårdskart på nett som hentar data frå Statens landbruksforvaltning, Statens kartverk, kommunane og NIBIO. Prinsippet tilsvarer elles det som er omtalt som SOA (= Service oriented architecture). Denne type informasjonsløysingar forutset samarbeid mellom dei som forvaltar data

Figur 1 viser den overordan modellen for LOKHIS.

Denne modellen har modular (databasar) for Bruk/bustadar (med eigarar/bygslarar), Personar (med slektsrealsjonar) og Arkivkjelder (kyrkjebøker, foleteljingar, skifte m.v) som basis. I tillegg må det kunne hentast informasjon frå modular med kobling til Bildearkiv , Tekstbibliotek og Kartsystem.

I staden for trykte bygdebøker vil det etter Lokhis- prinsippet vere eit dataprogram som hentar ut informasjonen og styrer dialogen med brukarane (kalt "Lokhis" i modellen-figur 1)

Kvar modul må ha sitt eige dataforvaltningsopplegg med rutiner fore etablering, oppgradering og vedlikehald. I dette forvaltningsopplegget inngår også rutiner får å tilrettelegge datagrunnlaget for å yte dei web-tenestene som LOKHIS-appen forutset. Rutinane for etablering av personmodulen med slektsopplysningar er svært omfattande med m.a rutiner for automatisk kopling og lenking. Det er for omfattande å ta med modellar for alle forvaltningsrutinane i dette notatet, Figur 2 viser modellen for velikehald av tekstmodulen som er realtivt enkel.

Å får til nødvendig samarbeid mellom aktuelle organisasjonar har vist seg å falle utanfor det ein privatperson på hobbybasis kan få til. Det er derfor laga ein prototype for Loen etter Lokhisprinsippet på hobbybasis basert på kopidata. Hobbyfortaket Loen-webinfo har etablert databasar for person , eigedom , kjelde, bilde og tekst, og eit oppslagssystem som hentar data frå desse databasane.

Samanlikna med tradisjonelle bygdebokprosjekt vil etablering av eit lokalhistorisk informasjonssystem (LOKHIS) ha følgjande utfordringar og fordelar:

Utfordring.

Fortrinn.