Loen Gjestebok
Loen er namnet både på ei grend (kyrkjesokn / skulekrins) og på ein av gardane i denne grenda. Garden og grenda Loen ligg i Stryn kommune innerst i Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke.
LOKHIS Litteratur Bilde (satelitt/fly/utsiktspunkt) Nettstadar Loen-start
Dei mest brukte bildemotiva frå Loen:
Loen med Skåla
Utsikt mot fjorden
Breng, Lovatnet og Kjenndalskruna
Ravnefjellet med merke etter raset

Loen webinfo
Loen webinfo har som formål å formidle informasjon om Loen med hovedvekt på naturbilde, slekt og lokalhistorie.

LOEN
Det som særmerkjer Loen er naturen, fager men fårleg. Bygda er kjend for rasulukkene i 1905 og 1936, brearmane, elva med laksefiske, turistnæringa med hotell Alexandra i sentrum, jordbruksdrift og Nordfjord kjøttindustri.

Nedanfor er det orientert om korleis informasjonen om Loen er strukturert og gjort tilgjengeleg på denne nettstaden. .

LOKHIS
Hovudproduktet for Loen Webinfo er eit lokalhistorisk informasjonssystem. Systemet er bygt opp på same måten som tradisjonelle bygdebøker med oppslag via gard og bruk. For kvart bruk er det lenke til personar som har vore eigarar og/eller brukarar og for desse er det tilgang til slektstre med både aner og etterslekt. Systemet inneheld også bilde, tekst og kjeldedata. Det er tilgang til systemet for autoriserte brukarar. For å vise kva systemet går ut på er det laga ein demo som er tilgjengeleg for alle. Det er også laga ein indeks over personar som inngår i systemet. Ved hjelp av denne indeksen kan det gjerast oppslag i slektstreet utan å gå vegen om gard og bruk.

LITTERATUR
Gjennom LOKHIS er det tilgang til litteratur knytt til gardar, bruk og personar. Dette gjeld mellom anna tekst frå bygdeboka. Ein har valt å gjere litteraturdelen tilgjengeleg uavhengig av tilgang til LOKHIS. Dette er i ferd med å bli ei digital artikkelsamling for Loen. Artiklane inneheld både aktuelt og historisk stoff.

BILDE (frå satelitt, fly og ustsiktspunkt i Loen)
Alle bilda som vert nytta av Loen Webinfo er samla i eit eige bildearkiv. Bildearkivet er organisert som eigen nettstad med eige domenenamn: http://loen-bilder.info/ . Det er laga nokre opplegg for presentasjon av Loen med utgangspunkt i bilde medrekna postkort, satelittbilde, flybilde og kart. Dette er førebels berre å reken som prototypar og nokre av presentasjonane er utan fullstendig datainnhald for heile byda. Desse presentasjonane er det tilgang til via nettstaden for bildearkivet. Dette gjeld systema: postkort, reise i bilde, fottur og bildegalleri (album).

NETTSTADAR I LOEN
Det er mange nettstadar i Loen, særleg innan reielivsnæringa, med omtale på fleire språk. Det er laga ein liten portal med tilgang til desse nettstadane

Informasjonen om Loen er ei vidareføring av Audun Loen si heimeside