Litteratur.
Litteratur -ikkje skanna

Til Litterturlista

INNHALD

Litteratur (ikkje skanna)

Dokumentstart

Siste brudeferd
Slekt Vanberg
Slekt Hallstein

Lokalhistorisk litteratur som ikkje er skanna

Siste brudeferd i Loendalen

Forfattar: P. A. Bredvei.

Trykt 1970

Første delen omhandlar oppveksten til Brita Lassedatter i Bødal og møtet med han som vart mannen hennar, Kristian Rognes. Ein vert kjend med familien til Brite på Lassebruket. Denne delen er utforma som ein roman men så langt eg kan sjå er alt historisk korrekt (ikkje dikting).

Andre delen omhandlar Ravnefjellet, og livet i Lodalen, spesielt frå Lassebruket i Bødal. Denne delen har form av faktaopplysingar. Opplysingane er dels henta frå andre trykte kjelder (m. a. Sivert Nesdal sine erindringar), men og frå intervju med dei som overlevde ulukka. Vi får vite kva som hadde hendt på dei ulike gardane og litt om framtida for dei som overlevde.

Lovatnet 10,2 km2 og 132 meter dypt.

Til dokumentstart

Slektshistorie. Markusbruket på Vanberg

Forfattar: Olav Vanberg

Trykt: Son 1979. (Sonen Vidar hadde hjelpt til med trykkinga -30 eks).

Hoveddelen er omtale av tradisjonar ved ulike høve (bryllaup osv.) og i det daglege arbeidet. Det er med ættetavle på 2 ark, med tilhøyrande kommentarar om dei ulike slektsledd. Den siste delen (ark 2) av ættetavla vart skanna, men på grunn av innbinding fekk ein ikkje med det som står lengst til venster.

Det som ikkje kom med heilt til venstre er gjengitt nedanfor:
Første rekka, fig. 1.: Brite (1867-1944). Knut Skarstein
Andre rekka, fig. 1: Martin. Borghild Skei
Tredje rekka, fig.1: Ole

Audun Loen sin slektskap:

Markus Olson Vanberg fødd 1828 var i første ekteskap gift med Marte Andersdatter Skarstein. Ho døde 30 år gamal i 1873. Dei hadde borna Brita og Ola. Marte Andersdatter var tanta til Marte Eriksdatter på Sjurebruket.

Ola fekk skjøte på garden på 18-årsdagen sin den 22.11.1897. Han var berre 4 år gamal då mor hans døde. Morbroren Erik Andersson Skarstein (1846- 1929) var myke brukt som kjømeistar, og Ola lærde mange songar av han.

Det står mykje om Ola, kona hans og borna (ikkje skanna- for dårleg trykk til å køyre ocr). Det var sonen Bernhard som overtok bruket, og deretter hans son Ola.

Auke-slekta

Det var halvsøstra til Ola, Anna f. 1887 som gifte seg med Hjalmar Auke og budde i Bødalen i Røyken. Dei hadde borna Judith, Tordis, Martin, Margit, Hjørdis , Gunvor og Anker. I boka er det med to bilde frå vitjing i Bødalen i Røyken i (1939?)

Til dokumentstart

Slekta frå Hallstein i Loen

Forfattar: Per Rolf Johnsen.

Trykt 2012

Om boka og innhaldet

Slektsboka vart skriven i samband med slektsstemne for etterkomarar etter Elias (f.1882) og Marie på Hallsteinbruket i Loen. Stemnet vart halde 11.8.2012. Boka er både ei anebok med opplysingar om røtene til brukarane på Hallsteinbruket og ei etterslektbok. Boka har med stanadiserte opplysingar for kvar person presntert som "Fakta". I tilleg er det med fri tekst med omtale av bustader og personar. Denne framtsillinga er personleg og ofte sjølvopplevd.

Boka er pent innbunden med fargebilde på omslaget. Det er også mange bilde i bok med god kvalitet. Det er uvanleg med så god kvalitet på slektsbøker med lite opplag.

Om forfattaren

(kopiert frå bokomtalen på nettet)Per Rolf Johnsen er fødd på småbruket Solvoll i Kjølsdalen i dåverande Davik herred den 9. juni 1934. Han er datterson og eldste barnebarn til Marie og Elias Loen. Då var det nok ikkje meir enn rimeleg at dåpen den 22. juli same år vart halde i Lo-kyrkja, og at hendinga vart feira i mor sin barndomsheim, Hallstein. Det ville undra skrivaren om det ikkje var sosakjøt på bordet den sundagsmiddagen. Under oppvekst og skulegang viste det seg at han hadde betre lag og interesse av bokleg lærdom enn av jordbruk. Å verta brukar på eit småbruk var heller ikkje i dei dagar den store draumen.