Litteratur.
Trettandedagen

Til Litterturlista

INNHALD

TRETTANDEDAGEN

INNHALD

Boktitel
1. Dalemakta brøyter veg.
2. Ein friar rid til gards
3. Ulven tutar i gryet
4. El kvinne søkjer Guds hus.
5. Fortida har og ei bakside.
6. Herre, la eit under skje.
7. Fåren ringar garen inn
8. Vak og bed i denne natt
9. Denne natta var deira
10. Han som makt vil ha
11. Ikkje berre ein streng
12. Krossen lyser på kvit snø.
13. Men Livet skal lenger

Trettandedagen. Historisk roman

AV
Olav A Loen


Gå til starten av boka

1. Dalemakta er ute og brøyter veg.

Veret hadde vore fælt omskifteleg alt frå oktober, Hausten og først på vinteren hadde det vore meir enn vanleg mildt, med tina jord like til innunder jul. Men sjølve Lussi langnatta tok det til å snøe. Og det dreiv det på med dagar og netter i ei heil veke. Alt vart nedyrt og tiljamna med meterdjup snø. Veret var mildvore, så det var ikkje farande gard i mellom for skrefåre. Vegane vart ikkje opptrakka, folk måtte halde seg heime kvar med seg. Og så kom jula. Det vart ingen frå Gordudal som kom seg i veg å lye messa dei første dagane i jula. Det hadde ikkje hendt før i mannsminne.

Så var det at det juledagskvelden klårna opp og sette inn med sprengkulde. Før nyåret var omme låg isen blank og sterk på vatnet. Folk tok alt til å glede seg til å få køyre til kyrkje nyårsdagen.

Men nyårsafta vart det atter sørleg drag i lufta, det mildna sterkt, og lei ut på kvelden tok snøen til å falle att. Og nyårsdagen måtte folk sitje inne kvar med seg, for då bles og snøa det utan opphald så lenge det var dag, og heldt på ut etter natta. Del gamle kunne ikkje minnast elt slikt snøfok. Og dei som budde slik til at dei var i fåre for fonnlaup, gjekk med otte i bringa då nyåret kom.

Først tredje dagen i det nye året letta det i og såg ut til å gje seg over i meir nordleg verdrag. Den dagen la dei ut frå Nesdali og Myklabø med hestar og stor mannemakt for å få brøyte opp veg på isen, som no låg sterk under snøen. Sidan gav dei seg med på gardane langs etter strendene etter kvart som dei nådde fram. Dei sto ute og såg opp etter vatnet og venta på å få sjå dalemakta kome. Det var ei stor og triveleg avløysing av denne dauvlege innesitjinga denne lange jula.

På Breiing sto eldste sonen i Halkjelistova ute på tunet og såg opp over etter vegbrøytarane som nærma seg. Så gjekk han til stallen og tok ut gampen som sto påsela og venta å få sleppe ut.

Hesten som hadde stått inne i den svarte stallen i fleire veker, vart reint blinda av den kvite snøen. Men så vart han var hestane ute på isen, og lyfte hovudet og kneggja så det svara i fjellet. Så lyfte han seg på bakføtene og sto på to bein og kjemde med framføtene. Gjorde så eit rundkast på det oppmoka tunet, og la på sym ut i snøhaugen. Snøen, gjekk opp på sida på han, men han var bra laus, så hesten tok seg lett fram. Mannen streva seg etter i velta der hesten hadde gått.

Då dei kom ut på isen var ikkje snøen så djup, og gjekk berre vel til knes på hest og mann.

Vegbrøytarane kom etter fjorden, dei stogga opp og kvilde. Sveitten rann av sidene på hestane, og det låg skum i munn og naseborer. Mennene var og godt sveitte, og det rauk av skallen når dei letta på skinnhuene og turka bort sveitten. dei talast ved, og alle hadde det same å melde. Det hadde vore ei still og innestengd julehelg.

Ein av hestane frå Nesdall vart løyst frå og fekk gå laus etterpå, og hesten frå Breiing vart sett i drag med dei andre. Hestane vart sette i gang att, og brøytte ei brei for etter seg i snøen. Då dei nådde Nordanvik og skulle opp Kleiva til Settin, vann ikkje hestane seg gjennom dei høge snøskavlane. Mennene måtte framom og moke veg for hestane.

Folk murra og var ,utolege. Dei var trøytte og sveitte frå før, og det hadde vore ein gamal sedvane at når dei frå Gordudal heldt oppe vegen på vatnet, heldt dei frå Settin og Tyfin veg open frå Nordanvik til Loda og sjøen.

Det vart mulla og sagt mange beiske ord. Serleg var det Ulfhild Jonsdotter som spitorda smida etter. Mange sto i leiglendingsgjeld til henne. Og no då harmen løystest, måtte dei få lette hjartet sitt for både nye og gamle tynsgler ho hadde bore på del.

Drøset stilna då dei kom fram i tunet, for det sto folk ute der. No nådde dei vegen som var oppbrøytt tør, og stogga.

Hestane hadde vore modige og kåte då dei la l veg og slapp or stallene. Men uvane som dei var, sto somme av dei no og skalv i selen. Brune sveittedropar tipla ned i den kvite snøen og sulka han til.

Det kom folk frå Ellendstova og bad dei inn medan dei kvilde. Der vart dei sessa kring langbordet, og ein av tenarane kom med ei stor ølskål og baud del. Ølet var varmt, og mange drakk rett dugeleg. Trøytte var del, og somme svoltne med, så gudsgåvene smakte godt. Og at Ulfhild Jonsdotter ikkje laga malt av lettekorn det visste dei frå før.

Folk vart snart høgmælte, men heldt inne kvar med sitt, då Ulfhild steig inn i stova.

Ho var høg og ferm, og det fylgde henne stort mynde. Etter å ha tala med nokre av del, vende ho seg til Roald frå Breiing, som var nærskyld med henne, og spurde korleis dei hadde hatt det i jula.

Ho bad han og saman med nokre andre å vere med i koven og smake på julematen.

Det var i skuminga då dei vende heim etter. Veret hadde halde seg bra helle denne dagen. Somme av dei hadde smaka så mykje på ølet at dei ikkje var heilt stø på foten lenger. Og då det no ikkje tyngde noko sers med brøytinga, sette dei seg opp på hesteryggen og reid.

Oppe ved Meisa høyrde dei ulvehyl oppe i lia. Det hadde nok vore ei mager og svolten jul for ulvane og dette året. Enno var snøen så høg et det var vanskeleg for dei å ta seg fram.

Ei heil skrei sto nede i fjøra og glodde ut mot fylgjet som kom oppover. Av og til lyfte dei hovudet i flokk og ulte ut i veret. Men det var for stor mannemakt til at dei våga seg lenger fram. Karane som reid, kjende seg modige, og skreik og hermde etter ulvane.

Ved Breiing skilde Roald 1ag med dei andre, og reid gjennom Snøhaugane til tuns. Han sette hesten på stall, då hadde kvelden kome, og mørkret var falle på.

Til dokumentstart

2. Ein friar rid til gards.

Dagen etter var ein fin dag. Det var klårt frå morgonen med ei lita frostskorpe på snøen. Men det var ikkje lenge etter at dagen var komen før det drog opp med raude skyer sør på breen over Tjøndalskruna. Og ikkje lenge etterpå hadde ein sønnavinden og mildveret.

I kveldinga sto han Roald ute i tunet og såg seg om. Det var så mildt og fint eit ver. Snøen var kram, og dei små vindpustane som sveivla over tunet, hadde ein linn varme i seg.

Det var den oppbrøytte vegen opp til neset augo hans fylgde. Det var nokon der som var på veg nedover. Det var hest med mann på ryggen, ikkje rettare han kunne sjå. Det var for langt unna enno til å draga kjensel, og Roald vart ståande i tunet for å sjå kven som no var i ferdavegen.

Då hesten og mannen nådde den opne snøgropa til tuns, tok hesten av vegen og styrde opp mot land.

Og no kjende Roald både hest og kar. Det var han Arne Guttormsson frå Myklabø. Og var det ikkje som om han hadde hatt ei vond aning om det heile tida, at det var han som kom. Han hadde til og med kjent det då han sto i tunet for ei stund sidan at noko sers ville hende ein slik dag.

Han Roald snudde og gjekk inn, for vegen til den andre stova gjekk over tunet her. Og han kjende at enno hadde han ikkje noko han skulle ha sagt til han Ame Guttormsson. Men den dagen var kanskje ikkje langt borte, då han skulle seie han det som skulle spørjast, bygda til endes.

Roald gjekk inn i løa, og såg derifrå då Arne Guttormsson reid over tunet og bort til Oluf-stova. Arne var ein brei og velbygd kar, og han sat godt på hesten. Han var høgtidskledd og i dag, og så vidt Roald kunne sjå, bar han og våpen med seg.

Roald steig ut att og gjekk over tunet endå ein gong. Då såg han at Oluf kom ut og tok mot gjesten sin. Han såg hesten vart sett på stallen, og dei to karane steig inn i stova. Det var nok meininga, så seint som det var på dag, at han skulle vere der natta over. Roald skjøna at det var store og viktige ting som skulle avgjerast i Olu£-stova i kveld. Ting som dei avgjorde som dei ville utan å spørje han. Men dei kunne kanskje eingong verte var at dei gjekk ikkje forbi han slik utan at det hemnde seg.

Det var ho Brynhild Olufsdotter som skulle få lagnaden sin lagd i framandmannshand i kveld, skjøna han. Men ikkje var det hennar vilje som då skulle fylgjast. Og det hadde Roald tenkt at han sto ikkje gjerandlaus og såg på den dagen det galdt henne, om dei enn kom velvepna til gards. Det kunne tenkjast han kunne bruke våpen han og så det løyste blodet. Det hadde vorte sagt mange gonger at dei to høyrde saman. Og ingen skulle få bryte det ordet som var sagt dei imellom, om han Oluf frå Breiing både hadde kyrkja og han Sira Amund og han Arne Guttormsson å stø seg til.

Han kjende at han kom i egse og visste ikkje å halde seg roleg. Han trødde ut i tunet rett som det var. Og der såg han henne Brynhild borte i 0lufstunet. Ho gjekk mot bualoftet. Det var vel sengklede og kistemat som skulle hentast fram til den høgvyrde gjesten.

Roald gjekk fort over tunet og steig inn på bualoftet etter henne.

Ho kvakk med det same ho høyrde steg etter seg. Ho heldt på å ta ned skinnfellar ifrå ei stong under loftet. Det var dimt inne, så han berre skimta henne inne i mørkret.

"De har fått storframande hos dykk i dag?" sa han. Det var både spørsmål og hard trass i målet hans.

"Ja, han Arne Guttormsson kom hit i kveld," sa ho. Ho var endefram i målet, og det terga han endå meir.

"Du er vel hardt oppteka du då, eg kan vel ikkje hefte deg bort," sa han Roald. Han var enno innbeten og arg i målet. "Det er nok deg han er ute og fer etter."

"Du høyrest så arg ut kva er det du går og har ilt av," sa ho og ho var klangrik og glad i målet. Då tok han Roald henne i armen og vende henne mot seg, og han klemde hardt til."Svar meg Brynhild, er det deg denne ferda til Myklabøkaren gjeld?" spurde han.",Det er kanskje det." Og no var målet hennar annleis, varmt og litt sårt

"Aldri må du lyde far din i dette," sa Roald. "Du vil ikkje at eg skal bere sverd mot nokon for dette, det fører berre i ulukke. Men eg toler ikkje at han kjem i vegen for meg." "Du må ikkje vere så strid i orda, Roald. Det gagnar ikkje med eit stridt sinn. Og enno har ikkje far min bede meg om noko."

Då høyrde dei prat ute på tunet, og eit sterkt mål ropa:"Brynhild."Ho fekk det annvint med å få fellen ned og ville skunde seg fram om Roald. Han tok og klemde henne inn til seg. "Du lovar meg å ikkje gje ja-ord," sa han. "Eg slepper deg ikkje før om dei stikk meg ned attafrå." Ho tøygde seg opp og klemde han på kinnet. "Eg vert di, løys meg fort," sa ho.

Han slepte henne, og ho skunda seg forbi han og ut på tunet. Både Arne og far hennar sto der då ho kom og ville framom.

"Kven hadde du med deg på bualoftet, eg tykte de tala,"sa Oluf. "Eg tenkjer det var sønnapipa de høyrde," sa ho.

"Det skal vi snart få sjå," sa Arne og gjekk mot loftet.

Då steig Roald ut og sto i tunet mellom del, så det var som dei kvakk med det same dei såg han stå der.

Brynhild sette i eit kvin og sprang inn. "Er det framandfolk ute og fer," sa Roald og vende seg til Arne.

"Ikkje ser det ut som du kjenner deg framand, som går på bualoftet til grannen," sa Arne. Han vende seg frå Roald mot Oluf som venta han stønad derifrå.

"Einsam har eg ikkje gått på bualoftet til grannen. Men lenger har det ikkie vore mellom tuna her i garden, enn at vi har kunna talast ved !både inne og ute når det har falle seg så," svara Roald.

"Ikkje veit eg at du har noko utala med dotter mi." Han hadde eit djupt mål Oluf, som om det kom langt innafrå.

"Det kunne hende eg har noko utala med deg 0luf Toseson og. Men ikkje høver det å bere fram det målemne her i tunet med framandmanns vitne," sa Roald.

"Har du noko å mæla, så berre tal," sa Oluf. "Eg har lagt alt mitt i vår Gud og Skapars hand, så eg har ikkje noko å løyne. Og Arne Guttormsson torer kanskje ikkje verte så framand mann her i garden etter denne dag, så for den skuld treng du ikkje gøyme på noko."

Roald såg frå den eine til den andre. Han såg at Arne hadde eit stutt sverd under jakka. Det høvde ikkje å yppe til strid her.

"Han 0luf Tosteson spør sjølvsagt ikkje meg etter kven som skal verte tidgjengde i garden, som rett er. Men gamle lovnader kan enno minne seg," sa Roald.

"Ikkje har eg gamle lovnader som eg reddast for det eg veit," sa Oluf. "Men sidan jula enno ikkje er fara or garden så kan du no vere med inn du og, vi har enno ein bolle øl å by på."

"Takk som byr," sa Roald" Men ikkje høver det at vi frå Halkjellstova møter opp etter ølskjenk når de hos dykk har gjester. Det du Oluf og eg har å tale saman, finn vi nok høve å bere fram utan å skiple dette laget ditt."

Roald :snudde seg brått om og gjekk !bort til deira eige hus. Far hans sto ute då han kom bort.

"Eg tykte du var hosta høg i målet," sa han.

"Eg berre svara som eg vart tilspurd, og det er kvar fri manns sak å gjere," sa Roald.

Faren sa ikkje noko meir om det. Men han mylte for seg sjølv ned i arbeidet sitt:

"Han Stor-Arne er vel komen og skal lære henne Brynhild kjeringeleiken, nen det har ho vel lært før, hæ, hæ, hæ," sa han og såg på sonen.

Roald gjekk sin veg, han kjende at blodet var varmt og banka sterkt i årane enno. På tunet stogga han for å svale seg. Det hadde alt teke til å mørkne. Dagane var korte dette årsens bel. Serleg når det var så skoddetungt som det hadde vorte no mot kvelden.

Utafor i lia høyrde han ulvehyl i kveld med. Dei to siste vintrane hadde retteleg vore nokre ulvevintrar, slik bestefaren hadde tala om at dei hadde det i gamle dagar.

Han såg bort mot Oluf-stova, ho sto og hukte som ein grå skugge i mørkret.

Det kunne hende meir på ei natt enn som sto til botar, tenkte han. Han rykte seg ut av tankane han streva med, og gjekk inn til stovevarmen og åreelden.

Til dokumentstart

3. Ulven tutar i gryet.

Det hadde slått om til regnver, høyrde Roald då han vakna om morgonen. Det både regnde og bles så han høyrde det slo i veggen. Det var visst ei stund enno før det vart dag, og han låg og lydde til veret.

Då var det som om hen høyrde skraping av ski fare fram om utafor, og kniksing i vidjeband. Han sprang fram til utedøra, og såg då ein svart skugge fare ned mot vatnet.

Sjølv om det var mildver, vart det kaldt å stå ukledd i utedøra, og han sprang inn og smaug under fellen. Men tanken på dei som var ute og for så tidleg føre dag sat i han. Eit underleg ærend måtte slike vere ute i, og var det ikkje mest som det likna på ei kvinne.

Det var ikkje mange andre å tenkja det til enn Brynhild 0lufsdotter. Noko sers måtte ha hendt i Oluf-stova etter han skildest med dei på tunet i går kveld.

Før han vardest var han komen fram på golvet att, og tok til å finna tak i kleda i mørkret. Var det ho Brynhild, var ho visst ikkje mykje glad no. Og fårleg var det og for el kvinne åleine å ta ut i ferdesvegen før dagen kom. Ulvehopen for skrubbsvoltne etter lia og søkte etter føde.

Han kom seg ut, og fann skiene. Han tok øks i den eine handa, og ein lang stav i den andre. Tok så i vegen ned til vatnet. Han fylgde skifaret til den som føre var.

Det bles frå vest, så regnet sto beint inn i andletet på han då han kom på isen. Og regnet fløymde ned så det var reint uhyggeleg. Ille i vande måtte den vere som nytta denne morgonstunda til utferd. Han tok til å få ill otte i bringa, og han gjekk på så hardt han kunne. No høyrde han ulvehyl nord med stranda, om det var ute på isen eller inne med land var ikkje godt å vite då det enno var for mørkt å sjå noko. Kanskje var dei alt på faret etter henne.

Då han kom fram for Rognjuvet høyrde han nye ulvehyl. Og no høyrde han eit menneske som hua. Dei tok visst til å vente så nærsøkne at ho kjende seg redd. Men no var han ikkje lenger unna enn at han såg svarte skuggar føre seg. Det var i alt tre ulvar som hadde våga seg utpå og var etter henne. No skimta han og skuggen av mennesket. Det synte godt at ulvane var hardt svoltne når dei forfylgde henne så få.

No skreik det att, mennesket føre han. Det var for å skreme dei unna. Men han høyrde korleis dei freste og ulte mot henne.

Roald sette i eit høgt skrik for å gjere både ulvane og mennesket kjend med kva som kom etter. Men ulvane hadde fått blodgiren i seg, og ansa ikkje anna enn offeret dei hadde føre seg.

Han gjekk på i harde tak og glei nær inn på dei grå villdyra. Dei knurra stygt og boks til sides for han. Han kom inn på ein av dei, og fekk gje han eit drag over ryggen med staven, så han seig i hop. Ulven vart ståande på framlabbane og sette hovudet ende til vers og ulte.

Roald gjekk inn på han med lyft øks. Han såg korleis det blenkte av vilt sinne og vill blod-gir i augo hans. Han hogg øksa ned i skolten på han, så han seig i hop og vart still.

Han snerta og med øksa etter dei to andre ulvane, men dei drog seg unna og inn mot land. Mennesket føre han hadde stogga og sto og venta.

"Kven er det som kjem?" skreik det då han nærma seg. Det var Brynhild.

"Det er eg," svara han. Og ho kjende han på målet, for ho spurde ikkje meir.

Ho var skremd, og drog pusten sterkt då han kom framtil. "Du vart stygt elt av beista," sa han. "Ja, det var godt du kom. Eg vart forfærd då eg høyrde folk ropa etter meg, eg tenkte det var far min eller Arne Guttorm- son. Men så tenkte eg at det fekk vere godt kven det var, for no var eg i ibeit. Og så var det du, og det var det beste, veit du." Regnde gjorde det så dei tok til å verte tunge i kleda, då dei tok i veg nordetter.

"Kvar skal du av?" spurde Roald.

"Eg vil til kyrkje og lyde morgonmessa i dag," sa ho. "Hardt må du trenge til Guds ord, når du søkjer ut i slikt ver og føre," svara han.

"Eg ville ikkje vere heime i dag," sa ho.

Roald fekk vite kva som hadde hendt kvelden før. Det hadde ikkje vorte så mykje meir sagt. Men Oluf hadde nemnt det før dei gjekk til kvile at i dag skulle tida for festarølet avgjerast.

"Den avgjerdsla ville ikkje eg vere med på," sa ho, "og derfor tok eg i veg. Eg toler heller ikkje å vere i hus med Arne Guttormson, for den søte talen hans løyser harmen i meg. Eg har berre ilt av det."

"Han vågar ikkje la storgauven frå Myklabø vere i uvisse lenger no då, far din. Festarølet har han vel tenkt å ha før han fer til Nidaros i sornmar?"

"Eg veit ikkje alt så vel om det, men det tykkjest eg skjøne at det var Arne Guttormson sin vilje. Men far har sagt det fleire gonger før, at det skal vere Fingergullsmessa, og han får vel avgjerda, då festarølet skal vere hes oss. Eg vert vel ikkje spurd i den saka, og då er det best eg held meg borte." Dei gjekk ei stund utan at det vart sagt noko. I land høyrde dei enno ulvehyl. Men dei våga seg visst ikkje etter, for det var ingen ulvar å sjå på isen. "Far ville gjerne sjå korleis ferda går av seg i Nidaros før han held festarølet," heldt Bryrihild fram. "Vert bror min frisk på ferda, så vert det skil i heimanfylgje, for då vert det han som skal ha Breiing."

"Til Fingergullsmesse får vi tru vi held festarøl som vi sjølv ynskjer det," sa Roald. Han tok til å leggja ut for henne om den nye heimen som dei skulle byggje seg i Justedal. Dette hadde dei tala om ofte før, og det var knytt til den ferda som Oluf Tosteson skulle gjere til Nidaros i sommar. Medan han var borte, skulle alt vere gjort i stand, og dei skulle vere borte før han kom att.

Roald Halkjellson hadde to gonger siste sommar vore over breen frå Myklabøsetra til Justedal. Då hadde han både sett ut byggjestelle, og skipa mykje til.

Det låg fint til i nordhallet opp mot fjellet, og det var første staden sola kom på om morgonen hadde han sett. Tuftene synte etter at der hadde vore bygt gard før. Murane sto att og kunne nyttast på ny, men alt tømmeret var så forfare og rote at det let seg ikkje nytte. Men skogen sto fin innpå, og tok han til tidleg i vår så skulle nok heimen vere ferdig til ho flytte til han. Han hadde og rota i jorda og sett at ho var svart og feit, og høvde framifrå til kornavl.

Dette hadde vore løyndomen dei tala om seg i mellom sidan i sommar, når dei nokon gong hadde tida for seg sjølve.

"Eg vil endå ein gong tala mi sak for far din," sa Roald. "Kanskje gjer eg det i denne dag."

"Det er vel for seint å snu far si meining no," meinte Brynhild. "Men saka vår står betre om du held det fram for han no, og minner han om lovnaden han gav då vi var born."

Atter gjekk dei ei stund tagale. dei svinga fr-am om Vornes, og der gjekk dei nær under land.

"No er vi snart komne til Nordanvik, og enno har eg ikkje spurt kva ferd du er ute i," sa Brynhild.

Han fortalde at han hadde høyrt skrapinga av ski, og vorte redd for henne då han kvelden før hadde sett ulvane søkje ned mot stranda. Og når han hadde fylgt henne til Nordanvik tenkte han å snu, sa han.

"Kva tid kjem du igjen? Du må ikkje drye kvelden på deg." "Eg tek inn på prestegarden til moster mi. Og kanskje kjem eg ikkje att i kveld i dette veret," sa ho.

Dei nådde land i Nordanvik, og dei stogga opp. Men regnet rann stridt ned, så dei kunne ikkje stå slik. Roald hadde ikkje kledt seg for ferd, og kjende no korleis regnet nådde kroppen.

"I morgon er det trettandedag, og då skal vi halde vakenatt og brenne lys i fjøset vi to," sa han.

"Det får vere til då med den takka eg no skuldar deg," sa ho, og så gjekk dei kvar sin veg. Han snudde seg og ropa til henne: ",No må du vare deg vel."

"Ja, det lysnar alt av dag no, "sa ho.

Til dokumentstart

4. Ei kvinne søkjer Guds hus.

Ho tenkte på det då ho gjekk vidare åleine. Han hadde visst tungt for å rive seg laus frå henne i dag. Tru det hadde noko på seg. Ho tykte han fekk ikkje auga og andletsdraga hans frå seg, det var som gjekk dei føre henne. Ho hadde kjent det så underleg sidan ho hadde denne draumen no i jula. Ho visste ikkje så vel kva som hadde hendt i draumen, men ho hadde vore saman med han. Men draumen sat så fast i henne at ho levde i han, og visste ikkje å rive seg laus dagane etterpå. Tru det var noko som kom til å hende snart?

I går kveld då mennene møttest i tunet, tenkte ho at no hende det noko. Men han Roald visste å verne ordna sine den gongen utan å smyge. Ho såg etter han og var stolt av han då han gjekk or tunet.

I natt hadde ho atter hatt ill otte i seg. Ho fekk ikkje fred å sove. Då ho kom inn i stova i går kveld, såg ho det lyste av krusifikset på bordet. Ho kom i hug nålys med same og fekk hjarteverk

Bror hennar, han Toste, var lam og verkbroten i ein fot, så han laut gå med krykkje. Men om vinteren låg han for det meste i senga for då verkte det i foten heile tida. I desse mange åra han hadde streva med denne foten, hadde han lært seg til å skjere ut i tre med kniv. Og no skar han på eit Kristusbliete som skulle vere ei gåve til kyrkja i Loda. Eit slikt hadde dei i Alda kyrkja, og det hadde han ein gong lånt opp og sett.

Han var flink til å skjere ut slik, bror hennar. Han nytta den tidene han var fri for verk og pine. Då bruka han kniven.

Då ho nådde ned til Tyfin, kjende ho at ho var retteleg trøytt. Ikkje var føret lett, og regnet dreiv på heile tida. No hadde sveitten innafrå og væta utafrå nått i hop for lenge sidan, og rann han nedetter ryggen.

No kom otten att og tok tak i henne, ho kvidde seg for å fare fram Hågådal Der hadde ofte mangt ilt vore etter folk.

Ein frå Hugrenni 'hadde fare der ein mørk kveld i stridt regn. Han hadde ein fell over seg for regnet. Då høyrde han det tassa og teva etter seg. Han ville springe, men noko heldt i kleda og heldit han att. Og rett som det var la det labbane på herdane hans. Då kasta han kledet att om seg og sprang. Kanskje såg det som var etter han seg nøgd med det, for han merka ingen ting meir etterpå.

Og no var ho i Hågådal. Her måtte ho gjennom tjukke skogen. ,Men som vel var hadde det lysna mykje no. Likevel kulsa det gjennom henne, og ho skunda på. Men ho såg og merka ingen ting. Dei vonde vetta, hadde kanskje ting å gjere andre stader denne morgonstunda.

No tok ho av vegen og gjekk rett fram over Bjørkevollen og Storékra, der var ein liten gongsti å fylgje.

Kyrkja låg på ei høgd, lita og brun, og vende andletet ut mot fjorden. Tårnet var det einaste som lyfte henne over bustadhusa ikring i Oppigard og Nigard, og gjorde henne til ein bustad for Gud den Allmektige.

Brynhild Olul-Qdotter tok av seg skiene og sette dei opp etter skigarden ved kyrkja, så steig ho inn i våpenhuset. Der slo ho væte av seg, og tok ytterkleda av. Heile kyrkjeskipet låg i mørker, men det lyste frå koret, der det brann på røykaltaret, og tre lys sto kveikte på høgaltaret.

Det var så vidt ho skimta det romet ho steig inn i. Ho såg to-tre skuggar som låg bøygde fram over mot koret.

Kyrkja var vigd jomfru Maria, og der var eit bilete av henne med barnet. Fram føre det bøygde ho seg og fall på kne på golvet.

Ho kunne nokre bøner som ho sa fram. Men mest tenkte bo på det at Maria møy måtte hjelpe henne så ikkje ho og Roald vart drivne bort frå kvarandre. Ho såg opp på biletet, og ho tykte møya hadde eit vensamt anlet.

Sira Amund steig fram og song ein latinsk hymne. Brynhild såg opp på Maria-biletet, og no tykte ho det rørde seg og vende seg til henne. I det blakrande lyset frå altaret kasta alt skuggar og fekk rørsle og meir liv.

Brynhild lutte seg fram og kyste biletet.

"Hjelp meg møy Maria," kviskra ho.

No kjende ho at ho fraus og tok til å skjelve, og då ho såg seg ikring, merka ho at mykje vatn hadde runne av kleda hennar.

Ho reiste seg og gjekk. Dagen var no komen, landskapet låg fram føre henne då ho steig ut. Fjorden gjekk med små bårer inn mot stranda. Snøkledde lier kom bort i gråskodda. Enno regnde det like stridt som før.

Rett opp for kyrkja låg prestegarden, og dit stemnde ho. Moster si råka ho i tunet.

"Nei kva er det som har drive deg ut i slikt eit ver," sa ho og slo saman hendene.

"Det er mest sist på med jula, og vi i Gordudal har enno ikkje lydt messe," sa Brynhild.

Moster hennar var ei lita rundvaksa kvinne i femtiåra. Ho styrde huset til presten. Og då Sira Amund helst var oppteken med kyrkjelæra, og ofte hadde hug til lange ferder, var det ho som hadde mest å seie i gardsstellet, og rådde over tenarane. Ho heitte Mildrid frå Aflein. Då ho fekk sjå kor våt Brynhild var, fekk ho henne ned i badstova og let henne få av seg kleda.

Ho prata heile tida med ho gjekk til og frå. Og då ho hadde fått Brynhild til bords, og bore fram mat, sette ho seg ned, og la hendene i fanget.

"Sei meg no kva du er koma for, gjenta mi," sa ho.

"Eg er så ottefull," sa Brynhild. "Eg har kjent ein otte i meg i mange dagar at noko ilt vil hende. Og i natt fekk eg det så sterkt for meg at eg måtte lyde ottesongen."

Snart sat ho og fortalde om alt heime, om festarølet som var i vente og no skulle avgjerast. Ho Mildrid frå Aflein trudde ikkje presten kunne gjere noko for dette. Dei fekk vente å sjå om det ikkje ville lage seg. Ho skulle leggje sitt ord inn for dei.

Medan dei tala, kom Sira Amund inn. Brynhild sat i lyset frå åreelden, og Sira Amund kjende henne og helsa.

Presten spurde etter folket hennar og om Toste var langt komen med krusifikset.

Ho sa at han hadde vore sjuk no ei rid, men trudde det skulle verte ferdig til langfredagen, så det kunne få sin plass i kyrkja den dagen.

Han bad henne helse til faren, at no hadde han fått brev båre frå overbispen i Nidaros og frå bispen i Bjørgvin. Og han kom til å gjere ferda til Nidaros i sommar, då fekk Oluf Tosteson og sonen vere med. Dei fekk gjere seg reisebudde til syftesok.

Det var så mange ting med læra han måtte tale med overbispen om. Dei nye lendsmennene som kom frå Danmark var heller ikkje truande i alt dei tok seg for.

Han kom bort og strauk henne over håret.

"Du er ei staut jente du Brynhild Olufsdotter, men det presten har å stri med skjønar du deg vel ikkje på, "sa han. "Men Gud velsigne deg."

Brynhild fekk tårer i augo då ho såg opp på den gamle, noko lute Sira Amund. Ho fekk godhug for han, og ville gjerne tale med han om det som låg henne på hjartet. Men ho våga seg ikkje til. Kanskje sidan i dag når ho betre hadde kvilt seg kom modet igjen, så ho våga tale med han om sine sorger eg voner.

Ho Mildrid hadde sengekvila si i koven, og dit gjekk no dei to kvinnene.

",Du treng å kvile," ;sa moster Mildrid, "og her skal du få halle deg att på ei stund."

Nattkvila hennar sto inn til veggen og var brei og romsleg,

med utskorne stolpar framfor, og med ei mangfarga vakker overbreidsle.

Brynhild tenkte på det med det same ho sette seg på sengkanten at det gjekk ei rispe om dette i Gordudal. Då han Per Hugrenni høgnattes kom til prestegarden og skulle tinge den siste olje åt mor si, rende han seg beint på Sira Amund i utgangen, han kom or koven i nattklede.

Det vart om Guds folk utslept så mangt eit ord som berre var vondt drøs og ikkje å akte, sa alltid far hennar, og det hadde han sikkert rett i. Sjølv måtte ho ikkje hyse slike tankar no ho kom or Lokyrkja og hadde bøygt kne for møy Maria.

"Du er for snill med meg no," sa ho til moster si, "som let meg f å nytte sengkvila di." "Eg ser du er trøytt," sa Mildrid, "og no skal eg gå så du får fred."

Det var noko godt og triveleg med henne Mildrid morsyster, kva enn folk sa om henne, tenkte Brynbild og halla seg att og ned.

Svevnen ville ikkje kome, endå ho kjende ho var trøytt både av nattvaking og av ferda. Tanken på han Arne Guttormson heldt henne vaka. Han sat heime med far hennar no og avgjorde framtida hennar. Ho var redd, han Stor-Arne frå Myklabø. Han var vakker, og han bar seg fint, men ho visste han var sleip og fårleg å kome ut for.

I fjor sommar oppe på Myklabøsæter var det at ho vart redd han første gongen. Ho og foreldra var i sæterhelg der. Etter middag gjekk dei gamle og såg på bu og bøling og avdrått. Då var det at ho og han Arne Guttormson tok vegen inn lia til -breen. Han hadde hermannsklede på seg den dagen. Ho hadde elles lagt merke til ved kyrkja i Loda at han tok seg godt ut i dei kleda. Han hadde og vore langt ute i verda. Det var merkeleg kor han hadde fått makt og frimod av det.

Han var så finsleg og, han kneip ikkje etter handa hennar ein gong, enn mindre var etter henne på andre måtar, slik munken Tor Heineson var det ein gong ho var åleine med han. Då hadde ho stridt for berre livet, og var mest halvnaka då ho greidde å springe frå han. Men det hadde ho ikkje fortalt til noko menneske.

Om ho budde på Breiing og kanskje skulle vere der all sin dag likte ho å høyra om byar og framand sed. Arne Guttortnson fortalde henne mykje frå Bergenhus og byen den dagen dei gjekk inn til Myklabøbreen. Han fortalde cg om kor mange fårlege kvinnfolk ein kunne kome ut for i byen. Men der var og fine droser, og ei slik skikkeleg jomfru hadde lagt seg etter han. Men han viste henne frå seg fordi han ikkje hadde elskhug til henne. Den rette hadde han ikkje funne enno, og då var det best å akte seg.

Ho hadde sett på han då, det var som det låg ei sanning i alt han sa. Det var nok berre løgn det dei fortalde at han gjekk på fjøslemen til henne Kirsti Ølvesdotter. Ho var ei slik gutesprengje, at ho sette gjerne ut det ordet at ein skikkeleg kar som Arne Guttormsen gjekk til henne.

Ho Brynhild tykte det var gildt å gå her saman med han. Det var mest like gildt som heime på Breiing saman med han Roald. Endå det var ikkje det same, for han var festarmannen hennar, om festarølet enno ikkje var drukke.

Inne ved breen hadde dei sett seg ned. Det var sol den dagen og det gusta svalt frå breen. Ho hugsa at ho kjende det gjennom all sin kropp då han halla seg att over og tok i handa hennar. Han sa mange fagre ord til henne om at no hadde han visst funne den rette.

Då kjende ho at sølgja spratt opp på bringa, og handa hans var nede på nakne brysta hennar. Ho vart som nåma med det same, men så greip ho handa hans for å få henne bort. Då tok han henne i fanget. Ho vart fæla av kva han våga seg til og sette i eit skrik. Han sa mange vene ord, men ho var så frå seg at ho høyrde det ikkje, og ikkje hugsa ho korleis ho kom seg frå han og heim til Myklebødalssæter. Men ho hugsa augo hans, dei var som augo på Tor Heineson den gongen. Og redd han hadde ho vorte. Ho hadde vakta på at han ikkje fekk seie fleire ord til henne åleine den sætrehelga.

Anten han Arne Guttormsen hadde teke med seg den store sølvsølgja heimat, eller ho låg att inne ved Myklebøbreen, visste ho ikkje. Ho hadde i alle høve mist henne. Det var ei gild arvesølgje trå Aflein, og mora grov og spurde i lang tid etter på kva det hadde vorte av henne. Denne hendinga hadde ho heller ikkje fortalt til noko menneske. Ikkje han Roald eingong visste om det.

Men ho hadde sagt det til han Roald ein gong seinare, etter et han Stor-Arne hadde bore fram friarmålet til far hennar, at ho trudde gjerne at Arne Guttormsen var ein slik som gjekk på fjøslemen til Kirsti Ølvesdotter.

Her ho no låg var ho likevel i tvil om ho verkeleg trudde det. Kanskje meinte han det han sa ved breen at han hadde funne den rette. Ein skulle helst tru godt om tolk. Men redd han var ho, og det kunne ho ikkje hjelpe for.

Ho hadde aldri kjent noko slikt for han Roald, endå ordet gjekk at han var ei slåstkjempe ute mellom folk. Ho var ikkje redd å vere saman med han, om det så bar over breen til Justedal. Det skulle vere fint å eige ein heim der dei var to-eine. Og der skulle vere så vent, hadde han Roald sagt.

Ho letta seg frå kvila, og steig fram på golvet. Ho kjende seg meir modig og glad. Ho ville våge vona no og snakke med han Sira Amund om kva som var rett både for Gud og menneske i denne saka hennar.

Til dokumentstart

5. Fortida har og ei bakside.

Då Roald kom på heimvegen losna den første fonna oppe i Tverrfjellet ovafor Breiing. Det var eit fælt døn og brak då ho gjekk, det fylgde med både grus og stein. Det for ilt i Roald med det same han såg kor ho losna, det var uvisst korleis det kom til å gå heime.

Visst var dette ei fonn som gjekk mest kvart år. Oftast stogga ho på høgda og kom ikkje fram lia, og kom ho, så fylgde ho helst elvegjelet utanfor husa. Men i år var det meir enn vanleg med snø. Det hadde site ein otte i alle no etter det store snøfallet.

Der nådde fonna ned på høgda, og det såg ut som ho stogga opp og ikkje kom lenger.

"Gud sje lov." sa han og kjende seg letta. Enno ei stund kjende han og høyrde han kor det duna og ramla, og så vart det stilt.

Det var retteleg eit ver til å setje fonnene i gang alt dette regnet ned i den djupe snøen. Men han fekk tru det ville gå av seg med berre otten denne gongen og.

Han kom i hug ulven han hadde hogga øksa i skallen på. Han fekk drage han med seg heim og rive skinnet av han. Det var pels som var havande på dei karane og. Han såg etter då han kom fram men vart ikkje var noko.

Det låg nokre skinndottar, og bein og blod på snøen. Meir var det ikkje att av han. Dei andre ulvane hadde alt vore her og rive han i seg. Han såg etter om dei kanskje var oppe i fjøra nokon stad, men alt var stilt og roleg.

Han råka faren ute då han kom heim.

"Fonna stogga på høgda," sa Roald.

"Ja, berre ho ikkje kjem endå verre att," sa faren. Og så gjekk dei frå kvarande kvar sin veg.

Roald gjekk inn og bytte klede. Han var heilt gjennomblaut. Syster hans, ho Asta, kom frå fjøsstellet, og sette no mat fram til han.

"Kva dreiv deg så tidleg ut i dette veret," ville ho vite. "Det var ein ulv som kvein så stygt. Men no uroar han ikkje nokon meir den tassen."

"Drap du ein kanskje," spurde ho.

"Ja, ein av dei er både daud og oppeten," sa han, "men det var mange av dei i alt."

"Tru kor det har laga seg borte i Oluf-stova. Arne Guttormson for ridande heim att før det var retteleg lyst i dag. Han såg mest ut som om ikkje alt hadde gått som han hadde venta,"sa Asta.

"Ja så, han er alt faren," sa Roald noko tankefull. Han sette seg inn til åren i den halvskume stova. Han kulsa etter gjennombløyta han hadde hatt før i dag. No leitte han fram eit økseskaft og emna til medan han sat der.

Men han hadde ei uro i seg i dag og, så han vart ikkje lenge sitjande før han reiste seg og gjekk ut i tunet att.

Lei ut på dagen noko, råkast han Oluf og Roald mellom stovene."Vi er ikkje trygge for at det går ny fonn like frå tinden i dette veret," sa Roald.

"Ho har gått, så vi får tru ho har gjort frå seg det verste," sa Roald. "Var det råd, så ville eg gjerne tala med deg Oluf i dag,"sa Roald.

"Den råda lyt du få som kjem og har ærend til gards. Eg tenkjer det er ikkje kaldare i veret, enn at vi kan gå inn i nystova," sa Oluf. Han gjekk føre over tunet og inn.

Roald skjøna at dette kunne ha mykje å seie for framtida, og prøvde å tale så roleg og omtenkt som han kunne. dei vart ståande mot kvarandre utan å setje seg.

"Eg går beint på og nemner det som det er. Brynhild og eg er glade i kvarandre. Mot foreldra sin vilje var vel ikkje dette rett. Men det hugsar vi vel, både ho og eg, og vitne har vi på det, at i eit julelag vi var hos dykk medan vi var born og leika saman, sa du til far at det var best de gjorde heimafylgjeavtale, for desse to borna kom visst til å høve godt i hop. Og så vidt eg skjøna, og har fått vite sidan, vart dette avgjort mellom dykk. Då du er ein ordhalden og gudleg mann, treng eg vel ikkje føre meir prov for dette. No, då både ho og eg er vaksne, bed eg om at festarølet snart kan verte halde for å stadfeste semja som då vart gjort."

Då Roald hadde bore fram dette, vart det ei togn før Oluf tok ordet att.

"Det du der nemner hugsar eg som ein juleskjemt, og det vart ikkje tilkalla vitne, og avgjort som noka avtale. Men då du synte deg både djerv og med godt framtak i oppvoksteren, tenkte eg nok at det kunne ha, vore høveleg å gje deg Brynhild til festarmøy. Men desse tankane har ikkje kome i hugen min sidan du slo forderva munken Tore Heineson frå Nonnesæter, og laut leggje bot til kyrkja. Elles og har du synt stor hug til frikarsliv og slåsting."

"Ikkje har eg lagt bot til kyrkja. Og munken Tore Heineson fekk ikkje meir enn han vel fortente. Og kom han att ein gong til på same vis, slo eg han heilt i hel. Du veit vel at han var etter syster mi og ville voldta henne, at eg nådde tidsnok fram, var det som berga henne." Roald kjende at han tok til å heitne. Han var snar å verte harm når nokon sa han i mot.

"Anten det var du eller andre som betalte bota, har mindre å seie," tok Oluf til att. "Det er kjent av alle at frenka dykkar Ulfhild Jonsdotter på Settin betalte bota til kyrkja, og fekk pant av far din i Breiing. Det du ber på munken, er ikkje vitneprova anna enn av di eiga syster. Det fylgjer ikkje vyrdnad med å slå helselause kyrkja sine folk. Og du kan såleis ikkje vente å få mitt samtykke til å få dotter mi til viv."

No greidde ikkje Roald halde att for harmen, og orda kom meir harde med trugsmål attafor.

"Aldri hadde eg venta at ein mann som held på æra og god sømd, og vil kome med dom over andre, ville gjere seg ærelaus med å bryte eit gjeve ord til grannen. Men kanskje dei som fylgjer kyrkja i tjukt og tunt, kan stelle seg som dei vil, for dei veit dei har syndsforlating i vente. Og det er eg glad for .at eg fekk kome til å gje den horebukken av ein munk ei dengsle før han fekk skjemme syster mi. Anten du vil tru vitnemålet til syster mi og meg, eller ikkje, så er det sanning for det. Ho gjætte den dagen kyrne nede ved vatnet under Rognjuvet, då munken Tore Heineson kom og skulle fare gjennom Gordudal og krevje inn gammal uteståande tiend. Eg var i lia og leitte etter bjørnehi, då eg høyrde skriket frå syster mi. Ho var overmanna då eg kom, og eg takkar Gud for at eg fekk plante nevane mine i den skurken før uverket var gjort. Eg let han likevel ikkje liggje som han fortente, men førde han heim til gards. Og han vart i hus med dykk i seks veker, og vi har godtgjort det med dykk. Meir måtte eg vere å laste, om eg let syster mi skamfarast av slike svin."

"Du veit sjølv at saka var granska av prestane," tok Oluf til att, "og av retten med. Og deira avgjerd lyt vi bøya oss for som Guds vilje. Du har og ved tinget synt hug til opprør og slagsmål. Eg finn ingen ting som bind meg til noka avtale, så denne saka er det no forseint å tale noko meir om. Dotter mi er no lova til Arne Guttormsson, og festarølet skal vere Fingergullsmesse."

"I denne saka står eg på sannare grunn enn du, som stød deg til kyrkja og presteskapet, og med hjelp av dei bryt ditt ord, og tvingar dotter di i ulukke mot hennar vilje. Her er nok ikkje den lov og rett som det frå gamnalt var i landet, derfor må ein stri for retten sin sjølv, anna har ikkje eg å stø meg til. Men med sanninga i bringa og kjærleiken som vi har saman, kan det endå kanskje verte nok til å møte deg med dine falske ord, og rikdomen til Arne Guttormsen. Og så får tida syne kva som vil hende."

Roald snudde om og steig snøgt ut av nystova, før den andre fekk ord for seg til svar. For her kjende han at det fanst ikkje høve få noko endra, det var berre fleire ukvemsord å møte.

Til dokumentstart

6. Herre, la eit under skje.

Oluf vart ståande ei stund etter at den andre var faren, det var som om han hadde fått elt hardt slag mot seg. Så gjekk han ut og let att døra etter seg og skunda seg over det blaute tunet der snøen no tok til å ligge i sørpe.

Inne brann elden på åren, det kasta noko lys rundt i rommet der skyminga elles rådde. Borte i ei av nattlegene var eit bleikt andlet og to magre hender å sjå oppe over skinnfelden. Det var Toste, son hans Oluf. Han låg med eit utskore trestykke i handa. Det var det Kristusbiletet han dreiv og skar på når helsa var god nok til det. I dag hadde han ein av sine vonde dagar. Både i natt og i dag hadde det vore ille i den lame foten. Det hadde vore ein vond vinter, og foten hadde teke til å krokne saman.

Guten vende andletet mot døra då faren steig inn. "Regner det enno like mykje ute?" spurde han. "Ja, det vert ikkje len på i dag ser det ut til," sa faren. "Var det ikkje fonna som gjekk i dag tidleg?" "Jau, det var nok det, men ho stogga oppe på reset," svara Oluf.

"Det kan vel kome enno ei ny fonn. Her er ikkje trygt i slikt ver," sa den unge.

"Folk har levt her på denne garden no i fleire hundreår, og det har ikkje hendt noko gale, endå fonna ofte har gått på vatnet ute med elva. Vi får ikkje tru at det hender noko anna no heller," sa Oluf. "Eg er så redd eg far," sa Toste. "Eg kjem meg ingen stad um noko hender."

"Ver ikkje redd for det, du velt vi går aldri frå deg. Og elles vil det ikkje hende noko anna i år enn dei andre åra."

Guten låg still ei stund og såg på biletet han hadde skore ut. Dette andletet tykte han levde og tala til han. Det hadde kjent lidingar, det son han, og det var som om det sa han at eingong skulle lidinga hans og verte slutt. Han låg og strauk det med handa, berre han no hadde vore så sterk at han kunne ha arbeidt med kniven og gjort det ferdig.

"Trur du vi kjem til Nidaros i år far?" spurde Toste med eitt. "Ja, straks det vert godt ver skal eg til Loda og tala med Sira Amund, han veit sikkert no korleis det lagar seg med ferda. Kanskje sender han bod med Brynhild i dag." Oluf hadde sett seg på ein benk ikkje langt frå kvila til sonen.

"Du har ikkje vore i Nidaros du far?" spurde Tosten så.

Nei, faren hadde ikkje det. Men han hadde høyrt Sira Amund fortelje derifrå. Og så laut Oluf ta opp att det han visste, slik han så ofte hadde gjort det heilt sidan ferda kom på tale.

"Eg gruar for at det vert vanskeleg å nå fram til skrinet," sa Toste. Han hadde drøymt det ei natt at det var så mykje folk og så stor haug med krykkjer og stavar, at han visste ikkje å nå fram til skrinet.

"Trur du eg vert god att?"

"Ja, mange som har fått teke i Olavsskrinet i Nidaros har vorte god att. Der skal vere heile hestelass med krykkjer etter slike som har vorte lækte," fortalde faren. Dette hadde han og fortalt ofte. Men likevel var det like nytt og gledeleg kvar gong sonen høyrde det på ny.

Han Toste låg og såg fram for seg og smilte. Han hadde eit magert, og noko utpint -andlet, han var vel tjue år no, men såg eldre ut. Krusifikset han heldt i handa hadde alt teke til å få form. Andletsdraga hadde han alt fått fram, og klungerkrona. Det såg så lidande ut der det kvilde ned mot høgre armen. Så uferdigt det enno var, synte det at det hadde noko å fortelje om lidinga. Toste hadde i fleire år drive og skore ut bilete i tre. Mange ting som han før hadde skore ut, hadde vorte selde til munken Tore Heineson. Han selde det vidare for han. Dei let vel over arbeida hans.

"Eg trur ikkje eg vert frisk," sa han med eitt. "Eg har drøymt det ein gong."

"Du vert nok frisk når du når fram til Olavsskrinet skal du sjå" sa Oluf. "Den Heilage Olav har med Guds hjelp gjeve mang ein si fulle helse att."

Det synte at guten styrktest av orda. Det var denne draumen om å vinne helse ved Olavsskrinet som han hadde levt for i lang tid no. Det var og det som hadde gjeve han hug til å skjere ut dette biletet av Frelsaren. Han måtte gje noko att, skulle han vente å få så stor ei gåve av Gud. Og no skulle dette biletet hengje i Lokyrkia i alle tider, og vitne om Gud ,som gav son sin til frelse for alle som leid og hadde det vondt. Ei takk var det fordi han gav helsa til Toste Olufson, då han var lam og helselaus.

"Er det trettandeafta i kveld?" spurde Toste om ei stund. "Ja, det er nok det," svara Oluf. "Og bestefar min rekna det for like stor høgtid. som sjølve julekvelden."

Oluf kom i tankar om noko, og reiste seg opp og gjekk ut. Då han kom i tunet, såg han Rognjuvfonna kom. Ho gjekk stor og brei heilt til vatnet, og sopte reint etter seg. Det var eit ofsever, som det kom til å spørjast etter, tenkte han då han gjekk mot fjøset.

Inne i fjøset var det mørkt og stillt. Ein høyrde åndedraget og hjortinga av dyr som låg og kvilde. Storuksen reiste seg og bura litt då Oluf steig inn. Han tenkte med det same, at jammen var det ei fagna gåve til Sira Amund denne uksen.

Han leite fram ein kopp han hadde ståande med blod etter julegrisen. Den tok han med seg og tok til å stryke nytt blod i alle krossar og dørene der det var folk eller dyr.

Alle vonde vette var ute og for slike helge kveldar, og bestefar hans hadde sagt at trettandedag var dei verst å tøyme. Han hadde ein gong gløymt å krosse dørene med blod, og då hadde dei grave seg under smalefjøsdøra og drepe sju sauer. Det var ulvar det var far etter, men det var ingen rett ulv, for faret gjekk bort under den store hamaren, og der vart det heilt borte. Det var nok dei usynlege som hadde kome i ulveham.

Oluf gjorde arbeidet vel og omtenksamt, gjekk så attende til fjøset med koppen då han var ferdig.

Halkjell kom mot -han i tunet, han var våt og gjennomblesen. "No har eg to gonger vore ut til elva og sett etter men det er ikkje vassdropen i elvefaret, og det er ikkje av det gode slik som det ber ned i dag," sa han.

"Det plar ikkje vere så mykje til elv vinterstid," svara Oluf. "Noko måtte der vere slik det regner like til topps i dette mildveret. Det er nok fonna som har demt for elva, og når det bryt fram kan det ta vegar ein aldri veit om. Eg trur det er tryggast å søkje bort i kveld, om det dryer så lenge for det kjem," sa Halkjell.

"Noko får ein og lite på Guds allmakt," svara Oluf.

Det same sa han til seg sjølv då han gjekk mot stova og inn. Guds allmakt var vi under kvar vi enn rømde.

Men det var som om otten tok tak i han og, då han noko etter kom i tunet og såg Halkjell heldt på å drage den store vintersleden fram unna bua. Det tok til å dimmast noko lite, og i mørkret var ein meir redd og utrygg.

Kanskje var det best han og stellte seg til å tare bort. Men det sat i han at kva hadde vi då att av vår tillit til Guds allmakt.

Han gjekk og venta på eit under, Oluf Tosteson. Det underet skulle ein gong ta bort all den såre svide han gjekk og bar på i bringa. Det låg over han som ei bør mang ein gong. Og var det ikkje dette han gjekk og venta på, hadde han ikkje noko ugjort lenger.

Det var urimeleg lenge sidan han hadde hatt det annleis, tykte han. Den gongen sonen hans var frisk og sprek, hadde han ikkje sett det han heller, at ein trong allmakta og underet. Han hadde vore som ein Halkjell bortistova, som storma i veg med sitt, og aldri tenkte på dagen som kome skulle. Han hadde vore full av verdsleg lyst og trå. Det gjekk fram over med medelen hans, og ein emneleg son hadde han, og han skulle gjere det endå betre enn han sjølv.

Det gjekk verre borte i den andre stova, sjølv om han Halkjell hadde storfolket på Settin å støtte seg til. Fleire gonger hadde Ulfhild Jonsdotter lagt ut pengar for han. Ho hadde alt stort pant i Halkjellsbruket på Breiing. Snart var dei berre som leiglendingar å rekne, og kanskje kunne den dagen kome at han eller sonen hadde så mange sølvpengar at dei løyste inn heile Breiing. Ein trong ha dlet så romsleg at ein åtte alt her. Då vert det ein gard mellom dei beste i Gordudal. Når ein og rekna med all den gode utslåtten og beitet på Sæternes, ville det ikkje vere nokon som hadde det likare.

Då sonen vart sjuk og verkbroten, og for det meste sengeliggande, var det som om noko gjekk i stå for Oluf. Han forsto det ikkje, kvifor dette nett skulle råke han. Andre hadde fleire søner, som han Halkjell Raneson. Dei var meir uvørne og uvetige enn Toste Olufson, men likevel var dei friske og spreke. Han hadde berre -denne eine sonen, og det vart nok ikkje fleire. Hans son var det som skulle verte krøpling og sjuk og helselaus.

Det var ut på ettersommaren eit året at han opplevde det som gjorde alt annleis for han med ein gong. Etterpå tykte han det var som om noko hadde styrt han i veg den dagen. Ei høgare makt hadde leia han og opna auga hans. Korfor han elles hadde teke vegen til sommarfjøset, kunne han ikkje gje seg sjølv svar på. Han hadde så vidt han hugsa ikkje ærend dit, utan det var kona han tenkte å sjå etter. Den dagen var det han såg Halkjell Raneson kom smettande og stakk inn i fjøset deira.

Han skjøna det med ein gong at det var ikkje for det gode Halkjell for og smatt i deira hus, han visste nok at Barbro var der og kveldstelte krøtera. Oluf stogga opp, og fekk ei underleg kjensle i blodet. Den første tanken hans var at no storma han fram og dreiv udyret bort. Men så tok tvilen han. Kanskje var der ikkje noko att å berge for han. Det var ikkje så visst at det var første gongen. Og kanskje tok ho Barbro vel i mot ukjura for alt han visste.

Det vart til det at han smaug seg opp i urda ovafor sommarfjøset og der låg han med frostelingar og andre elingar gjennorn kroppen. Han låg der visst urimeleg lenge og. Det var Barbro han først såg tok vegen heim. No kunne han fritt gå fram og gjere opp med rovdyret frå grannestova. Men Olu£ vart liggande og kjenne avmakta inne i seg. Først ei stund etter kom Halkjell og gjekk over til deira sommrfjøs og kveldstellte krøtera der.

Han var enkjemann Halkjell, men han sto ikkje i beit no han hadde fått grannen til å halde kjerring åt seg. Oluf låg og kjende seg sviken og pint av alt og alle. Det vart som kona og vart ny for han. Han hadde lite lagt merke til at han hadde henne. Ho var ein god ting å ha, det visste han. Ho stelte ungane, og gjorde arbeidet sitt. Alt gjekk fredeleg og slik han ynskte å ha det. Og ho hadde det godt, for han var ingen hard eg urimeleg mann, det torde han seie om seg :sjølv.

Han Oluf kom ikkje i hus den natta, og dagen etter tok han vegen ned i Lodin og tala med Sira Amund. På vegen heim den dagen hadde det møtt han ei openberring. Det var Guds allmakt som skulle løyse vanskane for han. Derfor var det og at Toste låg verkbroten. No skulle det røynast om han hadde det tolmodet som kunne vente på at det store underet skulle kome.

Ein dag same sommaren gjekk Halkjell seg ut for ein bergufs i fjellet då han var stad med geitene. Oluf kjende det den gongen som Herrens time var nær. No kunne underet hende. Halkjell kom nokså vel frå uhendet den gongen, og var ikkje verre faren enn at han gjekk heim med eiga hjelp. Men Oluf hadde vissa i seg at den dagen kom då Herren ville bøye den urettferdige til jorda.

I haust då Sira Amund tala med han om at han til sommaren etla seg til Trondheim, var det Oluf fekk ei ny openberring. Ved heilagskrinet skulle sonen hans få helsa si att. Når han hadde sonen sin frisk og helsig skulle oppgjeret med han Halkjell kome som eit uver over dei i den andre stova. Det var Herren som ville syne han underet, og at han sto han nær og ville han vel.

Det var ikkje for ingenting at Oluf Tosteson bar store pinsler, det var for et noko stort og overnaturleg skulle verte synt han. Og hadde han ikkje arbeidt på seg sjølv for å gjere seg verdig til dette? I alle desse åra hadde han tagt til kona si, og ikkje sagt henne eit vondt ord. Det hadde vorte til ein mur av usagde ord, og kven hadde krefter til å bere den muren anna enn den som hadde noko stort i vente.

Han kjende det der han hadde stogga opp i tunet, at enno hadde han krefter til å vente på det som skulle hende. Men han hadde ein frost i hjartet frå den natta då auga hans vart opna. Den frosten fanst det berre ein lækjedom for, og det var å få oppleve den dagen då rettferda knuste Halkjell Raneson.

Regnet dreiv i mot andletet hans der han sto, og han tok med trøyeerma og turka seg over skallen.

"Herre, la ditt under skje," mulla han med seg sjølv. Han vakna liksom opp og såg at han sto i søyla og vart våt. Han såg opp etter lia dit fonna hadde stogga, og gjekk inn.

Til dokumentstart

7. Fåren ringar garen inn.

Roald var heit og harm då han gjekk bort frå nystova og møtet med Oluf. dei hadde teke avgjerd om festarøl endå Brynhild var borte. Hennar vilje spurdest det minst etter. Men når det var slik dei gjorde det, då skulle og han gjere sitt. Til påske skulle han ta over breen på ski til Justedal, og ta til med det nye bygget deira. Han kjende el fysne i seg etter å få syne dei at dei kunne ikkje tvinge Brynhild Olufsdotter bort frå han på denne måten.

Men etter som dagen leid, vart det far sin han mest kom til å legge merke til. Han trødde så uroleg ut og inn. Det var nok så at han kjende seg ottesam. Rett som det var la han i veg ut over snøfonnane til elva.

"Det er ikkje vassdropen i elva i dag," sa han. "Det er nok fonna som har demt oppe på reset. Når det bryt seg laust att, er det ikkje godt å vite kva hus som står att på Breiing lenger." Denne otten til faren sette ei uro i Roald og alle dei andre i huset. Då det leid tram til skyrmingstid, såg han faren var under bua og drog fram vintersleden. Han hadde ikkje sagt det enno, men han skjøna at faren tenkte på å fare bort. Det var godt Brynhild var i Loda, kom Roald i hug, og i dette veret kom ho ikkje att i dag. Så var ho or fåren om noko kom på.

Der såg han faren att, han var i full sving. No var han i lada og dreiv og bar høy i fjøset. Han ville nok at beista ikkje skulle lide naud, om det vart ei stund ut over morgondagen før dei kom att.

Etter at Halkjell hadde vore to gonger til elva, og sett at ho var fri for vatn, kjende han seg viss om at det demde oppe på reset. Og då ville det kome med ein ofse som ikkje ville gå av seg med det gode. Han fekk det ikkje i frå seg meir at dei måtte bort så snart dei kunne.

No måtte dei bruke vit dei som hadde det. Det gjekk ikkje an et folket hans Olul sat att her i fåren om han sjølv gjekk ,og tøva omat det ingen fåre var, og ikkje kom seg til med noko. Halkjell tok over tunet og bort til Oluf-lada, og der var Barbro og vondla høy til krøtera. Ho kvakk med det same han kom, men roa seg snart og vart ståande opp etter høystålet og nappa ut småhøy.

"No er det ikkje trygt lenger på Breiing, og de har vel tenkt å fare bort," sa Halkjell.

"Eg trur ikkje Oluf ha noko tanke på det," svara Barbro. "Ja, men ein kan ikkje setje livet på spel fordi om han går og fablar om Guds allmakt, og ikkje kjem seg til med noko," busa Halkjell på. "I alle høve må du kome og vere med," sa han.

Ho kjende at redsla hadde teke henne og. Det var meiningslaust å gje seg til her i denne fåren.

"Eg kan ikkje reise frå han Toste," sa ho.

"Han tek vi med oss, vi lagar seng til han på sleden," meinte Halkjell.

Ho Barbro skjøna at det gjekk ikkje. Husbonden hennar kunne ikkje setjast utafor på det viset, og det sa ho med Halkjell.

Då kom han og tok kring henne.

"Du må ikkje lenger la han øydelegge livet for deg," sa han. "Han har ikkje rett å halde deg igjen om han sjølv vil setje seg til under fåren."

Orda hans skapte ein illvilje mot Oluf, men ho kjende og ein agg mot seg sjølv fordi ho ikkje hadde vore ei betre kone for han.

"Eg har gjort synd mot han Oluf, så det er best eg vert heime," sa -ho.

"Han har vore for innkrøkt i seg sjølv til å skjøne det, og han fortener ikkje at du gjev deg til i denne fåren for hans skuld."

Barbro kjende seg svimran i armane hans, og ho hadde hug til å kome seg or fåren og vere trygg.

Då ropa Oluf namnet hennar ute i tunet. Ho ville skuve Halkjell frå seg, men det vart berre til ein veik- freistnad. Og Halkjell hadde god tid. Han trygla og bad om sitt, ho måtte fylgje med dei når dei køyrde bort.

Ho lova han det at fekk han ikkje Oluf til å reise bort i kveld så skulle ho verte med han denne gongen til Settin.

Då gjekk HalkjeIl or lada og tok på ny vegen ut til elva. Tanken hans kom som snarast inn på Arne Guttormson som så snarleg hadde fare frå garden. Det skulle ikkje vere han i mot om ho Brynhild hamna oppe på Myklabø. Men kjende han son sin rett, så gav han seg ikkje for første støkken, og vart det noko med han og Brynhild, då fekk Roald fare til Justedal og setje bu der. Det hadde han visst i emning sjølv og. Halkjell hadde enno mykje ugjort på Breiing, og hadde ikkje tenkt å gje slepp på styret der så snart.

Roald hadde ikkje ansa på faren på ei stund og såg han ikkje att korkje i lada eller ute i tunet. Han tok seg ein sving og såg etter han, var og bort i Oluf-tunet. Då høyrde han det tiska og prata inne i lada. Roald gjekk nærmare og høyrde det var faren og Barbro som var der. Dei tala visst om flyttinga i dag.

Roald skunda seg bort og heim til deira eige tun. Det kom alltid så ill ei kjensle over han når han såg far sin stikke bort i Oluf-lada.

Halkjell var enkjemann no på fjerde året. Sigrid, kona hans, døydde av lungesotta på førejulsvinteren for tre år sidan.

Roald hadde harma seg over det at far hans for og smaug etter Oluf-kona. Før var det mor si han hugsa på, og tykte det var mykje leitt. Men no i det siste var det serleg for Brynhild si skuld han harma seg over det.

Han hadde ofte tenkt å tale med henne om det. Men det hadde ikkje vorte nemnt mellom dei enno.

No i det siste hadde han reint vore sjuk av det og gått og gjætt far sin. Han hadde fått ei kjensle av at far hans gjekk og stunda til den Olsok-ferda som Oluf i år skulle gjera med son sin. Ein gong i haust han hadde vore med ned i Lodan hadde han endå kome til å få høyre nokre merkelege ord av faren til skipperen på skuta hans Sira Amund. Halkjell tenkte kanskje på å gjere helle Breiing til eitt bruk. Han var nok villeg å overta kona og garden om denne Oluf-ferda fekk ein dårleg ende.

Etter dette var det han hadde hatt hug å tale med Brynhild. Kanskje gjekk ho i ein liknande otte for mor si.

Lite måtte Oluf ha nytta auga sine, når dette ikkje hadde kome for han. Etter som han gjekk og murtagde, og ingen ting let seg merke med det.

Roald gjekk inn i stallen og stelte hesten, han la og på han selen om så var at det vart køyrt or tunet i kveld.

Då høyrde han Oluf var ute og ropa etter Barbro. Det var godt at han heldt auga med henne, tenkte Roald.

Ei stund etter såg han at Halkjell var på veg ut til elva att. Han hadde uroa i seg, og for berre og trakka i tunet; og no kjende dei andre det og at dei ikkje hadde fred i seg. Knut gjekk og grov veitar i snøen opp med smalefjøset, for der hadde vatnet teke til å renna inn. Men alt i eitt rette han ryggen og såg etter far sin. Til og med Asta, så var ho fleire gonger ut i tunet og såg opp etter lia. Då fonna i Rogniuvet gjek, sprang ho ut med det same og tenkte at no kom det over dei.

Etter kvart hadde uroa vorte så stor at det ville vere hardt å gje seg til natta over. Det er så rart når det er mørkt og ein ingen ting ser ikring seg.

Halkjell vart vissare for kvar gong han var ute med elva at noko ville hende.

Ein hest med mann og slede kom opp over isen. Det gjekk seint, for det var fælt blautt, og somme stader låg isen under vatn så det gjekk over meiene. Det var som sleden låg på søm etter hesten.

Hallkjell gjekk ned til vatnet og sto på reinekanten.

"Dette er eit sørgjeleg føre å vere ute i," skreik han som kom køyrande. Det var Mikjel ifrå Hugrenni.

"Det er eit skadever som det kjem til å spørjast etter," sa Halkjell.

"Ja i natt gjekk ei stor fonn på Skarpsteinar i Alda," sa Mikjel. "Det braut taket av eit fjøs, og der strauk bølingen med. Det braut og inn veggen til stova åt ein husmann. Mannen og kona kom frå det, men dei hadde tre små bom, og dei strauk med alle. Det kan vere tidsnok her og slike netter. Men eg får vel kome meg i veg med det er køyrande på isen."

Då såg Halkjell et det var eit menneske til på sleden. Elt kvinnfolk reiste seg og steig av, ho hadde ski med og tok til å gå mot land. Det var Brynhild Olufsdotter så vidt han kunne sjå. Ikkje visste han at ho var nedafor, og ikkje skjøna han kva Arne Guttormson hadde vore ute og fare etter når ikkje ho var heime.

Roald råka henne då ho kom i tunet.

"Far vil fare bort i kveld," sa han. "Du må sjå å få far din til å gjere det same, for det er ikkje trygt å vere her ei slik natt."

"Gudskjelov at alt står her som då eg for," sia ho. "Eg høyrde kor fonnene gjekk her oppe i dag, og er fekk slik otte i meg at eg visste ikkje å halde det ut. Moster mi ville at eg skulle vere til i morgon. Men då han Mikjel kom og hadde hest med, greidde eg ikkje å vere nede i Loda natta over, og ikkje få vite korleis de hadde det her."

"Det er ikkje ein drope vatn i elva, så det driv nok og demmer oppe på reset," sa Roald. "Når vatnet kjem, er det nok tryggast vi ikkje er her."

Ho sto el stund og såg oppover.

"Har du tala med far," sa ho.

"Ja, han har eg tala med. Festarølet med Ame Guttormson har dei tidfest til Fingergullsmesse, som du tenkte. Men då er ikkje vi her, Brynhild." sa han.

"Er Arne Guttornison her enno," spurde ho.

"Nei, han var alt faren då eg kom attende i dag," sa han.

Det var ikkje godt å verte ståande ute i dette veret. Brynhild skunda seg bort til deira eige tun og inn.

Berre bror hennar var inne, då ho kom inn i stova. Han låg og halvdøste i kvila si. Han kvakk opp då nokon gjekk om døra og såg fram, og då han såg det var Brynhild, lyste det i auga hans.

"Har du med helsing frå Sira Amund?" spurde han.

Ho gjekk fram til kvila hans og sette seg ned og tok til å fortelje om ferda som dei i sommar skulle gjere. Og om korleis han då skulle få att helsa si.

"Eg sa det til Sira Amund at eg trudde at til langfredag var du ferdig med Kristusbiletet, så det den dagen kunne få sin plass i kyrkja i Loda.

"Vart eg berre fri verken i foten, så skulle det snart verte ferdig," sa han eg smilte. "Eg har sett i fleire netter kor det har lystav det."

"Har du og sett det," sa ho. Og det var som ein ill otte fekk tak i bringa att.

Oluf var i stallen og stelte hesten, og gjekk så til fjøset for å sjå til fireåringsuksen som han høyrde baula.

I fjøset råka han kona.

"Skulle ikkje vi og tenkje på å ta bort i kveld?" spurde ho. "Del i Hallkjellstova skal visst fare til Settin."

Då snudde han seg mot henne. Andletet hans kunne ho ikkje sjå, men det var visst noko fælt som rasa i hugen hans.

"Reis med han. Reis med han." skreik han. "Reis så langt du berre vil til du har fått ulysta deg med han."

Aldri i sitt liv hadde ho sett Oluf slik. Han snudde seg beint ikring og gjekk. Det var visst sist på at han styrde seg. Barbro fekk så ilt -at ho måtte setje seg beint ned der ho var. Her hadde bo levt med Oluf i over tjue år, og endå visste ho ikkje stort om det som budde i han. Tårene kom på henne. Kanskje var det i -anger, og kanskje i harm. Det er så rart når ein ser avgrunnar der ein venta slette og attstengde vollar.

Oluf gjekk ut av fjøset og attende til stallen. Der vart han ståande i mørkret med eit slakt drag i andletet.

Så mykje hadde han ikkje sagt til kona si i alle desse åra, og ikkje hadde han tenkt at slike ord skulle kome ut av munnen hans.

Det hadde lege ei pine over han i mange år no. Han hadde gått og vorte tærd opp av det, og aldri sagt elt ord.

Den kvelden han såg Halkjell for til sommarfjøset, skulle han gått inn og trampa han under seg, og gjeve han den straffa han fortente. Då hadde han vore fri dei lange pinefulle åra han no hadde stridd seg igjennom. Men tida kunne vel ikkje vorte som før. Den kvelden i ura sette frost som aldri ville tine meir i bringa hans.

Og som i kveld, sto han ikkje der i tunet og ropa namnet hennar, endå han visste ho hadde Halkjell med seg i lada. Han skulle ha teke og knakt han ned til han bad tynt om livet for seg.

Aldri ville han verte fri frosten i bringa før han fekk banke han or seg på denne mannen. Men det vart vel aldri, for den som leit på Guds allmakt og styring gjorde ikkje slikt. Ein gong nådde vel Guds hand han. Til den dagen fekk han vente med tolmod. Han var mest lei seg no fordi han hadde opna seg for kona si, slik som han aldri før hadde gjort det.

Han høyrde målet til Halkjell borte i hans tun. Han heldt visst på å styre til for å fare. Og no hadde det alt vorte så dimt at husa tedde seg som skuggar der borte.

Men Herren var enno Herren, det måtte vi ikkje gløyme. Han var i skya, og han var i elden. Han var og i stormen og i regnet og snøveret. Han styrde alt etter sin vilje.

Oluf hadde liksom tapt tiltaket til å gå ut. Han sto enno i stallen i mørkret.

Då høyrde han målet til Barbro og Brynhild i tunet. Så var ho då koma frå Loda. Han høyrde ho spurde etter far sin, men han høyrde ikkje kva ho Barbro svara.

Då han kom or stallen, såg han hesten var sett for sleden i Halkjelltunet.

Halkjell dreiv og skreik på Asta at ho måtte skunda seg. Det var ikkje så greitt å køyre vatnet i mørkret i kveld.

Der kom han hit mot Olufstunet på nytt og stemde mnot lada.

Han råka ho Barbro på låven, ho kom med elt fang halm i forkledet. "No står vi og ventar," sa han.

"De kan berre fare," sa ho og var heller kort.

"Skal han Oluf og fare bort i kveld då?" spurrde Halkjell og var undren.

"Han gjer det han tykkjer er rettast," svara Barbro. "Nei, no må du ta til vitet og kome og bli med." Han kom bort til og ville ta etter henne.

Då tok ho ein halmdott og slo han kring øyra.

"Far du med ditt folk," sa ho og steig fram om han og ut.

Halkjell banna med seg sjølv og gjekk attende til hesten og sleden. Asta var komen, og han tok taumane og køyrde.

Oluf sto i tunet og lydde etter dei var borte. Det hadde vorte så stillt med eitt, tykte han. Det regnde heller ikkje så stridt lenger. Han tok og gjekk ut til elva og ville sjå etter kor det sto til der. Det var stillt i eivef-aret, så det var nok ikkje noka stor elv. Men det var mørkt så han såg ikkje om der rann noko eller el. Og der glei han på ein av dei glatte steinane og for ned i ein vasskulp, og vart våt heilt til kneet. Her var nok sakte vatn, det var ikkje så visst om det var meir å ta av på denne årstida.

Han gjekk attende. Det sutla i den eine hudskoen hans av væte. No kjende han kor stilla låg og var heilt inn på han nett som ho var å ta på.

Var det ikkje som garden låg her gløymt og utdøydd no etter at Halkjellsfolket hadde fare? Og lufta så lydberr. Alt her var, venta på noko som ville hende.

Sjølv gjekk han og her og venta på noko. Hadde gjort det i mange år. Det hadde vore livet for han i den siste tida. Og det han venta på var at Guds rettferdshand skulle nå den urettferdige.

Den dagen ville atter isen smelte or bringa hans.

Til dokumentstart

8. Vak og bed i denne natt

"Dei har fare no, Halkjellfolket, til Settin," sa Brynhild til mor si. "Skulle ikkje vi og tenkje på å fare bort i kveld?" la ho til.

"Ikkje vil eg tale til far din om det," sa Barbro. ",Du veit vi er ikkje i større fare vi enn han. Og når han tykkjer at han ikkje treng fare så får det vere."

"Eg vil no tale med han," sa Brynihild.

Dei gjekk til lada og fann seg ny halm og breidde over golvet i stova. Fer det var trettandeafta og helgakveld.

I stova var reint og fjelga, og på åren brann store bjørkekubbar så det lyste ut i rommet. Toste hadde reist seg opp og sat i kvila si. Han hadde nattkvila, si nærast åreelden. Og han sat no med kniven og prikka og skar i krusifikset.

Oluf kom inn og sette seg på langbenken.

",No er Halkjellstolket fare til Settin," sa Brynhild.

"Ja, eg har høyrt om det," sa han. Det var noko hardt og attstengt over målet hans.

"Skulle ikkje vi og tenkje på å fare bort i kveld?"

"Vi rømer aldri bort frå Gud den allmektige. Vil han oss noko, når han oss kvar vi er." "Men om det no var hans vilje at vi skulle fare bort i kveld," prøvde Brynhild igjen.

"Dette skjøner du ikkje, gjente." Det korn som eit lite rop frå han på langbenken. Og så mykje skjøna Brynhild Olufsdotter at dette var ting det ikkje skulle talast om no. Og ho gjekk til fjøset for å mjølke, og sa ikkje meir.

Oluf sat og halla seg mot langbordet og stødde hovedet i hendene. Han sat som om svevnen hadde kome på han. Men det var nok ikkje svevnen, det var tankane som kom og som heldt han for seg sjølv, attlaten og stengd. Best det var reiste han seg.

Det var sant det var helgakveld. Han såg det på golvet, på den nye halmen som var innboren til å gå på. Han laut tykkje godt om kvinnene. Dei gløymde ikkje det dei hadde å gjere, anten dei hadde tankane sine her eller der.

Sat han ikkje sjølv og gløymde seg av og ikkje leita fram lysa og tende. Dei som skulle brenne ein slik helgakveld.

Han gjekk og leita opp ein trearma lysestake og sette store, støypte lys i han. Staken sette han midt inn på bordet, tok ei spik og bar varme frå åren og kveikte med.

No var det lyst og vent i stova. Røyken frå åren låg i ei blå dimme under taket. Og skuggane kom meir bort, dei flagra over veggene og bort i krærne som tussar og vette etter som varmen på åren steig eller dovna av.

"Slikt lys skulle det alltid vore når eg bruka kniven og skar," sa Toste. "Andletet hans lever mot meg no."

Den forpinte, bleike guten smilte mot arbeidet sitt. Han hadde gløymt av både fonna og fåren. Han levde berre med i sitt eige verk. Alt det han hadde levt seg igjennom av såre dagar, no løyste det seg opp og ut av hugen hans.

Sidan han tok til med dette arbeidet, hadde han kome til å skjøne noko av det denne mannen som munken og Sira Amund kalla Jesus Kristus hadde gjort. Han kjende det så vel på seg, og såg det framfor seg no korleis dette andletet var som tok på seg pina åt andre og bar henne.

Det var eit andlet som var annleis enn noko levande menneskeandlet han hadde sett. Toste hadde skjøna det ofte at far og mor hadde ilt av han som låg her i senga og hadde det vondt, dei var glade i han og ynskte pina kunne verte mindre for han. Men ikkje kunne dei ta henne bort, og ikkje ville dei det heller om dei sjølve skulle bere pina i staden.

Men no kjende han andletet til han som ville gjere det. Han hadde sett det skine i mørkret mang ei natt. Og no i to netter hadde han sett kor det lyste i krusifikset. Når han sat og såg på det, tykte han at det var ikkje retteleg same andletet, som det han såg inne i seg. Og til meir han såg på trestykket sitt, til meir tykte han at han såg kor denne mannen låg gøymt inne i det. Det var berre å løyse skalet varleg av, så sto det der klårt og bert slik han såg det i tanken sin. Kring auga var det enno noko som ikkje var som den mannen måtte vere, han som var ein mann, og endå kunne gjere det som ingen annan kunne.

Når ha kom att frå Nidaros i sommar, då ville han skjere ut eit bilete av heilagkongen og. I det siste hadde han sett nokre av andletsdraga hans og inne i seg. Han såg han for seg i Olavsskrinet på altaret, han låg der med folda hender, neglene voks og voks, og skjegget voks og voks og breidde seg ned over bringa. Han såg han berre liksom gjennom loket. Men når han no fekk kome dit opp og fekk røyve ved dette merkelege skrinet, ville nok heilagkongen verte levande for han.

Det var stillt i stova, ingen ting uroa draumane hans.

No korn Brynhild inn. Ho tykte det var så høgtidssamt med dei tre store lysa midt på bordet. Ho hadde høyrt det av far sin at det var ikkje lenge sidan dette var den verkelege julekvelden. Kanskje var det då dei hadde Asatrua. Då munken Tore Heineson låg her, sa han at det var enno mange som heldt seg til den trua. Men ikkje gjorde far hennar det, så det var ikkje av den grunn han heldt høgtid i kveld.

Far hennar hadde tala mykje med Sira Amund og munken Tore Heineson, så han visste meir om denne kristne trua enn dei fleste her.

Det var dei tre kongane dei skulle minnast denne kvelden, det visste ho og. Når faren sat inne om kveldane fortalde han slikt som han hadde høyrt Sira Amund eller andre fortelje.

I kveld sat han og tagde. Det var noko kaldt og attstengt over andletet hans. Han var slik somme tider at han ikkje var å tale med.

Av og til høyrde dei det kvein i novene av vinden som hadde vorte sterkare, og somme tider dura det av små fonner. Då spratt Brynhild og mor hennar opp og sto og lydde til duren stilna av. Men faren lyfte ikkje hovedet frå hendene på bordet. Det var som han låg i god svevn. Men det var tankane som held tak på han. Det var helst det han hadde sagt til kona han tenkte på. Det gjorde ilt å tale. Det var noko som aldri skulle vore sagt.

Oluf kunne mange bøner. Og no byrja han lese av bønene han kunne. Han bad folket setje seg bort til bordet medan han las bønene. Så song han Olavsongen. Oluf kunne mange songar, men denne tykte han minte mest om den dagen han venta på. Han song åleine. Han hadde elt sterkt, noko broste songmål.

"I Brokksvalin der skal domen stande."

Etter songen reiste Oluf seg og gjekk ut. Medan han var ute, losna ei fonn i Hillesetbreen. Dei kvakk begge kvinnene som inne var og fekk ein ill otte i seg, auga deira søkte kvarandre.

Smått om senn stilna bråket av, og dei to roa seg. Men det var som uroa låg i stilla og. Dei tykte begge at i stilla og mørkret låg det dette som kunne kome og falle over del. Dei sat og lydde, og tykte at kvelden hadde mange mål å tale til dei med.

"No såg eg stjerner ute," sa Oluf då han kom inn. "Kanskje gjev det seg med veret no og kolnar i."

Han gav seg til å spørje etter nytt frå Sira Amund, og Brynhild bar fram helsinga, og sa det ho visste nedafrå.

Toste vakna opp frå arbeidet og draumen no då ferda til Nidaros vart nemnt. Faren sette seg bort til han. Og no vart det atter fortalt det ein kunne oppleve på slik ei ferd. Ut ved Ulvesundet nådde dei sjølve det store havet. Utafor det var berre ope hav, og over det skulle dei sigle på denne ferda si til Olavsskrinet. Elles visste ikkje faren så mykje meir å seie. Han hadde berre det han hadde høyrt å halde seg til, for sjølv hadde han aldri vore så langt at han hadde sett havet.

Barbro heldt seg borte ved åren og stelte med kveldsmaten. Det var kokt kjøt i kveld som på dei store høgtidene. Eimen steig god og mettande ut i rommet.

Brynhild var ikkje inne då det vart sett på bordet. Ho hadde gått ut utan at nokon av dei andre hadde merka det.

Oluf gjekk ut og såg på veret. Over Ravnefjell var no stjerner og mørk himmel. Men skyene var i jag. Det opna seg og stengde med grå himmel, og innimellom stjerner og mørk himmel.

Det hadde halde opp å regne. Men mildt i veret var det, så det draup av takufsa.

Oluf gjekk bort til uthusa. Der var det stillt, alt levande hadde gått til ro for natta.

Han ropa namnet hennar Brynhild. Men ingen svara. Han ropa ikkje eingong så høgt at dvergmålet gav svar. Det var så uhyggeleg å gå her i mørkret og rope på nokon.

Han snudde og gjekk inn i stova att.

"Ho var ikkje å sjå ved uthusa," sa han.

Barbro såg som snatast bort på mannen.

"Kanskje har ho søkt bort i kveld, sidan vi andre ikkje ville fare," sa ho.

"Ja, ho har kanskje det."

Olut tok og hjelpte Toste or senga og fram til bordet, og dei sette seg og åt.

Toste tala- atter om Olsokferda medan dei åt. Oluf og Barbro sat i andre tankar og prata ikkje.

Oluf hadde fått ei sterk uro, mest som ein skjelv i seg. Det var ei farleg natt å vere ute i. Kanskje var Brynhild teka av dei usynlege i berget, og ikkje kom att meir. Slikt hadde hendt før og.

På Mvklabø var det ei gjente for ikkje meir enn ein mannsalder sidan, som var av og såg etter ei ku som hadde kome bort for gjætaren om dagen. Det var Barsoknatta i skyminga då ho gjekk. Ho kom aldri meir att. Men same kvelden då far hennar sto ute i tunet og lydde etter henne, ropa det frå bergharmaren ovafor stova:

"Hø. Hø. Store Sjur Myklabø. Rei ut heimafølgje til dotra di."

Sjur Myklabø fekk Sira Koll til å lesa over alt -han åtte, og han høyrde ikkje meir frå berget om heimafølgja, men dotter hans kom aldri attende meir.

Oluf gjekk ut i tunet att. Men kvelden var meir enn vanleg still, og attlaten, og ville han ingen ting. Fjellet sto der, det var kledt i kvitt. Det hadde gøymt seg og tagde.

Elva song heller ikkje og gav lyd i stilla. Ho var borte ho og i kveld.

Denne stilla la seg inn på han og gjorde han redd. Hadde det ikkje vore så langlide, skulle han ha fare or garden. No gjekk han inn. Han tok Toste og hjelpte han til kvila att.

Det for ilt i han då han såg kor foten hadde krokna under han. Eit villmenne som Halkjell, han fekk ha friske gutar. Kva hadde han gjort for å tekkjast Gud? Ein heidning i all si ferd hadde han vore alle sine -dagar. Oluf kjende at han gav gjerne fireåringsstuten og meir til for å få ein frisk son som kunne møte Halkjell og sønene hans.

Barbro var ut i døra, fleire gonger. Då slo mørkret i mot henne og ho gjekk ikkje lenger. Ho gjekk attende til stova og vart der.

På langbordet sto lysa og brann, for at helga og høgtida skulle vere i stova. Men folka hadde gått frå kvarandre og stengt seg att, og lysa var åleine om å halde helg i huset.

Toste låg i kvila og ynka og bar seg. Den vonde foten hadde teke til å verke att. Han snudde seg imot veggen og breidde fellen over hovudet. Det var best når han fekk sove. Då kjende han ikkje så mykje til verken.

Barbro hadde teke fram skinnfellen og sat ved åren og vølte han. Aldri hadde Oluf tala til henne som i kveld, på -alle dei åra dei hadde vore saman.

Ho var mest berre barnet då ho flytte hit frå Aflein. Og ikkje hadde ho sett Oluf mange gonger før ho kom til Breiing og skulle vere kona hans. Det var far hennar som hadde skipa det til. Av det ho hadde sett av Oluf trudde ho det kunne verte ein god husbond. Han var stø og roleg, og helst noko byrg i reisinga då han var ung, om han ikkje var så høgvaksen nett. Og sant var det, ein god husbond hadde han, vore, og ikkje bore harde ord mot henne.

Likevel hadde det ikkje gått annleis enn at ho hadde trøytna i arbeidet her. Hardast hadde det vore desse siste åra, når ho ofte laut vake med sonen Toste når han verkte på det meste.

Ho var sår i hovedet og trøytt og slita, men kunne ikkje gje seg over. Det var nytt arbeid dagleg, om enn mykje det same dag etter dag.

Ho hugsa og den dagen ho sto i tunet og såg Halkjell kom or marka då han hadde teke bjørnen. Sundriven og blodet var han i andletet, og bjørnehuda som han bar på herda, låg og slang kring han. Det var så rått og ufyse å sjå, men endå laut bo sjå på han i age for skuld styrken hans. Han kom bort til henne, og då vart ho mest redd, så blodet han var.

"Her er fell å kvile under," sa han og breidde han ut og ville ha kring henne. Då sprang ho unna.

Den redsla kjende ho og noko av då han kom til henne i marka. Mest redd var ho seg sjølv av di ho var vorta. så lite glad i det som hende heime. Når ho tenkte seg om hadde ho visst vore urettvis mot Oluf mang ein gong.

Han gjekk der som ein sau, det var ikkje kraft korkje i ord eller åtferd med han. Han var berre snill, og hadde ikkje eit vondt ord, så det terga henne og støytte henne ovinneleg langt bort frå han. Han korkje såg eller skjøna nokon ting, så lite var ho for han.

Og så kom han her i kveld på ein ny måte og opna seg. Ho tykte det var noko som braut seg fram frå det djupaste i han og ropa etter henne. Ho vart veik, kjende ho, og tårene kom på henne.

Ho tok til å lengte etter den Oluf som ho hadde reist heimafrå Aflein for å få. Ho hugsa mange ting frå den første sommaren. Då var det at livet hadde bruk for henne, tykte ho ofte sidan.

I kveld sat Oluf og ikkje tok seg til med noko, han hadde visst tankar han og som berre var for han, kom ho i hug.

Ho reiste seg og gjekk (bort og la handa på hovudet hans. <,Det lid langt på kveld alt," sa ho. "Vi får vel tenkje på å roe oss."

Då kom auga hans til henne som dei var utan vit og tanke.

Det var som han laut kalle tankane heim langveges frå.

Han tok hardt ikring henne og klemde henne ned til seg, og sette haka inn mot halsen hennar så ho heldt på å kjøvast. Andletet hans skar seg i grin, som om han stengde for gråten. Sølgja i bringa hennar losna og datt på golvet, og handa hans nådde inn på nakne brystet hennar.

Han sa ikkje noko, og ho tykte ho måtte berre kviskre. Det var som om ei ny ungdomstid kom til henne.

Dei reiste seg og fann nattkvila og la seg. dei venta ikkje svevnen skulle kome til dei, for denne natta var ikkje slik.

Lyset sto att på bordet og brann, det skulle brenne helgenatta til endes. Varmen på åren seig saman og låg berre og glødde.

"Det kan då vel ikkje vere dei usynlege som har teke Brynhild?" sa Oluf om ei stund. Anden hans kom varm inn på andletet til kona hans.

"Vi får tru ho finn heim att når dagen kjem og ikkje er annleis fara," sa Barbro.

Toste hadde visst dorma og sove. Han snudde seg om og såg fram i rommet. På åren låg glørne og ulma under oska. Og i andre kvila høyrde han at det levde under fellen, dei vakte nok der og. Sjølv hadde han ein otte i seg av draumen han hadde vore inne i.

"Om fonna kjem må de ikkje springe frå meg," sa han.

"Nei, berre prøv å sove no når verken ikkje er striare," sa mora til han.

Til dokumentstart

9. Denne natta var deira.

Roald vart uroleg då han såg Brynhild kom att nedfrå Loda. Han hadde rekna med at ho vart der netta over, og hadde gjort seg reide til å fare med far sin til Settin.

No kunne han ikkje fare før han hadde tala med Brynhild og fått henne til å vere med. Då dei andre for, hadde han sagt at dei kunne berre reise, han kom etter på ski.

Han gjekk og dreiv i tunet og såg etter eit høve til å tale med henne. Då ho gjekk i fjøset for å mjølke fylgde han dit.

Bortafor fjorden på Sæternes hadde dei gilde utslåttar, dei hadde og krøtera der ei stund om sommaren. Han fekk no avtale med Brynhild at dei skulle f ara bort der på ski og vere i lada til det vart dag. Der var mykje høy, så dei kom ikkje til å fryse. Dette sa Brynhild seg samd i til slutt.

Roald var våt i kleda av å ha gått og trakka ute i tunet regnveret helle dagen. Han gjekk no inn og bytte på seg turre klede. Glohaugen på åren var godt dekt så han ikkje skulle gå ut til morgondagen. Roald gjekk ut i tunet og sto og venta på Brynhild. Det hadde slutta å regne no.

Ho kom, og dei fann skiene sine. Roald gjekk føre. Han kjende at dette var ein underleg kveld. Alt var så stillt og avdøytt. Heller ikkje ulvehyla uroa i kveld.

Isen var sørpet og blaut, men når dei gjekk på ski vart dei ikkje våte på føtene.

Bortafor vatnet låg bøane på Sæternes i bratt skråning opp mot lia. Her var trygt og godt, for her hadde ikkje gått fonn det nokon kunne minnast.

Inne under skogbrynet hadde dei kvar si utlade med høy. Begge sto fulle, for dei hadde ikkje teke til å få det over isen og heim enno.

Oppe i ramen var eit op i Halkjellslada, dit opp måtte dei klive for å kome inn i høyet. Han hjelpte først henne opp.

"Her er så inørkt inne, og her kan snart vere udyr, eg torer ikkje gå inn først," sa ho. Ho sat og heldt seg fast på øvste stakken i råmen.

Så kleiv han og opp. Han kjende for seg med foten og slepte seg ned i høyet. Han rette seg opp og tok mot denne. Ho kom rett i fanget på han, han slo ermane om henne og fall att og ned i det mjuke høyet med henne i fanget. "Det skal ikkje røyne på oss i natt, når vi grev oss ned i ,høyet her," sa han.

Ho kyste han.

"No skal du få takk fordi du berga meg frå ulvane i dag tidleg," sa ho.

Ho la hovedet inn mot bringa hans, og tykte det var så trygt å kvile her.

Del låg og lydde, for her på denne sida vatnet hadde kvelden atter fått mange læte. Dropane trå takufsa klaska ned i sjøen utafor. Det let som ei ujamn tassing på lette føter kring lada. Somme tider nådde vinden til og tok tak. Då sjoa og svaga det i trea utafor. Mykje vart med ein gong levande ute i mørkret.

Brynhild letta på seg fleire gonger og spurde om det var nøkon som gjekk utafor.

Men det var støtt det same. Berre drypp frå taket, og vinden som tok i trea. Så uroa det henne ikkje meir, for det var trygt å vere der Roald var.

Denne natta hadde dei for seg sjølve. Det var hans og hennar natt. Slik skulle dei to vere nær kvarandre og høyre saman alltid.

Dei grov seg endå betre ned i høyet, for det er merkeleg når det er natta og ein ikkje rører på seg, då blir det lett kjøleg.

Han låg og tenkte på kor heimen deira skulle verte fin og uneleg i Justedal. Der skulle ingen nå dei, få øydelegge for dei. Sola kom og så tidleg på den plassen han hadde sett seg ut. Det var rart ingen hadde kome før han og bygt der att, så lenge som det no var sidan Stordauden kom og reiv bort folka.

Brynhild låg og kvilde seg mot bringa hans og var still og tagal. Ho var vel trøytt av dagen. Natta før hadde ho vel heller ikkje sove, då ho hadde lege å økta på å kome i veg til ottesong i Lokyrkja.

"Søv du, Brynhild," kviskra han mot henne.

"Nei eg søv ikkje," sa ho. Og var det ikkj som ei venting i orda hennar, at han ville henne noko?

Han la -andletet sitt inn mot henne. Ho var so mjuk i huda og varm, og han kyste henne på munnen, andletet, halsen og alle stader der han kom inn til huda hennar. Ho låg still og let han gjere det.

Han klemde henne inn til seg, så han kjende ein veik skjelv. i kroppen hennar. Ho høyrde berre han til.

Det losna el fonn ein stad. Duren gløypte stilla og fylte lufta og mørkret. Regnet kom att og piska mot ladeveggen.

"Roald". Brynhild låg og kviskra namnet hans. "Ligg han fint i solhallet den nye heimen vår?" spurde ho.

"Ja, dit kjem sola først i heile Justeclel," kviskra han inn mot henne.

Brynhild måtte tale til han for å høyre "målet hans. Alt ved han var hennar, og ho måtte få eige det. Fonn og fare vart så uverkeleg og langt borte.

Draumen kom til henne. Ho låg inn til bringa hans, og det var så tidlaust og sælt å ligge slik.

Natta for gjennom dalen. Ho gav seg gode stunder denne årsens tid. Men heller ikkje no var ho uendeleg.

Roald låg og kjende på at han heldt på å dovne bort i den eine armen. Men no høyrde han på det jamne åndedraget hennar at ho sov, og han ville ikkje uroe henne.

Han låg og lydde etter veret utafor. Det gjekk ei ny fonn som han høyrde dunen av. Tru det var fonna på Breiing som hadde gått no? Det var heller ikkje visst fåren var så stor som faren trudde. Folk hadde levt her i utminnelege tider, og fonna hadde gått ofte og gjort skade på bøen, men aldri hadde husa vore i fåre, det han hadde høyrt nokon nemne.

Etter kvart seig Roald og inn i ein døs. Han snudde seg så han fekk armen fri, og la den andre armen om henne. Ho sov traust og roleg. Han låg og dorma og kvildest, men han var ikkje meir borte enn at han heile tida råmde med seg.

Han hugsa då han var liten. Då tykte han Gudsenglane måtte vere slik som Brynhild Olufsdotter. Og frå det julelaget då foreldra deira tala om kor godt desse to borna høvde i lag, hadde det alltid vore avgjort i hugen hans at dei skulle høyre saman.

Då han vart større og kjende elskhugsvarmen i blodet, skipla det ikkje barnedraumane.

Men då han skjøna at Brynhild var etla åt ein annan, vart harmen ofseleg i han. Og dei ferdene han hadde gjort i sommar til Justedal var ikkje berre å leite opp den nye heimen åt seg og henne, men det var og det at han ville sjå seg ut ein stad å gøyme seg om noko kom på.

No visste han at det var ein heim åt dei det skulle verte. Når far hennar drog på ferd i sommar, då fekk dei frie hender å fare av stad, innan han kom att. Og når festarøl ikkje var drukke, hadde Arne Guttormson ingen rett til å legge seg ut om dette. Morgonen var på veg til dalen. Det låg ein lysning av ny dag over Tjønndalsfjella. Men natta hadde god tid, og drog seint i veg.

Brynhild vakna opp og kjende at ho fraus litt.

"Er det snart morgonen?" spurde ho.

"Ja, det tek alt til å verte annan let i lufta," sa han. Han kjende at han tok til å kulse noko. Del vart liggande tagale ei stund. Dei grov seg så godt dei kunne ned i høyet og nær inn til kvarandre for å få varme.

"Tru det har hendt noko borte på Breiing i natt?" spurde Brynhild.

"Det gjekk el fonn ein stad, men eg kan ikkje tru det er nokon fåre for husa," sa Roald. "Dei har no alltid stått trygt," la han til.

Brynhild hadde fått otte i seg for foreldra og ville heim. Ikkje visste dei kvar ho var heller, så dei vart nok ottefulle for henne.

Det hadde alt vorte grå dimme av morgon, dei smaug ut av høylada og fekk skiene på og tok heim etter.

Det var ikkje dimmare enn at då dei kom midtfjords såg dei Breiing med hus og bøar låg der i demringa, og kvilde, som då dei gjekk frå det.

No når dagen var nær, kjende dei seg rnodigare og meir trygge. Roald bar ein lang stav og ei øks med seg i dag og, om noko skulle kome på. Men denne morgonen var det ikkje villdyr å sjå.

"Eg får vel gå ned til Settin og få folket mitt med meg heim," sa Roald. "Dei har vel vore i undring over meg som ikkje kom."

Han gjekk saman med henne til dei nådde nær under land. Og no var det dagen som rådde mest kring del. Hadde dei stått opp oppe i garden, så såg dei no at det var to som kom. Men Oluftunet låg noko attafor, så dei såg ikkje lett til vatnet.

Han tok i handa hennar, det var ei mjuk og god hand. "Eg får skunde meg og sjå om eg når å hjelpe mor i fjøset," sa ho.

Han såg på henne, og det gjekk ei fysne gjennom han. Slik var det ho var, gjenta hans. Snart skulle dei eiga ein heim dei to.

Så gjekk dei til kvar sin kant. Han la i veg ned over til Nordanvik, og ho gjekk i land og skunda seg opp i garden.

Roald kjende at livet vart rikare når ein hadde noko å stri for. Og løyndomen om den nye heimen han skulle bygge åt dei, knytte dei saman. Og etter ei natt som denne visste han det at ho som han ynskte at dei skulle eige framtida i lag.

Då høyrde han eit brak attafor seg, og såg seg attende. Fonna hadde losna i fjellet over Breiing mest øvst frå Tinden. Ho sopa etter heile fjellsida, og gjorde alt svart etter- seg.

Til dokumentstart

10. Han lyt mangt nytte som makt vil ha.

Det var juledag nede på Settin då Hallkjellsfolket kom ned om kvelden. Øllbollen hadde alt gått så tidt ikring at dei var ,høgmælte dei som kom ut i tunet då Breiingsfolket køyrde til gards.

Men Halkjell var mykje annsam og -hadde ikkje tid til å gje seg i drøselag då han kom. Han fekk hesten fråspent og innsett, og breidde ein fell over han, for han måtte stå ute i fjøsgangen.

Han var som snarast inn og helsa på folket, og drakk drygt av ølbollen; så fekk han tak i ski og det barst opp kleivene med han. Han vart borte i mørkret før dei fekk sukk for seg dei som sto i tunet.

Oppe på Holtane mellom Kvitefjellet og Jæthatnmaren låg det ei lita stovehytte. Der budde ei gamal heks av eit kvinnfolk, som sjeldan var å sjå i bygda, og som helst ingen ynskte å få til husar. Alle visste, at i runer og trollkunster kunne ho meir enn andre. Og ho kunne gjere åt både på folk og krøter.

Men sto det om livet med folk, anten det var av sår eller sjukdom, søkte dei henne. Det var fleire av dei i bygda som rekna med at ho hadde berga dei attende til livet.

Og var det ei kvinne som låg i verk og ve og ikkje vart løyst frå barnet sitt og fekk føde, gjekk det bod etter henne Gyri under Jæthamrane. Det kjendest nesten trygt når ho var koma i stova, det ville nok rette seg alt.

Når så Gyri hadde handfare henne og kjent kor tilsto. og ho som fødde skulle, hadde sagt namnet på barnefaren om ho var ugift eller barnet kom heller fort etter bryllaupet, gjekk alt som oftast både snøgt og vel. Og Gyri hadde ei drusteleg bør med seg når ho då for på heimvegen.

Ei gjente var det ein gong som nekta å seie barnefaren då ho Gyri kom og skulle hjelpe henne med fødselen. Ho låg i hard ve og verk, og skreik så det høyrdest bort i andre garden. Gyri ville ikkje gje hjelp før gjenta hadde sagt kven faren var, men ho skreik og tala i villska og ville ingen ting seie. Det vart sendt bod etter Sira Amund for at ho kunne skrifte til han.

Då var det sist på med henne, og ho døydde i ei kramperid. Ho hadde ikkje sagt kven faren var, og barnet vart ikkje løyst frå henne, men fylgde henne i grava. Sira Amund tok henne likevel til nåde, og gav henne den siste olje og velsigning med seg inn i døden.

Seinare vart det sagt at det var munken Tore Heineson som visstnok var barnefaren.

Etter dette sto det endå meir age av Gyri under Jæthamrane. Det ho ikkje løyste, vart ikkje løyst. Ho sto i samband med ukjende makter. Kanskje var det helst dei vonde, men dei var like fårlege å kome ut for for det. Ingen visste den dagen dei trong om henne, og nåde då den som hadde terga vondska hennar på seg.

Oppe i eit avhol, og bakvendt langt avleies budde ho. Men vegen fann dei som hadde bruk for henne. Og gåvesendingane var visst så store at ho leid ikkje naud oppe i den vesle stovehytta si. Det var ikkje stor og rar stove, der ho levde med dei to ungane sine. To gjentungar hadde ho, kvar ho no elles hadde fått dei frå. Mange meinte ho hadde meir samband med det usynlege enn anna folk. Og dei sa det dei som hadde sett ungane i blåbærskogen om somrane, at best som ein såg dei,, var dei reint borte som sokne i jorda.

Hit til dette avholet var Halkjell no på veg. Først bar det opp kleivane, og sidan fram etter myr og mo mellom bjørk og vidjekjerr. Det var ingen vanleg veg til ho Gyri under Jæt(hamrane.

Halkjell vart både sveitt og øren, for mørkt var det, og han rende seg opp etter busker og kjerr rett som det var.

Men fram etter bar det, og snart sto han ved den vesle stova hennar. Mest nedsnøa låg ho der, og det såg ut som om ingen hadde vore utfor døra på el tid. Var det ikkje for den sure røyken frå åren, kunne ein tru her ikkje fanst folk.

Han gjekk fram til og banka i veggen. Noko etter kom ein skugge fram i dørglytten.

"Er det troll eller kriste folk" sa det.

"A det er no som du tek det til Gyri," sa Hallkell. "Trøyste meg, har du mist både bu og bøling, når du kjem her stormande mørke natta like frå Breiing," sa ho.

"Gjev deg no til sides så eg kan stige inn, så talast vi betre ved," sa Halkjell og spente skiene av seg.

Ho drog seg inn gjennom døropninga att, og Halkjell kom etter inn. Ein vond, kjøvande eim slo mot han då han steig inn om døra.

"Lite er rommet, og lågt er det under bjelken, men endå lyt eg seie at både fark og fagnamann har stige inn om den låge dørstokken min," sa bo med ein uhyggeleg lyd, som var meint som ein lått.

På åren brann det godt så det lyste opp i rommet. Ei gryte sto over varmen, og frå henne var det visst meste parten av den vonde eimen kom. Borte i el krå låg ungane i ei kvile og sov. Dei var nedbreidde i noko som visst eingong hadde vore ein skinnfell.

Som ei heks såg Gyri ut, svart og fæl. Kledd i lappar av mange slag. Men ein kunne få tokken av at ho knapt var så gammal som ho skein til.

"Ei ære lyt eg vel seie det er når bønder frå gode gardar leitar veg fram over veglaus vidde til mitt ringe hus i skogen," sa Gyri. Ho sto borte ved åren og stelte med det ho hadde i gryta. Mangt vondt måtte det kunne drive vekk som lukta så ilt, tenkte han og fekk som ein age i seg. Her var ei som kunne meir enn mate seg.

Halkjell visste ikkje kor han best skulle legge samrøda, men rettast var det vel å halde på den skjemtsame tonen som dei alt hadde funne fram til.

"Vi får seie som eit gammalt ord, at prins og kottkar her kome same vegen, og det bur mang ein løyndom under ei lurvet hette," sa Halkjell.

"A søtt pratar dei, og mjuke gjer dei seg, og trur eg skal bråne som talg i varme og renne ut med det eg veit. Men dette spring vi over, berre kom fram med det du har på hjarta etter så lang ei ferd."

"Å, vi har tida for oss," sa han. "Det er lang kveld og sidan kjem månen, så vi kan sakte unna oss nokre søte ord før vi går over til sjølve andakta," sa han og fann ein krakk i ei krå og sette seg på.

"Alt med ein inkje veit, kan ein sakte ein skjemt unne seg. Men ofte er det slik et visste ein kva morgondagen ville gje, ynskte ein heller et natta aldri tok ende," sa ho og glyrde stygt bort på han, så han fekk ein ill otte i bringa. Det var ikkje godt å vere innan augnevidde til henne der.

"Kva slags graut er det du kokar?" spurde han.

"A, det er ikkje graut alt som vert koka i gryte, og ikkje kan eg tenkje meg at du kjem hit fordi du har grautsott," ,svara ho.

Halkjell tok til å bli kvalm av den vonde teven som slo mot han frå alt i rommet. Vart han her lenge, trudde han alt i han kom til å vrenge seg ut.

"Er det sant som dei seier at du både kan løyse og binde eld og storm?" spurde han og gjekk beint på.

"Snøballen veks når han rullar ut for ufsa, og ikkje mindre veks det som går på folkemunne sa ho. Ho var dulram i målet no, så han skjøna ho var ikkje all der orda var sagde.

"Ein toåringsukse står heime på fjøset og veks og feitnar, den gjev eg deg om du løyser stormen for meg den gongen eg bed deg om det." No var Halkjell høgtideleg og djup i målet. "Ikkje skulle du trå etter å løyse dei usynlege kreftene," sa ho og slutta å røre i gryta, og kom bort og sette dei harde auga i han. "Men den dagen Halkjell Raneson kjem til meg med ein toårsukse skal eg løyse stormen så alt brotnar som han lystar." Ho lo så kaldt og ugodsleg at Halkjell reiste seg frå sætet og kjende seg ille ved.

"Det som i natta talast, bør ikkje i dagen mælast," sa han og prøvde å få til ein lått han og. Han gjekk stad og fann døra. No ville alt svimra og gå rundt for han.

"Stormen skal eg løyse" sa ho etter han. "Men kanskje kan det verte løyst det som krev deg etter både ein toårsukse og meir, før nokon det varest" skreik ho ut gjennom døropet etter han.

Han kom seg bort frå henne, og vel ut or syne komen, måtte han legge seg ned i snøen, han tykte han var forgifta i all sin kropp. Medan han låg og pinest, høyrde han den ugodslege låtten hennar borte frå den vesle hytta.

Han kom seg på beina og stauka i veg nedetter. Mørkt var det og unnabakke, så han laut fare varleg skulle han ikkje renne seg ut for ufsane eller beint mot trea og gjere ende på seg.

Ho som han no kom frå, var nok i pakt med dei usynlege, det kjende han seg vissare på no enn før. Kom den dagen han trong henne heldt han ikkje toåringsuksen for god.

Han kom seg ned att i tunet og steig inn i Ellend-stova på Settin. Mange av folka var mykje drukne, og kvinnene hadde alt søkt til kvile.

Ulfhild Jonsdotter hadde ei årestove til, og der skulle kvinnene vere med natta. Der kunne dei ha sitt eige drøs og søkje kvile når det best høvde for dei.

Halkjell vart boden ølbollen tidt og ofte då han kom i laget. Trøytt var han og svolten, men ingen tenkte på mat no kvinnene var farne. Derfor beit Guds gåver heller fort på han og gjorde han øren.

Han måtte setje seg ned innaved bordet. Der kom han saman med Faste Rasmusson frå Loda, og rødde om mangt medan ølet seig på.

"Breiing er ingen gard å vanakte," sa Halkjell. "Der er hamning og gode slætte, betre enn andre stader i Gordudal." Den andre sat og jatta med, han hadde elles drukke så mykje at han fylgde ikkje med i det som vart sagt.

"Høyrer du din dritbonde frå Loda," skreik Halkjell til han. "Hæ. - Det var mykje til mål i deg," sa Faste og lyfte på hovedet, men det seig ned mot bordet att.

"Det skal verte storgard på Breiing no," skreik Hallkjell og slo ut med armane. "Ti kyr skal stå på båsen, og to hestar på stallen. Sauer i alle bingar, det kjem ikkje til å vere tal på dei eingong."

Men Faste hadde sovna frå alt i hop, han var ikkje til å skrike vaken igjen.

Halkjell reiste seg og stomla bort i ein ny flokk som sto og rødde.

"Det skal bli storgard på Breiing no," sa han, og høyrde ikkje etter kva dei prata om. "Ti kyr skal stå på båsen, og to hestar på stallen, og sauer - - ".

"Høyrde du lusa hosta i Gordudal," sa ein og lo og skråla med dei andre. Ingen av dei var frå Gordudlal.

Stova og folka og alt tok til å gå rundt for Halkjell. Han stomla ikring ei stund og tok opp att om at no skulle Breiing bli storgard.

Då ingen gav ans på han, sette han seg ned til han som hadde somna ved bordet, og gaula det opp att til han. Då vart han var at den andre ikkje svara han, og vart olm i auga.

"Eg skal lære deg eg din Lo-lettekornpose som ikkje vørjer vakse folk," sa han og skuva til han så han seig inn under bordet og sov vidare der.

Halkjell reiste seg og famla seg bort til ei kvile og der rulla han opp i og sovna straks.

Det var stilt i rommet då han vakna. Han var ufyrig og sår i hovedet, og kjende han fraus fælt. No varast han ved at han hadde ytterkleda på. Han hadde nok sovna med våte klede, og no kjølde det inn på skinnet så han fraus. Han høyrde andedrag frå mange andre, så han skjøna her var fleire som låg og sov rusen ut.

Han kom seg or kvila og fram til åren, der kara han fram glørne og la ny ved på. Gjekk så ut og såg i veret. Det var like mildt, og regnpjuska som i går.

Ulfhild Jonsdotter kom over tunet medan han sto der.

"Det vart vel ein svolten dag for deg i går," sa ho. "Du kom seint att, så det var nok ingen som hugsa deg med m-t. Eg trur ikkje du var komen då vi kvinnene gjekk til andre stova. Men kom no inn i koven, der står maten ferdig."

Han gjekk med inn, og åt dugeleg av kokt og speken mat, for han kjende han var fælt svolten.

Medan han sat ved bordet, høyrdest eit fælt brak ovafrå dalen. Både han og dei andre som var inne, sprang ut. Det var så lyst at dei kunne sjå fjellet ovafor Breiing. Øvst i Tinden hadde fonna losna. Dei såg el svart stripe etter henne, men ho var alt så langt fara at ho var ute or augnesyn der dei no sto. "Dette går aldri vel av seg," sa UIfhild Jonsdotter.

Del høyrde braket, det steig og fylte lufta, og det varde ved i det endelause.

"Vi lyt sjå opp kva der kan vere å gjere," sa Halkjell. Det var kome ein dirrande otte i målet hans.

Han gjekk til stallen og leidde ut hesten, og sela på.

Til dokumentstart

11. Ikkje berre ein streng spelar i mannahug.

Arne Guttormson reid tidlegare enn han hadde tenkt frå Breiing. Han hadde vorte hjarteleg og vel motteken, men det ergra han likevel om morgonen, då han såg at Brynhild Olufsdotter var fara or garden. Desse tankane sat i han då han reid heim. Regnde gjorde det og helle tida. Det var retteleg eit grisever å vere ute i.

Arne Guttormson var høg og ferm, og nærma seg dei tretti år. Han hadde i vente ein av dei beste gardane i heile Gordudal. Han hadde vore ute i verda og lært nye seder, i to år hadde han vore på Bergenhus festning under Vinsens Lunge. Då han første gongen etter han kom heim var til messe i Lokyrkja i fulle hermannsklede, var det nok han dei unge gjentene mest såg etter. Og dei fleste tykte han var det beste gifte som no var å få.

Sjølv kjende han vørnaden det følgde med å bere kongens klede. Og han vart beden på gjesting til dei beste folk både i Loda og Gordudal.

På Myklabø budde ein husmann som heitte Ølve. Han var flink til å lage ølkrus og matfat, og han kunne og spele på strengespel. Enda større age sto det av kona hans, Janik. Ho kunne brygge det beste ølet i Gordudal, og ho kunne sjå løynde ting og kva som kom til å hende. Ho fekk seg tak i mang ein matbit for desse evnene sine.

Jordisk gods var dei fattige på, anna enn -born, av det hadde dei meir enn andre. Korleis dei livberga seg gjennom vinteren var meir enn ein kunne skjøne. Det var sagt, at når dei var matlause, drog Janik inn beit til boma. Men dei voks og treivst og vart venare enn andre born. Serleg dottera Kirsti var stateleg. Det vart sagt om henne at ho var den venaste som kom til messa i Loa.

Husa hans Ølve var ikkje store. Men der samlast alltid ungdomen til leik og moro. Der fekk ein stelle seg fritt med øl og drikk, og ståke med gjentene. Han Ølve sat i øvste nattkvila og spela på strengeleiken for dei.

Medan Arne Guttormson hadde vore på Bergenhus, hadde ho Kirsti vorte vaksa. Han kjende ho mest ikkje att. Og alt første kvelden han kom i stova hans Ølve saman med ungdomen, vart ho hans gjente. Han følgde henne på fjøslemen til nattkvila hennar. Dit fann han og ofte seinare vegen. El tid tenkte han endå til på å bryte med all gammal sed og gifte seg med henne.

Men då Olufsfolket frå Breiing siste sommaren v-ar på sætrehelg i Myklabødalen, var det først -han fekk auge for Brynhild. Om ho kanskje ikkje var så ven som Kirsti, så var ho av dei som mennene gjerne ynskjer å eige. Attåt det var ho av vyrde velstandsfolk. Ho hadde vore åleine saman med han på tur heilt til breen. Dei hadde vore så mykje saman at Kirsti hadde vore svartsjuk etterpå.

Og no i det siste hadde hen halde seg borte frå Kirsti, endå han kjende ho hadde sterkt tak på han no med.

Det var Brynhild han tenkte på no han reid opp over isen. Ho hadde vore høvisk, men kald og uråd å kome nær, og han skjøna godt at det var Roald i grannetunet som sto imellom. Men han hadde like stor hug til henne for det.

Arne Guttormson var ikkje av dei som fira for nokon. Og etter som væta nådde skinnet og sinnet voks i han, visste han kor han skulle nå denne slåstkjempa som stengde vegen for han.

Han visste mykje vel at Halkjell ikkje sat så godt i det lenger. Bota han betalte til kyrkja for sonen var heller stor. Så det var Ulfhild Jonsdotter som for det meste åtte Breling no. Men ho var nære frenden deira, og det var ingen fare så lenge dei var skyldnarar til henne.

Men Ulfhild Jonsdotter var glad i pengar. Baud han seg no til å kjøpe dette skyldbrevet, måtte han vel byde overpris. Men så var det og han som kunne avgjere kor mykje Roald skulle få å :seie på Breiing. Fekk han no hand over begge bruka på Breiing attåt eigedomane på Myklabø, vart han likaste jorddrotten i heile Alda skipreide.

Då han kom heim og fekk setje inn hesten, var han stiv av turen og heilt gjennornblaut. Han bytte klede, og resten av dagen tok han seg ikkje noko serleg til.

Om kvelden visste han at ungdomen skulle samlast hos Ølve, og dit gjekk han og då det leid på.

Mange hadde enno att av juleølet, og bar det med seg hit. No dreiv dei på og heta øl og sende rundt og drakk.

Somme kvad viser, og nokon av dei yngste var framme på golvet og tok ryggjatak.

Det var kjedeleiken dei helst ville leike. Og Arne såg seg om etter Kirsti. Ho sto inne under beten saman med ei anna gjente. Han stemnde dit bort for å få henne med i leiken. Då ho såg han kom til henne, stakk ho seg att om den. andre og smatt ut døra.

Arne stogga opp og kjende at han hetna i hovedet. Han var ikkje van med at slikt hende med han, og kjende no at han hadde hatt eit agg i seg i heile dag. Han gjekk bort til åren, fann ølskåla og tok seg ein dugeleg slurk, så tok han skåla med seg og sette seg opp i nattkvila ved sida av Ølve.

"Skål gubbe," sa han, og drakk han til av den store skåla. "Ho Janik kan enno å brygge øl så ein kviknar i bringa." Han sende skåla frå seg til Ølve.

"Ja, hennar øl i mine bollar, det er drykk ein kan byde både lensmann og kjolekar," sa Ølve. Han saug ølet or munnskjegget etter å ha drukke godt.

Ei stund etter såg Kirsti seg syn med å kome seg inn og med i leiken saman med ein gut som heitte Helge innafrå Nesdali.

Det vart ropt på Arne at han måtte kome og vere med, men han vørde ikkje å svare, og sat med ølbollen i fanget og såg til.

Kirsti hadde eit vent songmål, høyrde han. Arne tok staven hans Ølve og prøvde slå krek for Helge då dei leika forbi. Då såg Kirsti på han, det flamma raudt i andletet hennar, men det lyste helst vondt i auga hennar, tykte han.

Ame reiste seg og gjekk ut. Var han noko til mann så gjekk han no heim og la seg, og la planar for kor han skulle knekke slåstkjempa på Breiing og gjekk ikkje her og huga på sengelege med el fattiggjente frå Ølveplassen. Ho kunne ikkje verte noko til kone åt han likevel.

Men ølet gjorde sitt, og at ho i kveld prøvde å røme frå han gjorde og sitt, så han vart verande.

Inne var det no to gutar som hadde roke i slagsmål om ei gjente. Han gjekk rett på dei og tok dei inn i fanget og bar dei mot døra, og hivde dei ut.

"Det er betre rom for slike karar ute," sa han. Han bad Ølve leite fram strengespelet, og gjekk bort og tok Kirsti i hand-a, for no ville han og vere med i leiken.

Ho vart sprutraud i andletet med det same, så vreid ho handa si ut or hans og sprang frå han. Han døyvde hugen som kom i brann, og fann seg ei anna gjente og tok med i leiken. Han drakk dugeleg kvar gong ølskåla for ikring, og svor med seg sjølv at i kveld skulle StorArne Guttorimon leike ungdomen av seg.

Han svinga gjenta rundt og rundt, og klaska seg med flate handa på skosålane, og hua høgt. Leiken, vart villare og villare etter kvart. No skulle han leike seg bort frå heile egsen i hugen, tenkte han.

Då såg han Helge frå Nesdall skauv Kirsti føre seg ut døra og vart borte. ikkje lenge etter stogga Arne leiken og gjekk etter ut.

Han fann dei att oppe på fjøslemen i nattkvila hennar. Det var stillt då han kom, men han kjende det på seg at det var her dei var å finne.

Han tok under fellen og fekk tak i ei okle og kneip til. Då reiste Kirsti seg opp i kvila og gav vondt frå seg.

"Kva her du med meg å gjere, haldt deg til Breling der du kom frå," freste ho.

Helge meinte og at han fekk pakke seg derifrå.

Då treiv Ame Helge i mørkret og hivde han hovdelaust ned i fjøset, og han høyrde han hamna i kalvebingen.

"No kan du pitla heim til Nesdali og fortelje kva kar du er når du møter vakse folk," sa Arne ned til han. Han var i øsing og bles i naseborene.

Helge skjøna nok at han ikkje hadde meir han skulle ha sagt, han leita seg fram i fjøsgangen og kom seg ut og vart borte.

Kirsti var enno vond, men Arne greip ho og klemde ho under seg.

Ho pusta tungt.

"Eg har ei framtid å tenkje på, eg og," sa ho. "Han Helge ville ikkje halde heimen sin for god om eg flytte dit som kone." Gråten kom på henne, ho kneip seg fast i han og hikstegret. No var det for seint, han kunne ikkje gå frå henne. Og han skjøna at ho ville det ikkje Kirsti heller. Då han strauk med handa inn på kroppen hennar, kjende han at ho låg og skalv, og av og til hikka ho i gråt.

Han låg og kviskra ned mot henne.

"Du Kirsti har ikkje lov å vere vond på meg." "Far til Breiing og lat meg vere," hikste ho så. "Eg vert hos deg no, Kirsti," sa han og pusta tungt ned over andletet hennar.

Orn morgonen forsov han seg og låg i kvila hennar då dei mjølka i fjøset. Han var ufyrig og arg på seg sjølv. Det var mest lyst då han stal seg mellom husa og heim.

Noko seinare sto mange av karane ute i tunet og talast ved. Det spurdest om det ikkje hadde hendt noko på Breiing i natt, og dei ville nedover og sjå korleis det stod til.

Arne Guttormson vart mellom dei som den dagen tok ut frå Myklabø.

Til dokumentstart

12. Krossen lyser på kvit snø

Då Roald såg fonna kome ned etter fjellsida, vart han ståande fastnagla av det som hende framfor auga hans.

Etter heile fjellsida vart snøen levande og tok jord og stein og alt laust med. Store steinar slo mot svarte yfser så eldingen blenkte. Det var smell i smell som torebrak, og gjennom alt den jamne duren frå snøskredet. Ofsen og farten auka med kvart. Då fonna nådde skogen, tok ho han inn under seg og gøymde han bort.

Og der nådde ho dalbotnen. Roald sto og skalv i spaning. Då var det som alt fekk liv oppe på reset. Det synte at fonna hadde lege og demt for vatnet, som no fløymde over og ned lia. Det var kvite fossen av vatn og snø son kom utfor stupet der fossen gjekk om sommaren. No lyfte det seg ende opp som ein vegg og braut seg fram, og la alt under seg. Skogen og alt anna kvarv under dlei fårlege kreftene som var slepte laus. Der for det ut over alle bøar og gøymde dei bort. Alle husa på Breiing var borte på ein blunk.

Fonna nådde isen og sopa bort etter heilt til midtfjords. Dit han sto, nådde det berre ein vindsvelvl som strauk framom han.

Etter kvart roa det seg, men vatnet fløymde frå land og ut over isen. Nedafor Breiingtunet såg det ut som isen var sund,broten.

Roald kjende seg gjennomisa i all sin kropp. Han tykte det var ei ævelengd han sto og såg dei veldige kreftene rasa ut. Han kunne ikkje sjå det, men han hadde ei aning om at Breiing ikkje var til lenger.

Den første klåre tanken var at hadde dei vore enno ei stund borte på Sæternes, hadde Brynhild og vore utafor fåre. Og korfor vart dei ikkje det, det var no ikkje full dag enno.

Med kvart kom kreftene attende til han. No måtte han sjå til lands om der var noko hjelp å gjere.

Kanskje låg husa nedyrde under snøen. Kom han tidsnok, kunne det enno vere von om berging.

I elvemynnet var isen fælt oppbroten. Han kom ikkje på land der, og laut ta ein stor sving lenger inn. Det var vanskeleg å ta seg fram, for det var høge rygger opp og djupe delder ned. Det var heller ikkje utan fåre, for skredet var enno i seig rørsle av vatnet som rann stridt mellom gropene.

På veg opp til tuns møtte han på tømmerstokkar og bordendar som sto og stakk opp or snøhaugane. Dei fortalde det han enno ikkje ville tru var hendt.

Då han kom fram såg han det. Det sto ikkje hus att, alt var sopa reint. Det var som alle krefter for ut av lemene hans eg han seig ende ned.

Fonna hadde gått med stor ofse over heile bøen, og kvar ei husnov var fara av grunnen.

Det varde lenge før Roald råmde med seg. Han visste ikkje kva som hadde vore i hugen hans denne stunda. Ei sår og hjelpelaus vonløyse hadde kome over han.

Han sat og såg fram for seg. Då fekk han auge på noko som låg og blenkte som ei stjerne på fonna. Det lyste sem ein liten eld. Han gjekk dit, og der fann han det halvferdige krusifikset. Han tok det opp, den eine armen av krossen var broten av, og når han heldt det i handa, var det berre eit vanleg trestykke, som det ikkje lyste av. Han såg på det, det var merkeleg kor dette frelsarbiletet var levande, andletet minte og noko om han som hadde laga det.

Nedfor seg såg han nokre bordendar stikke opp. Det var vel av Oluf-stova, og det såg ut som det var av taket. Han tok og braut dei til sides. Det vart som ei opning under, og der såg han eit andlet med opne auga stire mot seg. Med det same vart han forfærd og slepte det han hadde i hendene så bordendane datt ned på snøen og stengde for åpninga.

Han fekk modet att og tok til ned arbeidet. Kanskje var det von om liv og, så nyss som det hadde hendt. Han fekk opninga større, og nådde ei hand og halte i. Snart låg den livlause lekamen oppe på fonna.

Det var Toste Olufson, og han var enno varm. Men livet hadde fare. Han var ikkje mykje skmfaren, og då Roald fekk legge til armane hans og late att auga, såg han mest ven ut. Og på ny tenkte Roald at han hadde noko av same draga i andletet som krusifikset han hadde skore ut i treet.

Her kunne det kanskje vere von om å finne fleire og. Det var ei opning nede under bordstolpen som sto her, men snøen pressa så hardt åt at han kunne ikkje gjere noko utan å ha meir å hjelpe seg med.

Han tok til å gå omkring på fonna for å sjå om der var noko å finne. Han kom fram på ting for ting som drog minna fram i han. Somt var frå deira eigen hem og somt var frå Oluf-stova.

Der låg det ein sau høgt oppe på fonna. Han var daud, og noko sundriven, men bjølla hadde han på. Det var bjøllesauen til Oluf.

Dei første nede frå Settin hadde no nått fram, far hans var med dei. Det var berre låge og varsame ord dei sa. "Har du sett noko? "

"Ja, eg har funne Toste Olufson." Roald peika opp der han låg. "Der er ei opning, så kanskje der ligg fleire." Han fortalde om krusifikset som låg og lyste over der Toste låg. Dei gjekk oppover, og samla seg kring han som låg på fonna. Dei tok opp krusifikset og såg på det, det gjekk frå mann til mann.

"Det var merkeleg godt gjort," sa dei og sende det frå seg.

Dei såg ned i den opne glipen i fonna. Der var ikkje noko å gjere før dei fekk opninga større. Dei hadde snøreker med seg, og tok til å måke Etter kvart som dei fekk snøen bort, synte det seg et det var eine veggen og taket på Oluf-stova som låg her.

Roald fekk seg ikkje til å gjera noko, han for bort etter fonna og ville sjå om han såg noko meir.

Då han kom attende, hadde dei fått eit menneske til opp or fonna. Det stakk i han så han saup etter veret då han kom fram til. For der låg Brynhild Olufsdotter med andletet beint mot han.

",Ho har alt vore ol:ppe då det hende," høyrde han dei sa, "for ho er i gangkleda."

Han fekk ikkje auga bort frå henne. Ho låg der som ho levde. Og likevel hadde ho gått bort frå han og kom aldri meir attende.

Han lutte- seg ned og rørde ved andletet hennar. Det var alt kaldt og stivna. Døden hadde fare fint med henne, det var ingen skråmer å sjå.

No treng ho ikkje den nye heimen i Justedal lenger.

Roald råmde meg seg av at det vart helsa og tala attmed han. Det var nye folk som hadde kome til både ovafrå og nedafrå. Roald såg at Arne Guttormson sto der. Men han heldt seg mellom dei attarste og prøvde på ingen måte å syne fram at det var festarmøya hans som låg der.

Der var mange folk no, men det var berre still og lågmælt tale.

"Han var ein gudeleg mann han Oluf," vart det sagt. Det var godt å kome i hug det no.

Somme laga båre til dei døde, og andre leita etter dei som enno ikkje var funne.

Dei to døde vart lagde på båra, og førde ned til sleden på isen. Roald skulle køyre dei ned til Loda.

Han tenkte på det då han køyrde ned etter og gjekk på ski ved sida: Det vart han som fekk køyre Brynhild Olufsdotter til kyrkje. Men han hadde ikkje tenkt det skulle verte på denne måten.

Ei stund ut om høgdags nådde han fram til prestegarden. Mildrid frå Alflein kom ut på tunet og ofra mange tårer på dei to på sleden. Sira Amund kom og ut, og Roald fortalde han det som hadde hendt.

I prestegarden tok dei seg av dei døde. Og Roald vart boden inn for å få mat. Då han kom inn i varme stova og sette seg ned, seig trøyttleiken og sorga så sterkt inn på han at han heldt på å brotne saman. Han tok etter veret, og det kom nokre såre hikst frå han.

Han reiste seg brått og gjekk ut i tunet att. Han kunne ikkje sitje her i prestegarden og gråte og la folk sjå det.

Han snudde i tunet og køyrde til Settin, og fekk hesten innsett. Sjølv gjekk han inn i Ellendstova. Han tykte det måtte vere lenge sidan sist han hadde vore her, for det var så mykje som hadde hendt sidan då.

Til dokumentstart

13. Men Livet skal lenger.

Oppe på Breiing vart det arbeidt med stort mannskap både den dagen, og dagane etterpå. Fleire av dei som kom bort fann dei ikkje. Men mange av krøtera fann dei og tok seg av.

Nokre som kom nedafrå høyrde at det gol ein hane på andre sida vatnet, rett for Breiing. Dei gjekk og fann han sitjande i ein busketopp, og fekk fatt i han. Han såg ut til å vere like god, og han var det einaste som kom frå Breiingsfonna med livet. Men korleis hanen hadde berga livet og kome seg heilt over vatnet, det var eit under.

Om nettene vart det elt fælt ulveskrik inne på fonna. dei levde stort på innmaten av dei funne dyra og anna som dei rota seg fram til. Sistpå var dei så djerve at det var knapt dei ville bort når folk kom om dagen. Dei ylte og flakte av tennene så folk laut drive dei bort med stavane.

"Verst var det om desse beista skulle kome over dei to som enno ikkje var funne," sa folk då dei måtte halde opp med leitinga.

Ingen hadde lagt merke til Halkjell desse dagane dei grov og leitte i fonna. Men dei kom til å sjå på han no dei var på veg nedover og hadde gjeve opp. Han hadde kvorve ut or kleda, det var lite mål i han, det var mest som han var heilt ende på.

Ja, det var ikkje fyse å verte sett slik på berr bakke, tykte folk. Det ville verta tungt å hyse opp att på Breiing. Men dei fekk syne venehanda si og gje hjelp, sa del.

Roald var nede i prestegarden att ein dag. Han råka Mildrid og spurde om han kunne få sjå dei døde enno ein gong.

Ho følgde han. dei låg i masstova. Det brann lys over del.

Lyset fall inn over det kvite andletet hennar Brynhild då Mildrid breidde av duken. Det var som andletet hadde vorte eit anna, framandt og ikkje med i noko av hans meir, og likevel var det andletet hennar. Hendene hennar var små og kvite, at ho hadde så små og kvite hender visste han ikkje før.

Han leita fram ei stor sølgje. Ho var av sølv og ein verdifull eignelut. Han hadde bore ho på seg i lang tid, og det var til henne ho var etla. Han gav henne til Mildrid.

"Denne vil eg at ho skal ha," sa han.

Mildrid såg på sølgja og på den døde, så gret ho att. "Treng du ikkj denne sjølv no," sa ho. "Du kan få mykje for henne."

"Nei, eg treng ho ikkje," sa han.

Mildrid tok då og feste sølgja på bringa til Brynhild Olufsdotter" Då kom det eit sårt hikst frå Roald. Han snudde seg og gjekk ut og bort frå prestegarden utan å seie farvel.

Det vart lese messe av Sira Amund over alle dei døde, både dei som var funne, og dei som låg att i fonna. Og dei to som låg i prestegarden vart førde til kyrkjegarden.

Folk råmde med seg att etter det harde slaget som dette hadde vore. Kvardagen kom att, og livet skreid som vanleg.

Utpå våren fann dei Oluf og kona hans og fekk dei i vigd jord. Så slapp ein at dei uroa nokon fordi dei ikkje fekk kvile der kristne folk skal kvile.

Snøfonna på Breiing for ikkje bort før i juni. Halkjell var der ofte ut etter våren, og no såg han et det vart aldri gard meir på Breiing. Det låg stein over all bøen, og byggestelle var der ikkje som ein trygt kunne setje hus på.

Halkjell rodde til Nordanvik den dagen han hadde gjort dette opp med seg sjølv, og han tykte han var ein ferdig mann. Han fekk bygsle eit stykke av Ulfhild Jonsdotter på Settin. Og han og sonen Kut dreiv med å reise hus denne sommaren. Dei fløytte ned stokkar frå Breiing og bygde av det.

Utpå sommaren frettest det i bygda at presteskuta hadde vore ute i hard storm på Hustadvika. Skuta hadde sokke beint ned, men etter som dei visste å fortelje dei som kom med meldinga, hadde folket vorte berga.

Han kjende det så rart i seg, han Halkjell, den dagen han frette det. Men ikkje hadde han bede om å få løyst den stormen som valda dette. Og heller ikkje vart han krevd etter nokon toåringsukse.

Han hadde ingen slik ukse å late meir heller, og ikkje trong han at nokon løyste stormen for han. Han levde som plassmann på Settin livsdagen ut. Han kjende seg utbrend og hadde ikkje livsmål lenger.

Det var først i juni. Sommarnatta var så lys at det var berre som ei dimme la seg mellom fjella. Ein båt kom frå Nordanvik og fram om Vorneset og stemnde beint mot Breling. Det var berre ein i båten og han rodde med sterke og trauste åretak. Det la seg ei mørk stripe med små bårer som vida seg ut som ein soplim etter han. Roald Halkjellson sat i berre skjorta og stuttbukse, for det var milde sommarnatta. Han såg på dei mørkegrøne skogliene etter som han rodde fram med land. Det var så stilt alle stader, berre kniksinga frå åretaka fekk svar frå dei svarte berghamrane. Det var ingen lysning av dag enno, og alt høyrde natta til. Og dette var ikkje av dei neter som skremde ein med ulydar og ulvehyl.

Då han nådde Breiing kvilde han på årane og såg mot land. Det var eit trist og sårt syn. Sundbrotne hus låg mellom ,kampesteinar og svart jord. Somme stader låg det store haugar av ore og bjørkeskog som var oppreven og slengd i saman. Helle fjellsida opp etter sto svart og mørk så langt skredet hadde gått. Her hadde det vorte skrapa til det fann fjell og fast grunn under seg. Han Roald kjende kor det stakk i bringa. Det var som skredet hadde gått gjennom han sjølv, rive bort alt, endå til hugen på livet.

Han tok nokre åretak, festa båten i fjøra og gjekk i land. Då han kom opp etter såg han det var vanskeleg å sjå kvar husa hadde stått. Med han stod og såg etter tufta for Halkjellstova vart han vår noko som lyste opp for ein stor stein. Det var i den leid der Olufstova hadde vore.

Han gjekk bort til og der såg han eit merkeleg syn. Det gamle epletreet som sto på sørveggen av Olufstova var kløyvt og sundslete, men ei einaste grein hadde hatt livd av den store steinen ovafor. No sto ho og tøygde seg opp etter steinen og blømde frå kvar ein kvist. Det var den tida nå då blomane opna seg, og her sto denne greina og blømde i dauden si øydemark. Små kvite blomar med ljosraude kantar yst på blomebladet. Minna kom så brått inn over han at han laut setje seg. Og så kjende han at gråten losna djupt, djupt inne. Det var ein klump der inne som løyste seg opp og vart til tårer. Det rann ned etter det verbitne andletet og ned i skjegget. I den stunda tenkte han ikkje på at det var ikkje for ein vaksen mann å gråte, for han kjende at det gjorde godt.

Desse blomane skulle ha stått på grava hennar Brynhild Olufsdotter, tenkte han. Men det var ikkje hans Brynhild som kvilde der, det var berre hamen dei gøymde slik. Nett no var ho kanskje her hjå han og såg tårene hans. Eller ho hadde reist føre han til den nye staden i Justedal. Hans Brynhild var ikkje død. Han såg henne ikkje, men han visste ho var nær han.

Her på Breling skulle blomane stå og verte til epler. Enno skulle folk kome her og finne søteple på Olufsapallen. Tok han seg ein tur attende til hausten, så skulle han ta med seg nokre til Justedal. Han skulle setje kjernane i jorda og sjå om det ikkje kunne vekse epler der så nær blåbreen. For sola skein så godt på det byggestellet han hadde sett seg ut.

Då han sat i båten og rodde, tykte han det var ho Brynhild Olufsdotter han reiste for å nå igjen. Han såg -bort til Sæternes ,og tenkte på den siste natta, då det berre var ho og han til.

Då han nådde Myklabø måtte han visst ha dorma av og berre sat og rodde av gamal vane, for med det same han snudde seg og skulle sjå kor langt det var til lands rann sola og ho Brynhild sto i solskinet inne på land og tok imot han. Ho vart borte med det same, men i denne stutte stunda hadde kan klårt sett andletsdraga og den smilen kring munnen som ho ofte hadde møtt han med.

Han rodde i land i Einå i Myklabø og drog båten på land. Så tok han prinsa på ryggen og øksa i handa og gjekk aust etter dalen mot Justedalsbreen og solrenninga.