Litteratur.
Dokument-tittel

Til Litterturlista

INNHALD

SJUREBRUKET. ETTERSLEKT

Innleiing

  • 0. Innleiing
  • Slekta på Sjurebruket

  • 1. Slekta før 1800.
  • 2. Tilleggsopplysningar.
  • 3. Frå 1800 til i dag
  • Malene Olsdtr. f. 1823

  • 4. Framigard på Rake.
  • 5. Marså
  • 6. Kolbeinsbr. på Rake
  • 7. Nedreberg
  • 8. Marsåslekta i USA
  • 9. Ole Andersen i USA
  • 10. Rake i Iowa, USA
  • Generasjon f. 1847-1857

  • 11. Antunsslekta
  • 12. Tjugenslekta
  • 13. Sjureslekta i USA.1.
  • Generasjon f. 1867-1880

  • 14. Sjureslekta i USA.2.
  • 15. Monsslekta
  • Generasjon f. 1902-1907

  • 16. Markusslekta
  • Etterslekt for personar som var fødde på Sjurebruket i Loen

    AV
    Olav A Loen

    Gå til top dokument

    INNLEIING

    Sjurebruket i Loen har vore i slekta frå og med Sjur Rasmussen og Kari Amundsdotter. Kari kom frå Hogrenning og gifte seg inn på bruket. Ho vart enke og gifte seg på nytt med Sjur. Kari og Sjur hadde ikkje born, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag.

    Olav A Loen har tidlegare skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979).

    Dei siste åra Olav A Loen levde, interesserte han seg sterkt for kva som hadde hendt med dei som reiste ut. Han hadde planar om å skrive ei slektshistorie om utflytte frå Sjurebruket etter 1800, men han vart ikkje ferdig med dette før han døde i 1984. Han hadde samla mange slektsopplysningar, og skrive ein del tekst. Dette dokumentet byggjer på det Olav A Loen hadde skrive. Når det i teksten står "i dag", refererar det seg såleis til ca. 1975 - 1980.

    Dette dokumetet har ikkje blitt oppdatert etter 1989. For å ta vare på slektsopplysningane som Olav A Loen hadde samla, og for å kunne føre slektene vidare har eg laga ein slektsdatabase. Denne har blitt oppdatere etter kvart som eg har fått opplysningar om fødslar, dødsfall, giftarmål o.l. Slektsopplysingar m.v som har blitt registrert i databasen, er det tilgang til direkte via systemet LOKHIS

    Oslo 20. november 1989

    Audun Loen

    Gå til top dokument

    1. Dei dyrka si jord og levde sitt liv. (Slekta før 1800).

    Når vi går til kjeldene og skal finne fram til røtene våre, så vil dei ofte kome bort for oss når vi kjem 2 - 3 hundre år attende. Er vi heldige så finn vi namnet til leiglendingsbonden som brukte garden, men har han ikkje fare alt for gale åt i sitt liv så han ikkje er komen inn i rettsprotokollane, eller han ikkje har vorte utkommandert i dei mange krigane som Danmark - Noreg hadde i den tida, er det vanskeleg å finne noko meir enn namnet på brukaren. Kona og borna har for det meste kome bort i mørkret for godt. Ein har og protokollane for skifte og bygslekontrakter, men det er ikkje så godt å finne ut av det som står der.

    Her vil vi berre så vidt våge oss inn i det 16. hundreåret. Då finn vi ein mann på Hogrenning som heitte Erik, og som i 1563 legg 1 dl. i skatt. Sidan høyrer vi om at han var lag- rettemann i 1588. Men dette er ikkje det første mennesket vi høyrer om frå Hogrenning. Det er ei kvinne som heitte Sigrid som gav "tveite" som gåve til Lokyrkja. (Etter Jacob Åland si bygdebok for Innvik-Stryn er dette å finne i Bjørgvin Kalvskinn). Sidan får vi høyre om den rike bondeslekta på Sæten. I 1401 åtte Ellend og sonen Jon på Sæten 6 m.m.b. i Hugrenni, og i 1469 hadde Ulvhild, dotter til Jon, pant i eigedomen på Hogrenne til 9 m.m.b. Så er det at vi finn Erich på Hugrendinge som i 1563 legg 1 dl. i skatt. Soga let oss og få vite namnet på kona hans. Ho heitte Karin Hugrending. Erik var truleg død før 1602, for då får vi vita at Karin var brukar frå 1602 til 1624. Ho let først den eine sonen få halve bruket i 1614. Det som han fekk, er det som no er bnr. 1 på Hogrenning. Ein annan bror som heitte Håvard, fekk så den andre halva, og står som brukar der i 1625.

    Det var ei gjev slekt som i den tid budde på denne garden, med di at Erik vart nytta til lagrettesmann. Det var bønder med godt omdøme og vørnad som fekk slike oppdrag, og det var ein føremun om dei og stod seg godt økonomisk og var sjølveigarar. (Aaland kan fortelje at "heile garden var bondeodel og brukaren si eign"). Men det hende nok at dei måtte setje garden i pant når det var tronge tider og uår. I 1626 vert det fortalt om at avlinga var ringe og garden låg under "fieldskreed". Det syner seg likevel at denne garden gjennom den tida vi kjenner ikkje har vore ute for store ulukker på folk og krøter, og det er dei same slektene som har halde fram til no.

    På bruk nr. 2 heldt Håvard Erikson fram som brukar, og om han vert det fortalt at han åtte 4 mk. odg. i bruket. Kona hans heitte Bergitte. Det hadde vore gildt om vi hadde visst kvar ho kom ifrå, men det veit vi ikkje. Etter dei to heldt sonen Åmund fram. Han var fødd kring 1614, og han var brukar i 1653 Namnet til kona har vi ikkje funne, men vi får vite om tre av borna deira. Anders heldt fram som brukar på bnr. 2, og broren Håvard finn vi som brukar på Strand, bnr 2, det vi kallar Yste Strand. Han er gift med Ingeborg Andersdotter Rake. Dei har og eigedomar på Rake, som kona hans har fått. Søster til Anders og Håvard Hogrenning er Kari Åmundsdotter som vert gift med Rasmus Rasmusson Loen på bruk nr. 6, Sjurebruket.

    Som vi skal høyre meir om seinare har slekta frå Hogrenning vorte førd vidare på Sjurebruket heilt fram til i dag. No skal vi sjå noko på kva som tidlegare har hendt med Sjurebruket. Dei første vi møter kjem enno meir ut or natta og det ukjende, enn dei vi har høyrt om på Hogrenning. Så langt vi høyrer attende har brukarane vore leiglendingar. I bygdeboka er ein Rasmus nemnd som brukar i 1602, og ein son som og heitte Rasmus fekk bruket etter han i 1617. Så kjem futen Peder Jørgensen og tek over og driv sjølv dei bruka i Loen som han er eigar av. Denne eigedomen har han fått med kona si Lisbeth Torsteinsdotter. Ho var tidlegare gift med Jon Lauritsson som var prest i Lom, og som var ein stor grunneigar. Det seiest at Peder Jørgenson frå 1630 budde i Loen og dreiv 6 av bruka i Loen sjølv, og etter han kom futen Jørgen Post og brukte dei same eigedomane. Han var gift med Sofie Jonsdotter, og ho var stykkdottera til Peder Jørgenson. I den tida futane styrde i Loen var Rasmus Rasmusson frå Sjurebruket dreng med futen.

    Sonen hans som og heitte Rasmus vart brukar på Sjurebruket i 1688, og han var det som gifte seg med Kari Åmundsdotter Hogrenning. Vi veit lite om ekteskapet til Rasmus og Kari, men det var ingen born etter dei som overtok bruket. I følgje Bygdeboka vart Sjur Rasmussen brukar i 1692, og han gifte seg med enkja Kari. Namnet Rasmus var så vanleg både i Loen og i indre Nordfjord elles at han ikkje treng vere bror til Rasmus Rasmusson som først var gift med Kari. Vi har heller ikkje funne noke som tyder på at han var i nær slekt med dei tidlegare brukarane på Sjurebruket. Skiftet etter Sjur Rasmusson fortel om 4 søskjen til Sjur: Ola, Jacob, Anders og Randi. Hittil er det berre Jacob vi har klart å plassere sikkert. Han var brukar på Isakebruket i Loen, og slekta hans heldt fram der. Sjur syner seg å vere ein som hadde god tillit og vørnad i bygda. Han måtte og ha hatt noko medel, men vi veit ikkje noko om ungdomstida hans. I følgje eit mantal frå 1701 var han då 51 år. Han var såleis 42 år då han kom inn på Sjurebruket i 1692. I 1705 får vi høyre at han var sett til ombodsmann for Lokyrkja. Det hadde alltid vore ei kyrkje med små inntekter, som ikkje dekte dei vanlege utgiftene til vedlikehald. I tida frå Sjur tok mot dette ombodet til 1722 hadde han tilgode 20 1/3 rdl. av kyrkja for utlegg til vedlikehaldet. Han hadde i 1711-13 bygt nytt våpenhus av stavverk, då det gamle hadde blese ned i ein storm, og i 1720-22 vart det lagt nytt tak på søre sida av kyrkja. Dei fekk og ein ny benk i kyrkja, og tralene kring fonten vart vølte. På tinget i 1723 vart Lokyrkja seld på auksjon av futen etter påbod av kongen. Sjur kjøpte då kyrkja for 19 rdl.

    Året etter selde han halve kyrkja til Lars Jacobson Indre Nesdal. Etter at Sjur var død , og kyrkjelyden kravde nye store vølingar av kyrkja, selde enkja Kari og Lars Nesdal kyrkja på auksjon til Peder P. Sunde i 1728. Denne Kari Åmundsdotter høyrest ut til å ha vore ei myndig kvinne, som åtte både framsyn og slektkjensle. Kari og Sjur hadde ikkje born saman, men då det vart snakk om at ein Rasmus Olsen Loen skulle få overta garden, sette ho fram krav om at Rasmus skulle gifte seg med brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gav seg ikkje før ho fekk det slik ho ville. Rasmus var kanskje ein brorson til Sjur, og såleis ville slektene til dei begge halde fram på bruket. Vi har ikkje funne sikre prov for at Rasmus var brorson til Sjur, men det er fleire ting som tyder på dette. Rasmus og Sigrid som fekk garden etter den råderike Kari, livde godt i lag og hadde framgang med garden. Dei fekk tre søner: Ola som overtok garden etter dei, Jacob som gifte seg med Sigrid Jacobsdotter på Oppigardsbruket på Sæten, og Sjur som gifte seg med Anne Isaksdotter på Olabruket på Tjugen. Etter at Sigrid var død, gifte Rasmus seg med Anne Samuelsdotter frå Hallsteinbruket i Loen. Rasmus og Anne fekk ei dotter som heitte Sigrid (1740-1814), som vart gift med Jørgen Knutson Tjugen (1745-1809). Mor til Jørgen hadde odelsretten på gnr. 80, bnr. 7, Jørnbruket på Sæten. Dette bruket har fått namn etter han. Jørnbruket er mellom dei elste bruka på Sæten og vi høyrer om det alt i 1563. Då var Lauritz (Mogenson) brukar. Han er vel då son til Magnus (Mogens) som i 1519 betalar tidende og i 1522 betalar 10 mk. i brevbrudd. Då er det ikkje langt attende til Ulvhild Jonsdotter som er nemnd i 1469 som åtte mykje jordegods og truleg var ei av dei rikaste kvinnene i Nordfjord på den tid.

    Då Laurits var brukar var det berre to brukarar på Sæten. Laurits var lagrettemann i 1584 og sonen hans, Rasmus, var lagrettemann i 1588. I 1767 var bruket kome ut av odelsgreina, og då var det at Jørgen Tjugen tok garden igjen på odel. Mor hans, Helga Salvesdotter, var frå Jørnbruket, og hadde den beste odelsretten. Jørgen tok over bruket og fekk skøyte i 1768 og 1773. Jørgen og Sigrid si slekt har sidan halde fram på bruket. Vi kjenner til mange som har reist ut frå Jørnbruket til andre bygder. Sterk tilknytning har dei i lang tid hatt til Brynestad i Olden. Her har det vore døtre som har vorte inngifte på bnr. 3, Danielbruket og bnr. 7, Utigardsbruket. Der har og vore giftarmål med søskenbyte på begge desse bruka. (Sjå meir om Jørsnslekta på Sæten i Bygdebok for Innvik-Stryn)

    Den nye husbonden på Sjurebruket heitte Ola Rsmusson (1724 - 1768), og han var gift med Sigrid Rsmusdotter Loen (1718 - 1775). Ho var frå Monsbruket i Loen. Det var Ola som fekk hugnaden av å verte den første sjølveigaren på bruket. Han løyste inn bruket frå H.P.Finde for 90 rdl. og fekk skøyte i 1767. Han døydde alt året etter og enkja gifte seg med Ola Jokumson Flo. Han fløtte opp att til Flo då kona var død og sonen til første mannen hennar, Rasmus Olsson, tok over garden. Rasmus Olsson (1759 - 1801) henta kona si frå Flo og gifte seg med Malene Jonsdotter N-Flo. Aaland seier i bygdeboka at der var mange gamle ætter på Flo som ein kan følgje 3 - 4 hundre år attende. á'átterøtene går då truleg attende til kong Håkon Magnus si tid, ei velmaktstid i vår gamle historie.

    Etter folketeljinga i 1801 hadde Rasmus og Malene på Sjurebruket tre born: Ola, Jon og Lasse som då var 18, 15 og 12 år. Ola overtok bruket i si tid. Jon som var andre sonen, veit vi ikkje noko om kvar det vart av han etter at han vart vaksen. Den tredje sonen, Lasse, finn vi igjen i Brigsdal i 1818, då han er komen der og skal styre bruket. Han vert verande der og styrer det bruket til han døde i 1835. Vi veit ikkje kvifor han kom der opp og vart styrar av bruket. Truleg var han i nær slekt med konene til den førre brukaren i Brigsdal, Barbro og Marta Olsdotter Loen. Lasse var ugift.

    Ola Rasmusson (1783 - 1853) fekk ei lang styringstid med krig og hungersår. Men det ser ut til at han og kona Janikka Rasmusdotter Sæten (1778 - 1841) har hatt ei god hand med styringa av bruket, og dei kom vel gjennom hungersåra, og etter at borna vart vaksne bygde dei seg nytt stovehus i 1837. Det var i bruk i nær hundrede år. Då kjøpte Alfred L. Loen det og fløtte det til Lovik. Ola og Janikke hadde fire born: Anders, Rasmus, Bendikt og Malene. Her følgde ikkje han Ola den gamle namneskikken, for første guten skulle ha heitt Rasmus etter far hans, men han vart kalla Anders. Kanskje var det stykkfaren Anders Salveson Sande han kalla opp att med Anders. Han kom til bruket i 1802 og døde 85 år gamal i 1855.

    Rasmus (1815 - 1880), den andre sonen deira, reiste ut til kysten då han vart vaksen, og i 1835 kjøpte han og fekk skøyte på ein gard på Øvre Myklebust på Bryggja i Davik. Han vart verande ugift, og i 1860 sel han og skøyter frå seg garden til Knut Olson Hjelmeland, og livde der kanskje som kårmann sidan. Det ser ut til at gutane på Sjurebruket som ikkje overtok garden likna på Juvikingane til Olav Duun, dei vart gåande ugifte og ikkje kom seg i gang med store ting. (Om Rasmus som for til Bryggja står i Aaland si bygdebok for Davik side 372).

    Den tredje av borna var Bendikt (1818 - 1906). Han halta noko og han lærde seg til skomakar. Han reiste til Nordland og vart verande der i mange år. Der dreiv han skomakarverksemd for ein vereigar og handelsmann. På sine gamle dagar kom han heim igjen og vart buande på Sjurebruket. Han var då kyrkjetenar i Lokyrkja nokre år. Når Bendikt var i godt lag, likte han å fortelje historier frå den tida han var i Nordland. Og han var gjerne med i kortlag. Det fortelst at når han fekk gode kort nynna han med seg sjølv og sa: "Eg elskar damene og damene elskar meg". Bendikt var før og rund i kroppen og ikkje særleg høg. Han var rundlett i andletet og med skjeggkrans kring kjakane. Som oftast stod han inn under nystova og hogg brenneved, og han bar rikeleg inn til omnen. Då han vart so gamal at han ikkje vann å bere inn ved, la han veden i eit tog og drog det etter seg. Han var alltid ein snill og godlynt mann.

    Malene var den yngste av borna til Ola. Ho var fødd i 1823. Ho gifte seg med Arnt Rake på Framigardsbruket på Rake. (Sjå om Malene under bolken "Framigardsslekta på Rake").

    Vi skal no, så langt vi kan, følgje dei som voks fram på Sjurebruket, og fløtte ut til framande stader her i landet og i Amerika. Og sjå kor ei bondeslekt på ein liten vestlandsgard spreier seg vidt ikring og kom med i yrke av mange slag.

    Fig. Ola Rasmussen sine etterkomarar

    Gå til top dokument

    2. Tilleggsopplysningar om dei første brukarane.

    Olav A Loen nytta for det meste Jakob Åland sine bygdebøker som kjelde for det han skreiv om perioden før 1800. Eg har no gå gjennom skifte og andre dokument. I dette avsnittet har eg summert opp det eg har funne. Det er også teke med nokre teoriar som enno ikkje er underbygde med heilt sikre opplysningar.

    Det viser seg at dei første brukarane på Sjurebruket som heitte Rasmus, ikkje var direkte i slekt med Sjur Rasmussen og dei som kom etter. Rasmus Rasmussen og Kari Åmundsdotter frå Hogrenning hadde born, men det var ingen av desse som overtok Sjurebruket. Kari og Rasmus hadde ei dotter saman som heitte Malene Rasmusdotter. Ho vart gift med Lars Jakobsen på bruk nr. 2 i Indre Nesdal. Ho var den andre kona til Lars og fekk truleg ikkje born. I skifte frå 1730 står det at Malene var utan barn og livsarvingar. Dei næraste arvingane var mor, Kari Åmundsdotter Loen og halvsøster Maritte Rasmusdotter Yri som var gift og budde i Bergen. Vidare har vi funne skifte etter Sjur Rasmusen frå 1728, og der står det under gjeld at "Malene Rasmusdottter fordrer etter sin far". I skifte etter Kari Åmundsdotter (1734) står det under gjeld " Maritte Rasmusdotter fordrer for resterende arv etter hennes sal. halvsøster Malene Rasmusdotter". Dette tyder på at Rasmus Rasmusen hadde vore gift 2 gonger, og hadde dottera Maritte frå første ekteskapet.

    Sjur Rasmussen gifte seg med enkja Kari og kom inn på Sjurebruket på denne måten. Det ser ut til at Sjur var son til Rasmus Jakobsen på Isakebruket, bruk nr 5 i Loen. Det kan vidare tyde på at faren til Rasmus Jakobsen kom frå Jørnbruket, bruk nr. 7 på Sæten. I Bygdeboka er det under Sæten på side 646 referert til eit dokument frå 1615 som fortel at Laurits Mogensson Sæten hadde desse borna: 1. Rasmus Sæten (død), 2 Eirik Heggestad, 3 Jakob Loen (også død), 4. Guri gift med Anders P Sunde, Olden og 5. Maritte (ung).

    Sambandet mellom Jørnbruket på Sæten og Isakebruket i Loen er ikkje dokumentert på heilt sikker måte. Sambandet mellom Sjurebruket og Isakebruket i Loen kan dokumenterast. I skifte etter Sjur Rasmussen frå 1728 er følgjnde arvingar oppførde: "Ældste broder Ole Rasmussen Loen, andre broder sahl. Jacob Rasmusson's igienlevende tvende døttre navnlige: Ane og Christentse Jacobsdøtre, og tredie broder Anders Rasmusen, boende i Ringebu i Oplandene, samt een søster ved navn Randi Rasmusdotter i ligemaade i Oppland". I skifte etter Jacob Rasmussen på Isakebruket frå 1704 er Anne Jacobsdotter 3 år og Christente Jacobsdatter førde opp som born. Vidare går det fram av bygdeboka at Anne Jacobsdotter seinare overtok Isakebruket saman med mannen sin, Isak Kolbeinson Haugen.

    Nedanfor er lista opp hendingar på Sjurebruket basert på offisielle kjelder.

  • Sjur Rasmussen gifte seg med enka Kari Åmundsdotter. Ca 1692.
  • Rasmus Olsen fekk bygsel på bruket som Sjur og Kari sa opp i 1723 mot at han gifte seg med Sigrid Håvardsdottter Strand. Bygselsetel datert 19/10 1723.
  • Ola Rasmussen fødd ca 1724
  • Jacob Rasmussen fødd i perioden 1725 - 1729.
  • Sjur Rasmussen døydde. Skifte 29/5 1728
  • Sjur Rasmussen (sonen til Rasmus Olsen) fødd. 1730.
  • Kari Åmundsdotter døydde. Skifte 22/5 1734
  • Sigrid Håvardsdotter døydde før 1742
  • Enkemannen Rasmus Olsen gifte seg med Anne Samuelsdotter frå Hallsteinbruket i Loen før 1742
  • Sigrid Rasmusdotter fødd. 1742.
  • Jacob Rasmussen (bror til odelsguten) trulova 13/7 1755 med Sigrid Jacobsdotter på bruk nr 4 på Sæten og flytta dit. Gift 13/6 1756.
  • Rasmus Olsen døydde 55 år gamal. Gravlagd 20/4 1756.
  • Enka Anne Samuelsdotter trulova 6/6 1756 med Jacob Olsen på bruk nr 16 i Loen og flytta dit. Gift 5.juni 1757.
  • Ola Rasmussen (den nye brukaren) trulova 6/6 1756 med Sigrid Rasmusdotter Loen frå Monsbruket. Gift 6/1 1757
  • Rasmus Olsen (nr 1) fødd. Døypt 7/4 1757
  • Rasmus Olsen (nr 2) fødd. Døypt 24/10 1759
  • Rasmus Olsen (nr 1) døydde 5 år gamal. Gravlagd 11/7 1762.
  • Siur Rasmussen (bror til brukaren) trulova 24/3 1764 med Anne Isachsdotter Tyven og flytta dit. Gift 1/1 1765.

    Gå til top dokument

    3. Sjurebruket frå 1800 og fram til i dag

    Fig. Slektsgreiner

    3.1 Anders Olsen Loen (1814-1883)
    3.2 Ola Andersen Loen (1847-1928)
    3.3 Andras Olsen Loen (1880-1909)
    3.4 Olav Andreassen Loen (1903-1984)

    I dette kapittelet er det fortalt om slekta på Sjurebruket. I eigne kapittel er det fortalt om slektene til dei som fløtte ut.

    Opp til overordna kapittel

    3.1 Anders Olsen Loen (1814-1883)

    Fig. Anders sine etterkomarar

    Anders var gift med Olina Arentsdotter (1819-1886). Ho var frå Framigardsbruket på Rake, og det var søskenbyte slik at Malene, søster til Anders, vart gift til Rake med Arent bror til Olina. Når det var slike søskenbyte så er det vel mest truleg at foreldra hadde noko med saka å gjere, og det var kanskje ikkje kjærleiken mellom dei to som fekk mest å seie.

    Men vi har ikkje høyrt noko anna enn at det gjekk godt med samarbeidet på Sjurebruket. Han Anders fekk skøyte i 1846, og han gjekk opp i det daglege arbeidet. Han hadde stor slåtteteigane i utmarka. Han Ola, son hans, fortalde at han såg lite etter å rydje bort runnar som vaks opp på heimebøen, men han passa på å rydde bort kvar ein kvist i skogaslåtten. Vi veit ikkje så svært mykje om han Anders og ho Olina. Det var vel ofte eit tungt slit for dei som for andre vestlandsbønder den gongen. Dei hadde 5 born: Jannike, Ola, Arent, Lars og Rasmus.

    Jannike var elst. Ho vart gift med med Ola på Antunsbruket i Loen (Sjå om henne under Antunsslekta i Loen).

    Ola vart brukar på Sjurebruket.

    Arent og Rasmus reiste til Amerika (sjå under Sjureslekta Amerika. Del 1). Rasmus var spelemann då han var heime. Lars døydde då han så vidt var vaksen.

    Opp til overordna kapittel

    3.2 Ola Andersen Loen (1847-1928)

    Fig. Ola Andersen sine etterkomarar
    Kap 15. Monsslekta (Olina 1867 )
    Kap 14. Sjuresleta i Amerika. Del 2 (Kristine, Andrine, Anders)

    Han Ola var ikkje meir enn 18 år då han fekk skøyte på garden, og i sitt 20. år gifte han seg med Olina frå Antunsbruket (1840-1901). Også denne gongen var det søskenbyte på Sjurebruket. Ho Jannike, søster hans Ola, vart gift med Antuns-Ola. Han Ola og ho Olina fekk snart ein stor huslyd. Far og mor hans livde som kårfolk, og så hadde dei både dreng og terne i teneste heile året, og dei hadde i alt 6 born. Han Ola fortalde at dei var 12 menneske til bords i mange år. Han Ola hadde godt arbeidsmod, og ho Olina hadde husstellet, spann og vov og sytte for klæde til alle

    Han Ola hadde og god helse like til sin høge alderdom. I hans tid var det utskiftning som slutta i 1898. Då bygde han alle fjøsane og lada under eitt tak. Dei hadde desse borna: Olina, Kristine, Andrine, Anders, Andreas og Lars. Olina vart gift inn på Monsbruket i Loen (sjå om henne underMonsslekta). Kristine, Andrine og Anders reiste til Amerika (sjå om dei i bolken om Sjureslekta i Amerika. Del 2).

    Andreas overtok Sjurebruket. Lars døde i konfirmasjonsalderen

    Opp til overordna kapittel

    3.3 Andreas Olsen Loen (1880-1909)

    Fig. Andreas sine etterkomarar
    Kap. 16. Marksusslekta (Olina 1905)

    Andreas var berre 20 år då han fekk skøyte i 1901, og same året gifte han seg med Marte Eriksdotter Skarstein (1878 -1968). Han hadde stor interesse for krøteravl og fruktdyrking, men han døde berre 28 år gamal. Marte livde igjen med 3 små born, den elste berre 5 år. Då var det god at han gamle Ola var frisk og sterk og gjekk inn i arbeidet som før. Marte var eit arbeidsmenneske som nytta tida vel, og ho bygde nytt stovehus på garden i si tid. Det var utskiftning på utmarka i 1928. Då fekk dei eit stort stykke av garden lagt på sørsida av elva. Anders hadde teke til å dyrke frukt og bær, og det heldt ho fram med då borna vart større. Dei hadde 4 born: Olina Leonora, Olav, Olina og Karen.

    Olina Leonora dødde av kikhoste som småbarn. Olav overtok Sjurebruket. Olina vart gift med Karl Loen (sjå om henne i bolken om Markusslekta). Karen Loen (1907) har gått kurs på Nordfjord folkehøgskule. Den lengste tida har ho vore på Hotel Alexandra, og ei tid var ho salsjef. I mange år styrde ho Richards Kro. Etter at ho nådde pensjonsalderen har ho ofte hatt føremiddagsarbeid på Hotel Alexandra. Når ho har vore heime har ho butt på Sjurebruket, og ho stelte med mor si den siste vinteren då ho var sjuk.

    Opp til overordna kapittel

    3.4 Olav Andreassen Loen (1903-1984)

    Olav har gått Voss folkehøgskule, og han har hatt interesse for kultur og litteratur, og han skreiv nokre bøker. Han var formann i Firda ungdomslag, der han vart heiderslagslem. Frå 1951 har han vore skriftstyrar for Årbok for Nordfjord til 1980. I 8 år var han med i kringkastingsrådet, og han har fått kongens forteneste medalje. Han har og vore med i kommunestyre og formannskap. Han vart brukar i 1932 og fekk skøyte i 1940. I 1932 gifte han seg med Aslaug Andreasdotter Undertun (1910-1986). Ho kom frå Eivindvik i Sogn. Ho har gått Fjordane Folkehøgskule og Stryn Husstellskule. Ho har hatt stor interese for arbeidet på garden både ute og inne. Dei bygde ny driftsbygning i 1962. Aslaug har vore studieleiar i Loen og Rake bondekvinnelag og i mange år bibliotekar i Loen bibliotek.

    Dei har 3 born: Marta, Gjertrud og Audun.

    Marta Loen (1933) har gått Firda Gymnas og Hamar lærarskule. Sidan har ho gått Stabekk husstellskule. Ho har vore lærar i Indre Arna og på Kjelsås i Oslo. Ho er gift med Peder Havnvik (1930), og dei har kjøpt seg hus og bur i Oslo. Peder er frå Hitra. Foreldra til Peder hadde gardsbruk på Vedøy, ei lita øy nær Hitra. Peder har reist til sjøs i 10 år og var maskinist. Sidan gjekk han teknisk skule i Oslo og er noingeniør i firmaet Henriksen og Horgen i Oslo. Han har nooverteke garden på Vedøy, og stelt i stand husa, og der til reiser dei no og bur i ferien

    Gjertrud Loen (1935) har gått realskule på Sandane og heimeyrkeskulen på Jølster. Har utdana seg i telefonen og har sidan hatt arbeid i televerket i Bergen og på Tingvoll. Ho er gift med Gunnar Bråttvik. Han har ein eigdom med jord og skogbruk. Han har gått jordbrukskule og handelskule, og arbeider i trygdekontoret på Tingvoll. Dei har bygt seg nytt stovehus på ei tomt utanom gardsbruket. Dei har to born: Aud Bråttvik (1963) og Anders Bråttvik (1965)

    Audun Loen (1939) har gått realskule i Stryn , Langvin jordbruksskule, førebuande kurs for Ås på Hamar og Norges landbrukshøgskule på Ås. Han fekk skøyte på garden i 1972, og har dyrka opp 27 dekar av jorda på sørsida av Loelva. Han er gift med Marit Haug frå Oslo, og dei bor i Oslo. Audun har for det meste arbeidd i Statistisk Sentralbyrå. Marit har gått realskule og kontorlærlingskule, og ho har arbeidt i forsikringsselskapet Norden. Seinare har ho overteke som barneparkleiar i nærleiken av der dei bor. Ho har stor interesse for gamal kultur og folkedans, og er aktivt med i Nordfjordlaget og i Sogn og Fjordane ringen i Oslo. Dei har to born: Olav Loen (1973) og Marte Loen (1976).

    Gå til top dokument

    4. Framigardsslekta på Rake.

    Fig. Slektsgreiner på Sjurebruket i Loen
    Slektskapet med Sjurebruket

    Bruket og slekta på bruket
    4.1 Framigardsbruket
    4.1.1 Arent Arentson Rake (1826 - 1898).
    4.1.2 Lars Arentson Rake (1849 - 1883)
    4.1.3 Lisabet Larsdtr. Rake (1883 - 1967)
    4.1.4 Lars Eliasson Rake (1911 -1985)
    4.1.5 Den yngste ættleden på Framigardsbruket

    Utflytte
    10 Marså (Brite (1848))
    10 Rake Iowa i USA (Arent (1858))
    9. Ole Andersen si slekt i USA (Anna Pernille (1862) og Rakel(1863))
    4.2 Borna til Lisabet og Elias

    Opp til overordna kapittel

    4.1 . Framigardsbruket på Rake

    Framigardsbruket på Rake har gardsnr. 82 bruksnr. 5 i Stryn kommune. Rake er ein svært gamal gard. I stranda mellom Rake og Solvik er der gravrøyser som truleg er frå bronsealderen (Bygdeboka Innvik-Stryn, bind 1 1973, side 659), og der er funne ei grav frå vikingtida. Rake er nemnd i Bjørgvinnar Kalvskinn og Munkelivsboka frå det 13. og 14. hundreåret. I 1602 og 1721 er Framigardsbruket nemnt. Det er i 1721 at Lars Arentson Fosnes kjem som ny brukar og får skøyte. Skøyte på heile bruket får han i 1724, og ein halv laup som Arne Bøe hadde gjeve til fattige spilte, fekk han skøyte på i 1726 for 30 rdl. Frå han kjem den slekta som no er brukarar, og det har sidan skift mykje med Lars og Arent.

    Opp til overordna kapittel

    4.1.1 Arent Arentson Rake (1826 - 1898).

    Med giftarmålet mellom Arent og Malene Olsdotter Loen(1823 - 1890) vart det slektsamband mellom Framigardsslekta og Sjureslekta. Det vart gjort søskenbyte slik som det ofte var i den tida. Malene vart gift med Arent Framigard og søstera hans, Olina, vart gift med Sjur-Anders. I den tid såg dei mykje etter medel og vørnad, og det var vel foreldra som har funne ut at det var høveleg med eit slikt giftarmål. Det var jamt vørdelege folk på begge sider, og på den måten kunne dei halde på medelen innanfor slekta.

    Om Arent vert det fortalt at han var ein mykje nytta kvaksalvar, og han var flink å stelle med sår. Det fortelst og at han kunne stemme blod, og hadde Svarteboka. Det er ingen no som veit kvar den har vorte av. Det har vorte nemnt at ho kan ha kome bort då dei hadde nervefeber, for då dei gjorde reint, var det mykje som vart oppbrent. Arent var og mykje nytta som kjømeistar, og han hadde eit svært sterkt songmål. Det var alltid han som vart nytta som forsongar i gravøl. Rake hadde gravstaden sin ved Oldekyrkja i den tid, og dei rodde alltid når dei for til kyrkje, og det ikkje var is på fjorden. Dei brukte det slik at når båtane med likfølgjet kom fram til Skarstein landet stogga dei å ro, og då song dei ein salme. Petter Solvik som då budde på Brynestad, har fortalt at han høyrde songen opp til Brynestad, og han høyrde kor Arent song over dei andre. Far til Arent døde 43 år gamal i 1825, og året etter fekk Arent skøyte på bruket. Han var berre eit barn, og brukar vart han ikkje før kring 1850. Om Malene er det ikkje noko sers som er fortalt, men ho fekk ein stor barneflokk, så ho fekk sikkert nok å gjere med å halde alt i stand ute og inne. Vi veit at det var mykje arbeid både i stova og i fjøsen den tid som fall på kvinnene. Dei måtte og vere med ute og hjelpe til på åker og eng. Somme tider fall og setergonga på kona i huset. Når vi så tenkjer på kor mange born dei fekk, så sa det seg sjølv at fristundene vart sjeldne. Det seiest at dei i alt hadde 12 born, men vi veit berre om 9 som levde opp. Det var : Lars, Arent, Brite, Jannikke, Oline, Anna, Rakel, Andrine og Malene.

    Om desse borna veit vi at Lars tok over garden, og slekta hans heldt fram der. Brita vart gift med Karolus Marså. Av dei andre søskena var det berre Andrine som vart verande heime. Ho fekk ein gut som heitte Johannes. Han voks opp i Framigard, og då han var 10 år, for han til Amerika. Andrine var ei svært ven kvinne, men ho fekk ein ulukkeleg lagnad, og ho døydde ung. Dei andre søskena for alle til Amerika då dei vart vaksne.

    Opp til overordna kapittel

    4.1.2 Lars Arentson Rake (1849 - 1883)

    I 1869 - 70 var det utskiftning på heimebøen på Rake, og dei fleste vart då fløtte ut or det gamle tunet. Framigard vart då sitjande igjen i det gamle tunet. Lars fekk eit stort arbeid med å dyrke opp og rydje dei gamle tuftene til dei som fløtte bort. Skøyte fekk han i 1877. Det var berre 6 år han styrde bruket, for han fekk lungebetennelse og døde i 1883. Året etter er det ein ny Lars som er brukar på garden, med di enkja Malene Lassedtr. Opheim (1851 - 1903) gifter seg med Lars Rasmusson Ytre- Eide (1846 - 1934). Enkjer var gjvaste gifte gutane kunne få når dei ikkje sjøl hadde gard. Enkja tok mot tilbodet med glede også av praktiske grunnar. Det var ikkje godt å styre med ein gard utan å ha ein mann som tok dei tyngste taka. Difor ser vi i gamle kjelder at kvinnene var sjeldan noko serleg meir enn eitt år i sitt enkjestand. I første ekteskapet med Malene og Lars Arentson var desse borna: Malene, Rakel, Arent og Lisabet. I andre ekteskapet hadde Malene og Lars Rasmusson desse borna: Rasmus, Ludvig og Lovise.

    Då broren Arent døde ung, var det den yngste dottera som tok over farsgarden. Dei andre søstrene, Malene og Rakel, for tidleg til Amerika. Borna i det andre ekteskapet, Rasmus, Ludvig og Lovise reiste alle til Amerika. Rasmus var ugift, han kom heim og budde i lang tid med Malene og Rangvald Oppheim. Han bur no på Heimen i Stryn.

    Opp til overordna kapittel

    4.1.3 Lisabet Larsdtr. Rake (1883 - 1967)

    Broren Arent døde 21 år gamal, og søstrene Malene og Rakel var farne til Amerika. Det var derfor Lisabet som fekk skøyte på garden i 1905. Ho vart gift med Elias Olson (1873 - 1937) som var frå Kolbeinsbruket (nr 1) på Rake. Han hadde ei tid vore i Amerika. Då han kom heim, gifte han seg og tok over Framigardsgarden. Rake ligg fint til mot syd og har sol heile året. Det hadde i lang tid vore dyrka både epler og pærer, men no vart dei kjende med nye og betre sortar både av epler og pærer og plommer, og det vart planta nokre nye tre. Men den store fruktdyrkinga på Rake kom først i neste generasjon.

    Det var ein stor huslyd på garden, og dei hadde kårfolk i det meste av si styringstid som skulle ha sitt. Dei måtte ofte ty til sjøen for å skaffe det daglege brød. Dei hadde små kastenøter, som dei ofte var to mann om. Med den kasta dei etter skræfisk, det er småfisk som smelte (kviting), hyse og flondre. Om våren kasta dei etter ørret. Dei hadde og ei storenot som heile grenda var i hop om, og om hausten og førejulsvinteren var dei ute med den for å kasta etter brisling eller notasild. Dette vart ofte slitsamt når ein attåt hadde alt stellet på garden. I den tid var det endå gjort med mykje handemakt. Det var ein stor barneflokk. To gonger var det tvillingar og i alt var det 11 born: Pernille, Malene (tvilling med Pernille), Arent, Lars, Olina, Ola, Anna, Ester, Gudrun, Anton og Einar. Dei to siste var og tvillingar. Då Arent døde ung, var det Lars som tok over Framigardsbruket.

    Opp til overordna kapittel

    4.1.4 Lars Eliasson Rake (1911 -1985)

    Lars fekk skøyte i 1947, og han tok til å plante ut heile garden utanom ystebønen med frukttre. Han har no ein gild frukthage i sin beste bærealder. Han har og prøvt med gulerøter og jordbær, men det har det vore mindre av i det siste. Han har fløtt husa bort frå det gamle tunet, og har bygt nytt stovehus i to høgder, og ny driftsbygning. Det siste er at han utvidar driftsbygningen med eit fruktlager. Det har vore stor omsnunad og framgang. Lars har også hatt mange andre interesser. Han har vore med i Stryn kommunestyre, og i mange andre nemnder. Særleg interessert har han vore i arbeidet med fruktavlen og i hagebrukslaget der han og har vore formann og med i styret. Lars var gift med Borghild Andersdtr. Svarstad. Dei har hatt desse borna: Liv, Eli, Else, Astrid, Eivind, Audun og Atle.

    Opp til overordna kapittel

    4.1.5 Den yngste ættleden på Framigardsbruket

    Liv (1938) er utdana som sjukesøster og er gift med Olav Herstad (1932). Han er amanuensis på Landbrukshøgskulen på Ås. Dei har 2 born : Are og Berit.

    Eli (1941) er lærar og gift med Jostein Vik (1941). Han er og lærar og dei bur i Ulsteinvik. Dei har 4 born: Bente, Randi, Bjørnar og Elin.

    Else (1943) er sjukesøster, og er gift med Kjell Magne Aarflot (1944). Han er lektor. Dei bur på Jessheim og har to born: Vibeke og Bente.

    Astrid (1945) er gift med Jostein Bjørdal (1944) og er husmor. Han er bergverksingeniør og dei bur i Svelgen. Dei har 2 born: Lisbet og Britt.

    Eivind (1947) har gått Norges tekniske høgskole i Trondheim og er sivilingeniør. Han bur heime og driv farsgarden.

    Audun (1950) er bilelektrikar og arbeider på Vest karosserifabrikk i Stryn. Han er gift med Kari Berstad (1956). Ho er syerske på Kvamme konfeksjon i Olden. Dei bur i Olden. Dei har 3 born: Anne Britt, Marianne og Lars Ove.

    Atle (1956) studerar ved universitetet i Bergen.

    Opp til overordna kapittel

    4.2 Borna til Lisabet og Elias Rake

    4.2.1 Slekta Hammer i Invik (Pernille)
    4.2.2 Slekta i Solvik (Malene).
    4.2.3 Arent Eliasson Rake (1910 - 1933)
    4.2.4 Slekta på Nordfjordeid (Olina)
    4.2.5 Slekta i Oslo (Ola).
    4.2.6 Slekta i Olden (Anna)
    4.2.7 Slekta i Modum (Ester)
    4.2.8 Slekta i Stryn (Gudrun).
    4.2.9 Anton Eliasson Rake (1924)
    4.2.10 Slekta i Egersund (Einar).

    Opp til overordna kapittel

    4.2.1 Slekta Hammer i Invik (Pernille).

    Pernille Oline Eliasdtr. Rake (1908) vart gift med Toralf Hammer (f. 1904). Ho har gått husstellskulen i Stryn og eit kurs i kjolesaum. Toralf har gått i snikkarlære, og arbeidde ei tid som bygningsmann. Dei overtok garden på Heggdal i 1933. Våningshuset var bygd i 1885, og det har dei modernisert frå kjellar til loft. Ny driftsbygning bygde dei i 1967. Garasje med verkstad vart bygd i 1975, og ei smie vart bygd i 1973. Mykje av jorda har vorte nydyrka i deira tid, ca. 20 dekar. Dei har 4 born: Oddlaug Herdis, Herleif Olav, Erling Asbjørn og Liv Malmfrid.

    Oddlaug Herdis (1929) er fagsekretær ved Heibergs Museum i Kaupanger. Ho har eksamen i historie frå distriktshøgskulen i Sogndal. Ho er gift med Richard Hilde (1932). han er disponent for Sogndal samyrkelag. Dei har bygt seg hus i Sogndal.

    Herleif Olav (1931) har gått Langvin jordbruksskule, og er no brukar på heimegarden på Heggdal.

    Erling Asbjørn (1934) har gått Bergens Tekniske skule i 1959, og Norges tekniske høgskole i Trondheim. Han er sivilingeniør og er professor i fysikk ved universitetet i Bergen. Han er gift med Ingrid Berdal (f. 1932). Ho er sjukepleiar. Dei har 2 born: Randi og Lisbeth.

    Liv Malmfrid (1934) er gift med Gunnar Tunsberg. Han er banereperatør på Norges Statsbaner, og dei bur i Flåm. Dei har 3 born: Tor Inge, Helge og Ann Elin.

    Opp til overordna kapittel

    4.2.2 Slekta i Solvik (Malene).

    Malene Eliasdtr. Opheim (1908) gjekk Nordfjord Folkehøgskule på Vereide, og ho har gått vevkurs. Ho vart gift med Ragnvald Johannesson Opheim (f. 1907). Han har gått kurs i fruktdyrking og snikkarkurs. Dei fekk skøyte på Lundestad gnr. 82 bnr 19, fråskilt frå Framigardsbruket. Dei tok til som bureisarar og bygde både lade og våningshus. Mykje av garden har dei dyrka, og halve garden er utplanta med frukttre. Dei har 3 born: Irene, Atle og Jostein.

    Irene (1935) er utdana sjukesøster. I 1960 reiste ho til Amerika, og vart gift med Teodor Kreuser (f. 1937). Han er kjemiingeniør. Dei bur i Woodbury Minnesota. Dei har 3 born: Teodor (1967), Ingrid Marie (1970) og Anne Cathrine (1973).

    Atle (1936) har gått hagebruksskule i Ulvik og Norges landbrukshøgskole på Ås. Han er no disponent for Møre og Romsdal eggsentral. Han er gift med Tordis Blytt, Vallevåg i Sunnhordland (f. 1936). Ho har gått realskule og hagebruksskule. Ho er sjukepleiar og husmor. Dei har 3 born: Grete (1959), Marit (1960) og Ragnhild (1970).

    Jostein (1937) har gått Firda gymnas og teknisk skule i Gøteborg. Han er no avdelingsingeniør på teknisk kontor i Stryn. Han fekk skøyte på Lundestad i 1976, og har bygt nytt kårhus der. Han er gift med Laila Bjørnstad frå Eidsberg (f. 1938). Ho er husmor. Dei har 2 born: Wenche (1967) og Leif Runar (1968).

    Opp til overordna kapittel

    4.2.3 Arent Eliasson Rake (1910 - 1933)

    Arent var elste guten og tenkte seg til å ta over Framigardsbruket. Han hadde sers gode evner, og vitnemåla hans frå folkeskulen var reint eit sersyn. Han hadde sers godt i alle fag, og lærar Elias Solheim sa at det var den beste elev han hadde hatt. Han gjekk realskulen i Stryn. Han hadde mange interesser og prøvde på ymse ting m.a. kunstmåling. Han hadde mykje hug til å gå meir på skule, men det var ei økonoimisk vanskeleg tid. Underoffiserskulen var billegare enn andre skular, og han søkte om plass der, men så vart ikkje livsdagen hans lenger. Han døde ved ei drukningsulukke på bading i Marsåvika.

    Opp til overordna kapittel

    4.2.4 Slekta på Nordfjordeid (Olina)

    Olina Eliasdtr. Rake (1913) vart gift med Ola Norman Wedvik (f.1910). Ho er husmor og sydame. Ola Normann gjekk Fjordane Folkehøgskule. I nokre år var han fiskar, men seinar arbeidde han i Statens vegvesen som vegarbeidar. Dei bor på Nordfjordeid, og har 4 born: Leif Sam, Anne Lise, Egil og Atle.

    Leif Sam (1936) arbeider som elektrikar. Han er gift med Henny Alvrund f. Solheim (f. 1941) Ho arbeider som ekspeditrise på butikk. Dei bor på Nordfjordeid og har 2 born: Elin Marie (1960) og Merete (1966).

    Anne Lise (1940) har gått husstellskule og tannlegeassistentskule ved rikshospitalet i Oslo. Ho er gift med Ole Jakob Lilloe Salvesen (f.1931). Han har teknisk skule og arbeider som ingeniør. Dei bor i Sandvika i Bærum. Dei har 2 born: Christian (1964) og Knut (1966).

    Egil (1943) har gått yrkesskule (typografilina). Han arbeider no som typograf. Han er gift med Gunvor Lihegna (f. 1950). Ho har gått realskule og er husmor. Dei bor i Porsgrunn og dei har 2 born: Liv Marit (1970) og Ole Jonny (1972).

    Atle (1948) har gått Norges tekniske høgskule og Norges Lærarhøgskule. Han arbeider som sivilingeniør. Han er gift med Gerd Løwe (f. 1952). Ho har postasistentutdaning, og har arbeidd som postekspeditør, og seinare som husmor. Dei bor i Gjettum i Bærum. Dei har 2 born: Øyvind (1975) og Håvard (1977).

    Opp til overordna kapittel

    4.2.5 Slekta i Oslo (Ola).

    Ola Eliasson Rake (1915) hadde sers hug til å gå skulevegen, men det var økonomiske vanskar som stengde. Det ordna seg likevel slik at han fekk reise til Firda Gymnas på Sandane, og der tok han eksamen med godt resultat. Sidan utdana han seg til tannlekjar, og tok til som tannlekjar i Stryn. Det gav han midlar til å reise til universitetet i Oslo og utdane seg til lækjar, og sidan tok han spesialutdaning i kjevekirurgi. Han vart assisterande overlege ved kjevekirurgisk avdeling ved Ullevål sykehus.

    Med sine gode evner og energiske arbeid kom han seg vel fram, og han vart til hjelp og føredøme for den evnerike søskenflokken sin. Mange av dei har reist på skule for å få lærdom og utdaning.

    Ola vart gift med Kjellaug Rasmusdtr. Yri (f. 1918). Ho har teke eksamen på handelsgymnas, og sidan utdana seg til Røde Kors søster. I tillegg til å vere husmor arbeidde ho på deltid som sjukepleiar ved Grefsenhjemmet Sykehus.

    Ola og Kjellaug har adoptert Olav Rake (f. 1958). Han har gått bilmekanikarlinja, og var tilsett som bilmekanikar ved eit privatfiram i Oslo. Han er gift med Elisabet Nordheim (f. 1959). Ho har studert filologi ved Universitetet i Oslo.

    Ola og Kjellaug har no bygt hus i Olden og har flytta dit. Adoptivsonen Olav og hans familie har overteke heimen på Grefsen i Oslo.

    Opp til overordna kapittel

    4.2.6 Slekta i Olden (Anna)

    Anna Eliasdtr. Rake (1917) har gått jordmorskule i Bergen, og sjukepleiarlære på Haukeland sjukehus. Ho var bestyrar av fødeheimen i Årdal i Sogn, og vart distriktsjordmor i Olden. Ho har no i mange år arbeidd på fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus delt med distriktsjordmor-post. Ho gifte seg med Knut Alfred Andreasson Eide (f. 1909). Han var gardbrukar og tunellarbeidar. I eit snøras i 1964 fekk han skade og vart delvis arbeidsudyktig. Dei har bygt hus på Auflem i Olden. Dei har 2 born: Åse og Anders.

    Åse (1938) er utdana operasjonssøster og arbeider på Nordfjord sjukehus. Ho vart gift med Svein Kjøsnes. Dei har ein son: Stig Kolbjørn (1969).

    Andreas (1944 - 1977) hadde militærutdaning og var løytnant. Han tok ingeniøreksamen i 1977. Han døde brått av hjerneblødning. Han hadde ein son: Knut (1974). Han bor i Harstad

    Opp til overordna kapittel

    4.2.7 Slekta i Modum (Ester)

    Ester Eliasdtr. Rake (1920) gjekk Volda lærarskule, og er no lærar i Vikersund, Modum kommune. Ho vart gift med Arne Warholm (f. 1927). Han gjekk Nesna lærarskule, og er også lærar i Vikersund. Dei har 2 born: Kjell (1952) og Endre (1955).

    Opp til overordna kapittel

    4.2.8 Slekta i Stryn (Gudrun).

    Gudrun Eliasdtr. Rake (1922) er utdana sjukesøster, og er no husmor og heimehjelp. Ho vart gift med Arne Johannesson Bøyum (f.1919). Arne har gått lærarskule, og Norges tannlegehøgskole. Han er no distriktstannlekjar i Stryn. Han har hatt mange ombod av ymse slag i kommunen. Dei har bygt hus og bor i Stryn. Dei har hatt 2 born: Egil (1955) og Joar (1958 - 1968). Joar døde ung.

    Opp til overordna kapittel

    4.2.9 Anton Eliasson Rake (1924)

    Anton gjekk Firda Gymnas, og utdana seg til radiotelegrafist. I fleire år var han radiotelegrafist på båtar i utanriksfart. Han kjøpte Solbakken gnr. 82 bnr 24 på Rake, og fekk skøyte i 1959. Der bor han no.

    Opp til overordna kapittel

    4.2.10 Slekta i Egersund (Einar).

    Einar Eliasson Rake (1924) har gått Firda Gymnas og Norges tekniske høgskule i Trondheim, og utdana seg til sivilingeniør. Han er no tilsett som teknisk sjef i Egersund. Han er gift med Anna Sørensen (f.1930) og dei har 2 born: Eivind (1955) og Tor Inge (1958). Eivind har gått Norges tekniske høgskule, og Tor Inge har gått lærarskule.

    Gå til kap 4. Framigardsslekta på Rake

    5. Marsåslekta

    Fig. Slektskapet med Sjurebruket i Loen

    Bruket og slekta på bruket
    5.1 Marsåbruket
    5.2 Brite Arentsdtr Rake (1848 - 1937).
    5.3 Malene Karolusdtr. Marså (1878 - 1911)
    5.4 Karolina Karolusdtr. Marså (1887 - 1969)
    5.5 Bertanna Simonsdtr. Rake (1903)

    Utflytte
    6. Kolbeinbruket på Rake (Rakel 1873)
    7. Nedreberg (Dina 1897)
    8. Marsåslekta i USA

    Opp til overordna kapittel

    5.1 Marsåbruket

    Marså (gnr. 83 bnr. 1 i Stryn kommune) er ein einbølt gard som ligg mellom gardane Rake og Strand i Loen kyrkjesokn. Det er ein svært gamal gard, å døme etter at det i fjæra i sjøen nedanfor garden er ei eller to gravrøyser frå vikingtida. Desse gravene er visst ikkje blitt granska. På garden har dei og funne ei gamal handkvern. Elva Marså som garden har fått namn etter, er grensa mot aust til Rake, og der er svaberg og hamrar kring heimebøen. Garden ligg solvend og er grøderik. I lia står det mykje bjørk og hatleskog som høyrer garden til. I gamal tid var det skogen med ved og slåttemark som gjorde garden verdfull og leveleg, det gav arbeid og livberging til mange menneske, som det ofte var på gardane i eldre tid. I bygdeboka for Innvik - Stryn i bind 1 side 669 finn vi at garden hadde kvern i elva, til å male korn, alt i 1661.

    Ei tid på 1500 talet er ikkje garden nemnd, og det kan tenkjast at han då låg øyde. Men frå 1602 høyrer vi om at garden var i buk. Den første vi høyrer om heitte Oluf. Dottera hans fekk ein overlag låk lagnad. Ho fekk barn med Ivar R. Flo som var gift med frenden hennar. Ho fødde barnet i dølsmål, og vart dømd til å misse livet for å ha drepe barnet sitt, og vart avretta i Bergen i 1630. Ivar Flo fekk ei pengebot på 30 rdl. (Dette står i bygdeboka). Brukarane vart tidleg sjølveigarar. Botolv Simonson løyste ein part av garden og fekk skøyte i 1720, og resten løyste han og fekk skøyte på i 1727. I fleire ættledar har der vore ein plassemann som hadde eit stykke av jorda som vart kalla Storekvia. Det vart fråskilt med skøyte i 1927 og fekk namnet Skogli. I 1937 kjøpte dei noko meir jord til plassen.

    I 1805 kom der ein Peder Andersson Flo og vart brukar på Marså, han fekk skøyte i 1816. Han var truleg frå Øvre-Flo, bnr. 5. Sidan den tid er det same slekta som har vore eigarar. Det var sonesonen til han som kom frå Flo som gifte seg med Brite frå Framigardsbruket på Rake.

    Opp til overordna kapittel

    5.2 Brite Arentsdtr. Rake (1848 - 1937).

    Med giftarmålet mellom Karolus Anderson Marså (1846 - 1926) og Brite kom Framigardsslekta på Rake og dermed Sjureslekta i Loen inn i Marsåslekta. Det vart etter kvart ein stor huslyd på Marså. Dei fekk 11 born som vaks opp og ein som døde som barn. Det vart mang ein hard arbeidsdag i skog og mark for Karolus og Brite. Karolus tok mykje av livberginga frå skogen. Kvar vinter var han i skogen og skaffa byføring av famneved av bjørk. I ruskever og om vinterkveldane var det å smie bunte-hatleband. Om våren var det å reise til Bergen med jekt og selje veden og banda, og smør og andre jordbruksvarer. Etter mange år vart han noko lut i herdane av arbeidet. Brite var og den som med sitt gode humør kunne få arbeidet til å gå unna. Det var 6 gutar og 5 gjenter som vaks opp. Av døtrene var det berre Malene som for til Amerika. Hofekk tuberkulose og kom heim og døde heime.

    Alle 6 gutane for til Amerika, og dei vart verande der borte. Dei fleste fekk seg farmar, og alle slo seg godt fram i den nye verda. Den eldste dottera gifte seg med Simon Olsen Rake, og dei overtok Kolbeinsbruket på Rake. Dina var den yngste og ho gifte seg med Peder Jonson Nedreberg. Dei bodde på farsgarden hans Nedreberg, og han var ordførar i Stryn kommune. Elisabet døde 16 år gamal. Ho var fødd i 1885 og døde i 1902. Namna på alle borna som vaks opp var: Anders, Arent, Rakel, Johan, Malene, Lars, Elisabet, Peder, Karoline, Alfred og Dina

    Opp til overordna kapittel

    5.3 Malene Karolusdtr. Marså (1878 - 1911)

    Malene vart gift med Lars Kristianson Roset (1878 © 1949). Lars og Malene dreiv farming i Brimsmade, Nord Dakota. Dei gamle på Marså ynskte å få avløysing , og ville ta seg kår, og ingen av gutane i Amerika hadde høve til å kome heim og overta garden. Då avvikla Lars og Malene alt der borte og reiste heim i 1909, og fekk skøyte på Marså i 1910. Malene hadde fått tuberkulose og døde i 1911. Lars dreiv garden ei tid, men det var vanskeleg no då kona var borte, og han selde garden til Johannes Simonson Storesunde, som fekk skøyte i 1913. Lars gifte seg med Olina Pedersdotter Lillestøl frå Hornindal, og for på nytt over havet og busette seg i Canada. Lars og Malene hadde desse borna: Olga, Krest, Clarence og Olga

    Olga Roset (1902 - 1902) døde som barn.

    Krest Emil Roset (1903 - 1910) døde medan dei var på Marså

    Clarence Olaf Roset (1906 - 1958) var gift med Katie Lawyer. Dei livde i Brithish Colombia i Canada. Dei hadde 3 born: Mona (1944), Nora (1946) og Lorraine (1949)

    Olga Roset (1908) vart gift med Herbert Swanson (f. 1900). Dei dreiv farm i Monville, Alberta i Canada. Dei hadde 5 born: Gloria, Dennis, Larry, Ernest og Richard.

    Gloria Swanson (1937) vart gift med John Bray (f. 1934). Dei dreiv forretning i Edmonton, Canada. Dei har 2 born: Susan (1962) og Douglas (1964)

    Dennis Swanson (1942) vart gift med Majorie Christensen (f.1945). Dei dreiv busskøyring med eigne bussar. Dei har 3 born: Marilyn (1966), Heather (1969) og Blain (1974).

    Larry Swanson (1944) vart gift med Katherine Knutson (f. 1947). Dei bor i Edmonton. Dei har 2 born: Tamy (1969) og Laura (1973).

    Ernst Swanson (1946), gift med Dona Cholak (f. 1954). Dei har farm i Innisfree, Canada.

    Richard Swanson (1951), gift med Beverly Anderson (f. 1954). Dei bor i Edmonton, Canada. Dei har 2 born: Daryl (1977) og Kent (1979).

    Opp til overordna kapittel

    5.4 Karolina Karolusdtr. Marså (1887 - 1969)

    I ungdomen hadde ho huspostar og ymse anna arbeid både heime og på Austlandet. Då Marså©garden hadde kome ut av slekta, tykte både ho og andre at det var ille. Ho tok då garden igjen på odel og fekk skøyte i 1917. Ho dreiv garden i mange år, og ho hadde mykje strev då ho var åleine utan om foreldra som var gamle og var på kår. Til skogsarbeidet måtte ho leige karahjelp for å få famnved og band til sal. Det var tronge tider, og det var økonomisk vanskeleg for mange som hadde gjeld og måtte betale store renter i 20©åra. Då søsterdotter hennar, Bertanna Rake frå Kolbeinsbruket, gifte seg med Anders Lunde frå Yste Strand, overlet ho garden til dei. Sidan tok Karoline seg arbeid på Heimen i Stryn

    Opp til overordna kapittel

    5.5 Bertanna Simonsdtr. Rake (1903)

    Anders Lunde (1895) hadde drive med ymse arbeid. Etter at han vart gift med Bertanna Rake, tok dei over garden på Marså og fekk skøyte i 1929. På Marså var det mykje skog og lite dyrka jord. Anders tok no til å dyrke opp meir jord, og han planta mykje av jorda til med frukttre. Marså ligg fint til og høver for fruktdyrking. Dei har bygt nytt våningshus på garden i si tid. Anders har vore presten sin medhjelpar i Lokyrkja i mange år. Dei har 3 born: Jens, Sverre og Åge.

    Jens Anderson Lunde (1927) har gått Firda Gymnas, og utdana seg til ingeniør i Gøteborg. Han er bygningsingeniør med eige firma: Lunde Bygningsingeniør-byrå, Akersberga ved Stockholm.Han er gift med Ragnhild Ingeborg Marie Sahlen (1930). Ho er kartteiknar. Dei har 2 born: Bjarne (1961) og Christer (1964).

    Sverre Andersson Lunde (1929) har overteke Marså, og fekk skøyte i 1968. Han har utdana seg til målar, og driv det som yrke saman med gardsbruket.

    Åge Andersson Lunde (1939) har gått framhaldsskule og Nordfjord Folkehøgskule. No arbeider han som rørleggjar i Stryn.

    Gå til kap. 5. Marsåslekta

    6. Kolbeinsbruket på Rake

    6.1 Slekta på Bruket
    6.2 Borna til Rakel og Simon Olsen Rake
    6.3 Borna til Kristina og Ola S. Rake

    Kolbeinsbruket har gardsnr 82 bruksnr 1 i Stryn kommune.

    Opp til overordna kapittel

    6.1 Slekta på bruket

    Ei ny slekt kom inn på dette bruket då Ola Simonson Muri (1833 - 1921) kjøpte dette bruket og fekk skøyte i 1882. Han åtte tidlegare eit lite gardsbruk på Muri gnr 86 bnr. 4 som kona hans Pernille Olsdtr. (1836 - 1904) hadde odelsretten til. Ola var frå ein husmannsplass på Muri. Han hadde gode evner, framtak og arbeidsvilje. Han selde bruket på Muri og fløtte til Rake. Kolbeinsbruket som han kjøpte, var etter våre tilhøve ein stor gard, og låg slik til at sjøen var ein god lunnende til garden. Og så hadde dei små kastenøter som dei var eitt eller to bruk om.

    Ola var med og kjøpte Raksjekta som var bygd av folk frå Gloppen. Namnet stod måla med store bokstavar i akterenden "Alia Olden 1887". Eigarar til jekta var Ola (Muri) Rake, Daniel Muri, Johannes Opheim og Knut Rake. Jekta gjekk kvar sommar med byføring til Bergen, oftast meir enn ein tur for sommaren. Full byføring rekna dei var 85 famner bjørkeved, 300 buntar hatleband og dertil bjørkeplank på toppen. Jekta var i bruk til 1914, då vart ho seld til Måløy. Der la dei dekk på henne, og ho vart nytta til å salte sild ombord. Ho vart opphogga i kring 1925. Ola var utanom å vere gardbrukar også med i Innvik heradsstyre og hadde mange kommunale ombod.

    Rakel Karolusdtr. Marså (1873 - 1947).

    Rakel gifte seg inn på Kolbeinsbruket. Mor hennar, Brite Marså, kom frå Framigardsbruket på Rake. Rakel gifte seg med Simon Olson Rake (1867 - 1972). Simon var eldste son til Ola og Pernille Rake. Simon hadde stor interesse for sjøen, og han var notbas på storenota når dei dreiv sildefiske, elles hadde han ei mindre kastenot som dei brukte etter småfisk og ørret. Han var med i Innvik heradsstyret. Noko av det siste dei gjorde før Simon døde var at dei bygde eit stort stovehus på garden. Han vart ingen gamal mann og døde 60 år gamal. Dei hadde desse borna: Ola, Pernille, Bertanna, Kristina, Ragna og Simon. Dei site to var tvillingar. Dei hadde og ein liten gut som heitte Knut og som døde som barn

    Ola Simonson Rake (1897)

    I sin ungdom var Ola ein tur til Nord Dakota i Amerika. Sidan arbeidde han på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane i 3 år. Då gifte han seg med Kristina Klemmetsdtr Opheim (1895 - 1981) og tok over garden. Skøyte fekk han i 1927. Han la seg serleg etter fruktdyrking, og mykje av garden vart utplanta med frukttre. Ola hadde mange interesser og ombod. Han var med i Stryn heradsstyre i fleire bolkar, og var formann i Stryn brannassuranse i mange år. Han har og vore medlem av likningsnemnda og overlikninga, og med i styret for Stryn elektrisitetsverk. I over 50 år har han vore fyrvaktar for fyret på Raksneset. Dei har desse borna: Ruth, Erna, Solfrid, Sverre, Kristi, Kåre og Bergit.

    Sverre Olson Rake (1930)

    Sverre har gått snikkarskule og eit kurs på jordbruksskulen i Aurland. Han gifte seg med Klara Andersdotter Loen (1937). Klara har gått husstellskulen i Stryn og er husmor. Dei fekk skøyte på garden i 1962. Dei har halde fram med å plante frukttre, og dei har teke til med dyrking av bringebá'ár. Dei har bygt både ny driftsbygning og nytt stovehus. I dei gamle husa bodde Ola og Kristina, og hjå dei bur Simon, bror til Ola. Sverre og Klara har desse borna: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969)

    Opp til overordna kapittel

    6.2 Borna til Rakel og Simon Olsen Rake

    Pernille Simonsdtr. Rake (1900 - 1973)

    Pernille vart gift med Bendik Jonsson Brynestad (1896 - 1928). Bendik dreiv ei tid som skomakar i Olden. Etter at han gifte seg med Pernille for dei til Amerika og busette seg i Billingi Montana. Der dreiv han med salmakar og skomakarverksemd. Han døde ung og Pernille fekk ei vanskeleg tid, og tidene var i det heile svert vanskelege i 20-og 30- åra der borte. Ho var ekspeditrise i ei bakarforetning i meir enn 35 år. Dei hadde 2 born: Anna og Jon.

    Anna Bendiksdtr. Brynestad (1923) vart gift og mannen hennar dreiv med handel. Dei bor i Anshonage i Alaska. Dei har 3 born.

    Jon Bendikson Brynestad (1926). vart gift med ei som hadde slekt frå Irland. Dei har 2 born.

    Bertanna Simonsdtr. (Sjå om henne under Marsåbruket)

    Kristina Alvhild Simonsdtr. Rake (1905)

    Kristina er gift med Magnus Kristofer Svendal (1912). Kristina er husmor og Magnus er spesialarbeidar på Bergens jernstøyperi. Dei bor i Rådal ved Bergen Dei har 2 born: Oddvard Sigmund og Helge Ragnar.

    Oddvard Sigmund Svendal (1937) vart gift med Bodil Sofie Johannessen (f. 1940). Oddvar har gått framhaldsskuel, og arbeider no som transportsjef. Bodil har gått folkehøgskule, og arbeider no som montererske ved sida av at ho er husmor. Dei bor i Os kommune. Dei har 3 born: Jon Petter (1961), Tore (1964) og Sturla (1965)

    Helge Ragnar Svendal (1945), gift med Astrid Marie Nygård. Helge har gått framhaldsskule og er no sjåfør. Astrid har gått framhaldsskule og er husmor. Dei bor i Os kommune og har 2 born: Siw (1972) og Therese (1976).

    Simon Simonson Rake (1910).

    Simon var vegarbeidar, men fekk eksem så han laut slutte med det arbeidet. Han har drive heimefiske på fjorden. Han har butt hjå broren Ola på Kolbeinbruket

    Slekta Fredheim i Solvik (Ragna)

    Ragna Simonsdtr. Rake (1910) vart gift med Einar Elias Johanson Fredheim (1913). Ragna hadde ymse arbeid før ho gifte seg, sidan har ho vore husmor. Einar har vore bygningsmann. Dei fekk byggetomt på Kolbeinsbruket på Rake: Fredheim gnr 82 bnr. 28, og fekk skøyte i 1954. Einar er kyrkjetenar i Loen kyrkje. Dei har 4 born: Reidun, Jon Sigmund, Svein Reidar og Ruth Karin

    Reidun (1938) gjekk husstellskule i Stryn. Ho er gift med Roald Leiren (f. 1937). Han har skipparskule og er frakteskippar. Dei bor på Stanghelle. Dei har 5 born: Inger Rita (1960), Magne (1963), Ellen (1963), Tore (1968) og Roger Eivind (1969).

    Jon Sigmund Fredheim (1939) har gått framhaldskule og skule for heisemontørar og er no heisemontør. Han er gift med Karen Divimo (f. 1943) frå Målselv. Dei har hus og bor på Fagerstrand på Nesodden. Dei har 6 born: Terje (1962), Venche Lise (1964), Gunn (1965), Willy (1967), Johanne Karin (1968) og Roger Eivind (1969).

    Svein Reidar Fredheim (1943) har gått maskinskule i Sandefjord, var maskinsjef i Marinen og er no salskonsulent for Bergen Elektro©disel, Bergen. Han er gift med Liv Johansen (1947). Dei bor i Loddefjord ved Bergen. Dei har 2 born: Jarle (1967) og Rune (1971).

    Ruth Karin Fredheim (1945) arbeider i Sunde konfeksjon i Olden. Ho har ein son: Einar (1968).

    Opp til overordna kapittel

    6.3 Borna til Kristina og Ola S. Rake

    I tillegg til Sverre som overtok Kolbeinsbruket, hadde Kristina og Ola desse borna som reiste ut: Ruth, Erna, Solfrid, Kristi, Kåre og Bergit.

    Ruth Olsdtr. Rake (1926)

    Ruth er gift med Knut Edvardson Brynestad (1924). Knut er gardbrukar på Knutebruket, bnr. 6 på Brynestad, og han har bygt nytt stovehus på bruket. Han driv eit stort grustak der dei leverar grus og støypesand. Han har maskinar til arbeidet og køyrer med to varebilar. Ruth er husmor og har vore interessert med i fleire organisasjonar i bygda. Knut har vore formann i Olden Ungdomslag og leikleiar i Firda Ungdomslag

    Erna Olsdtr. Rake (1928)

    Erna er husmor. Ho er gift med Eivind Buvald Heggedal (1929). Eivind er transportsjef på Dikemark sjukehus. Dei bor ved Oslo. Dei har 3 born: Jørgen (1959), Einar (1962) og Martin (1962).

    Solfrid Olsdtr. Rake (1929)

    Solfrid er gift med Alf Hansen (1928). Alf har artium, Gøteborg Tekniske skule og utdaning frå Varwichire universitet of tacologi i England. Han er sivilingeniør. Solfrid er utdana sjukesøster. Dei bor i Oslo. Dei har 3 born: Jens (1959), Marit (1962) og Sissel (1964).

    Kristi Olsdtr. Rake (1932)

    Kristi er husmor. Ho er gift med Karstein Nesje (1933). Karstein er vegoppsynsmann i Statens Vegvesen. Han er med i kommunestyret og har vore varaordførar. Dei bor på Melheimhaugen i Olden og dei har 4 born: Atle (1956), Eli (1957), Ola (1958) og Kjell (1960)

    Eli er gift med Norvald Nedrebø. Han er bilmekanikar og dei bor på Skei i Jølster. Dei har eitt barn: Geir (1979).

    Kåre Olsson Rake (1935)

    Kåre er maskinførar hos Statens Vegvesen. Han har hatt ymse tillitsyrke i idretten og kommunale nemnder. Han har fått bustadtomt av farsgarden og bygt hus i Solvik. Han er gift med Jenny Flo frå Bryggja (1933). Jenny arbeider på Hotel Alexandra ved sida av at ho er husmor. Dei har 5 born: Odd (1955), Sigmund (1958), Kjell (1962), Ingun (1963) og Janne (1971).

    Sigmund er gift med Marit Løvlid (f.1959)

    Bergit Olsdtr. Rake (1937)

    Bergit er gift med Konrad Mossefinn (1936). Konrad har ei styrarstilling ved Televerket i Oslo og Bergit arbeider i telegrafen. Dei har bygt hus og bor i Kolbotn ved Oslo. Dei har 2 born: Conni (1955) og Konrad Emil (1957)

    Gå til kap.5. Marsåbruket

    7. Nedreberg

    7.1 Diana Karolusdtr. Marså (1897 (R) 1946)
    7.1.1 John Person Nedreberg (1922)
    7.1.2 Kåre Person Nedreberg (1928)

    Nedreberg (gardsnr 48 bruksnr 1 i Stryn) er ein gamal slektsgard, og Per Johnson har ættediplom av Norges Bondelag. Han er 12. generasjon av slekta som har vore brukarar og eigarar av denne garden. Alt frå det første vi høyrer om garden, var det bondegods, og brukarane har vore eigarar. Bestefaren Peder Jonson var gift med Helga Eriksdtr. Ulvedal. Ho skal vere av den mektige Randaætta som er kjend attende til Jon Simonson Rand som døde før 1490, og han seiest å vere ætta frå Audun Hugleikson (Hestekorn). Sonen deira, Jon Pederson, var gift med Ragnhild Jonsdtr Ytre(r)Eide. Dei dreiv garden godt fram, og dei bygde stort nytt våningshus i si styringstid. John hadde ymse tillitsyrke i kommunen.

    Opp til overordna kapittel

    7.1 Diana Karolusdtr. Marså (1897 (r) 1946)

    Per Johnson (1886 (r) 1973) har ved giftarmålet med Dina Karolusdtr. Marså kome saman med Framigardslekta på Rake og Sjureslekta i Loen. Per gjekk Voss folkehøgskule, og han kom tidleg med i arbeidet i ungdomslaget. I 20 år var han kasserar og med i styret for Firda Ungdomslag. I lang tid var han med i Stryn kommunestyre, og ordførar i fleire bolkar. Han hadde og mange tillitsyrke m.a. formann i forliksrådet, formann i elektrisitetsverket i Stryn, formann i vegnemnda og formann i Sunnfjord og Nordfjord fiskeristyre.

    Mykje av si tid ofra han på det kommunale arbeidet, men livsyrket hans det var å vere bonde på Nedreberg. Han ogDina har etter at dei tok over garden i 1922 hatt stor framgang på garden. Det vart dyrka jord og det vart planta frukttre, og garden ligg lagleg til for fruktdyrking. Far til Per hadde og stor interesse for frukt, og han var med i dei første frukt(r) og grønsakutstillingane i distriktet med fint resultat. Då dei fekk elektrisk kraft i 1920 sette Per opp ei sirkelsag på Lindset. Der kunne han sage tømmer frå eigen skog og take mot sagetømmer frå andre. Per og Dina hadde 2 born: John og Kåre.

    Opp til overordna kapittel

    7.1.1 John Person Nedreberg (1922)

    John har gått Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid, og Mindresunde jordbruksskule i Stryn. Han gifte seg med Ragna Eliasdtr. Strand (1925). Ragna har gått Nordfjord Folkehøgskule på Vereide. På garden har dei hatt ymse forbetringar på stovehuset, og halde fram med å plante frukttre. Han har og planta mykje skog. I 1976 ordna han det slik at han fekk mjølketank til gards. Jon har vore interessert i song og musikk, og han har vore med i Stryn mannskor sidan 1966, og han har vore organist i Randabygda kapell, og i Loen kyrkje. Dei har 4 born: Per Dag, Eivind Kjell, Terje Jan og Inge Odd.

    Per Dag Nedreberg (1951) har gått handelsskule på Nordfjordeid og Langvin Jordbruksskule i Innvik. Han·arbeidde i 2 år i Askvoll jordstyrekontor. Gjekk 4 å på Næringsmiddel-tekniske skule i Trondheim. Han er no pølsemakar ved Vestlandske Salslag i Bergen. Han er gift med Olaug Hovland (1956) frå Eikefjord i Sunnfjord. Ho er hjelpepleiar i Bergen. Dei bor i Åsane og har 2 born: Jon Eirik (1977) og Helge (1980).

    Eivind Kjell Nedreberg (1952) har gått handelsskule på Nordfjordeid. Han arbeider no som servicemann på Mobile bensinstasjon i Stryn. Han er gift med Åse Eide (1956) frå Ellingsøy. Ho har gått realskule og arbeider på hotel Alexandra i Loen. Dei har 2 born: Mai Rita (1976) og Frode (1979).

    Terje Jan Nedreberg (1955) har gått 2 år på Stend jordbruksskule. Han arbeider no på heimegarden, og skalverte den nye bonden på Nedreberg

    Inge Odd Nedreberg (1959) har gått yrkesskule i Stryn og arbeider på Humlen i Stryn.

    Opp til overordna kapittel

    7.1.2 Kåre Person Nedreberg (1928)

    Kåre er son til Dina og Per Nedreberg. Han gjekk realskule i Stryn. Han er no radiotelegrafist i Oslo. Han er gift med Else Johansen (1927). Dei kjøpte seg hus og bor i Drøbak. Dei har 2 born: Per Sigve (1958) og Bjørn (1960).

    Gå til kap. 5. Marså

    8. Marsåslekta i Amerika

    Karolus og Brite Marså hadde 7 born som reiste til Amerika, og dei har ei stor etterslekt der borte. Dei 7 borna var:

  • Andrew Marså, Rake, Iowa
  • Arnt Marså, Leeds, Nord Dakota
  • Malene Marså Roseth, Brimsmade, Nord Dakota
  • Lars Marså, Corinth, Brimsmade, Nord Dakota
  • Johan Marså, Roseville, California
  • Peder Marså, Roseville, California
  • Alfred Marså, Eureka, California

    Frå Jennie Marså Hill fekk Olav A Loen opplysningar om heile Marsåslekta i Amerika. Jennie var dottera til Lars Marså, men eg kjenner ikkje til korleis Olav A Loen kom i kontakt med henne.

    For Marsåslekta i Amerika har Olav A Loen stort sett berre oversett dei opplysningane han fekk tilsendt. I dette heftet har ein teke med tekstavsnitt bere for den første generasjonen av etterkomarar, og elles supplert med utskrift frå slektsdatabasen.

    Andrew K. Marså (1870 - 1961) var den første av Marså-familien som reiste til Amerika. Han reiste 19 år gamal i 1889. Han var i mange år postmeistar i Rake, Iowa. Han vart gift med Martha Erdahl. Dei hadde 4 born: Bertha (1899), Ruth (1901), Agnes (1902 - 1915) og Carl (1904 - 1979). Bertha og Ruth hadde 3 born kvar. Agnes døydde ung, og Carl var ugift.

    Arnt Johan Marså (1876 - 1957) reiste først til Rake, Iowa, og deretter til Brimsmade, Nord Dakota. Han farma først i Benson Country og sidan i 9 år i Williams Country. Han reiste seinare til Leeds, Nord Dakota. Han vart gift med Anna Marie Holm (1889 - 1966). Dei hadde 4 born: Clifford (1915 - 1922), Melvin (1917), Elvin Richard (1920) og Maurice (1925). Clifford døde medan familien budde nær Corinth, Nord Dakota, og han er gravlagd i Berthel kyrkjegarden. Melvin er gift og har to born. Elvin Richard er også gift og har eitt barn. Maurice har ikkje born, men også han er gift. Johan Marså (1882 - 1958) arbeidde som avdelingsleiar ved jernbana og budde ei tid i Brimsmade, Nord Dakota. Han arbeidde og i Drake, Nord Dakota og i Adolph og Duluth i Minnesota. Han slutta ved jernbanen og arbeidde i 34 år i ei jarnbedrift. Dei hadde heimen sin i Duluth, Minnesota. Han var gift med Olina Stenberg (1887 - 1960). Ho var fødd i Sandefjord. Dei hadde 7 born: Clarence (1909 - 1974), Alice (1910), Mabel (1913), Bernice (1915), Clara (1918 - 1938), Violet (1920) og Roymond (1921). Clarense og Clara vart ikkje gifte. Dei andre gifte seg og hadde etterkomarar.

    Malene Marså (1878 - 1911) reiste til Amerika saman med broren Johan. Ho vart gift med Lars Roseth (1878 - 1949). Lars var fødd på garden Roset i Innvik. Han reiste til Amerika i 1900 og fekk seg farm i Brimsmade, Nord Dakota. Malene fekk tuberkulose og dei reiste heim til Noreg i 1909. Dei overtok og fekk skøyte på garden Marså (Sjå meir om det i Marsåslekta i Noreg). Malene døde i 1911 og i 1913 reiste Lars og borna attende til Amerika, og flytta då til Canada. Han gifte seg på nytt, og kona var frå Lillestøl i Hornindal. Dei fekk ein son, Melvin Roseth. Han har etter at han vart vaksen vore ein tur heim til Noreg. Lars og Malene hadde 4 born: Olga (1902 - 1902), Krest Emil (1903 - 1910), Clarence Olaf (1906 - 1958) og Olga (1908) Både Clarence og Olga vart gifte. Clarence har 3 born og Olga har 5 born.

    Lars Marså (1880 - 1979) reiste til Brimsmade i Nord Dakota i 1905. Han arbeidde på farmar i Brimsmade, og ein vinter arbeide han i Black Duck, Minnesota. Han reiste så til Williams County for å drive med farming. I 1909 gifte han seg med Jorgine Tufte (1883 - 1960). Ho var fødd i Noreg, og hadde utvandra frå Hol i Hallingdal. Lars tok flytur til Noreg i 1948. Han vitja då søstera Karoline, og slektningane hennar her. Etter at han var komen attende til farmen skreiv han eit lite brev til den norske avisa "Skandinaven", eit kort resyme om dei første 50 åra i USA, med ei helsing heim til Gamlelandet. Dette brevet er teke med nedanfor.

    America hilsen frå Lars Marså, Corinth Nord Dakota til norsk "Skandinaven" papiret. «Jeg vil sende nogen bemerkninger om hvad som har foregået her Nordvestre Nord Dakota de siste 50 år. Kan sige at jeg har bodd her siden jeg kom hid i 1905. Jeg var nykomer og havde ikke veret her i USA mer end 2 måneder da jeg filed på homestead i Minot Nord Dakota. Det så temelig vilt ud da jeg først kom ud på mit Homestead, svaret få folk bodde her på Prairien, ikke et hus at se nogen steder , bare små skur og en del jordhytter her og der så jeg havde ikke store tanker om landet her. Men efter at folk kom ind og begynte at pløye op landet og bygge huse blev det forandring. Det blev mer trivelig at leve. Jeg tenkte ikke på at bo her mer end 14 måneder så jeg kunde prøve det op. Men jeg forandret min mening og bygynte at farme her. Det var ikke bare moro de første årene da vi havde flere torkeår så vi ikke fik nogen ting hvad avling angår av nogen betydning. Der til Haglstorme og på sine steder de første år Prairiebrand. Jeg kunde skrive en hel bog om hvad jeg har set og gjennemgået disse 50 år nu, men vil slutte. Beste Hilsen til mine slektninger, alle kjente i Rakegrendene og til Redaktøren og alle bladets lesere fra en nordfjording»

    Lars Marså

    (Dette fekk Olav A Loen tilsendt frå slekta i Amerika)

    Lars og Jorgine hadde 5 born: Chester Edvin (1909), Elvin, Melfrid (1911 - 1972), Ben Bernard (1912), Berniece (1914) og Jennie Leannes (1916). Jennie var gift med Hans Hill, og det er ho som har skaffa opplysningane om Marsåslekta i Amerika. Jennie og Hans hadde ein son. Ben hadde ei dotter, men etter dei opplysningane vi har fått var det berre desse to barnebarne etter Lars og Jorgine

    Peder Olai Marså (1890 - 1980) reiste til Amerika i 1910. Han kom til Brimsmade og fekk arbeid. Då Amerika kom med i den første verdenskrigen vart han send i krigsteneste i Frankrike. Han kom tilbake etter krigen utan å ha vorte såra. Peder er best kjend som "Pete Marso". Han arbeidde på den store nordlege jernbana i nokre år. På grunn av dårleg helse har han vore på sjukeheim i mange år. Han var pasient ved Rekonvalesent Heimen Roseville, California.

    Alfred Marså (1892) var den yngste av dei 6 brørne på Marså, der alle reiste til Amerika. Han kom til Brimsmade i 1912, og arbeidde hos brøren Johan og Lars. Seinare arbeidde han for ei treforedlingsverksemd i fleire statar: Montana, Washington, Oregon, Idaho og California. Han var og forsikringsagent i Spokane i Washington. Sidan 1949 har han bodd i Eureka, Washington. I over 20 år har han no butt på Vance Hotel. Han er den einaste av dei 6 brørne frå Marså som enno lever.

    Gå til kap. 4. Framigardsslekta på Rake

    9. Ole Andersen Loen si slekt i USA

    9.1 Anna Pernille Rake (1862 - 1891)
    9.2 Rakel Arentsdtr. Rake (1863 - 1922

    Ole Andersen Loen kom ikkje frå Sjurebruket i Loen, men han var gift med to av døtrene til Malene Olsdotter Loen (Anna Pernille og Rakel). På den måten kom han inn i Framigardsslekta på Rake og dermed Sjureslekta. Olav A Loen kom i kontakt med denne slektsgreina gjennom Helmer Ingmann Loen og kona hans, Martha Anna Holm. Helmer var son til Ole Andersen (meir om han seinare). Martha fortalde slekta i USA om det arbeidet som Olav A Loen heldt på med, og i fleire år kom det brev med slektsopplysningar frå etterkomarane etter Ole Andersen. Olav A Loen fekk ikkje innarbeidd all denne informasjonen i slektshistoria. For denne slektsgreina har eg derfor valt å supplere teksten med utskrift frå databasen.

    Ole Andersen Loen var fødd på Magnebruket. Far hans, Anders Olson Tjugen, var frå Olabruket, bruk nr 1 på Tjugen. Han gifte seg med Anne Hansdtr. Loen. Ho hadde odel til Magnebruket, og dei busette seg der. Ho døydde i 1847 og Anders gifte seg andre gongen med Ingeborg Isaksdtr. Loen. Ho var frå Isakebruket, bruk nr 5. Då Anders døde i 1871 var Ragnhild, dotter frå første ekteskapet, gift med Ola Knutson Loen på Knutebruket, bnr. 10. Dei tok då over Magnebruket, men dei pakta det bort i 15 år. Då dottera deira, Brite Olsdotter, gifte seg med Lars Olson Sæten, tok dei over Magnebruket og dreiv det.

    Siste kona til Anders, Ingeborg Isaksdotter, reiste til Amerika med fleire av borna etter at ho var blitt enkje. Dette var truleg i 1881, for i slektsopplysningane for Ole Andersen (son til Ingeborg) går det fram at han kom til Amerika i 1881.

    To av døtrene til Anders Olsen gifte seg og vart verande heime. Anna gifte seg med Anders Kolbeinson Melheim på bruk nr. 3 på Melheim i Olden. (Sjå om dei i bygdeboka for Innvik - Stryn. Ny utgåve 1973. Andre bindet side 55). Jartrud vart gift med Rasmus Knutson Beinnes på bruk nr 1 på Beinnes i Olden (Sjå bygdeboka Innvik - Stryn. Ny utgåve 1973. Andre bindet side 153).

    Opp til overordna kapittel

    9.1. Anna Pernille Rake (1862 - 1891)

    Anna Pernille var dotter til Arent Arentson Rake og Malene Olsdotter Loen. Ho kom til Amerika i 1882 og gifte seg same året med Ole Andersen Loen som kom til Amerika året før. Dei busette seg i Blue Earth Minnesota. Dei hadde 5 born: Ida Marie, Louise, Andrew, Albert og Andreas.
  • Ida Marie (1883 - 1942) gifte seg med Gene Porter (f. 1886). Dei hadde ikkje born.
  • Louise (1885 - 1893) døde av difteri.
  • Andrew (1887 - 1962) var ugift
  • Albert (1889 -1966) gifte seg med Anna Hanson (f. 1890). Dei hadde 7 born: Agnes Ovidia (1910), Gladys Luella (1912), LLoyd Raymond (1912), Ruth Irene (1915), Margaret Helene (1920), Orville Duane (1922) og Gordon James (1925). Frå kona til Gordon James, Delores Maye Daniel, fekk vi tilsendt opplysningar om alle etterkomarane etter Albert med bilete.
  • Andreas (1891 - 1965) gifte seg med Anna Abrahamson (f. 1890). Dei hadde ikkje born.

    9.2 Rakel Arentsdtr. Rake (1863 - 1922

    Rakel var søster til Anna Pernille, første kona til Ole Andersen. Ho kom til Amerika i 1888. Anna Pernille døde i 1891 og året etter gifte Rakel seg med Ole Andersen Loen. Dei dreiv med farming i Howard, Sør Dakota. Dei hadde 4 born: Lauris, Lauris, Martin og Helmer.

    Lauris (1893 - 1893) var dødfødd

  • Lauris (1895 - 1970) gifte seg med Selina Langorgen (f. 1904). Dei budde i Howard Sør Dakota. Dei hadde 7 born: Raymond Ordell (1924), Orlin Kenneth (1926), Lois Maxine (1927), Curtis Leroy (1929), Vernon Carroll (1931), Evelyn Leonore (1933), Leonard Stanley (1939).
  • Martin (1898 - 1960) gifte seg med Inga Hage (1907 - 1977). Dei budde nord for Howard, Sør Dakota på ein farm. Dei hadde berre ei dotter Anna Belle (1926).
  • Helmer Ingmann (1904 - 1980) var den yngste av borna til Ole Andersen og Rakel. Helmer vart gift med Martha Anna Holm. Ho er av norske foreldre og vart fødd i Steele i Nord Dakota i 1910. Helmer og Martha budde i Howard i Sør Dakota og dreiv farming i 15 år. Då flytte dei til Californi i1941. Helmer var inspektør for Bendix corporation. Han vart pesnjonist i 1966. Martha var styrar av kafeteria for ein stor skule i Los Angeles i 25 år til ho slutta i 1968. I 1979 vart ho utnemnd til "Årets mor" i heimbyen Palmdale. Ho var då aktiv med i arberidet for kyrkja og sosiale foreiningar. Helmer og Martha reiste til Noreg i 1972. Dei vitja då slekta si i Loen, Rake og Olden. Helmer kom ein ny tur i 1977 åleine. Sonedottera hans, Beverly Loen, gjekk då på universitetet i Oslo, og ho kom ein snartur til Loen medan han var her. Då han var på gjesting på Marså hogg han namnebokstavane H L inn i ein stoir stein, ved sida av namnebokstavane A R til morbroren Arent Rake som budde i Rake i staten Iowa. Helmer og Martha opplevde gullbrudlaup, og då var slekta deira i Amerika samla. Helmer og Martha hadde 5 born: Helen Marie (1927 - 1927), Ronald James (1929), Irwin O' Dean (1931), Harold Myron (1935) og Janice Rea (1950)

    Gå til kap. 4. Framigardsslekta på Rake

    10. RAKE I IOWA, USA

    10.1 Arent Arentson Rake i Amerika
    10.2 Rasmus Erdal frå Oppstryn (1840 - 1915).

    Opp til overordna kapittel

    10.1 Arent Arentson Rake i Amerika

    Arent var fødd på Framigardsbruket på Rake 3.11.1858.Foreldra var Arent Arentson Rake og kona Malene Olsdotter frå Sjurebruket i Loen. Det seiest at dei i alt hadde 12 born, men nokre av dei døde som born, og ein kjenner berre til 9 som vaks opp. Av dei var Arent omlag midt i søskenflokken.Utferda frå våre bygder hadda alt teke til i 1860 åra. Det var den sikraste vegen for dei fleste til å skape seg ei framtid. Lars, elste broren, vart verande heime og tok overfarsgarden. Den elste søstera Brite vart gift med Karolus Marså og fløtte dit og vart bondekone. Av dei andre søskena var det berre Andrine som vart verande heime, alle dei andrefor til Amerika.

    20 år gamal reiste Arent til Amerika i 1878. Han kom til Wells i Minnesota, men reist straks vidare til Syd Dakota og tok seg homestead med 160 acres 6 engelske mil nord for byen Madison. I 1879 gifte han seg med Randine Ellingsdtr. Foreldra hennar hadde i 1857 kome frå Sogn til Amerika då Randine var eitt år gamal. Den kjende pionerpresten Elling Eielsen vigde dei. Då kona ikkje ville reise til Syd Dakota,selde han farmen sin der, og pakta farmen til mor hennar som då var enke, og var der i 3 år. Våren 1882 kjøpte han land i Winnebago i Iowa, og her slo han seg til for godt.

    Det synte seg at dette kom til å verte eit sentrun for farmarkolonien i dette distriktet. I 1887 vart det opna eit postopneri som vart lagt på farmen hans og han sjøl vart postopnar. Postopneriet fekk namnet Rake etter farmen hans. Då jarnbana kom gjennom distriktet vart stasjonen lagd på hans eigedom , og byen fekk etter det namnet "Rake".

    I"Nordfjordingenes historie i Amerika" som kom ut i 1940 ogvar prenta i Minneapolis, der står det om Arent Rake: "Der findes vel neppe nogen anden Nordfjording, dei likesom Rake kan peke på en by som berer deres navn. Foruten at vere en dyktig farmer har og Rake vert en virksom forretningsmand, saasom landagent, kjøpmand og i mange aar bankier. Han har ogsaa indehatt alle de tillitshverv en kommune kan by paa".

    Arent Rake var med og stifta det lutherske kyrkjesamfunnet på staden i 1889. Han gav 3 acres til tomt, og kyrkja vart bygd på hans farm i 1891. To gonger har han teke turen til Norge og har vitja heimbygda. Siste gongen var i 1930©åra før densiste verdskrigen. Då han vitja Marså, der søster hans hadde livt, hogg han namnet sitt inn i ein stor stein eller bergsom låg på eigedomen. Namnebokstavane A R vert ståande, og sidan har andre norskamerikanarar av slekta sett namnebokstavane sine på same steinen.

    Han og kona fekk eit langt samliv, og dei feira gullbrudlaup i 1929. I alt hadde dei 10 born, men av dei var det 4 som døde i ung alder

    Dei andre 6 var: Theodore (Ted ?), Mary, Laura, Minnie, Josephine og Abbie.

    Mary vart gift med Martin Erdal og dei tok over farmen til Arent Rake. Etter at kona til Arent døde, livde Arent saman med Mary og svigersonen i byen Rake. Mary og Martin hadde 11 born. Nokon av dei bur i Rake i Iowa, og elles andre rundt Frost.

    Opp til overordna kapittel

    10.2 Rasmus Erdal frå Oppstryn (1840 - 1915).

    Rasmus Erdahl var far til Martin, som var gift med Mary Rake og tok over Arent Rake sin farm. Rasmus kom til Amerika i 1861. Den første tida arbeidde han med ein farmar i Madison i Wisconsin. I 1862 hverva han seg som soldat og gjekk med i borgarkrigen for å frigjere negerslavane. To andre ungdomar frå Stryn melde seg samtidig. Det var Lars Maurset og Marius Tonning som og gjekk med i krigen. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det: "De første Nordfjordingene var strakst villige aa vaage sitt liv for sitt nye adoptivland. En daad som virkelig maa beundres"

    Etter 3 år i hertenesta mønstra Rasmus av og for til Faribauet i Minnesota i 1865. Han fekk seg homestead og tok til som farmar. Ikkje lenge etter gifte han seg med Brita Legreid. Dei hadde 5 born. Ei av døtrene hans, Martha, vart gift med Andrew K Marsaa. Han var postmeistar i mange år i byen Rake. Sonen Martin var som nemnt gift med Mary Rake. Rasmus Erdahl får eit fint ettermele i "Nordfjordingenes historie i Amerika": "Rasmus Erdahl var i sandhet en hedersmand, som gjorde hvad han kunde, ikke blott som tapper soldat i borgerkrigen, men ogsaa som farmer .... Han omtales som en mand med dypt kristelig alvor, bramfri og beskjeden i si fá'árd, samt med et varmt hjertelag for de fattige og nødlidende"

    I utskrifta frå databasen som følgjer, er det med opplysningar om fleire av etterkomarane etter Arent Arentson Rake i Iowa. Desse opplysningane har Ola Rake skaffa .

    Gå til kap. 3.1. Anders Olsen på Sjurebruket (1814)

    11. Antunsslekta i Loen

    Fig. Slektsgreiner på Sjurebruket i Loen
    Fig. Slektskapet med Sjurebruket

    Bruket og slekta på bruket
    11.1 Antunsbruket. Bruk nr 4 i Loen
    11.2 Ola Antonsom (1843-1913) og Janikke Andersdotter (1845 - 1915)
    11.3 Anders Olson (1874 -1898).
    11.4 Ola Olson Loen (1877 - 1911)
    11.4.1 Oskar Olson Loen (1900 - 1973).
    11.4.1.1 Kåre Oskarson Loen (1946).
    Utflytte
    12. Tjugenslekta (Kirstianna (1868))
    11.4.2 Simon Olsen si Slekt i Amerika (1902)
    11.4.3 Lina Olsdotter Loen Barmen (1904).
    11.4.4 Alfred Olsen Loen (1906 - 1976).
    11.4.5 Jenny Olsdotter Loen Tornøe (1909)
    11.4.1.2 Bergit Oskardotter Loen Hatlenes(1929).
    11.4.1.3 Palma Oskarsdotter Loen Andersen (1933).

    Opp til overordna kapittel

    11.1 Antunsbruket. Bruk nr 4 i Loen

    I Bygdeboka for Innvik og Stryn av Jacob Aaland finn vi ikkjenoko om Antunsbruket før kring 1700. Men det er truleg at det var utskilt som eige bruk tidlegare. Den første brukaren vi høyrer om er Jon Jokumson "Nigard". Dette namnet Nigard kunne gje oss tru på at dette var eldste bruket nedan for kyrkja. Ovan for kyrkja veit vi at der var Innigard bnr. 14, Utigard bnr 1 og Framigard bnr 8. Då kunne vi tenkje oss at det var eit bruk nedan for kyrkja som heitte "Nigard. Det kan og vere frå den tid tunet vart delt med bruk både ovan for kyrkja og nedan for. Det er lenge sidan. Vi har eit diplom frå 1367 der det vert fortalt om eit makebyte som gjekk for seg i Loen i øvre tunet ovan for kyrkja. (Bygdeboka bind 1 side 615). Alt då var garden delt i to tun, og nemninga Oppigard og Nigard har vore brukt like til våre dagar.

    Korleid denne Jon Jokumson hadde vorte brukar av bruk nr 4 vart det ikkje fortalt noko om, og vi finn ikkje noko om han i manntalet for Loen i 1701. I Bygdeboka står det at han hadde vore i kongens teneste i København, og at han hadde eit pass frå 1701 . Han var gift med Kari Vilhelmsdotter Bødal. Ho var frå bruk nr. 5 i Bødal. Denne Jon Jokumson var brukar i 1711, men han må ha dødt ung, for alt i 1717 er kona hans gift på nytt med Jon Steffenson Bødal som då er oppgjeven som brukar. Vi finn ikkje far til Jon Steffenson i ættetavlene i Bødal, så det er vel noko uvisst om han var frå Bødal.

    Vi høyrer ikkje om at der var søner i desse ekteskapa. Har dei hatt søner som vart vaksne, så kan dei ha fare bort. Det var ofte i denne tida at vaksne gutar reiste til koparverket i Røros for å tene pengar, og det var mange som slo seg til der for godt. No får vi høyre om ei dotter, Dorte Jokumsdtr. Loen som vert gift med Jakob Abrahamson, og han vert no brukar på bruket. Han kom kanskje frå bruk nr. 1 og var son til Abraham Byrgeson. Jakob vart brukar i 1741, og truleg var det same året han gifte seg med Dorte, for året etter i 1742 høyrer vi at jordeguten Abraham er fødd. 25 år gamal får Abraham skøyte på bruket, med di han då kjøper bruket av H.P. Finde for 90 riksdalarar, og han vert den første sjølveigaren på bruket. Men alt 3 år etter i 1770 døyr han 28 år gamal. Då han ikkje var gift og hadde nokon livsarvingar, er det søstera Kari som overtek bruket. Ho gifte seg med Anton Larsen, og han var truleg frå bruk nr. 14 i Loen. Han er det bruket har fått namn etter. (I Bygdeboka og i manuskriptet etter Olav A Loen var det skrive Antonsbruket. I denne slektsboka har vi skrive Antunsbruket slik det vert uttala i dag) Om bruket tidlegare heitte Nigard etter den første brukaren vi høyrer om, veit vi ikkje, men kvart bruk hadde nok sitt serskilde namn tidlegare og.

    Sonen Jakob Antonson fekk skøyte på bruket i 1801. Han gifte seg med Helga Jørgensdotter Sæten frå Jørnbruket nr 7, og ho er frå dei eldste slektene på Sæten. Frå ei av døtrene deira, Siri Jakobsdotter, har vi på Sjurebruket ei plaggøskje frå 1860. Sonen Anton fekk skøyte i 1833 og han vart gift med Kristi Olsdotter Bødal frå Gjerstunbruket nr. 4. Dette er ei evnerik slekt som er spreidd vidt ut over i Nordfjord og vidare med. Borna deira var Helga som var den eldste, Ola og Olina.

    Opp til overordna kapittel

    11.2 Ola Antonsen (1843 - 1913) og Jannike Andersdotter (1845 - 1915)

    Med dette ekteskapet er det at Antunsslekta og Sjureslekta kjem saman. Her vart det søskenbyte meddi Olina Antonsdotter gifte seg med Ola Anderson frå Sjurebruket. Den eldste av døtrene på Antunsbruket, Helga, var gift med bygdedoktoren Mattis Olson Loen. Han Antuns - Ola fekk skøyte i 1865, han var då 22 år gamal. Faren Anton levde enno i 7 år og hadde kår på garden. Det ser ut til at dei ofte i den tida let sønene overta garden i tidleg alder. Han Sjur-Ola fekk og skøyte på garden i 1865, og då var han berre 18 år gamal. Men det var truleg faren som styrde til han Ola gifte seg 20 år gamal.

    Han Antuns - Ola var ein evnerik kar, og han var serleg interessert i frukthagen sin. Dei hadde ein stor, fin eplehage nedanfor kyrkjegarden før utskiftninga i 1898. I den tida budde Antunsane like opp til kyrkjegarden. Der stod husa tett i tett som ein landsby med Antunshusa nærmast kyrkja, og Halstein og Arne i same tunet. Nedanfor var det Magne, Sjure og Truls. Kvart bruk hadde mange hus og dei stod så nær saman, så det somme stader var berre så vidt ein kunne gå mellomn husa.

    Han Ola var ikkje sers høg men kraftig og sterkbygd, og med lange og buskete augnebryn. Han vart tidleg dårleg til beins, det var truleg gikt som gjorde at han fekk skade i føtene. Men i staden var han meir enn vanleg handesterk. Det er fortalt om ein gong loarane var i eit brudlaup i Oldedalen. Det var kanskje i brudlaupet til Helga Olsdotter frå Inigardsbruket som gifte seg med Ingebrigt Yri på bruk nr. 1. Dette brudlaupet var truleg i slutten av 1860 åra. Mange av gardbrukarane i Loen var då i sine best år. Det var Ola Framigard, Gmle Lønden, Sjur-Ola og Antuns-Ola. Det har vorte sagt om dei at dei tolde godt sterke drikkar utan at det synte på dei.

    Dei var prateglade og han Antuns -Ola vart noko høgrøsta. Då det leid ut i dette laget var det ein ungdom som gjerne ville prøve styrken sin med ein av lokarane. Dei samrådde seg, og fann ut at han Antuns©Ola var den mest hande- sterke, og fekk han først tak, var han ikkje god å kome ut for. Det vart til det at han skulle prøve seg. Han som ville prøve styrken til lokarane, heitte visst Jens. Då han kom, greip han Antuns - Ola tak i han med begge hendene og drog han inn i famnen sin, så den andre sat som i ei skruestikke. Og så tok han Ola han Jens i trøyekragen og buksebaken og slengde han langt i frå seg. Og då var han høgmelt og ropa ut at slike rotter kallar vi for myser, og er det fleire som vil prøve seg, så fekk dei kome fram. Det var ikkje fleire som melde seg. Og brudlaupet skreid fram og øltynnene vart tømde utan at det er nemnt om meir stridslyst i dette laget.

    Han Ola hadde ingen annan skule enn den ungdomsskulen han gjekk i til han vart konfirmert. Men han var heile si tid overlag interesert i alt som heitte geografi, og lærar Arne Loen sa at han hadde så store kunnskapar i dette faget at han sikkert kunne setje fast mange med lærarutdaning.Då han vart gamal, vart han så dårleg i beina at han måtte gå med to stavar. Han var likevel med i slåtten. Han stødde seg på ljåen og ein stav, og så sette han staven inn mellom føtene og slo ikring seg så langt han nådde. Tok så staven for å gå fram eit skritt til for å nå grastromen, og slo ei ny skåre ikring seg. Og handsterk som han var, så muna det med slåtten på denne måten og. Ho Janikke, kona hans Ola, var stillfarande og arbeidssam. Ho var eit fredens menneske som ikkje førde ufred med nokon, og ho bar sin lagnad, som ikkje alltid vart så lett, med tolmod og utan å klage. Dei hadde tre born. Kristianna var den eldste. Ho vart gift med Knut Anderson Tjugen på Johansbruket, nr. 2. Om dei er det fortalt i bolken om Johansslekta på Tjugen. Og så hadde dei to søner, Anders og Ola.

    Opp til overordna kapittel

    11.3 Anders Olson (1874 -1898).

    Han Anders var den eldste av gutane deira. Alt tidleg synte han å ha evner ut over det vanlege. Då dei første gongen feira 17. mai i Loen i 1860 , heldt lærar Lars Kr. M. Loen tala og mana folk til å ta vare på våre gamle fedreminne. Anders var då 12 år, og då lova han seg sjølv at han ville gå inn for å samle og verne om minna frå fedrene, og 19 år gamal gav han ut ei bok: " Fra Nordfjord. Bygdesagn, folketro skrøner etc. Af A.O. Loen . Eget forlag. Nordfjordeid. J. O. Olsens bogtrykkeri 1893". Segnene og folkeminna var på bokmål, men der var og nokre stykke som var fri dikting, som var på dialektforma nynorsk. Han skreiv og i Firda og Sygnafylkets avis som Mons Littlere gav ut i Bergen. I "Unge skud", eit ungdomsblad som kom ut på Nordfjordeid frå 1893, med Lorentz Nybø som redaktør, finn vi i 1894 eit dikt av han. Diktet heiter: "Til unggutten".

    Lat Livet deg smage
    i ungdommens dage,
    mens let er ditt sind.
    Pluk blomster og blade
    før de deg forlade,
    de snart svinder ind.

    Se først til at finde
    deg en vakker kvinde,
    at kalde for din.
    med sjel som din egen,
    og munter i legen,
    med roser på kind.

    En slig som kan fatte
    de dybeste skatte
    ditt hjerte har gjemt.
    En slik som kan gjette
    det gode og slette,
    som længst du har glemt.

    En slig som kan finde
    det såre der inde
    når sindet er klemt.
    En slig som til smerte
    og jubel ditt hjerte
    hver stund kan få stemt.

    Og vinder du hende
    da let du vil finde
    ditt mål og ditt med.
    Og rig vil du være
    så stort i din kjære
    hver tid og sted.

    Og dagen vil rinde
    og tiden vil svinde
    så lyk'lig derved.
    Og tanken vil vendes
    din sjæbne vil endes i kjærlighed.

    A. Loen

    Dette var kanskje meir enn romantikk for den 19 år gamle guten. I 1895 skipa han Loen ungdomslag. Men så var det noko som svikta for han. Nokon seier at det m.a. var jentesorg. Det seiest at han hadde ei jente, men då han ville ha borgarleg vigsle, så ville ho ikkje gå med på det. Andre ting kom nok og til, og 24 år gamal i 1898 enda han sine dagar. Kanskje var dei for ulike, han fann ikkje henne "som kan fatte de dypeste skatte, dit hjerte har gjemt" Meir om Antuns -Anders finn de i Årbok for Nordfjord, 1951.

    Opp til overordna kapittel

    11.4 Ola Olson Loen (1877 - 1911)

    Ola, bror til Anders, var ein stillfarande mann som ikkje stakk seg fram. Han likna sikkert mykje på mor si. Då han var 20 år for han til Amerika. I den tida var Amerika det vissaste for dei som ikkje hadde noko visst å gå til heime. Broren var det som skulle ha garden, men då han døde hausten 1898, og foreldra bad han om å kome heim, gjorde han seg strakst ferdig og reiste heim. Ei jente som han var saman med før han for, hadde og fått ein gut som han var far til, og no gifte han seg med henne: Brite Steffensdotter Heggen (1879 - 1918). Dei tok no til på Antunsbruket.

    Han hadde sett at folk bruka meir maskiner då han var i Amerika, og det vart han som kjøpte den første slåmaskina i Loen i 1901. Etter utskiftninga fekk Antunsane no eit stort arbeid med å fløtte ut frå det gamle tunet. Dei fekk jorda si i eit stykke frå Teigane og inn til Hagedalen, og dei bygde dei nye husa sine på Bjørkevollen. Han Ola var ein ordensmann i alt arbeid han tok seg for, og hendig i arbeid. Skøyte på garden fekk han først i 1910, og alt året etter i 1911 døde han av tuberkulose, 33 år gamal. Brita, kona hans livde igjen med mange små barn. Den eldste var 13 år og den yngste berre 2 år. Borna var: Johannes, han døde ung av tuberkulose, Oskar, Simon, Lina, Alfred og Jenny. Brita gifte seg på nytt med Henrik Bertelson Viken frå Jølster, og han vart då styrar på garden. Men også Brita fekk tuberkulose og ho døde i 1918. Dei hadde desse borna: Olga, Ellen og Borgny. Sidan gifte Henrik seg med Brita Vilhelmsdotter Yri. Dei hadde sonen Bård. Då Oskar overtok bruket i 1928, flytte Henrik med huslyden bort, og dei for sidan til Espeland i Hordaland.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.1 Oskar Olson Loen (1900 - 1973).

    Oskar hadde alt fått skøyte i 1912. Men etter at han vart konfirmert var han borte som tenestegut, serleg i Lodalen, og han var i snikkarlære. Han kom heim og overtok garden i 1928. Han var då gift med Kari Jonsdotter Eide (1897 -1937). Foreldra hennar hadde kjøpt seg gard i áárskog på Sunnmøre, men dei selde den garden og fløtte til Antunsbruket til svigersonen og var der så lenge dei livde. Oskar og Kari fekk 3 born: Ei jente som døde som barn, Bergit og Palma. Oskar var som far sin flink i arbeid. Då demma i Lofossen vart riva bort i Loenulukka i 1936, vart han arbeidsformann og bygde opp att demma slik ho står den dag i dag. Han miste tidleg kona. Ho døde 40 år gamal i 1937 medan begge jentene var små. Sidan gifte han seg med Ingeborg Karolusdotter Kolset (1901) og dei fekk gutane OLa og Kåre. Ola (1944 © 1957) var berre 13 år gamal då han døde brått frå dei. Guten var kvik og evnerik, og det var eit tungt slag for foreldra. Oskar vart tidleg stiv i lemene, og det gjorde han etter kvart arbeidsufør. Det ser ut som det kan vere ein veikskap i slekta. Oskar var vel 72 år gamal då han døde i 1973. Oskar var arbeidskunning og kunne sjøl gjere alt som trengdest på garden av vedlikehald.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.1.1 Kåre Oskarson Loen (1946)

    Kåre vart brukar på Antunsbruket og fekk skøyte i 1973. Før han overtok garden hadde han teke til som rørleggjar hjå Kr. A. Vik i Stryn, og han heldt fram med det arbeidet. Heimebøen leigde han bort til hausting, og beitefeltet på sørsida av elva vart teke til byggjefelt. Han er gift med Brit Bonsaksen (1950) frå Sandvær på Helgeland. Dei har 3 born : Ann Karin (1969), Odd Ivar (1970) og Ronny (1971). Kåre har bygt nytt bustadhus ved sida av det gamle bustadhuset på garden.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.1.2 Bergit Oskardotter Loen Hatlenes

    Bergit (1929) var eldste dottera til Oskar og Kari på Antunsbruket. Ho er gift med byggmeistar Anders Berhart Hatlenes. Han har arbeidt på Grønland og i Haugesund, og no har dei bygt og bur på farsgarden Hatlenes i Selje. Dei har desse borna: Kari, Inge Olav, Ove Jan og Anders Ståle.

    Kari (1951) er gift med fysioterapaut Geir Osnes. Dei har bygt hus og bur på Karmøy. Dei har desse borna: Rune (1973), Frode (1976) og Bente (1977).

    Inge Olav (1954) er utdana til fysioterapaut og driv no det yrket i Trøndelag

    Ove Jan Hatlenes (1959) arbeider som bygningsmann saman med faren.

    Anders Ståle Hatlenes (1971) er den yngste sonen til Bergit og Anders Hatlenes.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.1.3 Palma Oskarsdotter Loen Andersen (1933).

    Palma er den andre dottera til Oskar og Kari på Antunsbruket. Då ho var vaksa, tok ho til i yrkeslivet. Ho var i mange år på tekstilfabrikken i Indre Arna. Ho er gift med Otto Andersen og dei bur no i Askim. Otto Andersen er industriarbeidar. Dei har sonen Kjell Magne (1973)

    Opp til overordna kapittel

    11.4.2 Simon Olsen si Slekt i Amerika

    Simon Olsen (1902) var son til Ola og Brita på Antunsbruket. Etter at han vart vaksen var han tenestegut, serleg var han oppe i Lodalen, men i 1921 for han over til Amerika. Han tok til med ymse arbeid. Han var og i dei store skogane på tømmerhogst. Men det vart liksom ikkje den vinninga som han hadde venta å få i Amerika. Etter nokre år gifte han seg med søskenbarnet sitt Emma Gimmestad (1910 - 1961), og no tok dei saman til å leggje planar for framtida. Dei budde i Montevideo i Minnesota. Det var ein by i god utvikling. Dei hadde no bruk for buss til å køyre borna til skulen, og Simon Olsen, som han kalla seg etter at han kom til Amerika, fekk denne jobben. Det var i 1933. Han var då nygift familiemann og hadde fått første barnet, Rosella (1927). Sidan fekk han Stanley (1932 - 1935) som døde tidleg til stor sorg for foreldra. Men på arbeidsplassen hadde dei framgang, og det vart stadig utviding med nye skulebussar. Både Emma og Simon køyrde kvar sine bussar, og elles tok Emma seg av rekneskap og bokføring, og det var eit godt samarbeid mellom dei to. Etter som arbeidet auka, måtte nye folk tilsetjast. Dette var eit yrke som Simon høvde vel til, han hadde nett det rolege og vinnande laget til å vere sjåfør. Han tok til med 4H og anna turkøyring i sommarhalvåret i tillegg til skulekøyringa. Det vart lange turar på fleire dagar, og ofte til mange av dei andre statane. Simon var akkurat den sjåføren alle ville ha. No har han 14 bussar, men no har han nått den alderen at sjølv om helsa er god vil han helst trappe ned. Emma, kona hans, døde frå han i 1961. Då var eit godt kompaniskap slutt som han aldri gløymer.

    Simon Olsen var ein god norgesven. To gonger var han til heimbygda Loen medan kona livde og var med han, og no kjem han kvar sommar, han er like viss som fløttfuglane, og han har i alt vore her 14 gonger.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.2.1 Rosella M. Olsen Macziewski (1927).

    Rosella var einaste dottera til Emma og Simon Olsen, og ho gjekk straks ho var vaksen inn i arbeidet i Buscervice, og har overteke mykje av leiinga i verksemda. Ho er gift med Elroy W Macziewski (1921). Han er farmar. Dei har desse borna: Judi L (1946) Eugene E (1951), David L (1953) og Lanny A. (1966). Judi er gift med Alvin Gronewold (1945) og har to born: Jeffery L. (1963) og Brian L. (1971). Eugen har gått universitetet i Mineapolis. Han er gift med Diana Lee (1951) Dei har desse borna: Scott E. (1975) og Sara L. (1978). David er gift med Sandy Negan (1955). Dei har eitt barn: Joshua. D. (1976).

    Opp til overordna kapittel

    11.4.3 Lina Olsdotter Loen Barmen (1904).

    Lina er den eldste dottera til Ola og Brita på Antunsbruket. Ho var gift med Botolf Barmen (1913). Han var fiskar og dei bur på Barmen: Dei hadde berre eitt barn: Oddny . Oddny Barmen Kråkereid (1926), dotter til Lina og Botolf Brmen, er gift med Wilhelm Kråkereid (1921). Han er industriarbeidar. Barn : Bjarte (1958).

    Opp til overordna kapittel

    11.4.4 Alfred Olsen Loen (1906 - 1976).

    Alfred var den nest yngste i barneflokken til Ola og Brita i Antuns. Han gjekk Mindresunde jordbruksskule, og var på ymse arbeid. Han gifte seg i 1936 med Borghild Sandal (1909 © 1945). Ho hadde ein liten gardpart på Barmøy. Garden var så liten at Alfred dreiv fiske ved sida av. Dei hadde 3 born: Paul, Bjørg og Olav. Etter at første kona var død, gifte han seg med Laura Brmen (1919) i 1954. Dei siste åra hadde Alfred dårleg helse og han døde 70 år gamal. Paul Alfredson Loen (1936) var eldste sonen til Alfred og Borghild. Han er sjømann og gift med Ragnhild Gangeskar (1937). Dei bur i Måløy. Dei har desse borna: Bjørg Anita (1959), Evy (1962), Sølvi Ann (1964), Helen (1966), Per Rune (1968) og Tone Mette (1969). Bjørg Loen Andal (1938) er dotter til Alfred og Borghild. Ho er gift med Knut Andal (1939). Han er elektrikar. Dei har to born.

    Olav Alfredson Loen (1941) er yngste sonen til Alfred og Borghild. Han er gift med Elin Leganger (1945). Olav er sjømann. Dei har to born.

    Opp til overordna kapittel

    11.4.5 Jenny Olsdotter Loen Tornøe (1909)

    Jenny var den yngste av borna i Antuns til Ola og Brita. Ho er gift med Ingvald Tornøe (1896). Han var gardbrukar og hestehandlar, og dei har gard på Fister i Selje. Barn: Karen Brite.

    Karen Brite Tornøe (1949) er dotter til Jenny og Ingvald. Ho er gift med Harry Odd Tunheim (1950). Han er sjåfør. Dei har sonen Ole Kasper Tornøe Tunheim (1977).

    Gå til kap. 11. Antunsslekta i Loen

    12. Tjugenslekta på Johansbruket.

    Slektskapen til sjurebruket. Figur

    12.1 Kristianna Olsdotter Loen/Tjugen (1868 - 1937)
    12.2 Anders Knutson Tjugen (1895 (-) 1965).
    12.3 Kristian Knutson Tjugen (1916)
    12.4 Brite Knutsdotter Tjugen (1891 - 1978).
    12.5 Josefine Knutsdtr. Tjugen (1893 - 1980)
    12.6 Ola Knutson Tjugen (1897)
    12.7 Johannes Knutson Tjugen (1899 - 1981)
    12.8 Anna Knutsdotter Tjugen Ytrehus (1901)
    12.9 Oskar Knutson Tjugen (1904 - 1966)
    12.10 Alf Knutson Tjugen (1906).
    12.11 Konrad Knutson Tjugen (1909 - 1972).
    12.12 Oddny Knutsdotter Tjugen Drageset (1911)

    Opp til overordna kapittel

    12.1 Kristianna Olsdotter Loen (1868 - 1937) og Knut Andersen Tjugen (1868-1918)

    Kristianna var gift med Knut Andersson Tjugen (1868 -1918). Med dette giftarmålet kom Johansslekta på Tjugen saman med Antonsslekta og Sjureslekta i Loen. Kristianna var dotter til Ola frå Antunsbruket og Jannike frå Sjurebruket. PåJohansbruket veit vi at same slekta har livt sidan først på1600 talet. Tjugen er truleg ein svert gamal gard. Den gamalnorske forma var Tyfin med gamalnorsk T. Det vitnar om at det er ein "vin" gard, og dei som har denne endinga er rekna for å vere mellom dei eldste gardane i landet. Brukarane var leiglendingar, som dei fleste i desse bygdene var ifrå slutten av mellomalderen. Ei tid på 1600 talet var garden driven av futen Jørgen Post og kona Sofia Jonsdtr. Garden vart innløyst av brukaren Knut Johannesson som fekk skøyte i 1822. Det går segner om fleire av brukarane at dei var overlag sterke. Serleg er det mange segner om Johannes Knutson (1759-1844). Det fortelst at han tok ein labete på herda inne på Åsen, og han bad dei andre som var der å sende han ein stokk til lettingekjepp, og det var ei lasperre. Han bar både labeten og lasperra på herdane i ein gong frå Åsen og heim. Det var over 1 km. Også ein av sønene hans, Kristen,som var plassemann går det segner om kor sterk han var.

    Inn i denne sterke og sermerkte bondeslekta var det Kristianna kom då ho gifte seg med Knut Anderson Tjugen. Han overtok bruket og fekk skøyte i 1891. Knut var ein interessert og flink bonde . Han dyrka opp mange mål av den steinete men flate eigedomen, og han la seg etter å få ein gild buskap både av kyr og sauer. Han var den første i Loen som tok til med reinrasa sheviotsau. Også kyrne utmerkte seg med mange gode premiar på bygdesjåa. Han var og ein interessert fjellmann, og han var i mange år førar og hadde tilsyn med Klaumannstårnet på Skåla. Han var og interessert i turistná'áringa, og saman med fleire mann frå Loen var han formann for den skysstasjonen med 5 - 6 hestar som var stasjonert ved Hotel Alexandra. Dei dreiv med kalesjeskyss med to hestar. Dei var ofte på langturar til Mindresunde, Hellesylt og Øye. Turen til Mindresunde vart gjort på ein dag både fram og attende. Til Hellesylt (7 mil) og til Øye (8 mil) brukte dei ein dag fram og ein dag attende. Dette varde fram til krigen kom i 1914. Kristianna var ei stillfarande kone, men ho var kunnig og med i alt arbeid på garden både ute og inne. Kristianna og Knut hadde ein sers ordensans, og sette pris på å ha det velstelt. Sjøl kunne dei gjere arbeidet med å få til sko og klede til heile den store huslyden. Det var 11 born som vaks opp i denne søskenflokken: Brit, Josefine, Anders, Ole, Johannes, Anna, Oskar, Alf, Konrad, Oddny og Kristian. I 1918 døde Knut av lungebetendelse berre 51 år gamal. Borna var då så store at dei elste var farne heimanfrå, og Anders og dei andre søskena som var heime, hjelpte mor si så alt gjekk som før. Kristianna var ufør i dei siste åra og døde i 1937.

    Opp til overordna kapittel

    12.2 Anders Knutsen Tjugen (1895 (-) 1965).

    Anders var den elste av gutane og tok over ansvaret då faren fall ifrå. Det var han vel skikka til, han var sterk og glad i å arbeide. Han hadde gått Fjordane fylkesskule på Nordfjordeid og Mo jordbruksskule. Skøyte fekk han i 1927. Det vart mykje nydyrking, og han hadde god hjelp av brørne sine. Han var og ein friluftsmann som var glad i å ta turar i fjellet. Han var førar til Skåla, og elles ein kjend fjellmann som hadde vore til topps på dei fleste fjella her ikring.

    I 1929 for han til Amerika og var der i ca. 9 år. Der prøvde han litt av kvart, og lengste tida var han i Canada. Der var vanskelege tider også der borte, men tiltakssam som han var, hadde han alltid fullt arbeid. Han tok på seg arbeidsoppgåver med å byggje hus, og hadde folk i arbeid med seg. Medan han var der borte var det broren Ola som styrde garden. Det var ei vanskeleg tid, men han dreiv garden godt og han hadde ein planteskule og selde frukttre. Anders kom igjen i 1938 og heldt fram som bonde på Tjugen og som fjellførar. Han var og interessert i kulturarbeid og hadde vore formann i Loens Ungdomslag før han for til Amerika. No vart han formann i Loens idrettslag, og han stod for opparbeiding av idrettsplassen og bygging av klubbhuset. I 1957 skøytte han garden til den yngste broren, Kristian. Anders døde nær 70 år gamal i 1965.

    Opp til overordna kapittel

    12.3 Kristian KnytesonTjugen (1916)

    Han Kristian gav seg til ei stund heime då han var vaksen og var alt frå barneåra til stor hjelp for mor si då ho var ufør og hadde bruk for hjelp. Han gjekk Mindresunde Jordbruksskule og arbeidde på ein skofabrikk i Spjelkavik. Han er gift med Hjørdis Johansdtr. Mindresunde (1924). Dei kom heim til Tjugen og gjekk inn i arbeidet på garden i 1951, og skøyte fekk han i 1957.

    Anders hadde teke til med å forbetre driftsbygningen og Kristian heldt fram seinare. Dei bygde ny låvebru med køyrebane og reiv bort dei tjukke murane under fjøsane, utvida sauefjøsen og fekk lagerrom til kålrot og poteter. I 1962 tok Kristian for seg stovehuset og bygde det opp i to fulle høgder. Kristian har og ført ein hard og utrøytteleg strid med steinen på Tjugen. Mange nye mål jord har kome under kultur i hans tid. Det er slitsamt, men det gjev stor glede og hugnad å sjå voksteren og framgangen. Det vart fleire dyr på båsen og meir å vende. Nye ting med siloar og mjølkemaskiner vart tekne i bruk. Og det siste er at tankbilen kjem på tunet og hentar mjølka inn til meieriet.

    Framgangen gjer at det vert lettare på mange måtar, men arbeidsdagen vert likevel lang både for mannen og kona. Og Hjørdis har vore med både ute og inne, det er mangt som skal gjerast for å halde alt i stand på ein stor gard. Ho har og vore interessert i bondekvinnelaget,og ho har vore formann der. Kristian har vore interesert i ungdomslaget, og serleg har han skapt mykje moro med dei mange rollene han har hatt i skodespel som har vort framsynte. Dei har 3 born: Knut Johan, Kirstin Magny og Terje

    Knut Johan Kristiansen Tjugen (1949) har gått yrkesskule i Førde, og vart bygningsmann. Han er gift med Lill Berit Martinsdtr. Nesje (1952). Dei tok til med Tjugen Camping i 1973. Han fekk skøyte på garden i 1983. Dei har borna Kristin Monica, Sølvi og Anders Helge.

    Kirstin Magny Kristiansdtr. Tjugen (1954) har gått ungdomsskule. Var gift med Terje Vanberg (1973-1979) Han var stuert og reiste i utenriksfart. Dei kjøpte seg hus på Moelven i Utvik, og fekk dottera Merete. Kirstin Magny vart skild i 1979 og gifte seg oppatt i 1982 med Åge Myklebust frå Nordfjordeid. Dei har borna Kristian og Malin. Dei har hus og eigedom i Hovdebygda i Ørsta.

    Terje Kristiansen Tjugen (1959) har gått yrkesskule i Stryn,jarn og metallinja. Han arbeider som sveisar på skipsverftet i Rovde, og har eige hus i Syvde. Han gifte seg i 1980 med Mona Vedlog frå Syvde, men dei er seinare skilde. Dei har eitt barn: Henning

    Opp til overordna kapittel

    12.4 Brite Knutsdotter Tjugen (1891-1978).

    Ho er eldste dotter til Knut og Kristianna. Ho reiste til Amerika i 1913. Der gifte ho seg med Martin Mikaelson. Han var frå Sverige og dreiv kjøttforetning i Mineapolis i Minnesota. Dei har ei dotter: Marion (1928). Ho er kontordame i eit juristfirma, og er no i Honolulu på Hawai.

    Opp til overordna kapittel

    12.5 Josefine Knutsdtr. Tjugen (1893 - 1980)

    Ho har gått Kroken husstellskule i Sogn. Gift med Alf Førde (1897 -1970) frå Bremanger. Dei hadde eit lite gardsbruk i Berle, og Alf var anleggsarbeidar og fiskar ved sida av yrket på garden . Dei har borna: Kjellaug, Jenny, Malvin og Knut.

    Kjellaug Jorunn Alfsdtr. Førde (1921) er gift med Henrik Fløtre (1921). Han er arbeidsformann for Årdal Aluminiumsverk i Årdal. Dei har 4 born: Jonny Svein (1951),Jorunn Alvhild (1954), Sisel Helene (1956) og Irene (1958). Jonny Svein er gift med Lisbeth Solmøy Svarthumle (1951). Jonny er teknikar på Sandane. Sissel Helene er gift med Nils Johan Bøe. Dei bur på Voss

    Jenny Alfsdtr. Førde Dahl (1924) har vore sydame. Gift medOle Dahl (1928). Han er frå Sykylven og er fabrikkarbeidar. Dei har tre gutar: Arne Johan, (1949), Inge Anfinn (1952) og Robert (1956). Arne Jon var gift med Ellen Margrete Ervik (1955) frå Nordfjordeid og dei har ei jente, Jenny. Arne Jon er restaurantsjef i Molde. Inge Anfinn er gift med Kari Skottebø (1952) frå Fagernes. Han har gått hotellfagskule i Stavanger. Han har arbeidd på Hotel Alexandra i Loen, og er no hotelldirektør på Fagernes. Robert Jan er gift med Grete Isaksen (1958) frå Bergen. Han har gått hotellfagskule i Stavanger, har drive med damekonfeksjon på Fagernes, og er no kontorsjef i Auto 23 i Førde.

    Malvin Alfson Førde (1929) er fiskar og gardbrukar i Berle. han er gift med Magny Førde (1949) frå Bremanger. Dei har to gutar: Odd Arild (1972) og Jan Inge (1978)

    Knut Alfson Førde (1935) er gift med Astrid Vassøy frå Sandnes (1945). Dei har tre born: Anne Gunn (1964), Grete (1966) og Keth Anette (1978)

    Opp til overordna kapittel

    12.6 Ola Knutson Tjugen (1897)

    Han er den nestelste av gutane til Knut og Kristianna på Tjugen. Han har gått på jordbruksskule, hagebruksskule og lærarskule. Han styrde Johansbruket på Tjugen medan Anders var i Amerika i ca. 9 år. Han fekk lá'árarpost på Sortland og vart skulestyrar på Maurnes skule. Ved sida av læraryrket dreiv han gartneri med drivhus. Han var gift med Borgny Larsdtr. Hilde (1900 (c) 1978). Ho har gått folkehøgskule, og har vikariert som lá'árar i mange år. Etter oppnådd aldersgrense fløtte dei til Nes i Hedmark og bygde seg heim der. Også der fekk dei seg hage og dreiv med gartneri. Dei har desse borna: Knut, Kristi, Leidulf, Erling, Solveig og Olav.

    Knut Tjugen (1937) er eldste sonen til Ole og Borgny. Han har teke artium, handelsgymnas og lá'árarskule. Han er inspektør ved Drammen ungdomsskule og dei bur i Drammen. Han er gift med Synøve Kristensen (1928) frå Eidsvoll. Ho er sjukepleiar. Born: Erling og Knut Inge

    Kristi Tjugen Hagen (1929) har gått ungdomsskule, Stabekk husmorskule og er husmor. Ho er gift med Halvard Hagen (1922) frå Lunner. Han er formann ved Veteriná'árhøgskulen og dei bur i Oslo. Dei har desse borna: Arnulf, Elin, Ole Geir, Bente og Knut Erik

    Leidulf Tjugen (1931) har artium, handelsgymnas, befalskule, lærarskule og Statens lærarskule i forming. Han erhøgskolelektor ved den pedagogiske høgskulen i Halden. Han er gift med Charlotte Lutken (1941) frå Kvissek i Danmark. Ho har artium og er bibliotekar. Dei bur i Halden. Born: Ole Bjørn og Karina.

    Erling Tjugen (1934 (c) 1954) var berre 20 år då han omkom ved ei drukningsulukke. Det var eit tungt slag både for foreldre og søsken. Solveig Tjugen Kleven (1936) har realskule og Rosenvilde husmorskule, og ho er kontordame. Ho er gift med Kjell Fredrik Kleven (1937), fødd i Skoger. Han har artium og har studert bedriftsøkonomi, og er systemsjef. Dei er busette i Skien. Born: ááystein, Oddbjørn og Marianne. Olav Hilde Tjugen (1942) er cand. real (statistikk hovudfag) og han er forskar. Han er gift med Kari Bråthen (1948) frå Ski og dei bur i Fjellhamar. Kona er sykepleiar. Born: Oddvar, Trygve og Karianne.

    Opp til overordna kapittel

    12.7 Johannes Knutson Tjugen (1899 - 1981)

    Han gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid og Nesna Lá'árarskule. Han har vore lá'árar på Beieren skule ved Bodø og Fivelsdal skule og almenningsskule. Han er gift med Helga Nore (1908) frå Bryggja. Han er no slutta etter oppnådd aldersgrense, og dei har bygt seg hus og bor på Bryggja.

    Opp til overordna kapittel

    12.8 Anna Knutsdotter Tjugen Ytrehus (1901)

    Ho gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid. Ho er gift med Knut Ytrehus (1898). Han har gått lá'árarskule og er lá'árar på Eike skule i Tysvá'ár kommune, og dei bur ved Grimstad. Dei har desse borna: Bjørg, Kjelrun, Einar og Olav. Bjørg Ytrehus Igland (1929) er gift med Ivar Igland (1930). Han driv med sagbruk og bygningsartiklar ved Grimstad. Dei har desse borna: Knut Arvid (1955), Torstein (1957), Kåre (1958), Bjørn Inge (1964) og Hanne Britt (1966). Kjelrun Ytrehus (1932) er hjelpepleiar og bur ved Grimstad. Einar Ytrehus (1935) er adjunkt i skule i Birkeland. Han er gift med Aslaug Tønnesen (1938). Born: Knut (1962), Erling (1964) og Bjørnar (1971). Olav Ytrehus (1944) arbeider med forsikring i Arendal. Han er gift med Ellen Halvorsen (1951). Ho er operasjonssøster. Born: Steinar (1975) og Geir (1978).

    Opp til overordna kapittel

    12.9 Oskar Knutson Tjugen (1904 - 1966)

    Han gjekk Framhaldsskule, Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid, Mindresunde jordbruksskule, handelsskule og meieriskule i Danmark. Han arbeidde på Hedmark Meieri i Hamar. Sidan arbeidde han i fylkesforsyningsnemnda i Hamar.Han døde 62 år gamal etter skade ved ei sykkelulukke. Gift med Helbjørg Austad (1920) frå Romedal i Stange. Dei hadde bygt seg hus og budde i Vang. Born: Helene og Kristiane.

    Helene Tjugen Landheimm (1946) har lærar(c) og kjøkenutdanningog er lá'árar. Gift med Olav Landheim (1941). Han er elektrikar,og har arbeidt som utviklingshjelp på Gullkysten i Afrika. Born: Bjørnar og Ragnhild.

    Kristiane Tjugen Brenne (1948) er gift med Tore Brenne (1946). Begge arbeider i skulen i Ottestad som adjunkt. Born: Ingeborg (1972) og Øyvind (1982).

    Opp til overordna kapittel

    12.10 Alf Knutson Tjugen (1906).

    Han gjekk to år på snikkarskule . Han for til Canada i 1928og var der til 1938. Der var tronge og vanskelege tider. Han arbeidde på farm i to år, arbeidde ei tid i skogen. Sidan tok han seg arbeid på smelteverk i Trail i Britisk Colombia. Han tok til som frisør i Stryn i 1940, og med det yrket heldt han fram til 1975. Han har kjøpt og bygt hus i Stryn. Han er gift med Kjelfrid Drageset (1909). Ho har gått Nordfjord Ungdomsskule og handelsskule. Utanom husmoryrket har ho arbeidd på foretningar i Stryn. Born: Knut og Asbjørn.

    Knut Alfson Tjugen (1950) har gått Firda Gymnas og N.T.H. i Trondheim. Han er bygningsingeniør tilsett ved Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen i Oslo. Han er gift med Ingrid Strandeng (1950) frå Slagentangen. Ho er adjunkt i Oslo. Dei bor i Gjettum ved Oslo.

    Asbjørn Alfson Tjugen (1955) har gått Firda Gymnas og Trondheim Tekniske Skule. Han arbeidde på mekanisk verkatad i Holmedal. Gift med Sonja Rivedal (1954) frå Holmedal. Ho har gått på Firda Gymnas. Begge har gått Vinterlandbruksskulen i Oslo og har vore avsløysarar på gard, og dei paktar no gard i Rivedal.

    Opp til overordna kapittel

    12.11 Konrad Knutson Tjugen (1909 - 1972).

    Han gjekk i snikkarlá'áre med Elling Bø i Stryn. Styrde eit stort hønseri til oberst Mjøen i Gjøvik. Styrde ein gard i Nord Odal, arbeidde på trevareverksemda til Langmoen i Brumundal. Konrad var gift med Magnhild Ruttenborg (1914) frå Kapp på Toten. Born: Laila.

    Laila Tjugen Johansen (1950) har gått handelsskule og arbeider i Den Norske Kreditbank i Brumundal. Ho er gift med Leif Johansen. Han arbeider på Moelven Bruk i Hedmark

    Opp til overordna kapittel

    12.12 Oddny Knutsdotter Tjugen Drageset (1911)

    Ho har gått husstellskulen i Stryn, og ho er gift med Asbjørn Drageset (1908). Han har gått Nordfjord Ungdomsskule på Vereide. Han var i Canada frå 1928 til 1932. Det var i dei aller vanskelegaste tidene der borte. Han dreiv med sin eigen bil som lastebilsjåfør. Dei har bygt hus og bor i Loen. Born: Jon Knut og Kirsti Brit.

    Jon Knut Drageset (1944) har gått realskule i Stryn, Firda Gymnas, Volda lærarskule og lærarhøgsklulen i Trondheim. Han er adjunkt i Olden skule og klokkar i Loen kyrkje. Han er medlem av Stryn kommunestyre. Gift med Rigmor Eriksen (1949) frå Kjerringøy ved Bodø. Dei har bygt hus og bor i Loen. Born: Siri Janne, Aud Hege, Ruth Solveig, Jon Asbjørn og Oddny Kristin Anette.

    Kirsti Brit Drageset Høyheim (1947) har handelsskule på Nordfjordeid, og var eitt år i England. Ho tok telefonkurs i Bergen og arbeider no på telefonstasjonen i Stryn. Ho er gift med Erik Høyheim (1939) frå Lyster i Sogn. Han har realskule og arbeider i resepsjonen på Hotel Aleksandra i Loen. Tidlegare var han ei tid til sjøs og arbeidde i Gasa i Afrika. Dei har bygt hus og bur i Loen. Born: Lina Mette, Tom Stian og Trine Heidi.

    Gå til kap 3.1 Anders Olsen på Sjurebruketent

    13. Sjureslekta i Amerika. Del 1.
    (Borna til Anders Olsen og Olina Arentsdotter)

    Fig. Slektsgreiner på Sjurebruket i Loen
    13.1 Arent Anderson Loen
    13.2 Rasmus Andersson Loen (1858 - 1930).
    13.2.1 Andrew Rasmusson Loen (1880 - 1964)
    13.2.2 Lena Rasmusdotter Loen (1882 - 1926).
    13.2.3 Emma Rasmusdotter Loen (1887 - 1914).
    13.2.4 Selmer Albert Loen (1889 - 1958).
    13.2.5 Dorthea Rasmusdotter Loen (1897)

    Opp til overordna kapittel

    13.1 Arent Anderson Loen

    Arent var den andre i søskenflokken, og heitte etter bestefaren sin, Arent Arentson Rake. Då han vart vaksen var det fleire som hadde teke til å fare til Amerika i frå Loen, og Arent fekk hug til å reise. Han reiste til Amerika kring 1870. Der borte fekk han seg land og tok til som farmar. Han gifte seg med ei kvinne som kom frå Lillestøl i Hornindal. Dei hadde ikkje born, og Arent døydde i sine beste år. Han hadde hatt lite kontakt med heimen sidan han for. Då han var død, vart det heimsendt noko klæde til Ola, bror hans, mellom anna ein dress og ein diplomatfrakk. Ola gjekk alltid med heimevovne klæde, og han gav diplomatfrakken til Loen ungdomslag. Der nytta dei han i skodespel når det skulle vere embetsmenn med eller det var storfolk

    Opp til overordna kapittel

    13.2 Rasmus Andersson Loen (1858 - 1930).

    Rasmus reiste til Amerika 19 år gamal i 1877. Han fekk seg ein 280 acres farm i Swift Falls ved Benson i Minnesota. I 1879 vart han gift med Dorthea Bødal (1859 - 1897), same året som ho kom til Amerika. Ho var frå Samuelbruket, bruk nr. 3 i Bødal. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det om Rasmus at han fekk seg "Homestead" ved Swift Falls og budde der til han døde. Han var sterk, og glad i arbeid, og åleine slo han høy til 30 storfe, og hausta inn kveiteåkeren sin. Det var meir og tyngre korppsarbeid den gongen enn no. Han var og trufast med i kyrkjeleg arbeid.

    I 1925 kom David Verlo heim frå Amerika. Han hadde og ein stor farm i Benson. Han hadde med helsing og gåver frå Rasmus Loen som han kom inn til Loen med. Han kunne fortelje at Rasmus hadde tenkt å reise saman med David på Norgesturen, men i siste liten kom det noko i vegen. Ola, bror til Rasmus, livde då, og han sende helsing og gåver til bake med David. Rasmus og Dorthea hadde 5 born: Andrew, Lena, Emma, Selmer og Dorthea.

    Opp til overordna kapittel

    13.2.1 Andrew Rasmusson Loen (1880 - 1964)

    Andrew vart gift med Gertrude Strand (1883 - 1971). Begge to var fødde i Benson Minnesota. Foreldra til Gertrude var Rasmus og Lydia Strand. Dei kom til Amerika i 1874, og dei var begge frå Nordfjord. Andrew og Gertrude gifte seg i 1907. Dei budde ei tid i Ray Nord Dakota der dei hadde farm. Andrew var med i Nordfjordlaget i Amerika. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det at Andrew Loen er storfarmer. Han er ein mann med eit vidt syn og mange interesser. Han har eige elektrisitetsverk på farmen Andrew og Gertrude hadde tre born: Ruda, Garfild og Lauritz.

    Ruda Loen (1908) vart gift med Norine Amlie (1906 - 1971) i 1936. Dei hadde ein 400 acres farm ved Benson. I denne farmen er og dei 280 acres som bestefaren Rasmus hadde ått. Dei hadde ikkje born.

    Garfild Loen (1909 - 1975) var ugift. Han arbeidde i eit såvarefirma i Benson

    Lauritz Loen (1911) gifte seg i 1936 med Mabel Pedersen (1917). Lauritz har 80 acres og arbeider på ein kalkunfarm. Dei har tre døtre: Romona (1936), Marge (1938) og Mary (1938). Dei to siste var tvillingar.

    Opp til overordna kapittel

    13.2.2 Lena Rasmusdotter Loen (1882 - 1926).

    Lena vart gift med Georg Yule (1886 - 1963). George var fødd i Vally Sity Nord Dakota. Han var utdana ved Palmar Kiroprakterskule i Davenport, Iowa. Dei har 3 born: Ruth, Elwin og Marcella.

    Ruth Yule (1912) vart gift med Harwin Rudeen i 1957. Ruth er rekneskapsførar og Harwin er farmar. Dei bur i Wilmar Minnesota. Dei har ingen born.

    Elwin Yule (1916) gifte seg med Francis Bergland. Elwin er fotograf og dei bur i Wilmar Minnesota. Dei har 3 born: Gary (1957), Debra (1959) og Paul (1962).

    Marcella Yule (1926) gifte seg i 1951 med Charles Melberg. Marcella er fødd i Fargo Nord Dakota og Charles i Moorhead i Minnesota. Marcella vart adoptert av Lewis og Anna Mickelson då Lena, mor hennar døde. Ho arbeider hjå Bell Telephone co. og Charles er sosialsjef. Dei har eitt barn: Daniel (1956).

    Opp til overordna kapittel

    13.2.3 Emma Rasmusdotter Loen (1887 - 1914).

    Emma gifte seg i 1906 med Henry Peterson (1882 - 1958). Ho døde berre 27 år gamal. Henry var farmar i Benson. Han var son til David Peterson som hadde farm i nærleiken av farmen til Rasmus Loen. David var fødd i Utvik og er den David Verlo som før er nemnd og som kom ein snartur til Loen i 1925 og hadde med helsingar frå Rasmus til slekta i Loen. Emma og Henry hadde 3 døtre: Marvel Dora, Rosella Denora og Delia.

    Dei tre søstrene vart oppfostra kvar for seg hjå slektningar då Emma døde medan dei var små. Faren, Henry Peterson, prøvde først å ha jentene samla hjå seg, men det var vanskeleg å finne nokon som ville vere hjå jentene og utføre husarbeid og gardsarbeid. I april 1917 reiste Delia til onkel til far sin, Andrew Peterson, i Wheaton i Minnesota. Nokre år seinare vart Rosella adoptert av Mr. og Mrs Lars Bakke i Wheaton, og vart heitande Rosella Bakke. Marvel bodde med onkelen sin, Selmer Loen i 3 år.

    I 1918 reiste ho for å bu hjå ein annan onkel til faren, Arne Peterson, i Appelton Minnesota. Det var først som vaksne at dei tre vart kjende med kvarandre som søstre. Dei var då mykje saman og var gode vener. Dei var alle medlemer i den Lutherske kyrkja. I 1984 kom Marvel og Rosella til Loen for å vitje Olav A Loen, men han døydde omlag samstundes med at dei reiste fra Amerika

    Marvel Dora Peterson (1907) var gift med Glenn Rice Scott (1905 -1960). Ho var lærar i 34 år i Minnesota Sør Dakota og i St. Louis i Missouri. Marvel og Glenn hadde to born: Glenn Roger (1939) og Barbara Anne.

    Rosella Deonora Peterson (1909) gift seg i 1938 med Elmer G Hastings (1902 - 1984). Ho var lærar og Elmar var forretningsførar. Han var fødd i Chicago. Rosella og Elmar hadde 2 born: Peter (1940) og Serine Rosell (1948).

    Delia Peterson (1911) var gift med Dormen R Headland (1906 -1976). Ho var lærar i Minnesota og Sør Dakota. Sidan tok ho seg arbeid som sekretær i Wheaton i Minnesota for å kunne vere der og ta seg av den gamle tanta si. Etter at ho var død, reiste Delia til Pomona i California og tok til som lærar der. Dormen er fødd i Fargo Nord Dakota og han er prest i den Amerikanske Lutherske kyrkja. Dei fløtte til Tacoma i Washington der han var prest. Han var og prest i Oregon og Yakoma i Washington. Delia hadde opplæring i musikk og ho spelte både piano og orgel. Ho gjorde seg nytte av talentet sitt i kyrkjene der mannen hennar var prest.

    Opp til overordna kapittel

    13.2.4 Selmer Albert Loen (1889 - 1958).

    Selmer var farmar i Benson og han gifte seg i 1907 med Ida Simonson. Med henne hadde han 9 born. Etter at ho døde 34 år gamal, gifte han seg andre gongen med Marie C Simonson (1908) i 1928. I dette ekteskapet var der 5 born og i alt hadde han 14 born. Etter at Selmer Albert Loen var død, gifte Marie seg med Maurice Haugen i 1965. Dei bur i heimen som Selmer og Marie kjøpte i Benson i 1958.

    Utskrift frå slektsdatabasen gir ovesikt over den talrike etterslekta etter Selmer. Nedanfor er det berre lista opp alle borna til Selmer og deira ektefeller:

    Borna til Selmer og Ida (nr 1-9):

    1. Ruth Loen (1907 - 1908) 2. Ludie Loen (1909 - 1909) 3. Lillian Loen (1910 - 1959) g. m. Elmer W. Jacksen (1897) 4. Reuben Loen (1912) g. m. Lillian S. Thorson (1913) 5. Inez Loen (1914) g. m. Karney Simonson (1913) 6. Stanley Loen (1917) g. m. Alice Atchison (1922) 7. Elven Loen (1918 - 1918) 8. Delmer Loen (1920) g. m. Audrey Welker (1921) 9. Lloyd Loen (1923) g. m. Doris Olson (1921) Borna til Selmer og Marie (10-14): 10. Maurice Selmer Loen (1933) g. m. Priscilla Holten (1941) 11. Arden Dale Loen (1935) g. m. Barbara Dokkebekken (1936) 12. Elaine Loen (1936) g. m Thomas Kaitchuck 13. Vera Ellen Loen (1938) g. m. Donald Finnes (1934) 14. Lorna Loen (1940) g. m. Marlyn Bahl (1937)

    Opp til overordna kapittel

    13.2.5 Dorthea Rasmusdotter Loen (1897)

    Dorthea gifte seg i 1916 med Louis Jens Knox (1893 - 1974). Louis var brannmann for jernbanen medan dei budde i Montana. Elles arbeidde han i Pauline Iowa, Ray i Nord Dakota, El Cajon i California og etter 1969 i Williston i Nord Dakota. Der bur og Dorthea etter at mannen hennar døde. Ho er det yngste av borna til Rasmus Loen som kom til Amerika i 1877. Dorthea og Louis har 5 born: Arlo, Vernon, Corrine, Louise og Alvin.

    Arlo Knox døde 1 år gamal

    Vernon Chesterfield Knox (1918) gifte seg først med Shirley Feiring i 1946. I 1952 vart dei skilde, og i 1969 gifte han seg på nytt med Shirley Saint. Vernon er farmar og forsikringsagent i Williston. Han har eitt barn med den første kona: Alan (1948).

    Corrine Delight Knox (1920) gifte seg i 1947 med Georg Jorgenson ( - 1962). Han var sekretær. Dei hadde to born: George Louis (1950) og Vicki Lynn (1951).

    Louise Anna Knox (1924) gifte seg i 1946 med Royve Adams. Dei bor i Wapanuck Oklahoma. Dei har eitt barn: Cynthia Ann Adams (1948)

    Alvin Ronald Knox (1928) gifte seg i 1953 med Verena Weyerauch. Alvin er farmar og har deltidsstilling som postmann. Dei bor i Ray Nord Dakota. Dei har 4 born: Michael (1957), Brian (1959), Jeff (1961) og Donald (1968).

    Gå til kap 3.2 Ola Andersen på Sjurebruket i Loen

    14. Sjureslekta i Amerika. Del 2.
    (Boran til Ola Andersson Loen og Olina Antonsdotter)

    Fig. Slektsgreiner på Sjurebruket i Loen
    14.1 Kristine Olsdotter Loen (1870 - 1960)
    14.2 Andrine Olsdotter Loen (1874 - 1952)
    14.3 Anders Olson Loen (1877 - 1925).

    Opp til overordna kapittel

    14.1 Kristina Olsdotter Loen (1870 - 1960)

    Kristine var den første av borna til Sjur-Ola som for til Amerika. Det var kring 1890 ho reiste til farbror Rasmus i Benson i Minnesota. Ho vart gift med Elias Olson i 1892. Elias Olson (1867 - 1928) var frå Ola-bruket på Tjugen, og hadde ein farm i Brimsmade i Nord Dakota på 360 acres. Dei hadde ikkje born, og då dei var heime i Noreg i 1903 tok dei med seg søstersonen til Elias, Ole I Loen , og han vaks opp med dei som deira eigen. Han var 9 år då han kom til Amerika. I den første tida dei var i Brimsmade, kom to av søskena til Kristine, Andrine og Anders, der til dei. Andrine gifte seg seg med Rasmus Løken som hadde kjøpt farm i Brimsmade, og Anders kjøpte seg ein farm i nærleiken. Desse tre søskena med familiar budde så nær saman at dei ofte kunne finnast og vere i lag. Søndagane om sommaren møttest dei i hagen til Elias og drakk kaffi, og andre tider kunne dei samlast hjå dei andre. Utan om å tale om ver og årsvoner, kunne di samrøde om nytt og gamalt heimanfrå.

    Ei tid pakta Elias Olson bort farmen i Brimsmade, og dei for til Tacoma i Washington ved Stillehavet. Der kjøpte dei ein fruktfarm på 40 acres. Etter nokre år fløtte dei attende til Brimsmade. Søsterdotter til Kristine, Olga Monsdotter Loen, hadde kome til dei i 1922, og ho gifte seg med Frank V. Samuelson. Dei fekk 20 acres av fruktfarmen til Elias. Resten av farmen selde dei til Harold Haaland (Sjå om Olga og slekta hennar i Amerika i bolken om Monsslekta i Loen)

    Opp til overordna kapittel

    14.2 Andrine Olsdotter Loen (1874 - 1952)

    14.2.1 Jenny Loken (1899 - 1969)
    14.2.2 Oscar Loken (1901 - 1977)
    14.2.3 Olga Loken (1903)
    14.2.4 Valborg Loken (1907).
    14.2.5 Agnes Loken (1909)
    14.2.6 Roy Loken (1914).
    14.2.7 Arthur Loken (1917)

    Andrine reiste til Amerika i 1895 og i 1899 gifte ho seg med Rasmus Loken (1865 - 1939) frå Olden. Han hadde fare til Amerika i 1888 og fått seg land i Brimsmade på 360 acres. I den første tida dreiv dei med ein allsidig produksjon. Dei hadde storfe og høns og dyrka kveite og poteter og andre vokstrar. Seinare gjekk dei meir og meir over til å dyrke kveite. Dei hadde noko motgang i den første tida, mellom anna brann våningshuset deira ned, men ingen av folka kom til skade. Dei bygde seg eit nytt og gildare hus, og etter kvart vart barneflokken stor. Andrine hadde stellet med borna og huset, og ho var eit ordensmenneske så ho heldt alt i godt stell. Dei hadde desse borna: Jenny, Oscar, Olga, Valborg, Agnes, Roy og Arthur.

    Opp til overordna kapittel

    14.2.1 Jenny Loken (1899 - 1969)

    Jenny var den elste av borna. Ho gifte seg med Olaf Skarstein i 1929. Han var komen frå Olden, og han var fødd på Kristian-bruket, bruk nr 1 på Indre Skarstein. Han hadde arbeidet sitt i Statens vegdepartement i Devils Lake. Olaf døydde i 1960. Dei hadde ein son, Alfred. Han arbeidde for Western Airlines i Los Angeles i California.

    Opp til overordna kapittel

    14.2.2 Oscar Loken (1901 - 1977)

    Oscar kjøpte seg farm i Brimsmade, og har sidan auka farmen slik at han no er på 1200 acres. Han vart i 1929 gift med Alma Engen. Foreldra hennar kom hit frå Noreg, frå Jevnaker og Hadeland. Oscar og Alma har begge vore svert intereserte farmarar. I 1971 kom begge til Noreg, og vitja då Oscar si slekt i Loen og Olden og søkte etter hennar slekt på Austlandet, og var på riksarkivet i Oslo. Dei tala begge godt norsk, og Alma hadde stor interesse for slektshistorie, og ho har skaffa oss mange verdfulle opplysningar om dei som reiste frå Sjurebruket og deira slekt i Amerika til denne boka. Dei har no bygt seg hus i Leeds og overlate farmen til sonen, Arden Wayne Loken. Dei har hatt eit langt liv saman og hadde gullbrudlaup i 1979, og Oscar feira 80-årsdagen sin saman med sine i 1981. Oskar døde 11. april 1987. Dei har 4 born: Earl Le Roy, Shernman Dale, Arden Wayne og Jean Leonora

    Earl Le Roy Loken (1931 ) er president i ein bank i Rolla Nord Dakota. Han vart gift med Vivian Arlene Oakland i 1955. Ho er norsk og dotter til ein farmar. Ho har litt praksis som sjukesøster. Dei har 3 born: Terri Lynn (1957), Lorry Jayne (1959) og Jodi Ann (1965)

    Sherman Dale Loken (1935) arbeider for General Motors i Dayton i Ohio. Han er gift med Marilyn Hofer frå Huron Nord Dakota. Ho er dotter til ein lege og har lærarutdaning. Ho er fødd i 1941. Dei har 3 born: Brian Scott (1969), Robert Dale (1971) og Teressa Ann (1968). Teressa Ann er adoptert.

    Arden Wayne Loken (1941) har faren sin farm i Brimsmade og har gått Nord Dakota Statsuniversitet i jordbruksøkonomi i Fargo. Han er gift med Delores Leonard Raddahl (1941). Ho er dotter til ein farmar, og ho er enke med 3 born, to jenter og ein gut.

    Jean Leonore Loken (1948) har musikkutdaning frå Mayville State College, og der møtte ho Dennis Henry Aardal, og dei gifte seg i 1970. Dei bor i Cracy Nord Dakota. Han arbeider i forretning i Devils Lake, og ho er lærar. Dei har to born: Jason Lance og Eliza.

    Opp til overordna kapittel

    14.2.3 Olga Loken (1903)

    Olga er gift med Burton Bennes. Han er fødd i Amerika, men faren hans var frå Beinnes i Olden. Dei hadde farm og dreiv handel med daglegvare i Brimsmade. Dei har no slutta handelen og bor i Devils Lake. Dei har 3 born: Glorie, Merle og Rodney.

    Gloria Bennes (1932) er gift med Clarence Keller. Han arbeider i ei underhaldningsavdeling i Devils Lake, og dei bor i Devils Lake. Dei har 4 born: Dale Keller (1957), Darvil Keller (1957), Cindy Keller (1958) og Jani Keller (1961).

    Merle Bennes (1936) er gift med Walter Schmidt (1932). Han er tysk, men er fødd i Devils Lake, og han er leiar for service avdelinga i eit motorfirma i Williston i Nord Dakota. Dei har 3 born: Vesley Schmidt (1957), Wade Schmidt (1960) og Stanley Schmidt (1962).

    Rodney Bennes (1941) er gift med Sherry Alexander (1946). Rodney er TV reperatør og ho arbeider ved pleieheimen i Devils Lake. Dei har 2 born: Brian Bennes (1971) og Malenda Bennes (1972).

    Opp til overordna kapittel

    14.2.4 Valborg Loken (1907).

    Valborg var gift med Joseph Sosella. Han var farmar og han døde ung. Valborg var lærar. Dei hadde 2 born: James Le Roy og Lou Jean Correan.

    James Le Roy Sosella (1935) gifte seg med Beverly Johnson. Han har lærarutdanning frå Valley Citys og var lærar i 5 år. No driv han ein bar i Bowbells i Nord Dakota. Dei har to born: Jon (1962) og Crystal (1963).

    Lou Jean Correan (1937) er gift med James Jorgensen. Han er sjef for sivil- ingeniøravdelinga ved Nord Dakota States universitet og har teke doktorgrad. Dei bor i Fargo i Nord Dakota. Dei har 3 born: Deborah (1958), David (1960) og Dean (1967).

    Opp til overordna kapittel

    14.2.5 Agnes Loken (1909)

    Agnes gifte seg med Carl Lysne i 1929. Carl sine foreldre kom frå Lærdal i Sogn. Carl og Agnes har heile tida drive med farming. Dei har to born: Arlys og Curtis.

    Arlys Lysne (1930) er gift med Herb. Haus. Han driv med bilutleige og han eig Tivin Tire and oil co i Brimsmade. Dei har 2 søner og ei dotter: Ronny Haus (1951), Daniel Haus (1954) og Julie Haus (1956).

    Courtis Lysne (1938) er gift med Janet Fox (1938). Han er leiar for ein kornelevator i Harvey i Nord Dakota. Dei har 4 born: Carna Lysne (1955), Ricky Lysne (1957), Karole Lysne (1965) og Darine Lysne (1963)

    Opp til overordna kapittel

    14.2.6 Roy Loken (1914).

    Roy er gift med Ena Piper. Han driv farmen til foreldra, Andrine og Rasmus Loken, og har kjøpt meir land etter kvart slik at han no har ein farm på 1100 acres. Han dyrkar serleg kveite. I 1967 tok han ein tur til Noreg saman med Ole I Loen. Dei var her i 3 veker og vitja all slekta i Loen og Olden. Han greidde godt å snakke norsk, og fekk seg mange vener på den tida. Han gjorde seg kjend med tilhøva mora hadde hatt då ho var heime, og han gjekk like til Høgesætra og til Støylen der ho hadde gått og mjølka kyrne og båre mjølka heim på ryggen. Det var uvante ting for han som kom frå Dakota. Roy og Ena har no overlate farmen til ein av sønene, og dei har bygt hus i Leeds og bor der. Dei har 5 born: Roger, Marion, Michael, Gary og Darin

    Roger Loken (1943) er gift med Shari Ness Wynn. Shari er norsk og fødd i Minnewaukan i Nord Dakota. Ho er enkje og har to døtre. Roger driv no farmen til Roy i Brimsmade

    Marion Loken (1946) er gift med Thomas Copeland (1946). Marion er sjukesøster og Thomas er mekanikar i Jackson Michigan. Dei har 2 born: Sean Copeland (1971) og Michele Copeland (1976).

    Michael Loken (1946) driv hesteoppdrett på farm i Brimsmade. Gary Loken (1963) tok eksamen på high school i 1981.

    Darvin Loken (1965) er adoptert. Han er indianargut.

    Opp til overordna kapittel

    14.2.7 Arthur Loken (1917)

    Artur er gift med Elsie Erie. Foreldra til Elsie kom frå Lærdal i Sogn. Arthur var den yngste av borna til Andrine og Rasmus Loken, og han styrde farmen deira ei tid. Den selde han til broren Roy. Han har sidan hatt ymse arbeid. Ei tid var han i Montana. Elsie og Athur har 7 born: Ardyce, Robert, Orlin, Carol, Paulette, David og Mari.

    Ardyce Loken (1941) er gift med Daniel Neary (1936). Daniel er elektrikar. Dei har 3 born: Ricky (1961), Janet (1963) og Steven (1970).

    Robert Loken (1943) er truck-førar og mekanikar. Han bor i Big Falls i Minnesota. Kona hans var enkje, og ho var fødd i 1941. Dei har 4 born: Carrie (1963), William (1965), Robin (1971) og Jennifer (1972).

    Orlin Loken (1944) er gift med Kirstine (1944). Ho er fødd i Danmark og er tilsett i SAS. Ho har ei dotter, Pathricia (1963). Orlin er tilsett i Western Airlines i California. Dei var alle tre på Norgestur i 1978, og då vitja dei og Loen med ein kort visitt.

    Carol Loken (1946) er gift med John Mc. Glynn (1947). John er mekanikar. Dei har 3 born: Karey (1968), Danna (1971) og Johnny Pat (1973)

    Paulette Loken (1951) er gift med James Graham (1947). Paulette arbeider deltid på eit tannlækjarkontor. Jasmes er postmann. Dei har to born: James Andrew (1974) og Daniel Michel (1976)

    David Loken (1955) har yrke i marinen.

    Mary Loken (1957) går på skule.

    Opp til overordna kapittel

    14.3 Anders Olson Loen (1877 - 1925).

    14.3.1 Ornella Loen (1909)
    14.3.2 Arnold Loen (1914)
    14.3.3 Melvin Loen (1917).

    Anders var fødd i Loen og var son til Ola og Olina Loen, og det var han som hadde odelsretten til Sjurebruket. Han fekk hug til å fare til Amerika, og reiste i slutten av 1890 åra. Han kjøpte seg farm i Brimsmade i nærheita av søstrene Kristine og Andrine. Etter å ha vore ei tid i Amerika sa han opp odelsretten sin heime, og broren Andreas overtok Sjurebruket. I 1908 gifte han seg med Nettie Pedersen. Foreldra hennar var komne frå Noreg, og faren Martin var truleg frå Olden. Klimaet i Nord Dakota høvde ikke godt for Anders, og i 1918 pakta han bort farmen i Brimsmade og reiste til Cromwell i Washington. Der dreiv han med fruktdyrking og laksefiske. Alle tre borna var fødde medan dei budde i Brimsmade: Ornella, Arnold og Melvin

    Opp til overordna kapittel

    14.3.1 Ornella Loen (1909)

    Ornella er gift med Leonard Strand, og dei bor i Tacoma i Washington. Leonard arbeider i kommunen si teneste

    Opp til overordna kapittel

    14.3.2 Arnold Loen (1914)

    Då Arnold så vidt var vaksen reiset han til Brimsmade for å styre farmen til faren. Dette var i tida før dei hadde teke til med motordrift på farmane, og han kjøpte inn hestar og maskinar og skulle drive etter den gamle driftsforma. Men uvandt som dette var for han, var det ofte vanskar i starten Då han var heime her på Norgestur i 1979, fortalde han mykje om den tida han arbeidde på farmen. Etter nokre år for han attende til Stillehavskysten, og han vart då medeigar i eit trevarefirma i Tacoma. Arnold er gift med Hazel Gammersvik. Då dei var på Norgestur vitja dei og Gammersvik ved Bergen der foreldra til Hazel var ifrå. Dei har ei dotter: Carolyn Loen (1947).

    Opp til overordna kapittel

    14.3.3 Melvin Loen (1917).

    Melvin dreiv ei tid forretning og hadde seinare eit møbellager. No driv han med bilsalg. Melvin er gift med Ruth Welliams. Dei har 3 born, 2 gutar og ei gjente: Kenneth Loen, Donald Loen og Sharon Loen

    Gå til kap. 3.2 Ola Anderson på Sjurebruket

    15. Monsslekta

    Fig. Slektskapet med Sjurebruket

    15.1 Monsbruket, gnr 70 bnr. 7 i Loen
    15.2 Olina Olsdotter Loen (1867 - 1921).

    Opp til overordna kapittel

    15.1 Monsbruket, gnr 70 bnr. 7 i Loen

    Monsbruket har som mange andre av bruka i Loen svert gamle slekter som har halde fram på gardane like til vår tid. Den første brukaren vi høyrer om på Monsbruket i "Bygdeboka" heitte Rasmus Abrahamson, han var brukar i 1664 og bruket var då rekna til 3 1/2 pd. Etter han vart bruket kalla Rasmusbruket i lang tid. I Bygdeboka står det ikkje noko om kona hans, korkje namn eller kvar ho var ifrå, men i 1686 var son hans vorten brukar. Om han får vi vite at han var gift to gonger. Første kona, Anne, står det ikkje noko om kvar ho var ifrå, men andre kona hans var Marte Jokumsdotter Auflem. Namna til brukarane skifte frå Rasmus til Jakob og Anders. Han som var brukar i 1744 heitte Anders Rasmusson. Om han fortelst det at han betalte 1/3 meir enn vanleg bygsel på grunn av det gode sildefikset som då var i Loen. Dette fisket var i lange tider eit godt lunnende til garden. Sameleis hadde alle brukarane i Loen ei storenot saman, som dei og kunne nytte til anna fiske. Såleis fortelst det at når det skulle vere gravøl tok dei storenota for å få gravølsmat. Det var og denne brukaren som løyste inn bruket i 1767 frå H.P. Finde i Holmestrand for 90 rdl. og vart den første sjølveigaren på bruket. Han var gift 2 gonger, først med Dorte Rasmusdotter Roset og sidan men Barbrå Olsdotter Hilde. Rasmus, son hans, vart gift med Ingeborg Rasmusdotter N.B (Nedreberg ?). Det ser ut til at dei ikkje hadde søner som kunne ta over garden, for ei dotter deira, Dorte, vart gift med Anders Monsen Folven, og dei fekk skøyte i 1800. Då far hennar alt var død i 1772, har truleg kona hans styrd i uskifta bu til dottera gifte seg og overtok bruket.

    Ein av sønene deira heitte Anders. Då han var på vedahogging i Markuskleiva på sørsida av Lobukta fall han ut for ein hamar og slo seg i hel i 1844.Den elste sonen deira, Rasmus, tok over bruket og fekk skøyte i 1824. Han og ein yngre bror vart tekne av fonna og miste livet. Det fortelst at dei var av etter høy frå skogaslåtten og skulle drage det heim på snøføre då fonna kom over dei. Ein yngre bror, Mons, fekk då skøyte i 1832. Han er den første som har namnet Mons på dette bruket, og etter han har bruket skift namn frå Rasmus- til Monsbruket. Han var gift med Kari Ingebregtsdotter Beines. Ho vart svert gamal og døde i 1909. Det ser ut til at det gjekk godt for dei i deira styringstid. Sonen Anders fekk skøyte i 1872. Han gifte seg med Anne Andersdotter Hogrenning. Han døde ung, 30 år gamal , av tuberkulose. Denne sjukdomen herja i desse åra over heile landet, og det var helst unge folk som vart tekne bort. Kona gifte seg opp att med Arne Jørgenson Nesdal, men han vart teken av same sjukdomen 33 år gamal i 1891, og Anne, kona hans, døde av det same 44 år gamal i 1897. Ein av sønene deira, Anders fekk og denne sotta og døde i ung alder. I Bygdeboka bind 1 1974 står det på side 590: "Ei stove som kom frå Hilde trur dei har vore årsk til at så mange døde i sin beste alder her på bruket".

    Opp til overordna kapittel

    15.2 Olina Olsdotter Loen (1867 - 1921).

    15.2.1 Anders Monsson Loen (1903)
    15.2.2 Olga Monsdotter Loen (1900 - 1931)

    Olina frå Sjurebruket gifte seg med Mons Anderson Loen (1877 - 1948) og kom dermed inn i Monsslekta. Mons var elste sonen til Anders og Anne på Monsbruket. Han var berre 13 år då faren døde, og då mora gifte seg opp igjen, var det skifte og Mons fekk skøyte på bruket i 1882. Han var stor og sterk og måtte tidleg gå med i arbidslivet på garden. Før han var 20 år, var både stykfaren og mor hans døde. Han var då den einaste vaksne saman med den gamle bestemora, og hadde andsvaret både for garden og søskena sine som enno ikkje var vaksne. Samstundes vart det og utskiftning på garden Loen i 1897, med overskjønn i 1898. Då vart Monsbruket pålagd å fløtte ut av det gamle tunet, og byggje opp igjen husa på den nye teigen dei hadde fått. Ho Olina frå Sjurebruket var eldre enn han Mons, og ho var stor og mandomsam. Då han Mons og ho Olina gifte seg vart dei to om alle plikter og tunge tak. Dei var både sterke og strevsame, og det var etter kvart god framgang på garden. Og dei sett si á'áre i at alt skulle vere velstelt. Det første dei gjorde etter at ho var koma som husmor, var at dei bygde nye hus på den nye teigen, både stovehus og labygning med fjøsane og lada under eitt tak. Mons var ein trottug arbeidsmann og hjelpsam med hjelp til andre når dei hadde bruk for det. Ho Olina var sterk og eit arbeidsmenneske både inne og ute. Ho døydde vel femti år gamal, men då var alle borna vaksne. Han Mons hadde stor interesse for dyr, og han var ein god heste skjønar. Dei hadde 3 born: Anna, Olga og Anders. Anna døde i konfirmasjonsalderen av tuberkulose. Olga for til Amerika, og Anders overtok Monsbruket.

    Opp til overordna kapittel

    15.2.1 Anders Monsson Loen (1903)

    Anders fekk skøyte på garden i 1934. Han har dyrka opp og planert mykje av garden for maskinbruk. Han har hatt store ominnreidingar både på stovehuset og ladebygningen. Det var han som stod i brodden for skiping av Loen elveigarlag, og det laget var med Bergens sportsfiskerlag og bygde laksetroppa i Lofossen i 1950 åra. Bergen Sportsfiskerlag har sidan vore leigarar av fiske i Loelva. Etter at laksetrappa var bygd, gjekk laksen også opp i den øvre elva og der og skipa dei eit elveigarlag. Dei to laga er no saman om å leige ut elva. Han Anders har og vore med i kommunestyret i Stryn og sameleis i skulestyret og andre kommunale nemnder. Han gifte seg med Ingeborg Jørgensdotter Glomnes (1898). Ho har heile tida vore ei påpasseleg og omsorgsfull husmor, og har vore med i arbeidet på garden både ute og inne. Dei bor no i gamlestova, og han Anders har som kårmann vore med i alt arbeidet på garden. Dei har 4 born: Magne, Olaug, Jørgen og Klara.

    Magne Anderson Loen (1931) har gått Langvin Jordbruksskule og eit kurs i rekneskapsføring

    Olaug Andersdotter Loen (1932) har gått eit sykurs. Ho har sidan gått inn i arbeidslivet som ysterske på Nordfjord meieri i Stryn.

    Jørgen Andersson Loen (1935) har gått framhaldsskule og Holmøy arbeidsskule. Han fekk skøyte på bruket i 1973. Han arbeider på Stryn Møbel og styrer garden saman med kona. Han er gift med Liv Asborg Bernhardsdotter Rake (1945). Dei har 4 born: Asle (1971), Inger Martha (1972), Vigdis (1977) og Berit (1979).

    Klara Andersdotter Loen (1937)har gått husstell skulen i Stryn. Ho er gift med Sverre Olson Rake og dei driv Kolbeinsbruket. Dei har 4 born: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969) (Sjå elles under Kolbeinsbruket på Rake)

    Opp til overordna kapittel

    15.2.2 Olga Monsdotter Loen (1900 - 1931)

    Då Olga var i tjugeårsalderen fekk ho tilbod frå Kristine Olson, morsøster si, om å kome til Amerika. Ho hadde ein fruktfarm i Washington på Stillehavskysten og ein farm i Nord Dakota. Ho og Elias Olson var barnlause, og dei hadde teke til seg Ole I Loen, søstersonen til Elias, då dei var heime i Loen ein tur i 1903. Ole var då 9 år.Olga reiste til Amerika i 1922, og var då på fruktfarmen til Kristine. I 1924 gifte ho seg med Frank Samuelson (1899) og dei fekk ein del av fruktfarmen

    Frank Samuelson var av norske foreldre, og etter at han var vaksen arbeidde han fleire år ombord på ein dampbåt, og nokre år dreiv han med arbeid i skogen. Etter at han gifte seg med Olga, arbeidde dei saman på fruktfarmen. Dei fekk 3 gutar: Frank Melvin, Wendell Marvin og Lawrence Albert. Det gjekk ikkje så godt med fruktdyrkinga seier han, og eit par år etter at Olga døde tok han til på eit skipsvert , Bremerton Navy, der han arbeidde som elektrikar til han gjekk av med pensjon i 1962. Olga var svert snill og livleg slik søskenebarnet hennar, Arnold Loen, hugsar henne. Ho vart tidleg sjuk, og døde svert ung, medan borna enno var små. Frank stelte heimen og borna til dei var vaksne. I 1944 gifte han seg med Bernice Olson, men ho døde i 1957. Han gifte seg då med Jennie A Aursnes i 1958.

    Frank Melvin Samuelson (1926) er gift med Eunice Marie Moberg (1930). Frank har gått høgskule. Han var med i krigen i Japan i 1944, men vart ikkje såra. Etter at han kom heim, arbeidde han i firmaet Brown & Hally i Tacoma i to år. Han var då maskinist om dagen og gjekk på colleg om kvelden. Han tok eksamen ved Pugot Sound Universitet. Han fekk arbeid i Crown Zellerboch i Port Towsend i fleire år, og for same firma arbeidde han i ei papirmølle i Ohio. Han tok eksamen i Cornell universitet i New york i 1972. Han har halde fram i same firmaet og er no innkjøpsjef for papirfabrikken til Autioch i California. Dei har 5 born: Frank M Samuelson (1949), Susan R Samuelson (1951), David M Samuelson (1955), Drew M Samuelson (1956), Kathryn L Samuelson (1961).

    Wendell M Samuelson (1927) har gått high school og teknisk skule for TV og radiao. Han arbeidde i 10 år i Oakland radio og TV i Tacoma. Seinare arbeidde han i 17 år si eiga TV- og radioforretning i Tacoma. I 1976 kjøpte han ein eplehage på 40 acres. Han leigde den bort i 3 år, men fløtte i 1979 til Yakima og overtok drifta av hagen sjølv. Han er gift med Ellinor Bolte. Dei har 7 born: Martin V Samuelson (1955), Michaell Allen Samuelson (1957), John Lee Samuelson (1959), Alice Patricia Samuelson (1960), Wandy Melody Samuelson (1963), Nancy Sue Samuelson (1965) og Machelle Lanore (1969)

    Lawrence Albert Samuelson (1929) har high school og 1 års utdaning i elektronikk. Han er tilsett ved IBM. Kona hans, Kathryn Slig Stevens (1939), har gått eit år på college. Dei har 6 born: Toy Kathryn Samuelson (1960), Down Olga Samuelson (1961), Charity Ann Samuelson (1962), Janelle Marie Samuelson (1964), Mark Lawrence Samueslon (1966) og Kris Donald Samuelson (1972).

    Gå til kap. 3.3 Andreas Olsson på Sjurebruket

    16. Markusslekta

    Fig. Slektsgreiner på Sjurebruket i Loen
    Fig. Slektskapet med Sjurebruket

    16.1 Markusbruket (gnr 70, bnr 2 i Loen)
    16.2 Olina Andreasdotter Loen (1905)/A>

    Opp til overordna kapittel

    16.1 Markusbruket (GNR 70, BNR 2 i LOEN)

    Markusbruket er det yngste av dei 14 bruka i Loen. Det var i 1773 at dette bruket vart skilt frå bruk nr 1, Erkebruket. Den første brukaren på det fråskilde bruket var Simon Jacobson, og han var gift med Anne Salvesdotter Sande. Dei hadde ikkje søner som overtok bruket, men dottera Brite Simonsdotter, tok over bruket og gifte seg med Markus Anderson Hatleim. Etter han er det bruket har fått namn. Soneson hans som og heitte Markus, var det som løyste inn bruket og fekk kongsskøyte i 1844. Bruket vart innløyst for 200 spd. Dette bruket hadde tidlegare vore kyrkjegods. Sonen Anders fekk skøyte i 1857. Han var i alt gift 4 gonger. Han Anders var ein svært tiltaksam mann. I 1868 kom fylkesbåten til Loen, og Anders vart tilsett som ekspeditør for fylkesbåtane. Samstundes tok han til med ein liten landhandel. Han tok og i 70 åra til å ta mot reisande i nystova, og i 1884 gjorde han første opptaket til det som no er Hotel Alexandra.

    Sonen hans, Markus, reiste tidleg til Amerika, og var der i ca. 10 år. Då han kom heim, overtok han garden og hotellet. Han heldt fram som ekspeditør for fylkesbåtane, og han var styrar både for telefon og post i Loen. Det var stor framgang på hotellet og mange utvidingar i han styringstid. Han hadde 9 born, og då Markus døde vart Hotel Alexandra skipa til aktieselskap for borna til Markus Loen. Dette har i mange år vore eit av dei aller største turisthotella i landet. Garden vart skild frå hotellet, og sonen Karl Markusson tok over garden. Då han gifte seg med Olina Andreasdotter Loen, kom Sjureslekta saman med Markusslekta.

    Opp til overordna kapittel

    16.2 Olina Andreasdotter Loen (1905)

    Olina vart gift med Karl Markusson Loen (1901 - 1951). Han var den nest yngste av borna til Markus Loen. Då faren fall frå, var det han som overtok garden i 1937, og i 1947 fekk han skøyte. Han har gått Mo jordbruksskule og hotellfagskulen i Bergen. Han var postopnar og styrde dampskipsekspedisjonen. Han styrde og Kjenndals restaurant, og fekk han bygd opp igjen etter ulukka lenger inne i Kjenndalen. På garden tok han seg serleg godt av frukthagen. Han planta nytt og fekk eit stajonært sprøyteanlegg. Han bygde hønsehus, og var interessert i alt slags husdyrbruk. Han kom tidleg med i fjøskontrollen, og hadde ein gild buskap. Han stilte ut fleire premioksar saman med Olav A Loen.

    Olina hadde husstellet og gav mannen god hjelp i arbeidet på garden, og dei tok tidleg til med jordbærdyrking. Ho har gått framhaldsskulen i Loen og Norstrand husstellskule ved Oslo. Dei har desse borna: Idun, Marit, Markus Alfred og Agnar. Då Karl fall frå, var dei eldste borna så vidt vaksne, og ho Olina måtte i mange år stå for stellet på garden. Ho hadde framgang både med frukt og bær. Ho var i mange år forkvinne for Loen og Rake Bondekvinnelag.

    Markus Karlson Loen (1934) var den eldste av gutane. Han gjekk Langvin jordbruksskule. I 1960 gifte han seg med Olga Matiasdotter Sæten (1939) og dei tok over drifta av bruket. Han fekk skøyte i 1968. Olga har gått realskule i Stryn og husmorvikarskule på Voss. Fruktdyrkinga har hatt stor framgang på garden, og halve garden er no utplanta med frukttre. Resten av den dyrka jorda vert nytta til grønsaker og jordbá'ár. Dette har gått ut over høyavlinga og i 1977 slutta han med mjølkeproduksjon, og dei har sidan ikkje drive med husdyr. Markus har hatt mange ombod. Han har vore i kommunestyret og i jordstyret, og han har vore mykje nytta som domar i utskiftningssaker. Dei har 4 born: Karl Ove (1961), Matias (1962), Lisbett (1966) og Gro Anita (1969)

    Idun Karlsdotter Loen (1931) har gått eitt år realskule i Stryn og har sidan 1952 vore postopnar i Loen. I 1957 gifte ho seg med lá'árar Per Solheim (1919). Han har gått realskule og Firda gymnas, handelsskule i Volda og Volda lærarskule. Han har vore lærar i Erdal skule i Oppstryn, og er no rektor ved Loen skule. Han var og i mange år klokkar i Loen kyrkje og formann i Loen sokneråd. Han har vore medlem av Stryn kommunestyre. Dei har kjøpt Markheim, gnr 70, bnr 77 og bygt seg heim der. Dei har to born: May Elin (1958) og Kjell Edvin (1963).

    Marit Karlsdotter Loen (1933) har gått realskulen på Sandane. Ho har arbeidt i postkontoret i Hornindal og Bryggja, og arbeidde i mange år på postgirokontoret i Oslo til 1964. I Oslo-tida var ho med i idrettslaget Vestar. Ho er gift med Sverre Lundestad (1933) frå Gloppen. Han har gått Firda Gymnas, og utskiftningsavdelinga på Ås landbrukshøgskule. Han har arbeidt ved utskiftningskontoret i Sandnes, Sarpsborg og Sandane. Han har vore utskiftningsdomar i Vadsø og er no utskiftningsdomar i Ørsta. Medan han var utskiftningsdomar i Vadsø var han vald inn i bystyret av senterpartiet. No har dei bygt seg heim i Ørsta. Dei har 2 born: Kari (1965) og Hans Karl (1966)

    Alfred Karlson Loen (1937) har gått realskule i Stryn og teknisk skule i Bergen. Han arbeider no på Sogn og Fjordane vegkontor i Leikanger. Han er formann i aktieselskapet Hotel Alexandra. Der har det vore store utvidingar og nybygg medan han har vore formann. Alt er no bygt i betong og ingen av bygningane er eldre enn frå 1952. Alfred gifte seg i 1960 med Valborg Sigurdsdotter Løkeland (1939). Ho har gått handelsskule og husstellskule, og har sidan dei gifte seg vor husmor. Dei har bygt seg heim i Hermannsverk. Dei har 4 born: Liv Erene (1961), Oda Karin (1964), Vivi Anne (1968) og Heidi (1974).

    Agnar Karlson Loen (1943) har gått ungdomsskule i Stryn og folkehøgskule på Manger. Postskule gjekk han i Sandefjor og Oslo. Han er no postpakkemeistar i Skien. Agnar gifte seg i 1967 med Sissel Heibø frå Skien. Ho har gått ungdomsskule og tok sjukesøsterskulen i Oslo. Ho er avdelingssjef på aldersheimen i Skien. Dei har kjøpt seg hus med jordeigedom til i Melum og bor der. Dei har 4 born: Kjetil (1968), Trond (1970), Erik (1972) og Ragnhild (1976).