Vis register

Gamle postkort

Tilbake til Startsida

Tekst-meny

Gamle postkort frå Indre Nordfjord

av Jon R. Langeseth Vik

Dette dokumentet er utdrag frå ein artikkelserie i Fjordingen i første halvår 2005. Artiklane er skrivne av Jon R Langeseth Vik som og har skaffa bilda. I dette utdraget er det berre teke med artiklar med tilknytning til Loen sokn.

( 8) Fiskeri i gamle Innvik kommune for hundre år sidan
(del 1 Rake)

(Fjordingen 4. mars 2005)

Her er med berre første delen av artikkelen som gjeld Rake. Artikkelen har med eit postkort. Kommentarane til bilde og sjølve bilde er vist nedanfor.

"Den kolorerte versjonen av kortet er gjeve ut av Küenholds kunstforlag no. 763 og er poststempla i 1910. Bildetekst: "Parti när Loen i Nordfjord. J.K." Fotograf kan være J.K. Maursæth. Svart kvit versjonen er poststempla 1906 og gjeve ut av eit svensk forlag nr. 8341.
Bildet viser " Falljebryggja" på Rake der ein finn kastet Håjen. Bryggja var kledd med tømmerstokkar for å skåne båtane, og ein ser også nothenget. Mannen med hatt og tau over skuldra er truleg Harald Ellingsen Rake frå Kristianbruket,født i 1864, døydde 77 år gamal. Av folketeljinga i 1865 og kyrkjebøkene går det fram at familien til Harald budde omlag 10 år i Bremanger på garden Mulelid. Ungguten til venstre på biletet kan være faren til Jon Solvik, som hette Laurits Andreas Rasmussen Solvik. Han var fødd i 1890 og døydde 92 år gamal. Han var mykje på fjorden i fiske."

I Amund Hellands verk om Nordre Bergenhus Amt frå 1901 står skrive litt om det samla utbyte ein hadde av fiskeri i Stryn og Innvik kommunar. Om Stryn står det:

Hjemmefisket i fjorden er ubeydelig. Af og til fiskes lidt sei og hvitting og til dels litt smaasild og brisling alt nær land, hvor herredet støder til sjoen; havfiske drives ikke af nogen fra Stryn.

Dette stemmer godt overeins med det som går fram av folketeljinga for 1900. I gamle Stryn kommune var det berre to av dei 14 som nemner fiske som yrke som ein veit sikkert var fjordfiskarar. Dei andre fiska i elvane eller i vatna i Stryne- og Lobygda. På den måten skil gamle Innvik kommune seg klart ut. Der er heile 28 personar som i 1900 oppgjev fiske som eit av yrka sine, og fjordfiske var ei svært viktig næring for mange av desse, og kasting med not var truleg det som gav best utbytte. Dei aller fleste fiskarane i Innvik kommune kom frå Olden og gardane Skarstein, Muri, Gildestad (Nygjerd), Vanberg, Yri, Brynestad og Agjeld er nemnde. Meir om fjordfiske i 0lden kjem ein tilbake til neste gong. Lenger ut i fjorden finn ein fiskarar med gardsnamn som Skåden, Langved, Heggdal, Lyslo, Valaker, Verlo, Kårstad og to frå Sølvberg (begge var fødde i Amerika).

På kvar av gardane Strand og Rake var det også registrert ein fiskar. Etter å ha undersøkt litt nøyare finn ein fort at offentlege statistikkar ikkje fortel den fulle sanninga verken om omfanget av fisket eller kor mange som deltok.

Knut 0. Rake og Jon Solvik har sjølve vore med å kasta not på dei mange faste kasta frå Tyvaneset til ytste del av Rake. Knut fortalde at det vart slutt på kastinga ca. 1967-68. Fjorden var då mest tom for fisk. Det var forresten på garden til Knut han kom frå einaste fiskaren pi Rake i 1900. På Rake var det 4-5 nøter, og då silda eller brislingen kom inn i fjorden var nesten alle i grenda med. Folk frå Oppheim var også leigde inn for å hjelpe til under fisket. Dei faste kasteplassane var nøye utvalde gjennom år med erfaring. Eine enden av nota vart festa i land med eit langt tau (bastetau, kanskje heimelaga). Dei rodde så ut nota og la ho i ein halvrunding før dei festa det andre tauet i land på andre sida av kastet. Tau og not vart så dregen inn og samla og dei kunne dra fisken rett opp i båten/båtane. Torsk, sei, flyndre, ål, kviting og hyse vart på Rake kalla for "skrefisk". Aaland skriv:

I 1661 seier matrikkelnemnda at kasting etter småsild var godt lunnende til garden. I 1723 hadde han ikkje lunnende av sildefiske, og jorda var då tunn og skarp. I nyare tid har fisket etter sild, laks og aure vore eit godt lunnende til garden

Knut og Jon kan begge på rams namna pi alle kasta, og dei to første ligg rett innanfor Tyvaneset og vart kara "Ytre og indre Engjane"'. Nærare Lovik "Løgnbakkane" og "Kleiva"'. "Vik" var kastet der skulen i Loen ligg i dag. Nedanfor Lovik Camping låg "Elvaneset og Holmen". "Hola" var rett utanfor husa til Drageset. Rett innanfor Lo-kaia var "Kjegla" og utanfor "Toskehola". Det neste var "Bastereisa" og utanfor det "Longesvade". I Solvik var "Jokvia" og vidare "Karikvia og Garnsteinen" som låg litt innanfor vegkrysset til Oppheim. "Hågjen" (sjå også biletet) gjekk frå "Falljebryggja" på Rake og nesten ut til fyrlykta på Raksneset. Dei to siste kasta til Rake var i Marsåvika. Innafor skjæret "Vorren", og på ytste sida av skjeret var "'Sundet'.

Jon R. Langeseth Vik

********************

Dokumentstart

(10) Hotel Alexandra

(Fjordingen 4. april 2005)

Bildeteskt for postkort med Hotel Alexandra skanna frå Fjordingen 4.4.2005 i serien "Gamle postkort":
"Loen Nordfjord utgjevar J.V. (Verdenspostforeningen). Fotografiet er truleg teke av Alex Lindahl i perioden 1887 - 1890. Hotel Alexandra og Kvamme's Hotell er måla på kvart av hotella. Legg merke til alle nausta. Kvar gard hadde sitt naust, og det er også grunn til å tru at dei som budde langs Lovatnet også hadde nausttomter ved fjorden"

"Alexandra - familiehotell sidan 1884" er ei interessant og velskriven hotellhistorie og samtidig eit viktig kapittel i lokalhistoria vår. Ein får godt innblikk i korleis hotellet har utvikla seg gjennom tidene, krisene som hotellet har kjempa seg ut av og ikkje minst det samhaldet og det feltes mål familien Loen/Grov heile tida har arbeidd fram mot. Korleis hadde det vore i dag om ikkje Markus Anderssen Loen, som utvandra 20 år gamal til Amerika i 1882, hadde kome tilbake til Loen med kona Ida, barna Kari og Ida i 1890. Hadde vi i dag hatt noko Hotel Alexandra i Loen? Lån boka på biblioteket.

Dei første hotella i Loen

Garden Loen var i 1865 med alle sine brukarar konsentrerte i to tun, nord og sør for kyrkja. Her budde også "Gaardbruger og Selveier" Anders Markussen Loen f. 1834 med kona Kari Rasmusdatter f. Qvame 1829, borna Markus f. 1862 og Gjertrud f. 1864, faren Markus Anderssen f. 1801 og tenestejenta Andrine Andersdatter Møkløen f. 1835. Den yngste sonen Rasmus vart fødd i 1867. Anders løyste handelsbrev 3.juni 1868, kort tid før kona døydde. Handelen starta i ei lite hus på garden, før han i 1870 bygde "nystova" som vart det største huset i Lotunet. Her opna han også "Logie for Reisende". Kostnadene med huset var store og han kom i pengevanskar. Handelen gav truleg heller ikkje dei store innkomene, då det var lite pengar blant folk på den tida. Anders slutta av handelsverksemda si ved å sende handelsbrevet til "cassation" den 16.09.188l. Kristian Endresen Tonning som dreiv handel i Bø frå mai 1879 flytte verksemda si til Loen i juni 1881 og dette kan kanskje forklare kvifor Anders leverte handelsbrevet sitt til makulering. K. E. Tonning greidde heller ikkje å drive lønsamt i Loen, og Anders løyste igjen nytt handelsbrev 19. februar 1886. I mellomtida hadde Bruse Thorstensen Kvamme (f. 1860 i Indre Holmedal) og kona Petrine Jørgensdatter (f. 1857) starta handel i Loen, handelsbrev av 23.09.1884.

Både Anders og Bruse bygde nye hus ved sjøen, på dei såkalla "Naustvollane", hus med gode og romslege kjellarar for handel og rom for losjerande i dei andre etasjane. Hus som kosta mykje pengar på den tida. Anders M. Loens Hotel Alexandra låg nærmast dampskipsbryggja (turistane) og Bruse Kvammes Hotel nærmast bygdefolket (handelskundane).

Det er vel lite truleg at husa var klar til hotelldrift i 1884, då byggetida som oftast var lenger enn eit år på slike hus, men dette vert berre spekulasjonar.

Stryn kommunestyre handsama den 12. desember 1885 ølskatten for det året, og i tillegg til dei tre som hadde "lovlege" løyve (David Olsen Tonning i Perhustunet, Lars Bø; forløparen til Hotel Central på Visnes og Arne Visnæs) vart "Bruse Kvamme der har udskjænkt Øl uden Formandskabets Bevilging erlægges i Skat 10 -ti- Kr." Same dag, etter kommunestyremøtet, handsama formannskapen søknadane om skjenking av øl i 1886. Pkt. 5: "Bruse Kvamme og Anders Markussen filstaaes Bevilgning til Udskjænkning af Øl til sine faste Logerende i Maanederne Juni, Juli, August og September." Samtidig fekk Jakob A. Næsdal "samme Ret i Maanederne Juli og August, dog kun til Reisende (turister).

Formannskapen utvida i eit seinare møte ølretten slik at den gjaldt alle reisande og faste gjester heile året. Begge dei to nye hotella i Loen fekk skjenkeløyve og driftsgrunnlaget var omtrent likt for begge. Dei fleste gjestene kom med dampskip frå Bergen, og Anders som var dampskipsekspeditør hadde ein liten fordel framfor Bruse. Investeringane var store for begge to og det var truleg ikkje alltid like lett i få endane til å møtast.

Anders sette fylgjande annonse i Fjordenes Blad på Nordfjordeid 21.07.1887:

"Nyt Hotel!
Hotel "Alexandra"
A.M Loen proprietor
Loen - Nordfjord
der aabnedes i Juli Maaned 1887, anbefales de ærede Reisende paa det bedste som comfortabelt indrettet samt smukt og bekvemt beliggende for Fiskeri og Udflugter til Isbræerne etc. Duelige Førere paa Stedet. God betjening. Moderate Priser."

Er dette den offisielle starten på Alexandra, eller er det berre ei ombygging/utviding som har funne stad og som blir markert på denne måten? Statsarkivet i Bergen har ikkje branntakstar på nokon av desse to hotella før i 1891/92, slik at det i dag er vanskeleg å vite eksakt når tid drifta starta.

Som nemnt innleiingsvis kom Markus Anderssen Loen tilbake frå Amerika i 1890 og tok over garden, krambua og hotellet for kr 12.000, finansiert av Stryn Sparebank 1. november 1890. Anders sende handeslbrevet sitt til kassasjon 20.10.1890 og same dag løyste Markus sitt handelsbrev. Markus satsa friskt og bygde i 1891 eit nytt og stort tilbygg til hotellet med utsiktstårn og ny matsal. Talet på senger vart utvida frå 22 til 50. Kort tid etter fekk han økonomiske problem, men greidde seg gjennom den vanskelege tida, og han fekk i 1897 også skøyte på bnr. 12, Rosenlund, som var hotellet til Bruse Kvamme.

Bruse, kona og dei tre borna som var fødd i Loen, flytta til Bergen og ved folketeljinga år 1900 hadde han kjøpt seg ein bygard i "Nordnæsgade" og var handelsborgar i Bergen by. I Loen hadde ein fått "Hotellerne Alexandra I og II" eigd av Markus, som då var "Hotelvert, Gardbruker, Postobner og Dampskibsekspeditør." Markus og Ida fekk ni born, og saman førte desse hotelltradisjonen vidare.

*********************

Dokumentstart

(11) Dampskipsekspedisjon og Post i Loen

(Fjordingen 11. april 2005)

Dampskipsekspedisjon og dei flytande hotella

Denne artikkelen har med 2 postkort skanna frå Fjordingen 11.4.2005 i serien "Gamle postkort":
Bildetekst for postkort nr 1:
Nordfiord. Loen. O Svanøe Bergen. Eneberettiget 1907. No. 444. Båten til høgre er "Meteor" og den andre kan vere "Midnight Sun". Vi ser at ein "sjalupp" nettopp har lagt til kai med turistar om bord. På land ser vi damer og "gentlemen" i fine hattar og klede. Skysskarane er iført bestekleda sine og ventar tolmodig på at tutistane skal finne plassane sine i stolkjerrene før turen går til Vassenden og vidare med D/S Lodølen til Kjenndalen.

Bildetekst for postkort nr 2:
"Parti fra Loen. No. 36 Eneberettiget Fot. Kirkhom, Molde. Postkort frå før 1905. Nausta er som tidlegare, men begge hotella er betydeleg utvida. Byggetrinnet med utsiktstårnet på Alexandra I var ferdig i 1891."

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe ("Fylkesbaatane") starta opp i desember 1858 og den første ruta på Nordfjord var i januar året etter med DS Fjalir. Loen kom ikkje på ruta før rundt 1870, og i 1871 gjekk "Route A. Til Nordfjord een Gang ugentlig". Fjalir hadde avgang frå Bergen måndag kl 06.00. Båten hadde 19 stoppestadar før Loen, deriblant Utvik, Faleidet Qg Visnæs. Til Visnæs kom den kl 20.30 onsdag og gjekk derifrå ved midnatt. "Frå Loen hveranden Onsdag KL. 12* Mrgn"(kl 00.30), og den var innom Olden og Utvik på turen ut fjorden. Etter ruta skulle båten vere tilbake i Bergen torsdag kl 16.00. Anders Markussen Loen vart den forste dampskipsekspeditøren i Loen og han arbeidde forat dampen skulle "anløpe" Loen kvar veke, og frå 5. September 1881 viser ruta at Loen (og Indvik) var blitt stoppestad på lik linje mod dei andre. Når tid rutebåten kunne legge til kai i Loen er uvisst, men truleg først etter at Markus overtok etter faren og før 1897. Sommarrutene det året viser at turisttrafikken hadde teke seg kraftig opp, og Loen fekk båt onsdagar (DS Sogn), fredagar ((DS Alden) og måndagar(DS Hornelen eller Framnæs). I tillegg hadde Fylkesbaatane sett opp lokalbåt (DS Lærdal) i perioden 26. juni til 28. august mellom Gloppen, Utviken, Faleide, Olden, Loen og Stryn alle kvardagar med unntak av fredagar. Denne båten skulle korrespondere med "Dampskibene paa Olden- og Loenvandet", og var sett opp for å møte konkurransen frå båten "Faleide" (eigd m.a. av hotelleigar Tenden).

Olav A Loen skriv i "Garden og ætta" "I 1890 åra tok dei første turistbåtane til å kome her til. Den engelske båten "The Midnight Sun" (Midnattsola) var den første turistbåten. Skipet gjekk berre til Stryn og ankra opp der den første tida, men etter ein sesong eller to, gjekk det inn og ankra opp på Loen. På denne tida var det skipa skysslag i Loen, der alle gardane frå Loen krins utan om Sande var med. Dei møtte fram med hest og kjerre ved dampskipsekspedisjonen og køyrde turistane til Loenvatnet. Etter 1906, då turistferdsla hadde auka og vegen mellom Loen og Stryn var ferdig kom også Rake, Oppheim, Marså og Strand med i skysslaget. Etter 1922, då vegen langsmed Loenvatnet var komen fram til gardane på Sande, vart og dei med. Det var då over 50 hestar som møtte fram med stolkjerre eller trille".

Stryn herad gjenom 100 år 18371937:
"Omframt den daglege trafikk og dei faste gjester, hev Loen vore vitja av ei mengd av dei flytande hotel som år om anna kjem til dei norske fjordar. 1 1912 var det 44 båtar, og i 1926 var det 42. Turistane frå desse køyrde i stolkjerre til Vassenden, derfrå med båt over Lovatnet og so mod hesteskyss til breen."

Posten i Loen

Posten i Loen var frå starten i 1875 og til den vart lagt ned i 1998 styrt av "Markusfamilien", med unntak av dei siste tre åra. Postmuseet fortel: "LOEN poståpneri på dampsskipsanløpsstedet, i Loen annex til Stryn prestegjeld, Sønd- og Nordfjord fogderi, under Bergen postkontor, ble inntil videre underholdt fra 1. 10. 1875. Navnet ble fra 19.10.1907 endret til LOEN I NORDFJORD. Ble fra 1.7.1909 lagt under Nordfjordeidet postkontor. Ved etablering av nye poststedsgrupper ble poståpneriet fra 1. 1 1. 1973 benevnt underpostkontor, og fikk fra 1. 1. 1977 status av postkontor C. Navnet ble fra 1.8.1976 igjen endret til bare LOEN.

Poståpnere/styrere:

Ds.eksp. Anders MarkussenLoen fra 1. 10. 1875. Hotelleier Markus A. Loen fra 15.8.1891 (f. 1862). Karl Markussen Loen kst. 1.5.1928 (f. 1901, døde 11.7.1951). Ds.eksp. Idun Margit Karlsdtr. Loen (Solheim) midlertidig fra 12.7.1951, kst. 1. 11. 1951, fast 1. 12.1952 (f. 1931) til 1. 1. 1995. Postkontoret 6878 LOEN ble nedlagt fra 30.10.1998.

Arlig poståpnerlønn var i 1875 5 Spd., i 1878 kr 48,-, i 1898 kr 200,-, i 1905 kr 300,-, i 1908 kr 600,- og fra 1917 kr 650,-. Fra 1.7.1917 ble det gitt et midlertidig dyrtidstillegg med 50 % av lønnen."

*****************

Dokumentstart

(12) Båtferdsla på Lovatnet

(Fjordingen 18. april 2005)

Denne artikkelen i serien "Gamle postkort" har med eitt bilde med følgjande bildetekst:
569. Norge. Loenvand. Eneberettiget Mittet & Co. Bildet er teke ca 1910 - 1912. Dampskipet Lodølen set av passasjerar ved kaia i Bødal. Bødalsetra og Bødalsbreen var også populære turistmål. Breen gjekk mykje lenger ned enn no og overrettssakførar Ole Loen hadde sett opp ei turisthytte på sætra. Denne vart overerteken av Alexandra og seinare flytta og tilbygt restauranten på Kjenndalssanden (ca 1921)

Forrige veke var turistane komne til kaia i Loen, derifrå vart dei køyrde i stolkjerrer på den smale vegen opp gjennom Lotunet og forbi den fine Lokyrkja. På den tid låg alle dei 10-12 torvtekte sommar-kufjøsane til brukarane i Lotunet rett nedanfor Lofossen og brua. Der låg også det vesle skulehuset. Derifrå gjekk hesteskyssen vidare til Sæten og Vassenden der dampbåten låg med "damnpen" oppe og venta på passasjerane sine.

Båtferdsla starta for alvor opp kring 1890 då det nyskipa Lodalens Dampbåtlag kjøpte den første dampbaten Gordon. Han hadde tidlegare gått i rute på Breimsvatnet og vart omdøypt til DS Lodølen etter at han kom til Lovatnet. "Lodølen den første" kunne ta opptil 70 turistar. Den tids klassifiseringsreglar var svært liberale. Båten kunne vere fylt "te randa" av passasjerar. I 1902 kjøpte båtlaget inn ein ny og større båt. Dei hadde nok friskt i minnet kor vanskeleg det var å transporters Gordon frå fjorden til vatnet, og saman med båtbyggjaren Trondhjems Mek. Værksted fann dei ei god løysing. Båten vart prefabrikkert i Trondheim og platene sett saman på "beddinga" på Vassenden av fabrikken sine folk. Gordon hadde ein ikkje lenger bruk for, og han vart selt attende til Breimsvatnet. Den nye dampbåiten fekk namnet Lodalen og kunne ta 90 passasjerar.

Turisttrafikken auka stadig og det vart kjøpt inn ein "slæpebaad" som kunne ta om lag 60 passasjerar. Det måtte vere eit vakkert syn når båten og slepeskuta gjekk fulle av folk og "pløgde" opp det stille og grøne Lovatnet. Som ein ekstra spiss på det heile hadde Alexandra/båtlaget avtale med bøndene på Nesdal om at dei skulle sende "lauv- og høybøre" På løypestrengen akkurat idet båten passerte på veg til Kjenndalssanden.

Idyllen vart som vi veit kortvarig. Lodalsulykka 15. januar 1905 ramma hardt og nådelaust, 61 menneske i Nesdal og Bødal omkom og mange vart skada. Lidingane og tapa var store også når det gjaldt husdyr, og dei materielle øydeleggingane var store, både på bygningar og innmark. Båtlaget sat også tomhendt tilbake. Lodalen og slepebåten vart sett i vinteropplag i eit naust på Trosjevika i sundet mellom Bødal og Nesdal, men den enorme flodbølga kasta dampbåten "40 1/2 meter yver vassflata, og 400 meter upp paa land". Slepeskuta fann dei ikkje igjen.

Dei fleste av oss har friskt i minne flodbølgja i Asia 2. juledag i for, og parallellane er mange til den første Lodalsulykka. Til tross for store tap, vart det viktig i byggje opp igjen det som var øydelagt. Nye heimar og driftsbygningar vart sette opp på "trygg grunn" og livet kunne halde fram. Slik også med båtferdsla på vatnet. Nytt dampskip vart tinga frå Trondheim og bygt på same måten som sist, men dei kunne bruke dampmaskina frå vraket. Den nye båten, DS Lodølen, hadde "stabelavlobning" frå beddingen på Vassenden og vart sett i trafikk i 1905. Lodalens Dampbåtlag vart utvida i 1905. Då fekk folk frå garden Loen også kome med i selskapet. I lovene vart det vedteke at det skulle være 60 aksjar, og føremålet lydde slik:

"§ 1. Loodalens Dampbåtlags formål er at drive dampskipsfart på Loenvatnet, at arbeide for trafikens forøkelse samt at befordre reisende bekvemt og betryggende over vandet."

Det kan kanskje høyrest gale ut, men Lodalen hadde fått tre nye "attraksjonar" etter ulykka; vraket av DS Lodalen, såret i Ramnefjellet og minnesteinen på Nesodden. Trafikken auka framover mot den første verdskrigen, og det vart kjøpt to slepeskuter og overrettssakføraren (Ole Loen) sette trebaten "Bødal" i trafikk på vatnet. Denne vart overteken av båtlaget i 1909 og selt under krigen. Etter krigen tok trafikken seg oppatt, og i 1925 vart det gjort eit nytt forsøk på å konkurrere med båtlaget. Motorbiten "Turisten" hadde plass til 26 turistar, men to år seinare vart han overteken av båtlaget og fekk namnet "Bødal". I mellomtida hadde båtlaget fått bygt motorbåten "Kjendal" med plass til 81 personar. Frå 1927 radde Lodalens Dampbåtlag over tre båtar og to slepeskuter med ein totalkapasitet på over 300 passasjerar.

Lodalsulykka 13. September 1936 sette ein stoppar for turistferdsla på Lovatnet. Båtane "Lodølen" og "Bødal" sokk begge to ved Vassenden og "Kjendal" vart kasta på land. Skadane på "Kjendal" var ikkje større enn at han vart brukt under bergingsarbeidet. Båten vart teken av ei ny båre den 11. november same året, og då sokk ogsså den.

Neste gong skal vi sjå på restaurantdrifta i Kjenndalen og utviklinga etter 1936.

Jon R. Langeseth Vik

****************

Dokumentstart

(13) Restaurantdrifta i Kjenndalen

(Fjordingen 25. april 2005)

Artikkelen har med 2 postkort:

Bildetekst for postkort 1:
Loen. Restauranten ved Kjendalsbræ. Eneret 1925, Carl Normann, Hamar. Personalet oppstilt for å ta avskjed med middagsgjestene. To av karane vinkar med kvite tørkle. Den delvis overbygde terrassen som går ut i vatnet, har langbord dekka med kvite dukar og serviettar. To av jentene bak i "anretningen " har teke på kvite forklede utanpå bunaden. Oppvasken må gjerast før neste gruppe er på plass. Til venstre stove som Jakob A. Nesdal sette opp ca. 1886.

Bildetekst for postkort nr 2:
1382. Loen, Nordfjord. (Personalet ved Kjendalens restaurant). Atelier K. K. Bergen. Pensjonistgruppa i Loen har hjelpt til med å namngje personane (takk hyggeleg treff!). Første rekke frå venstre: Kristi Sæten, Anna Bødal, Elina Nesdal, (Alo: her manglar namnet på Konstanse gift Bødal????), Borgny Sæten (gift Muri), Dagny Loen, Julia Loen og Ida Loen (g. Saten). Karen Gjerde står fremst. Bak frå venstre: Kella Drageset (g. Tjugen), Karen Loen, Klara Mork og Olina Loen.

Vi veit ikkje sikkert når "restaurantdrifta" I Kjenndalen starta opp, men tek neppe mykje feil om vi seier 1886. For dette året fekk Jakob Abrahamsen Nesdal, som vist i ein tidlegare artikkel, rett til i servere øl til turistar av formannskapet i Stryn. Den vesle, umåla stova på det øvste biletet vart truleg oppført på denne tida av Jakob. Folketeljinga i år 1900 fortel at han var fødd I 1851 og budde på Abrahambruket, nr. 3 på Nesdal ytre. Han var "Foderaads-mand; arbeider paa gaarden. Fører over Jostedalsbræn og paa fjeldtoppene". Her budde han saman med kona si, dottera Kari ("Hotelbestyrerinde, husgjerning") og sonen Abraham og familien hans. Mest truleg hadde den då 27 år gamle Kari ansvaret for serveringsstova og kanskje også nokre få "hotellsenger" i dette vesle huset på Kjenndalssanden. Den andre dottera, Martha (f. 1878), var skreddarlærling hos skreddarmeister Mari Hatledal som budde under bruk nr. 2 på Svarstad (Lindkvien, seinare kalla Marikvia). Der var også fem andre kvinnelege skreddarlærlingar. Då ulykka råka Lodalen i 1905 hadde Kari utvandra til Minot i Nord-Dakota (i 1903) og Martha var borte i teneste (Davik?). Ingen av dei som då budde på Abrahambruket overlevde 1905-ulykka. Fire vaksne og 4 guteborn i alderen 3- 10 år gjekk bort. Berre kona til Abraham, Anne Larsdotter, vart funne og gravlagt. Dei andre fekk grava si i vatnet.

Markus A. Loen (Alexandra) fekk leige seg tomt ved sidan av Jakob si serveringsstove og flytte i 1899 opp ei stove frå heimegarden til serveringsstove. 1905-utykka gjorde liten skade på desse to husa på Kjenndalssanden. På grunn av at vatnet var islagt, vart dei berre løfta ein del opp og rista litt av båra, men vart ståande mest uskadde.

Alexandra bygde på restauranten sin fleire gonger og etter den siste utvidinga i 1928 kunne dei dekke til 200 gjester samtidig. Det var hardt arbeid å lage mat til og servere så mange gjester. Oppvaskvatnet kokte dei i ei jamgryte i skogen bak restauranten og bar i trebøtter til "anretningen". Alle jentene måtte gå i bunad og var populære fotoobjekt. Personalet tok imot turistane då båten kom til kai og dei stilte opp til avskjed. Om bygningane kunne sjå litt kummerlege ut, vart det gjort med stil og personleg service.

1936-ulykka fjerna denne idyllen på få sekund. Skadetaksten datert 5. november 1936 seier: "Ved de bølger som opstod og skyliet over store deler av Bødal og Nesdal med Kjendalen paa grunn av raset fra Ravnefjell den 13/9-36 blev Kjendalens Reistaurant skyliet ca. 350 m. inn over land og brudt helt i stykker og laa i en ruinhaug sammen med nogen vognskur og en anden ældre bygning tilhørende en anden eier." Skaden vart taksert til kr 15.000.

Alexandra og Lodalens Dampbåtlag hadde framleis tru på at turistane ville kome til Lodalen. Dei måtte finne nye løysingar. For styresmaktene la etter 1936- ulykka ned forbod mot i drive turisttrafikk på Lovatnet, og dessutan var sundet mellom Nesodden og Ramnefjellet fylt opp av steinmassar. Til alt hell var Lodalsvegen i 1936 bygt ferdig til Helset, og i 1937 var vegen ferdig til Bødal. Dampbåtlaget gjekk derfor til innkjøp av 7 bussar og to drosjer til sommarsesongen 1937.

I 1938 vart vegen ført fram til Kjenndalssanden og kjerrevegen til breen vart utbetra til bilveg. Det vart slutt med hesteskyss og alle turistane vart ført i buss og bil. Alexandra bygde i 1938 ny restaurant inne i Kjenndalen. Så kom krigen i 1940 og fem år med stillstand. Turistferdsla til Lodalen vart ikkje den same etter krigen. Bussane vart selde og restauranten hadde siste arrangementet i 1957.

Etter nesten 30 år med stillstand i Kjenndalen og 50 år utan båt på Lovatnet, tok Alexandra, no med Eivind Grov i spissen, initiativ til å starte opp båtrute på vatnet. Sundet vart mudra og bryggje vart bygt i Kjenndalen og på Vassenden (Vorneset). Den 1. juni 1985 starta den nye båtruta opp og dørene til den gamle restauranten vart opna. Den nye båten kom frå Gjende og hadde same namnet. Som skikk og bruk fekk båten nytt lokalt namn av "gud-mor" Jenny Loen, og etter dåpsseremonien 31. mai gjennomførte "Kjenndal" sin første offisielle tur til Kjenndalen. Båten går framleis sommarsesongen på Lovatnet, men restauranten inne i Kjenndalen vart teken av snøras våren 1988. Ny restaurant vart bygt ved bryggja på Kjenndalssande ikkje langt frå den opprinnelege staden og vart teken i bruk 1990.

Kjenndalssanden og restauranten der inne gjev den besøkande ei veldig spesiell stemning. Ein føler seg utruleg liten i noko av det likaste og mektigaste av Guds skaparverk, men samtidig nesten i eitt med naturen. Berre eit blikk bort på Ramnefjellet, og ein vert minna om kva krefter som vert sett i sving når naturen rører på seg.

Ta turen med MB Kjenndal i sommar og nyt sprøsteikt, nyfiska ørret med rømmesaus på restauranten etter turen til breen.

Jon R. Langeseth Vik