Litteratur.
Avisutklipp 2012

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2012

1. Huset bles vekk (jula 2011)

2. Opna fryseri (Januar 2012).

3. Helikopeterplassar.
4. Eigarskifte 2002.
5. Ny lysløype 1987.
6. Årets jokerbutikk 2012.
7. Ny veg NK 2012.
8. Tekstilkunst.
9. Hotel Alexandra.
10. Tidsaktuell Biletvev.
11. Gardsdreng på Tjugen.
12. Høgt og luftig i Loen.
13. Minnetavla i Lodalen.
14. Sluttspurt Skålastien
15. Kommunedelplan Loen
16. Fritt fall mot Loen
17. Loen sin nye stoppeatad
18. Ny folkesport i Loen
19. Skålestiprosjektet fullført
20. Mykje snø i fjellet
21. Rassikring Gjølmunna
22. Stryn betongelement
23. Kommunedelplan Loen
24. Fotoutstilling i Lovik
25. Kommunedelplan. Merkn.
26. Protesterer i Lovik.
27. Loen hotel til sals.
28. Bygdekvinnelaget.
29. Kommuneplan Lovik.
30. Sikringsvoll Gjølmunna.
31. Like fastlåst i Lovik.
32. Nordfjord kjøtt-Lovik.
33. Veg Loen-bukta 1957
34. Kunstisbane i Loen
35. Trollhaugen,etterspel.
36. Kommunedelplan vedteken.
37. Barndoms jul.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2012

1. Sat i kjellaren då huset bles vekk (jula 2011)

Publisert i Fjordingen 28,12.2011. Kopiert frå nettavisa

Av Harald Vartdal

Berit Myren (66) oppheldt seg i kjellaren då det ca 30 år gamle bustadhuset på Helset i Lodalen vart knust til pinneved av orkanen Dagmar. Ho søkte tilflukt i betonggarasjen, og der vart ho berga av naboen Jan Ove Hogrenning som køyrde heilt inntil med traktor.

Også driftsbygningen på garden vart knust til pinneved av dei enorme kreftene som herja 1. juledag.


Bustadhuset på Helset vart totalt ramponert. Foto: Harald Vartdal


Også driftsbygningen på garden vart knust av orkanen.Foto: Harald Vartdal

Til dokumentstart

2. Opna fryseri på 4.500 rutemeter (Januar 2012)

Publisert i Fjordingen 27.1.2012

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Nordfjord Kjøtt sitt nye fryseri på 4.500 rutemeter står klart til bruk.

For bedrifta var det veldig viktig å få auka frysekapasiteten, seier prosjektansvarleg Ottar Vinsrygg til Fjordingen. Huurre Norway brukte 15 veker på å føre opp bygget. I den mest hektiske perioden var 20 mann i arbeid.

Vi byrja å reise stålkonstruksjonane 12. september. Bygget skulle etter planen stå ferdig siste veka i 2011, men vi vart forseinka. No er alt ferdig, opplyser byggjeleier Øystein Sæter.Divisjonssjef Stig Kobbeltvedt rosar samarbeidet med bedrifta.

Det har vore ein veldig god byggjeprosess, slår han fast.

Leigde fryseri i Måløy

Hjørnesteinsverksemda i Lovik som nærmar seg to milliardar kroneri årsomsetning, har siste åra måtte leige fryseri hos Dom stein i Måløy. Ei fordyrande og logistikkmessig dårleg løysing Med nytt fryseri på 3.000 rutemeter, pluss 1.500 rutemeter transportareal, er eigen fryseka pasitet utvida med uraks 270 tonn.

34 millionar kroner.

Ottar Vinsrygg som har vore Nordfjord Kjøtt sin prosjektansvarlege gjennom heile prosessen, seier seg godt nøgd med resultatet.

Vi har fått eit godt fryseri som er viktig for bedrifta, seier han.

Kva blir prislappen på utbygginga?

Kostnaden med grunn, betongarbeid, tekniske installasjonar og det bygningsmessige kom på ca 34 millionar kroner, fortel prosjektansvarleg Ottar Vinsrygg.


Prosjektleiar Ottar Vinstygg i Nordfjord Kjøtt flankert av divisjonssjef Stig Kobbeltvedt (t.v.) og byggjeleier Øystein Sæter frå entreprenørselskapet Huurre Norway. (Foto: Harald Vartdal)

Til dokumentstart

3. Rikeleg kapasitet på Tyvaneset (Februar 2012)

Publisert i Fjordingen 8.2.2012

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Stryn kommune har fått tre merknader som går imot fornya konsesjon til helikopterplassane Solheim og Sandnes i Olden. Alle innspela peikar på at Loen helikopterplass Tyvaneset har rikeleg kapasitet.

Helikopter Utleie ønskjer å vidareføre bruken av landingsplassane Solheim og Sandnes. Då høyringsfristen for konsesjonsfristen gjekk ut 1. februar, låg det føre tre merknader som alle argumenterer for avslag.

I 2005 kom Stryn kommune og bad meg vurdere utbygging av Loen helikopterplan Tyvaneset. Det blei i ettertid fortalt meg at landingsplassane i Olden var midlertidige. Stryn kommunestyre si vurdering i 2006 var at helikopterplassane på Solheim og Sandnes skulle vurderast opp mot den «nye» plassen på Tyvaneset i 2011/2012. Sesongen 2011 vart det 236 bevegelsar av totalt løyve på 6.000 bevegelsar per år. Tyvaneset som i dag er tilgjengeleg for alle helikopterselskap, har god kapasitet, Etter mi meining er det ikkje behov for landingsplassane i Olden, hevdar eigaren av Loen helikopterplass Tyvaneset, Leif Arne Loen.

Noko merkeleg

Reidar O. Eide karakteriserer det som «noko merkeleg» at det blir søkt forlenga konsesjon på Solheim og Sandnes.

Konsesjon vart gjeve mellombels for fem år i påvente av opparbeiding av permanent landingsplass. Stryn kommune oppmoda grunneigaren om å legge til rette for helikoptertrafikk på Tyvaneset. Landingsplassen har alt vore i drift ei tid og har rikeleg kapasitet. Viforventar då at kommunen dirigerer trafikken dit i staden for «tilfeldige» plassar andre stader der det ikkje er tiltrengt og der det er i konflikt med anna form for turisme. Når de gjeld fastbuande, er synspunkta gjort kjende i dokument frå førre konsesjonsrunde, opplyser Reidar O. Eide.

Kraftig skyts

Astrid Melheim og Gunnar Eikemo som er grunneigarar og næraste naboar, brukar orda politisk skandale om prosessen som gav fem års løyve til bruk av helikopterplassane på Solheim og Sandnes. No ber dei om at det vert sett sluttstrek for denne aktiviteten.

Det er på tide av folkevalde og Luftfartstilsynet snart reagerer. Vi ønskjer å kome vidare med både gardsdrift og hytteutbygging, og krev at Stryn kommune seier nei til forsyning av konsesjon for helikopterplassane i Olden, skriv Astrid Melheim og Gunnar Eikemo i sin uttale til søknaden om fornying av søknaden som gjeld Solheim og Sandnes.


Helikopterplassen på Tyvaneset har konsesjon for 6000 bevegelsar per år. I 2011 var der 236 bevegelsar.

Til dokumentstart

4. Eigarskifte i Loen (for 10 år siden = februar 2002)

Publisert i Fjordingen 22.2.2012. Opprinneleg notat ved Hans Holmøyvik.

Loen Hotel blir Loen Hotel og Gjestegard frå palmehelga. Familien Per Loen har selt hotellet til Jorunn Tomasgard og Marit og Sigbjørn Rake, som no tek over drifta. Hotellet får nye eigarar, men Per Loen skal drive vidare den tradisjonsrike campingplassen som før. Eigarskiftet angåande Loen Hotel vart markert med signering av kontrakt.

Til dokumentstart

5. Lysløype i Loen (for 25 år siden = mars 1987)

Publisert i Fjordingen 12.3.2012. Opprinneleg notat ved Inge Fænn.

Søndag var det klart for offisiell opning av Loen IL si lysløype på Sandsåsen. Dei frammøtte fek prøve krefter i den nye løypa med skirenn som vart avvikla etter den offisielle opninga. Ordførar Oddvin Drageset som stod for snorklippinga, gjekk ein tur i løypa og etter det kunne han slå fast at det var blitt eit fantastisk fint anlegg. Det er eit skiterreng som kan samanliknast med Nordmarka. Det var Sivert Sande som tok initiativ til anlegget i 1982.

Til dokumentstart

6. Årets jokerbutikk i Loen (2012)

Publisert i Fjordingen 2.4.2012.

Av Inge Fænn (inge.fenn@fjordingen.no)

Kjøpmann Per Willy Drageset i Loen er kåra til årets Joker i tevling med 454 andre Joker-butikkar kring i landet.

Utruleg inspirerande, var kommentaren til den glade vin-naren då vi var innom for å gratulere,

Eg er stolt over vere joker-kjøpmann, sa Drageset under utdelinga nyleg. Han sende samstundes ei raus takk til damene han har i arbeid, og sa at det var i stor grad deira forteneste at det var så bra butikk.

Drageset er på topp i regionen. Siste ti åra har han hatt ein klar strategi om sterk vekst. Har har bygd på butikken som har blitt ein mønsterbutikk og eit av flaggskipa i regionen, heiter det i grunngjevinga for prisen. Han har hatt spesiell fokus på frukt og grønt som er satsingsområde og han har vore pilot i utprøvint av nye torg. Han har også vore ein føregangsmann med påsmurt mat.

Bygdefolket er flinke til å bruke butikken. Eg føler at dei støttar opp om oss, seier Drageset som også har tipping og post i tillegg til daglegvarene. I dag er det fem fast tilsette og litt ekstrahjelp, og han er heile tida på hogget for å gjere butikken betre.

Sommarsesongen er beste tida i turistbygda Loen, og han løyner ikkje at det også har mykje å seie at Nordfjord Kjøtt er ein stor arbeidsplass. Tidlegare dreiv Drageset med turisme i form av utleige, men den delen er no bygt om til husvære.

Eg valde å konsentrere meg om butikken, og det har gått bra, seier prisvinnaren


Per Willy Drageset og Kari Sæten med diplomen som viser at landets beste jokerbutikk ligg i Loen.

Til dokumentstart

7. Ny veg sikrar NK-vekst (2012)

Publisert i Fjordingen 27.4.2012.

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Ved å leggje den kommunale vegen i Lovik på baksida av Mattilsynet og det nye fryserianlegget, vil Nordfjord Kjøtt få tilført areal for vidare ekspansjon.

Noverande parkeringsplassar vil bli brukt til industrihallar, opplyste NK-direktør Geir Egil Roksvåg under formannskapet si synfaring.

Kommunedelplanen for Lovik skal etter politisk handsaming i mai ut på offentleg høyring.

Vi ønskjer aktiv medverknad frå folk i bygda, seier plansjef Steinar Nesdal.

Omlegging av vegen som går midt gjennom industriområdet Lovik, vil gje Nordfjord Kjøtt utvidingsareal. Verksemda har også ønskje om masseuttak i området bak det nye fryseriet.

Ved å leggje om vegen får vi bygt industri-hallar på noverande parkeringsplassar, opplyste Geir Egil Roksvåg under synfaringa med Stryn formannskap.

Fin kombinasjon

Massetaket som ligg på eigedomane til Asle Loen og Håkon Loen, vil gje stein til oppfylling av tomteareal. Overskotsmasse vert ført tilbake og området pussa opp. I planen inngår også omlegging av elva for å gje plass til massetaket. Håkon Loen gav uttrykk for at dette gjev ein fin kombiasjon, og at det ikkje får dramatiske konsekvensar for den populære gåstien.

Ønskjer aktiv medverknad

På eit møte med Stryn kommune i januar 2010, presenterte Ottar Vinsrygg Nordfjord Kjøtt sine behov for utviding av eksisterande anlegg. Etter den tid er det bygt nytt fryseri. Men plassbehovet stoppar ikkje der.

Lovik-planen kjem opp som sak på formannskapsmøtet i mai. Dersom politikarane vel å leggje planforslaget ut til offentleg ettersyn, vil alle interesserte få høve til å gje innspel. Det er svært ønskjeleg med aktiv med. verknad frå folk i bygda, understreka seksjonsleier Steinar Nesdal.

Ny avkøyrsle til fv 60

Nytt avkøyrsle frå fylkeveg 60 er ein føresetnad for å kunne leggje Lovikvegen på baksida av Mattilsynet og NK-fryseriet. Nordfjord Kjøtt må dekke kostnader ved omlegging av krysset, fastslo Nesdal. Ja, og vi er i dialog med Statens vegve sen om korleis dette skal løysast, opplyste Ottar Vinsrygg.

Ein protest

Under formannskapet si synfaring kom det fram at planane om ny kommunal veg som også inkluderer gang- og sykkelveg på utsida av industriområdet, ikkje har framkalla dei store konfliktene. Men der er eitt unntak. Arne Loen som eig hus og hytter nærast byggefeltet, godtek ikkje den skisserte løysinga. Håkon Loen meinte at både verksemda og kommunen på eit tidlegare tidspunkt burde ha gått i dialog med grunneigaren for å unngå det som har blitt ei "ufjelg" sak. Vi har sanneleg prøvd utan at det lukkast, repliserte Ottar Vinsrygg.


Stryn sine fremste politikarar fekk presentert forslaget til ny vegløysing i Lovik. Foto: Harald Vartdal


Ottar Vinsrygg leia synfaringa der formannskapet fekk prøvegå den nye traseen for kommunal veg og gang- og sykkelveg på baksida av fryseriet.


Den kommunale vegen vil etter planen kome ned ved den raude bygningen til venstre. Omlegginga betyr at Nordfjord Kjøtt får større samanhengande industriareal.

Til dokumentstart

8. Tekstilkunst på Svormuseet(2012)

Publisert i Fjordingen 4.5.2012.

Av Sigrid Heggestad (sigrid.heggestad@fjordingen.no)

Kunstnar Kjellaug Haugen Holter frå Loen fyller 90 ar måndag, og denne sommaren stiller ho ut tekstilarbeid på Anders Svor museum.

Komande søndag opnar sommarutstillinga på Svormuseet i Hornindal.

Kjellaug Haugen Holter var fødd på garden Haugen i Loen 7. mai 1922. Ho bur no i Oslo, og har hytte i Olden. I samband med 90- årsjubileet har Sogn og Fjordane Kunstmuseum invitert kunstnaren til utstilling i Anders Svor museum denne sommaren.

Haugen Holter starta utdanninga si ved Bergens Kunst- og Håndverksskole i 1946. Der studerte ho på vevlina med Ragna Breivik som lærar. Frå 1948 hospiterte ho på Statens Håndverks- og Kunstindustri- skole i Oslo i to år. Ho studerte akt og teikning mellom anna med Torbjørn Lie Jørgensen som lærar. I 1956 avslutta ho målarlinja ved Statens Kunst- akademi i godt vaksen alder.

Trass i utdanninga var det ikkje målarkunsten som vart vegen for Kjellaug Haugen Holter. Ho fann seg ikkje til rette som kunstmålar, men det var derimot med garn og tråd mellom hendene at arbeidet begynte å falle på plass. I 1970 debuterte ho på Høstutstillinga med i alt tre teppe. Noko som i seg sjølv er rett uvanleg. I tekstilkunsten sin har Haugen Holter heile tida halde seg til det tradisjonelle handverksbasene, figurative og forteljande uttrykket. Men etter fleire år med deltaking på mellom anna haustutstillinga endra karrieren seg brått. Tekstilkunsten var i endring, nye straumdrag og ideal braut gjennom. I staden for den tradisjonelle handverks- baserte veven, kom nye material og teknikkar inn i vevekunsten. For Haugen Holter var det viktig ikkje å bryte med ideala sine. I boka om kunstnaren skriv Asta Østmo Kostveft: «Kjellaug er engasjert i tida og i samfunnsspørsmål. I mange av teppa sine tek ho opp aktuelle saker og hendingar i samtida».

Kjellaug Haugen Holter mottok Statens Garantiintekt for kunstnarar, skriv avdelingsdirektør Morten J. Svendsen i eit presseskriv. Han ønskjer alle velkomen til opninga i helga, der kunstnaren sjølv blir til stades.


Kjellaug Haugen Holter stiller ut tekstilarbeid på Anders Svor museum i perioden 6. mai- 20. september 2012. Her ser vi teppet Justismord.

Til dokumentstart

9. Fjorårsrekneskapen Alexandra(2012)

Publisert i Fjordingen 25.april.2012.

Av Hans Holmøyvik (hans.holmoyvik@fjordingen.no)

Fjorårsrekneskapen viser at Hotel Alexandra AS gjekk med eit overskot på knapt 4,2 millionar kroner før skatt. Dette er ei dobling i høve til året før.

Av årsmeldinga går det fram at konsernet Hotel Alexandra AS i 2011 hadde ei omsetning på like i underkant av 128 millionar kroner. Ein auke på 8 millionar samanlikna med 2010. Resultatet på 4,2 millionar kroner blir karakterisert som godt. Driftsavkastinga var på 16,1 prosent.

Vi er godt nøgde med resultatet i eit år som har vore vanskeleg spesielt for hotell utanfor byane. Utviklinga av hotellet i tråd med krava i marknaden og målretta salsarbeid har gitt fleire gjester. Og saman med god kostnadsstyring og lågare energikostnader har dette ført til eit godt resultat, heiter det i årsmeldinga.

Fleire utlendingar

Talet på gjestedøgn på Alexandra auka med 5,3 prosent i fjor, til godt over 74.000. Det var ein liten nedgang i norsk trafikk og stor auke frå utlandet. USA er den største utanlandske marknaden og trafikken derifrå auka med heile 32 prosent i 2011. Japan og resten av Asia, Spania og Brasil er dei andre store utanlandske marknadene. Mellom landa som syner aukande interesse for å kome til hotellet i Loen, blir Russland og Kina spesielt nemnde. Svikten i den tyske marknaden har halde fram, men her ventar ein at trenden vil snu om nokre år.

Nye gjesterom

I fjor føretok Hotel Alexandra investeringar på over 12,2 millionar kroner. Dei største tiltaka var Spa-butikk, ombygging av personalheis og oppgradering av gjesterom. Størstedelen av investeringane knyter seg likevel til prosjekt som vart starta opp fjor og skal stå ferdige i 2012. Det gjeld mellom anna ti nye gjesterom i sjuande etasje.

Loenfjord

Hotel Loenfjord er ein del av Alexandra-konsernet og inngå i rekneskapenstala. Også her synte talet på gjestedøgn ein betydeleg auke i fjor. 24.261 gjestedøgn var ei auke på 6,2 prosent i høve til året før.Samla kan dei to hotella i Loen dermed vise til over 98.300 gjestedøgn i året som gjekk.


Hotell Alexandra utviklar seg mot nye høgder etter godt år i 2011 (Foto: Bengt Flaten).

Til dokumentstart

10. Tidsaktuell biletvev(2012)

Publisert i Fjordingen 9.5.2012.

Av Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Med sin særmerkte fargebruk og tidsaktuelle tema er utstillinga av Kjellaug Haugen Holter (90) sin biltevev ved Anders Svor museum vel verd eit besøk.

"For ei dame!" skreiv avisa Østlendingen om tekstilkunstnaren Kjellaug Haugen Holter nyleg. Og det er freistande å støtte utsegna om kunstnaren frå Loen. Den elegante og spreke 90-åringen var sjølv til stades under opninga av utstillinga i Hornindal, og kunne stadfeste at ho framleis er aktivi vevstolen.

Samfunnsengasjert

Ein møter ikkje berre kunstnaren Kjellaug Haugen Holter på denne utstillinga. Ein møter også medmennesket, sa avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, då han opna utstillinga ved Anders Svor museum søndag.

Samfunnsengasjement og medmenneskelegheit går klart fram av fleire av arbeida hennar, som ber namn som "Asylanser", "Justismord% "Krig" og "Ulike kår".

Utstillinga har både forteljande og figurativt innhald, inndelt i tema. I hovudhanen i museet er det ornamentale motiv. I det tilstøytande utstillingsarealet er det figurative/forteljande motiv, med teppe med vekt på krigstema/dramatikk i tilbygget.

Oppvaksen i Loen

Kjellaug Haugen Holter er fødd og oppvaksen på garden Haugen i Loen, og var gift med kunstnaren Magne Neby Holter frå Tynset. Kjellaug studerte ved vevlina ved Begen Kunst- og Håndverksskole under Ragna Breivik, og hospiterte to år ved Statens Håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der ho studerte teikning og akt. Ho avslutta Statens Kunstakademi på målarlina med m.a. Per Krogh som lærar. Men ho fann seg ikkje til rette som målar. Det var tekstilkunsten som var hennar kunstgrein. Fargebruken ho lærde går likevel tydeleg fram av biletvever hennar.

I 1970 debuterte ho på Høstutstillingen. – Dei fleste ville vore lukkelege over å ha fått med eitt arbeid. Kjellaug fekk antatt heile tre, fortalde Morten Johan Svendsen under opninga av utstillinga i Hornindal.

Kjellaug Haugen Holter sine arbeid vart kjøpt inn av ei rekkje private kjøparar og offentlege institusjonar. Ho deltok også på utstillingar og hadde fleire utsmykkingsoppdrag.

Let seg ikkje knekke

Tradisjonelt har det gjerne vore teikning som har vore utstilt saman med skulptur, det er på sett og vis to sider av same sak. Men tekstilkunst, spesielt den som Kjellaug Haugen Holter representerer, er også veldig godt eigna mot eit så bastant materiale som bronse. Det er ein god og spennande kombinasjon, sa avdelingsdirektør Svendsen.

Han la til at der også finst parallellar mellom dei to kunstnarane Svor og Haugen Holter ved at dei, på kvar sin måte, opplevde å bli forbigådde i si samtid. For Kjellaug Haugen Holter gjaldt det dei store omveltningane på 70-talet, der det gamle skulle brytast ned og nye teknikkar skulle fram. Tekstilkunsten skulle ha islett av metall, filler, glas og plast.

Men som forfattar Åsa Østmoe Kostveis skriv i boka om Kjellaug Haugen Holter: "Kjellaug let seg ikkje knuse. Ho har ein eigen ro og tryggleik, og veit kva ho står for. Ho går ikkje på akkord med sitt uttrykksbehov og sin uttrykksmåte."

Berika

Desse ulike uttrykka kan sjåast på utstillinga ved Anders Svor museum i heile sommar.

Utstillinga i Hornindal er ei salsutstilling og blir hengande fram til etter at Kvivsvegen er opna. Vi vonar såleis at særs mange vil få høvet til å kome innom og sjå arbeida til Kjellaug Haugen Holter, seier avdelingsdirektør Svendsen.

Leiar for fylkesutval for kultur, Nils Gjerland, hadde også teke turen til opninga. Han snakka varmt om både museet og gjesteutstillinga:

Anders Svor museum er ein skatt, ei fantastisk utstilling av skulpturar, som eg stadig anbefalar folk å besøkje. No har museet blitt berika med desse flotte tekstilarbeida. Det gjev ein ekstra grunn til å legge turen hit!


Slekt frå Loen hadde møtt fram til opninga av utstillinga i Hornindal. Kunstnar Kjellaug Haugen Holter t.h. ved biletet "Sol som gryr" saman med nevøen Kjell Haugen, hans døtre Gjertrud og Malene og kona Mariann Hogrenning Haugen.


Tekstilkunstnar Kjellaug Haugen Holter ved biletet "Høst". Den spreke 90-åringen er framleis aktiv i vevstolen.

Til dokumentstart

11.Gardsdreng på Tjugen

Publisert i Fjordingen 25.5.2012.

Av Jon Knut Drageset

Jon Knut Drageset deler her sine minne frå tida som gardsdreng på Tjugen i Loen.


Jon Knut Drageset ser tilbake på tida som gardsgreng. (Foto: Inge Fænn)

Sommaren 1953 skulle eg bli ni år. Mor mi meinte eg var gamal nok til å kome i «fast» arbeid. Dei nærmaste å spørje var onklane mine på Tjugen. Det var onkel Anders og onkel Kristian. Anders var mor sin eldste bror. Kristian var den yngste av borna til Knut og Kristianna. Den eldste onkelen min var ikkje gift, det var derimot Kristian. Han hadde funne seg ei dugande kone frå garden 'Hola' like uder Oppheimsgardane.

Anders var sjefen ute. Det var han som gav ordrane. Men første sommaren var det mest tante Hjørdis og Kristian som gav meg oppgåver. Dei hadde stor bærhage på Tjugen. Svært mykje rips, både raude og gule. Eg fek utlevert skammel og bytte. Bærbuskane var lodne. Snart var ei bøtte full for eg trong berre raspe av bæra med hamsen på. Det skulle nok gå til safting.

Middag klokka 12

Klokka tolv var det alltid middag. Hjørdis var ei meisterkokke. Maten smakte alltid godt. Karane åt seg gode og mette. Dei la seg alltid ned på ti minuttar etter måltidet. Eg tok meg ein tur ut på trappa og koste med katten medan.

Hjørdis var og med på bærplukkinga etter middagen. Det var koseleg å ha nokon å prate med då. Men i firetida måtte ho inn att og stelle istand til nonsmaten. Kl. fem venta nybakte brød. Nam, nam. Var det bra ver, plukka vi ei stund etter nonsmaten og. Så var det tid å sykle heim att til «Sjønå».

Den gongen brukte eg ein liten barnesykkel. Planen var å tene opp midlar til ein større. Men med 50 øre timen skulle det ta si tid!

Då bærbuskene var ribba, var det arbeid ute på tunet. Her hadde det vakse opp mykje ugras. Det skulle ryddast opp. Groblad og løvetann mellom tunsingelen fekk peis. Dette kunne vere både slitsamt og keisamt. Lengta ofte til matpausane. God mat var løn for strev.

Serverte fikenvin

Onkel Anders hadde mange gjere-mål Eitt av dei Viktigaste var å helse velkommen gjester til gards. Ofte var dei engelsktalande. Anders hadde godt lag med desse turistane. Han hadde arbeidd i Statane og kunne språket godt. Gjestene fekk sesse seg i bestestova. Anders hadde i god tid før sesongen lagt vinn på å produsere vin til dei langvegsfarande. Eg kan hugse han sat på langbenken i snikkar-kjellaren og skar opp fiken. Dette var gjerne hovudråstoffet. Korleis prosessen føregjekk elles veit eg lite om. Men eg la merke til at gjestene sette stor pris på å få servert fikenvin medan dei prata med Anders kring det runde bordet i beste-stova. Det vart skjenka i små drammeglas. Praten gjekk vel om den nær føreståande turen til Skåla. Onkel Anders hadde nøklane den gongen. Var gjestene unge/spreke, sende han dei avgarde på eiga hand. Dersom dei trong hjelp til å bere, var Anders alltid villeg til å følgje dei i alle fall eit stykke på vegen. Nokre veit eg han følgde heilt opp. Men då hugsa Anders alltid på å ta med seg ekstrabagasje i same slengen. Oftast var det proviant til tårnet. Det kunne og vere ved, kjøkkenreiskap eller sengeklede. Det var ein sommar tårnet skulle utstyrast med nye liggjeunderlag. Då var det fleire som tok del i beringa.

Trufaste merr

Anders kunne vere ein streng arbeidsgjevar. Vi som var drengar på garden, fekk ikkje liggje på latsida. Var det kantslått og raking øvst mot skogen, måtte vi gå på do først rett etter middagen. Sat vi for lenge, murra han og ropte at no måtte vi gå opp bakkane att. Eg var den yngste drengen. Dei hadde som oftast ein eldre ungdom i tillegg midt på sommaren. Dessutan var det ei ung terne eller tenestejente til hjelp. Ho var ofte med når vi skulle hesje eller ta inn tørrhøyet.

På Tjugen hadde dei ei trufast merri mange år. Ho var Fjording og heitte Ståla. Ho sleit utruleg mykje med å dra slåmaskinen, sleperiva og høyvogna. Når ståla skulle hentast inn frå beitet om morgonen, var det somtid eg som fekk jobben. Eg tok med eit grime og nærma meg Ståla litt bakfrå og på sida. Eg visste at ho var lite lysten på endå ein lang arbeidsdag. Derfor gjekk eg roleg fram til hovudet hennar med grimet. Brått tok eg tak i luggen og pressa hovudet hennar ned. Eg var snar å få bekslet inn i munnen og reima bak Øyrene. No var eg sjefen, og ho måtte følgje med heim til stallen. I stallgangen hang seletøyet. Eg drog fram ein skammel slik at eg kunne nå opp til knaggen der seletøyet hang. Så fekk eg «slept» det over ryggen og skuldrana hennar. Først skule bogtrea fastast, så var det bukgjordet og til slutt ei brei reim bakom låra. Heile tida kasta Ståla med hovudet for ho visste nok kva som venta. Men ho klarte aldri bite meg. Med seletøyet på, leidde eg Ståla ut til vogna. Eg fekk køyre «langereidet», møka-vogna og høyvogna. Ståla likte ikkje at eg sette i selepinnane. Ein gong var det nære på at eg kom meg unna glefsinga hennar.

Ståla i galopp

Ein dag skulle storedrengen (Daniel) og eg køyre med møkavogn inn til Øyane der kyrne gjekk på beite. Med eitt sette Ståla i å galoppere. Vi vart slengde attover i karmen. Daniel klarte berre så vid å halde seg fast i karmfjøla, elles hadde han hamna i vegen bak Han fekk skikk på merra til slutt.

Eg likte å dra på slåttemarka med langereidet. Først måtte det lastast opp med staur, spett og strengbuntar. Kristian hadde slegi graset som no skulle hesjast. Han tok spettet og lagde hol i bakken, og eg gjekk etter med staurar. Fekk eg dei ikkje til å stå fast nok, ordna han det etter kvart. Så var det ståltråden som skulle på, og det kunne vere tungt i starten når kjegla var full. Det vart oftast seks rader med streng, fleire titals golv i ei hesje. Endefesta måtte vere solide, elles ville hesja rase saman. Så kom Hjørdis og terna, og hesjinga var i gang. Anders brukte sleperiva for å føre meir gras inn til strengane.

Hadde det vore god tørke, kon høyet straks på låven. Det galdt å berge det før regnet kom. Dette arbeidet var utriveleg. Eg hadde litt astma, og høystøv var gift for nasen. Hjørdis hadde eit spann skjør gøymt under hesje-enden. Eg tok meg ofte pausar dit, ikkje alltid fordi eg var tørst. Eg tykte det var betre å trakke høy i vogna ennå dra høyet ned frå hesjestrengen. Det siste støva fælt!

Ståla sleit seg om sider opp vegen til låven. Der var Anders påplass. Her skulle tørrhøyet stab-last og saltast. Det skulle sjå litt ordentleg ut meinte han.

Traktoren sitt inntog

Traktoren kom til bygda. Det var Asbjørn Tenden som var den første traktorføreren. Alle bøndene leigde han til pløying og potetsetjing. Ein vår eg sat bakpå setjemaskinen heldt eg på å uvite. Det kom så mykje eksos på oss to som sat lengst bak. Asbjørn fekk vel sin dose og. Om hausten vart traktoren leigd til potetopptakinga. Han Asbjørn vart ikkje så gamal. Enkja, Svanhild Tenden, levde lenge. Ho var guide på båten Lodalen som Osvald Myren førte i mange år.

Om sommaren skulle potetene sprøytast mot tørrote. Då brukte Kristian merra og høyvogna. Ein svær tre-tank stod midt på vogna. Den vart fylt med sprøytegift og vatn. Ein liten motor skapte trykk slik at væska kunne dusjast utover potet-blada. Eg heldt i taumane medan Kristian dynka plantane. Eg hugsar eg vart svimmel når noko av stoffet kom inn nasen.

Måla saghustaket

Gjerte gard måtte vi drive med kvar vår. Bølingen skulle til seters, og det var viktig at dyra ikkje gjekk seg utfor bratte flog. Karane på Tjugen felte tre og busker. Drengane drog dei dit garden skulle vølast. Dette vart gjort isteden for å setje opp gjerde.

Måling av saghustaket vart min jobb. Det var ei uhorveleg stor flate med rusta bølgjeblekk som skulle målast. Saga under brukte dei til å sage kassematerial med. Eg hadde ofte økter på låven der eg sat og spikra saman fjølene til eplekasser. Det var ein mal eg kunne bruke til endestykka. Då vart alle kassane fine og rette. On hausten fylte Anders eple i kassane med nøye presisjon.

Oppkoma låg nedanfor den store sletta med dei mange hesjane. Her la vi oss ned når vi vart tyrste. Vatnet var alltid kaldt. Hestane som gjekk etter bygdeve gen Loen-Lodalen stoppe her og for å sløkkje tørsten.

Kvernhuset stod inne ved kvernmhusbekken, bortan for Ola- bruket. Eg trur begge bruka på Tjuen brukte det saman. Det lukta så godt der inne. Ferdigmile mjøl vart teke med til stabburet. Der var også kornlageret som ein henta korn frå til maling. Då eg var smågut, brukte ein sjeldan kverna.

Under krigen var den oftare i bruk. Då mol ein helst om natta. Viktig at ikkje okkupasjonsmakta oppdaga det. Utanfor kvernhuset stod slipesteinen klar. Den var brukt flittig i slåttonna. Mange ljåar skulle brynast, langorvar og stuttorvar. Onkel Anders var ekspert på dette. Når ein var på enga og slo, hadde han alltid med seg boks med vatn og eit bryne på baklomma. Rett som det var, sett han ljåskaftet mellom beina og tok opp brynet. Ljåen skulle bite godt så slåtten gjekk greitt unna. Kristian og Anders brukte langorvar og gjekk side ved side. Dei slo i takt, kvar sin tråm. Det lukta godt av nyslege gras.

Var det god tørke, sol og vind, måtte ein kverve graset. Slik tørka det fortare. Dette brukte vi tre-river til. Anders hadde sytt for at dei var i orden. Ofte brakk det rivetinder. Då tok Anders riva med heim og sette i nye. På saga stod det vølte river klare til bruk.

Grising

Grisinga var spennenade. Purkene låg på golvet i grisehuset. Dei gav frå seg små grynt når grisungane byrja ploppe ut. Anders stelte med dei raskt. Han tok dei opp og klipte av nokre skarpe tenner dei hadde i kjeften. Dette for at purka ikkje skulle få vondt når ungane fann seg ei brystvorte.

Eggplukking fekk eg ta meg av. Men inne hos hønene var der ein hane eg hadde litt respet for. Eg heldt meg heller litt på av- stand. I verpekassene var det alltid egg å ta med innatt til tante Hjørdis.

Blåbærplukking var om hausten. På Tjugensetra fann vi rikeleg, oftast ryggsekken full ned att til Hjørdis. Tytebær plukka dei andre. Eg såg ikkje raude bær så godt. Først i det militære vart det slått fast at eg var raud-grøn fargeblind.

Elles plukka vi mykje eple, pære, plomer og stikkelsbær heime på innmarka. Hjørdis safta og sylta. Det som kunne seljast av frukt, vart pakka fint i høvelege kassar. Eg hadde vore på låven dagar med regn. Der var det utstyr til å spikre saman eplekasser. Høvelege fjøler hadde karane saga opp på førehand, nede på saga.

Den nye sykkelen.

Etter nokre år som dreng trong eg større sykkel. No hadde eg den summen som trongst, 500 kroner. Eg følgde far til Stryn ein dag og fann meg den likaste sykkelen Aug. Ytre-Eide hadde i butikken. Sykkelen var ein DBS, blå og kvit. Den var utstyrt med tre gir, lykt, dynamo, speedometer, berehandtak, skvettlapp framme og vernetrekk for bakhjulet. Ingen i bygda hadde noko liknande. Men eg hadde vel fortent den, etter fleire sommrars slit.

Ein dag vart onkel Anders sjuk, og det var sjeldan. Han fekk influensa, men trudde sjølv at det ikkje var så alvorleg. Det vart straks verre. Men Anders som sjeldan hadde vore sjuk, ville vente med dokter. Han venta nok for lenge og døydde av lungebetennelse.

Når ein ser tilbake på livet som gardsdreng, blir ein og takksam. Det kunne vere strevsamt, og det røynde på tolmodet. Men det å lære arbeidsmoral og uthald kom godt med seinare i livet. Det er fint å kunne minnast desse åra. Tjugen arrangerer slekts-treff år om anna, noko som fleire enn eg set stor pris på.


Tjugenfolket: Kerstin, Laila, Hjørdis, Terje, Kristian, Johannes og Anders Tjugen

Til dokumentstart

12. Høgt og luftig i Loen

Publisert i Fjordingen 1.6.2012.

Av Ove Sveen. (ove.sveen@fjordingen.no)

Loen har fått sin Via Ferrata, ein luftig klatre-sti med spektakulært utsyn mot fjord og fjell.

Fakta om Via Ferrata frå Wikipedia: Via Ferrata er eit italiensk ord og er oversett til engelsk med «Iron road» og til tysk med «Klettersteig». Til norsk kan det best oversetjast med «klatresti» eller «jernsti», men vi omtaler det ofte som «klatresti med wire». Det italienske ordet er i stor grad innarbeidd som begrep i det norske språket for å omtale aktiviteten. ()

Turen opp til Hoven (1010 m.o.h.) startar pent, men frå plattforma på 440 m.o.h er det innsteg til Via Ferrata som går opp til 880 m.o.h.

Dyktige guidar og god sikring fører deltakarane sikkert oppover mot toppen. Dei siste 130 høgdemetrane opp til Hoven går på tilrettelagt sti.

I helga er det opplæringskurs for 12 guidar i Loen.

Via Ferrata er det internasjonale namnet på den nye klatrestien frå Loen og opp mot Hoven (1010 m.o.h). No er han klar til bruk.

Ja, vi er klare og guidane er klare. I neste veke tek det skikkeleg av, seier Erik Brendefur. Å ta seg inn i den nye klatrestien i Loen, er ikkje noko ein gjer på eiga hand. Det er berre guida turar, med ferdsel på eige ansvar. All kommersiell drift skjer gjennom Loen Active.

Spektakulært

Korleis blir ruta opp til Hoven? Vi startar på enkel skogsveg før innsteget til klatrestien på 440 meter over havet. Opp til innsteget tek det normalt opp til ein time. Sjølve klatrestien ligg på mellom 440 og 880 meter over havet. På denne strekninga er det ein wire med lengde på 850 meter som deltakarane sikrar seg til ved hjelp av karabinkrokar. På stien er det fleire fine hyller å stoppe opp på før ein tek fatt på dei siste 130 høgdemetrane frå utgongen av Vi Ferrata og opp til Hoven. Vegen ned går via Oppheim. Her er det laga snarveg i ei gamal sauerås. Alternativ nedfart kan også vere via Oppheimssætra og Rakssætra, seier Brendefur

Totaltid på turen kan variere frå 3-5 timar. Her kan du ikkje ha høgdeskrekk? Dei som har vore på visning seier det ikkje var så skummelt som dei trudde. Turen er spennande og spektakulær med eit enormt utsyn både frå stien og Hoven. Dette er opplevingar meir enn prestasjonar.

Aldersgrense 10 år

Kven kan vere med i Via Ferrata? Dei aller fleste over 10 år vil greie denne turen. Her ligg det til rette for vennegjengar, familiar og firma, samt turistar frå inn- og utland. Booking av guidar skjer gjennom Loen Active som 23. juni har offisiell opning av servicebygget sitt i Loen.

Blir det mange guidar? Ja, det blir opp imot 15 personar inkludert dei tre som skal stå for styringa. Det er Mats Yri, Per Helge Bø og Rune Holen. Laurdag og søndag vert det guideopplæringskurs. I klatrestien blir det teke høgde for fem personar per guide. Dette gler vi oss verkeleg til. seier Erik Brendefur.

Marit Breidablikk: Eg har aldri klatra før, men har vore i Via Ferrata i Loen to gonger. Det var ikkje skummelt,men fantastisk og spennande. Du er sikra heile vegen, og dette er sterkt å anbefale


Marit Breidablik tek seg opp Via Fferrata i Loen. (Foto Ernst Riha)


På toppen av Hoven (1010 m.o.h) med fritt utsyn mot Lodalen og Oldedalen. (Foto Ernst Riha)


Her på 440 m.o.h. startar Via Ferrata i Loen. (Foto Ernst Riha)

Til dokumentstart

13. Imponerande innsats ved minnetavla i Lodalen

Publisert i Fjordingen 6.6.2012.

Av Hans Holmøyvik (hans.holmoyvik@fjordingen.no)

Tusen plantar er komne i jorda. Steinmur er oppsett. Ny informasjonstavle er på plass. Heile området er oppgradert og utvida. Damenen i Loen Hagelag har gjort ein imponerande innsats ved minnetavla for dei to rasulukkene i Lodalen.

Kvart år sidan hagelaget i Loen vart skipa i 1997, har medlemmene frivillig stått for planting ved minnetavla i Bødal. Tavla inneheld namna til dei 135 som omkom i flodbølgjene etter rasa frå Rampefjell i 1905 og i 1936. I år har dei 15 medlemmene lagt ned ekstra mykje arbeid for å få oppgradert området der svært mange, både turisar og andre, stansar.

Rundt tusen plantar har vi fått i jorda, fortel leiar i Loen Hagelag, Mariann Sanden. I førre veke var arbeidet unnagjort. Etter sju dugnadskveldar sidan slutten av mars månad, kunne hagelags-damene markere at prosjektet var fullført. At dei har gjeve området eit flott ansiktsløfting, kan Fjordingen skrive under på.

Steinmur og plate
For det er ikkje berre dei mange plantane som imponerer. Dei gamle granstokkane som avgrensa blomsterbeda mot vegen og parkeringsplassen, er bytta med ein vakker steinmur. Den er det Kristian Sandbakk som har vore meister for. Området er utvida, og informasjonsplata med Sigurd Nes-dal sin tekst om lodalsulukkene, er fornya. Nomek og Fluorlux har sponsa og laga plata og informasjonsskiltet som er festa på denne.

Gjer det med glede
At det har vore mykje arbeid for damene i Loen Hagelag, er sikkert og visst. Første utfordringa var å rive opp alle dei eksisterande plantane. Og etter at alt anna arbeid var gjort, var det til slutt å plante desse og alle dei nye staudene i bedda. Tusen i talet. Siste finpussen vart gjort i førre veke.

Både kvinner og menn, unge og gamle, har gjort sin innsats. Men damene i hagelaget har vore kjernetroppen i alt som er gjort. No gler dei seg til plantane får utvikle seg og bli til prydnad for den viktige minneplassen i Lo-dalen.

Det har vore kjekt. Og når vi ser resultatet, er vi nøgde, seier dei ni blomsterglade damene i Loen Hagelag som var med på den siste dugnadskvelden.

Nøgde har dei all grunn til å vere. Men heilt ferdige er dei ikkje. Vatning og luking av ugras høyrer med utover sommaren og hausten. Damene forsikrar at også dette er arbeid dei gjer med stor glede.


Hagelagsdamene i Loen har fullført eit stort arbeid ved minnetavla i Lodalen. Desse var med siste dugnadsdagen. Bak frå venstre: Astrid Muri, Mariann Sanden og Trude Fløtre. Framme frå venstre: Sissel Tenden, Solveig Duesund, Meten Rasmussen, Margunn Nesje, Synnøve Urtegård og Linda Sanden Rake.


Med godt humør og stor arbeidsglede vart dei siste av dei tusen plantane sette i jorda. Frå venstre: Linda Sanden Rake, Trude Fløtre, Margun Nesje og Sissel Tenden.


Hagelagsleiar Mariann Sanden (til venstre) og Synnøve Urtegård ved den nye informasjonstavla.


Dei gamle trestokkane i framkant av blomsterbeda er bytta ut med ein vakker steinmur. Heile området er oppgradert.

Til dokumentstart

14. Sluttspurt på Skålastien

Publisert i Fjordingen 15.juni 2012.

Av Hans Holmøyvik (hans.holmoyvik@fjordingen.no)

Etter fem års arbeid med å ruste opp stien til Skåla 1848 m.o.h, går prosjektet no inn i sin avsluttande fase. I år er det i nedre del av Skålastien arbeidet er konsentrert.

Oppstigninga frå Tjugen til Skålatårnet blir kalla Norges lengste motbakke, med ei samanhengande stigning på over 1.800 meter. Frå 2008 har stien fått ei betydeleg opprusting gjennom Skålastiprosjektet. Frå 600 meter over havet, ovanfor Sjingle-brua, går stien gjennom Jostedalsbreen nasjonalpark. Rundt 10.000 personar ferdast på Skålastien kvart år. Ikkje minst mot-bakkeløpet Skåla Opp har vore med og gjort fjellturen til Skålatårnet svært populær.

Nedre del

Frå 2008 og fram til i fjor var 2.380 meter av stien rusta opp, og det vart bygt ny bru over Fosdøla ved Sjingla. I avslutningsfasen på prosjektet no i år, blir arbeidet konsentrert om området frå enden av skogsvegen 280 m.o.h. til Sjingla 640 m.o.h. Det blir i tillegg til dette jobba vidare med å restaurere steintrapper i øver del av stien gjennom dugnadsinnsats av Skålas Venner.

På den halvannan kilometer lange strekninga frå skogsvegen til Sjinglebrua, er det ei stigning på 360 høgdemeter. Prosjektleiar Ole Runar Aabrekk i Utmarksressurs AS opplyser til Fjordingen at seks sherpa allereie har vore i sving i over ei veke. 290 lengdemeter med sti skal utbetrast.

Manuelt arbeid

I år er det berre manuelt arbeid. Det blir utført ein del steinsetjing også i dette området, men for det meste vert det grasing av stien. Fosdalen er sommarbeite for kyr og sauer. Kyr likar ikkje å klatre i steintrapper. Så alt arbeidet vi utfører i år, tek omsyn til dette, seier Aabrekk.

Hadde lovord

Ansvarleg for Skålastiprosjektet, Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn (SNO), hadde nyleg med seg SNO-direktør Reidar Andersen og leiar for nasjonalparkseksjon sør i SNO, Kari Kveseth, på synfaring opp første del av Skålastien. Ho fekk gode tilbakemeldinger frå SNO-toppane, som hadde mange lovord å kome med:

Dei let vel over Skålastiprosjektet og det arbeidet som er gjort. Vi kom opp i 750 meters høgde før vi nådde snøen. Saman med nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm fekk Andersen og Kveseth sjå på utfordringane i årets arbeid på stien, seier Rudsengen.


Fekk sjå resultatet av ein del av arbeidet på Skålastien. Frå venstre: Nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm, Rune Holen i Skåla-stiprosjektet, SNO-direktør Reidar Andersen og seksjonsleier Kari Kveseth. (Foto: Anne Rudsengen)


Også i år er sherpa, seks i talet. på plass for å utføre arbeid på Skålastien. No er det i nedre del det skjer


Arbeid i gang 560 meter over havet.


Skålastien slik den no ser ut 460 meter over havet.

Til dokumentstart

15. Kommunedelplan Loen
Nordfjord kjøtt viktigast

Publisert i Fjordingen 15.juni 2012.

Av Harald Vartdal (haraId.vandal@fjordingen.no)

Utviding av Nordfjord Kjøtt blir i framlegg til kommundelplan vurder som viktigare enn grumeigaren sine interesser på Trollhaugen i Lovik.

Dersom framleger til kommun delplan vert vedteke, vil eigar av Trollhaugen få redusert arealet frå 15,1 til om lag 6,3 deka Rådmannen meiner at det i denne saka må leggjast meir vekt næringsmessige forhold enn eigedomsrett og private interesser.

Med bakgrunn i dei samfunnsinteresser som knyter seg til drifta av Nordfjord Kjøtt, ønskjer Stryn kommune å legge til rette for ekspansjon av verksemda. Det er ikkje realisisk at dette kan skje andre stader enn ved eksisterande anlegg i Loen, konkluderer rådmannen.

Stryn formannskap vedtok at kommunedelplan skal leggjast ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Det kan vere lettare å ta stilling til eventuelle kompromissløysingar når alle instansar sine syn på planen er kjende, hevdar Per Kristan Storevik.

Per Kjøllesdal (Sp) støtta vurderinga til rådmannen.

Det er rett å gjere eit val. Vi må rydde reine område for det eine og andre, slo han fast.

Trollhaugen kultursone

Aaland arkitektkontor har på vegne av grunneigar Arne Loen og Jostein Loen i tidlegare innspel lansert planane om Trollhaugen kultursone, eit prosjekt som vil formidle historie, kunst, musikk/revy og landskapsbevaring.

Redusert areal og store landskapsmessige inngrep i denne tomta vil øydelegge for planane. Etter det som vart opplyst på formannskapsmøtet, er det også sterke innvendingar mot å få den nye vegen i Lovik og Nordfjord Kjøtt sin parkeringsplass heilt inn på eigedomen.


I framlegget til kommunedelplanen vil eigaren av Trollhaugen (t.v.) få redusert arealet frå 15,1 ti 6,3 dekar

Til dokumentstart

16. I fritt fall over Loen

Publisert i Fjordingen 6.juli 2012.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)

Baserhopparar frå fleire land har stoppa i Loen for å utfordre Hoven denne veka. Hopparane er på veg til konkurransen World Base Race på Hellesylt. No ønskjer Paul Fortun, mannen bak World Base Race, å holde same konkurranse i Loen.

Her er det kjempebra potensial, seier Paul Fortun. Han er mannen bak World Base Race, ein konkurranse i basehopping. Loen vart eitt mellomstopp denne veka for basehopparar på veg frå Ekstremsportveko til konkurransen som arrangerast på Hellesylt i helga.

Fortun arrangerte samlinga og tok med seg basehopparane opp på Hoven. Han ønskjer å gjere dette til ein av konkurransestadane i World Base Race og vil no prøve få til eit samarbeid med Hotel Alexandra og Loen.


Lika Borzova frå Russland tar av frå Hoven. (Foto: Atle Dahl)

(Alo: Resten av artikkelen er om basehopping generelt og ikkje om Loen. Det er derfor berre den innleiande delen som er skanna)

Til dokumentstart

17. Loen sin nye stoppestad

Publisert i Fjordingen 16.juli 2012.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)

Via Ferrata og Skåla Opp vert hovudsatsingane når Loen Active no er klar med sitt nye servicebygg. — Her skal turistane får informasjonen dei treng om aktivitetane som finsti nærområdet, seier Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active.

Fredag var det framleis en del å gjere før Loen Active sitt nye servicebygg var klart til opning i dag. Det gamle inventaret frå Hotel Alexandra var nymåla og kaffimaskinen var endå ikkje på plass.

Bygget er nytt, men vi har brukt vindauge og stål frå Hotel Alexandra, i tillegg til ein del inventar, fortel Brendefur. No gler han seg til å kunne opne lokala.

Det blir veldig spennande. Dette er ein tilvekst til Hotel Alexandra og Loenfjord, forhåpentlegvis vert det eit samlingspunkt, seier han.

Spreke turistar

Lokalet er i hovudsak eit salslokale, men og ein stoppestad som ligg sentralt i Loen. Her kan turistane kome innom,kjøpe ein kaffi og få svar på det dei lurer på, seier Brendefur. Bygget skal fungere som ein aktivitets-og informasjonssentral Loen.

Hovudsatsinga vår er Via Ferrata, så har vi sykkelutleige og båtutleige. Skåla Opp skal også kome inn hit etter kvart. Vi skal formidle aktivitetar og hjelpe turistar som vil ut på ulike aktivitetar, fortel Brende-fur.

Loen Active vart starta opp tidlegare i år, i samband med Via Ferrata som vart bygd i fjor Brendefur ser behovet for ein slik aktivitetssentral, då turistane i stadig større grad etterspør opplevingar.

Det er ei trend. Folk blir sprekare og sprekare, heile familiar kjem oftare og vil på tur, seier Brendefur.

Vil utvikle

Det vart ein travel helg for Brendefur og kollegaene i Loen Active. Før opninga skulle lokalet innreiast, informasjon opp på veggene og den siste finpussen gjerast. I servicebygget blir det sal av kaffi, is og bagettar. Etter kvart håpar Brendefur at dei kan få inn meir salsvarer, som klatreutstyr og klede. Allereie har dei første nysgjerrige gjestene vore innon og titta.

Vi er ganske sikre på at del kjem til å kome mykje folkinnom her. Vi skal halde ope frå 09.00 til 21.00 heile sommaren, seier han. Lenger fram i tid trur Brendefur det kan bli aktuelt å søkje om å bli turistinformasjon og få inn ein turistvert.

Men det blir ikkje endå, avsluttar han.


Dagleg leiar Loen Activ. Erik Brendefur håpar det nye servicebygget kan fungere som ein aktivitets- og informsasjonssentral for turistane.


Frå utsida ser det ferdig ut, men inne er det framleis en del som står att før det kan opnast på måndag.

Til dokumentstart

18. Ny folkesport i Loen
Langs den vertikale jernvegen.

Publisert i Fjordingen 16.juli 2012.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)

Dei siste åra har turar til Skåla dominert friluftslivet i Loen. Men no er ein ny folkesport i ferd med å slå igjennom. Via Ferrata som opna i juni, har blitt ein turistmagnet.Stadig fleire utfordrar sine eigne grenser og tek klatrestien til Hoven. Fjordingen har testa den populære klatreturen.

Det er ein spent gjeng som er samla i lobbyen på Hotel Alexandra denne solskinsdagen seint i juni. Vi er eit følgje på ni som skal klatre Via Ferrata opp til Hoven. Ein familie og ein jentegjeng, meg og guiden.

Turen startar utanfor Loen Active sin midlertidige tilhaldsstad ved hotellet. Her får turfølgje tildelt klatreseler og hjelmar.

Hjelmen er til å beskytte oss mot kamera og flasker som dei andre mister, seier guide Mats Yri spøkjefullt. Han fortel at veggen har vore godt reinska for stein, så det skal ikkje vere fare for steinsprang.

Om lag tusen meter rett opp ska vi. Heile ruta er synleg frå der vi står. Den slyngar seg oppover den bratte eggen mot Hoven.

Eg trur vi kjem til å bruke rundt tre timar til toppen. Vi skal ha det så behageleg som mogleg, informerer Yri.

Skrekkblanda fryd

Via Ferrata er italiensk og kan oversetjast til jernsti. Ved å vere kopla med karabinkrokar til ein wire som går langs fjellveggen, skal vi kunne ta oss trygt til topps langs den bratte ruta. Tanken på den luftige turen vi no skal ta fatt på gjer nokon litt meir nervøse enn andre.

Dette er ei veldig stor personleg utfordring for meg. Eg må prøve å overvinne tankane i hovudet mitt, seier Manken Eriksson.

Turen er i gong og vi går langs ein traktorveg som skal ta oss til starten på ruta. Eriksson kjem frå Sverige og er på tur med kollegae ne, Inger Johanne Bruland og Kjersti Kvamme, frå Ricco Vero. Ho aldri har klatra før eller gått særleg mange toppturar, i tillegg har ho litt høgdeskrekk.

Målet er å klare å nyte turen utan å vere skrekkslegen. Eg må berre stole på at ein sit fast og høyre på innstruksane, seier Erikson

Det er jo den beste følelsen i verda å presse seg sjølv til å gjøre ting ein ikkje tørr. Eg er ikkje sein til å ta ei utfordring, legg ho til. Eriksson jobbar i Oslo og har vore på designmøte med Ricco Vero i Olden. Det var designsjef Kjersti Kvamme som bestemte at dei skulle kome seg på fjellet i dag.

Vi har jobba så hardt at dette fortener vi. Det er jo ei form for teambuilding, meiner ho.

Lokka med ungdommen

Dette er ein spennande måte å gå på tur på og ein god måte å lokke sungdommen med på tur, meiner Torill Sirhaug. Ho har med seg mannen, dottera og kjærasten hennar. Dei bur på Sotra ved Bergen, og har sommarhus i Hornindal.

Sirhaug fortel at ho har lite erfaring frå bratte fjellvegger.

Eg tenkjer det skal gå bra, vi er jo godt sikra. Eg er meir spent på dottera mi, seier ho. Motivasjonen hennar er å prøve noko nytt og utfordre seg sjølv.

Vi er glade i å gå i fjellet og så leste vi om denne turen. Det var bileta frå toppen som lokka mest. Toppen er jo premien, seier Sirihaug.

Koseleg klatretur

Frå traktorsporet kryssar vi ei elv før vi kjem over i en bratt skogssti.

Tøffaste delen er den her, så det er bare å glede seg til ein god pause når vi kjem opp til innsteget, seier Yri til turfølgjet. Vi held eit høgt tempo og pulsen stig fort. Etter ei stund kjem vi til nokon bratte parti kor vi skal vi ta i bruk wiren for første gong. Yri gjev ei grundig innføring i bruk at karabinkrokar, wire og klatreteknikk.

No byrjar vi på Skogvakse, herfrå er det enkel klatring. Det finst fleire handtak oppover, og sa er det viktig å leite i sprekker etter tak. Så det blir ein koseleg klatretur, seier instruktøren.

Kva skjer om ein fell da? spør Eriksson tvilsamt.

Ein skal ikkje falle, spøkar instruktøren tilbake, og beroliger ho med at wiren vil halde ho att.

Nervar i heilspenn

Etter å ha vore av og pa wiren nokre gongar kjem vi til innstegen, her er det laga ein platting kor vi får oss ein god og etterlengta pause. Herfrå byrjar den ordentlege klatringa. Kvamme delar ut sjokolade og myggen bit. Kjærastane Synnøve Sirhaug og Kato Lambrechts er spente på klatringa vi no skal ta fatt på. Lambrecht driv med sportsklatring til vanleg og trur turen skal gå fint. Sirhaug er meir skeptisk.

Eg trur det blir skummelt. Eg har ingen nervar førebels, men det kjem nok, trur ho.

Berre sei ifrå om det blir noko problem. Eg har med meg tau, så vi skal nok kome opp, seier Yri, så byrjar han å sende oss oppover, ein etter ein.

Ein hjelpande hand

Frå innsteget er det fleire bratte og luftige parti. Men dei er skilde av slakare parti, kor ein får puste ut og samle seg til neste utfordring. Jo høgare vi kjem desto meir spektakulær blir utsikta. Sjølv om det byrjar å bli luftig, varmar den steikande sola.

Når vi har kome halvvegs opp i veggen kjem vi til midtkvile, ei stor og fin hylle kor vi tek ein liten pause. Over oss no ligg partiet som har fått namnet Ormenlange. Yri seier at dette er den mest utfordrande biten på Via Ferrataen. Det er eit langt og vertikalt parti. På veg opp Ormenlange rår redsla, men wiren gjev god tryggleik. Yri gjev ei hjelpande hand til dei som treng det og når ein kjem seg over denne delen av klatreruta er følelsen av å ha utfordra seg sjølv fantastisk.

Frå toppen av Ormenlange er dei neste klatrepartia enklare og kortare. Plutseleg er toppen der, nesten litt for tidleg. Her tek vi ein god og velfortent pause ved den hjerteforma innsjøen, som Yri kallar det.

Ved hjartedammen

Det var vanskeleg i starten, men så gjekk det betre etter kvart. Eg er veldig nøgd med å ha kome meg opp. Lengre nede trudde eg kanskje at eg ikkje skulle klare det, fortel Synnøve Sirhaug, medan kjærasten hadde ei anna oppleving.

Det brattaste partiet var det kjekkaste. Eg hadde kanskje litt nervar, men det gjekk veldig greitt, seier han. Like bortanfor sit ein som er endå meir entusiastisk.

Det var heilt fantastisk, det beste og det verste eg har gjort nokon gong. Eg er veldig stolt av meg sjølv no, seier Eriksson.

Etter ei velfortent pause ved hjartedammen startar vi på turen ned igjen. Det er ein sliten, men nøgd gjeng som blir henta av minibussen på Oppheim.


Mariken Erikson valde å ta den bratte vegen til Hoven. Turguide Mats Yri passar på. (Foto: Kaia Johnsen Viki)

Til dokumentstart

19. Skålestiprosjektet snart fullført
Klare for å ta i mot 10 000 turgåarar.

Publisert i Fjordingen 18.juli 2012.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)

Etter fem års arbeid vart den siste steinen i den nye Skåla-stien lagt i starta av juli. No er det berre noko dugnadsarbeid att før stien er heilt ferdigstilt. Skåla-sti prosjektet er eit av dei største tiltaka i en nasjonalpark i Norge nokon gong.

Arbeidsdagen har vore å lempe stein og bere torv, vi har flydd opp mykje av steinen med helikopter. Det har vore eit omfattande prosjekt, fortel Rune Holen. Han starta som prosjektleiar for Skåla-stien i 2008, men fekk heiltidsjobb i Statens Naturoppsyn, og Ole Rune Aabrekk tok over. Likevel har Holen vore med på mesteparten av arbeidet med stien. Noko han synest har vore heilt fantastisk.

I år har dei arbeidd på stien mellom Tjugensætra og Sjinglebrua. Dette var det siste stykket av stien som skulle steinleggast.

Det har kravd muskelkraft, i år har vi ikkje flydd opp stein. Det har gått på hand og makt, med berre ein jernhest til hjelp, fortel Holen.

Snøras kan øydeleggje

Eit av måla med prosjektet var å halde ved like den gamle steinstien som vart bygd same år som Skålatårnet og gjere den rusta for den aukande trafikken på fjellet. Det har gått mykje tid til arbeid med drenering og for å plante vegetasjon slik at tiltaket blir sporlaust. Men sidan vegetasjonen ikkje får festa seg ordentleg før vinteren har Holen no ei bekymring.

Vi er veldig avhengig av at det ikkje går nokon store snøskred neste vinter, då kan stien rase ut, fortel Holen.

Fyrtårn i Nordfjord

Skåla har blitt eit toppturfjell med god posisjon i Norge. Ifølgje Holen besøkjer om lag 10 000 turgåarar Skåla kvar sesong.

Anne Rudsengen er Naturoppsyn for Jostedalsbreen nasjonalpark og prosjektansvarleg for Skåla-stien. Ho fortel at det er berre ei dugnadsøka i haust att, før stien er heilt ferdigstilt.

Rudsengen var og ein av pådrivarane for prosjektet.

Det var fleire grunnar til at vi starta dette prosjektet. Det er og 100 år sidan stien vart tilrettelagd for fyrste gong, så dette er vidareføring av det kulturminnet som stien er. Vi ville unngå at det vart fleire parallelle stiar og erosjon. Dette er eit fyrtårn for området, samtidig som det er eit grep for friluftslivet og gjer at fleire får nytte naturen, seier Rudsengen.

Prosjekt med ringverknader

Å fly stein til fjells er ikkje gjort i Norge før, ifølgje Rudsengen. Ho fortel at dei henta kunnskap frå ein nasjonalpark i Wales og eit liknande prosjekt i Gjendesheim, der dei laga stien til og frå Besseggen.

Dette er det største enkelt tilretteleggingstiltaket i nokon nasjonalpark i Norge, seier ho. Prosjektet har kosta fem millionar og har tatt fem år å gjennomføre. Rudsengen meiner Skåla-sti prosjektet har fått ringverknader ved at fleire stortingspolitikarar har fått auga opp for at det trengst tilrettelegging i nasjonalparkane.

Det har kome andre for å lære av oss, mellom anna politikarar frå Bergen, som skulle byggje Stolzekleiven, og eit liknande prosjekt er i gong ved Hallingskarvet. Så prosjektet har fått mange fleire positive ringverknader enn venta. Berre møtet med sherpaene har vore veldig givande, seier Rudseng.


Sjinglebrua ligg øvst i partiet som vart ferdig i vår. (Foto: Trine Lise Sviggum Helgerull)

Til dokumentstart

20. Mykje snø. men gode turforhold

Publisert i Fjordingen 18.juli 2012.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)

Kaldt vårver får skulda for dei store snømengdene som ligg att i fjellet. Men sjølv om det er meir snø enn vanleg på denne tida, er ikkje aktiviteten mindre enn den pleier.

Nils Jørgen Omberg (37) var fyrste mann på Skåla på søndag. Han fortel at det ligg snø frå Skålavatnet (1150 m.o.h.) og opp til Flatbreen (1650 m.o.h.). Men det hindrar ikkje folk i å ta turen. På vegen ned att møtte han 80 personar som var på veg opp. Det var fleire enn han hadde venta.

I går var det tåke frå 1000 meter og oppover. At at så mange tok turen likevel var litt overraskande. Men turistane kjem og er her i to dagar og då skal dei på Skåla, seier han.

Ifølgje Omberg skal snøen skal vere fast og fin, og lett å gå på.

Ei ny verd

Turentusiasten går på Skåla ein gong i veka gjennom sommarsesongen, og har alt vore oppe tolv gonger sidan mai. Han seier at trafikken på fjellet er kraftig aukande.

Eg føler det blir meir og meir folk kvart år. Særleg etter at Skåla Opp starta, fortel han. No er og den nye Skåla-stien ferdig, det har gjort turforholda betre. Omberg har snakka med mykje folk på turane sine som er veldig positive til den nye stien. Det er han einig i. Den er fantastisk og det er ei heilt anna verd å gå opp der no. Terrenget er heller ikkje like sårbart som før, seier han.

Flotte skiforhold

Det er veldig mykje snø i fjellet, faktisk så mykje at ein kan spenne på seg skia. I så måte e det ein spesiell sommar, meiner Merion Ask, leiar i Sogn og Fjordane turistforeining. Han nemner spesielt fjellområda i Luster og Sognefjella. Ask legg til at det er forholdsvis kaldt ver og at det ikkje hjelper på snømengda. Men for han sin del gjer det ingenting.

Eg er veldig glad i å gå på ski, så når ein kan gjere det i midten av juli er det berre flott seier Ask. Sjølv om det er mykje snø trur han ikkje at det verkar inn på aktiviteten i fjella, og det har heller ikkje laga vanskar for Turistforeininga sitt turprogram.

Ta med gamasjar

På Lodalskåpa var det og gode forhold i helga, kan Inger Helen Nes Hjelle, i Reisemål Stryn og Nordfjord fortelje. Her kunne ein gå utan stegjern og det var få synlege bresprekkar. På Lodalskåpa er det og meir snø enn vanleg, men Hjel le har heller ikkje merka noko dempa aktivitet av den grunn.

Eg har registrert ein del spørsmål om snøforholda, kanskje nokon let seg skremme. Men det skal ikkje vere noko problem når snøen er så god å gå på, seier ho.Men det er lurt å ha gode sko og gamasjar, legg Hjelle til.


Skodda låg lågt på Skåla i helga. Men det hindra ikkje desse tre jentene i å ta turen på laurdag. Her er dei like ved Skålavatnet.

Til dokumentstart

21. Rassikring mot Gjølmunna
Sikring mot 5000-års skred kostar 22,7 milionar

Publisert i Fjordingen 25.juli 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg fram to alternativ til sikring mot skred i Gjølmunna i Loen. Den største vollen som vil stoppe 5000-års skred, er kostnadsrekna til 22.740.000 kroner. Alternativet som sikrar mot 333-års skred, har ein prislapp på 11.650.000 kroner.

NVE har sendt planen for sikring mot skred i Gjølmuna ut på lokal høyring. Fristen for å kome med innspel, er sett til 1. november. Innan den tid må Sryn kommune og andre interessentar gje sitt syn til kjenne.

To alternativ

Planen er utarbeidd i to altemativ. Det mest omfattande tiltaket, der ein vil sikre området ovanfor Hotel Alexandra mot 5000-års skred, er kostnadsrekna til 22.740.000 kroner. Ei slik løysing vil gje rom for nye bygningar også i den strengaste tryggleiksklassen. Det gjeld t.d. hotell.

Alternativ to med prislapp 11.650.000 kroner, sikrar dei mest utsette eksisterande bygningane opp mot den tryggleiken som tidlegare var nedfelt i plan-og bygningslova/ byggetekniske føresegner. Dette alternativet fører også til at deler av nedre areal vil bli byggbart for bygningar med krav til sikring mot 1000-års skred, t.d. bustadhus.

Denne vollen kan også føre til at det nedst i området kan reisast bygg med krav til strengaste tryggingsklasse under føresetnad av forsterkingstiltak på bygget, skriv NVE i høyringsdokumentet.

NVE dekkjer 9,3 mill.

Dersom det blir bestemt å byggje den minste sikringsvollen, vil NVE dekkje 80 prosent av kostnaden. Dvs. 9.320.000 kroner. Den resterande delen må finansierast gjennom distriktsandel på 20 prosent, dvs. 2.330.000 kroner. Kommunen må garantere for distriktsandelen overfor NVE, men dei kan krevje at kostnadene blir dekta av lokale interessentar, t.d. grunneigar.

Ved val at det store alternativet til 22.740.000 kroner, kan ein ikkje forvente at NVE vil ta ein prosentvis tilsvarande kostnad.

Grunnen til dette er at vi i utgangspunktet nyttar midlane til sikring av eksisterande bygningar og ikkje til nybygg. Sikringskostnader for nybygg må gå inn i det einskilde prosjekt.Sjølv om også den minste skred-vollen opnar for nybygg, er det sikringa av eksisterande bygningar som er fokuset med dette alternativet, og av den grunn vil ikkje normalprosenten bli endra, påpeikar NVE.

Må prioritere

Stryn kommune må gjennom høyringsuttalen velje eitt av dei to alternativa.

Endeleg fastsetjing av storleiken på distriktsdelen vil skje etter høyringa, og etter at planen er godkjend av NVE med tanke på vår stønad til gjennomføring. Kommunen vil då bli beden om å ta stilling til distriktsdelen i form av ein garanti for denne. Kommunen treng difor ikkje ta stilling til finansieringa no, men vi tek gjerne imot synspunkt på forslaget vårt, sluttar NVE.


Området ovanfor Hotel Alexandra må sikrast mot skred i Gjølmunna. Spørsmålet er kor omfattande tiltaket skal vere.

Til dokumentstart

22. Stryn betongelement flytter til Utvik ?.
Har kjøpt Dooria anlegget

Publisert i Fjordingen 1.august 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Stryn Betongelement AS har inngått avtale om kjøp av Dooria-anlegget. Dersom verksemda vel å samle produksjonen på ein plass, vil det bli etablert 50 arbeidsplassar i Utvik.

Stryn Betongelement har idag 35 tilsette. Dei produserer veggar, søyler, bjelkar, balkongar, trapper, gjødselkummer osv. Hovudmarknaden er Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og deler av Hordaland og Austlandet. Med kjøpet av Dooria-anlegget vil talet på tilsette auke til ca 50. Dagleg leiar Gunnar Skarstein gjev her bakgrunnen for at dei kasta blikket mot Utvik.

Stryn Betongelement har vakse ut av fabrikken i Lovik. Der finst heller ikkje utvidingsmogelegheiter. Etter at Dooria la ned i Utvik, såg vi dette som eit aktuelt alternativ med tanke på utviding, seier Skarstein,

To alternativ

Leiinga i Stryn Betongelement har ikkje avgjort om dei skal samle all aktivitet i Utvik. Vi vurderer to alternativ. Anten vidareføre dagens prouksjon i Lovik og byggje ny produksjonshall i Utvik, eller selje anlegget i Lovik og ha alt på ein plass. Denne avgjerda er enno ikkje teken, fortel Gunnar Skarstein.

Kva ser du som den mest aktuelle løysinga? Mitt ønskje og magekjensla tilseier at vi endar opp med å ha alt i Utvik.

Er dette i tråd med ønskjer frå dei tilsette? Vi har god støtte frå våre ansette i denne prosessen. Ikkje ein einaste har gjeve uttrykk for at dei ikkje ønskjer å bli med til Utvik. Det er også heilt avgjerande med tanke på å behalde våre dyktige arbeidstakarar, understrekar Gunnar Skarstein.

Ny produksjonshall

Stryn Betongelement kjøper heile Dooria-anlegget. Men det er berre kontordelen som vil bli brukt. Hallane i Utvik er ikkje tilpassa vår produksjon. Difor skal dei rivast og erstattast med ny proudksjonshall, opplyser Skarstein.

Kor stort nybygg snakkar vi om? Det kjem litt an på kva vi bestemmer oss for å satse på av nye produkt. Planen er å føre opp ein hall på 20 x 100 meter (2.000.rutemeter). Men det kan også bli snakk om det dobbelte.

Når kan Stryn Betongelement vere i gang med produksjonen i Utvik? Det blir lagt opp til opning av nyeanlegget neste sommar. "Problemet" er at vi har så mykje å gjere at vi ikkje greier å produsere til oss sjølve, smiler Gunnar Skarstein.

Fulle ordrebøker

De har med andre ord rikeleg med oppdrag? Ja, ordrebøkene er fulle til nærare jul.

Kor stor blir omsetninga i 2012? Vi budsjetterte med 45 millionar kroner. Eg reknar med at vi endar ein stad mellom 45 og 50 millionar kroner.

Auka produksjon krev fleire tilsette. Korleis er situasjonen når det gjeld arbeidskraft? Takka vere utlendingar går det stort sett greit å skaffe folk til produksjonen. Men vi slit med å få tak i ingeniørar til prosjektering og teikning. Her har vi heldigvis eit svært godt samarbeid med Skarstein & Walaker i Stryn.

Lang prosess

Stryn Betongelement brukte vel eit halvt år på å kjøpe Dooria-anlegget i Utvik.

Vi var på synfaring i jula etter at Dooria lyste anlegget for sal. Etter den tid har det vore litt "Tram og tilbake". No var valet anten å seie nei til handel eller kjøpe anlegget., sluttar Gunnar Skarstein.


Anlegget i Loen har ikkje mulegheiter for vidare ekspansjon

Til dokumentstart

23. Kommunedelplan for Loen.
Frå orienteringsmøte 13. august.2012

Publisert i Fjordingen 15.og 17.august 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Kamp om areal i Lovik

Ved å leggje om eksisterande veg, vil NK få utvida fabrikkområdet på noverande parkeringsnlass.

Nordfjord Kjøtt treng areal til utviding av fabrikken, bygging av bustader for arbeidstakarar og parkeringsplass. Vegomlegginga som dette føreset, medfører eit stort inngrep i eigedomen til Arne Loen. Slikt blir det konflikt av.

Eg vil Nordfjord Kjøtt alt vel, men kan ikkje godta rasering av eigedomen som har tilhøyrt vår familie i 91 år. Det er "galematias" så lenge her finst andre tilgjengelege areal. Dersom NK skal vere ei berekraftig bedrift, må dei spele på lag med lokalsamfunnet, hevda Ame Loen på folkemøtet måndag kveld.

Geir Egil Roksvåg opplyste at NK hadde tilbydd Arne Loen makebyte, men at dette var blitt avslege. Det har aldri vore aktuelt for oss å godta makebyte i nærleiken av NK så lenge dei må ekspandere på sørsida av Loelva. Eg stolar ikkje på at politikarane vil vere mindre interessert i dette området om nokre år. Familien vår har vore i Lovik i 91 år og har ytterlegare 91 års perspektiv på eigedomen, repliserte Arne Loen.

Omlegging av veg

I framlegget til kommunedelplan (høyringsfrist 1. september) er Lovikvegen lagt på baksida av det nye fryseriet. NK har sikra seg det meste av arealet som krevst for omlegging av vegen. Unntaket er Trollhaugen til Arne Loen, der planframlegget tek to tredjedelar av den 15,1 store eigedomen.

Geir Egil Roksvåg peika ut området der NK vil utvide fabrikken, område for bustader til arbeidstakarar og ny parkeringsplass. Det er ikkje meir komplisert enn det, sa Roksvåg.

På folkemøtet som samla 30 personar, vart det stilt spørsmål om kommunen vil stille krav til den visuelle utform- inga av NK-anlegget.Ja, det blir teke inn i reguleringsplanen, svara Steinar Nesdal. Som også oppfordra oppsitjarane i Lovik til å gå i dialog med bedrifta når det gjeld utforming av anlegget.

Mangel på tomtegrunn

Arild Bødal gav sine generelle betraktninger på framtidig utvikling av næringslivet i Loen.Mykje areal blir bandlagt av to bedrifter, NK og Hotel Alexandra. Kommunen må også finne tomtegrunn til mindre bedrifter sett i eit 30-års perspektiv, oppfordra Bødal. Ja, det er eit godt poeng. Vi får sjå kor det er mogeleg å regulere inn nye areal. Men det går ikkje an for kommunen å seie nei til eksisterande bedrifter fordi det kan melde seg behov om 20-30 år. Det vl vere eit sjølvskoa om vi ikkje tek omsyn til eksisterande næringsliv, uttalte ordførar Sven Flo.

Kva med NK om 10-15 år. Kor mykje har dei tenkt å vekse, og finst det ein plan B, vart det spurt frå salen. Det er ei uaktuell problemstilling for kommunen å flytte ei velfungerande bedrift som NK. Verksemda skal vere i Loen, og det er vår oppgåve å finne gode løysingarsom integrerer NK i lokalsamfunnet, understreka ordførar Sven Flo.

Mange utlendingar

Mellom 13 og 14 prosent av alle tilsette i Stryn kommune, er arbeidsinnvandrarar. NK har ein stor del av desse.Integrering av arbeidsinnvandrarane er ei kjempeutfordring. Kommunen er avhengig av at lokalsamfunnet bidreg til at dette skal fungere, oppfordra Sven Flo. Arbeidsinnvandring gjeld heile kommunen. Det er slike tilsette vi vil møte på sjukeheimane om nokre år, hevda Geir Egil Roksvåg. Ja, arbeidsinnvandrarar er og blir ein viktig del av lokalsamfunnet vårt, slo ordføraren fast.

NK må kjøpe Stryn Betong

Arne Loen var klar på at NK må kjøpe Stryn Betongelement når verksemda flyttar til Utvik. Viss ikkje blir dette ein skamplett i bygda inntil nokon ryddar opp. Eg vonar NK går i dialog med Stryn Betong, oppmoda Arne Loen. Oførar Sven Flo presiserte at det ikkje er teke avgjerd om sal av Stryn Betongelement sin eigedom i Lovik.Plansjef

Steinar Nesdal imøtegjekk det som vart sagt om skamplett. Dersom Stryn Betongelement flyttar heile verksemda til Utvik, vil det gje mulegheit for andre etableringar, hevda han.

Turistbygda Loen

Knut Tjugen uttrykte glede over den positive utviklinga i Loen. Men der er eit men. Loen er ei reiselivsbygd. Eg vil på det sterkaste oppfordre til at det ikkje blir lagt industri på nordsida av elva. Vi må samkøyre industri og turisme, poengterte Tjugen.


Ved å leggje om eksisterande veg, vil NK få utvida fabrikkområdet på noverande parkeringsplass


Den skisserte omlegginga av Lovikvegen vil ta to tredjedelar av eigedome Trollhaugen

Her må kome gangbru

Loarar i alle aldersgrupper stiller seg bak kravet om planfri kryssing av fv 60 i Lovik.Her må kome gangbru, krev bygdefolket.

I samband med omlegging av krysset i Lovik er det viktig at kommunen støttar oss i dette viktige trafikktryggingstiltaket, seier Arild Bødal, Inga Bødal, Handis Flølo, Wenche Flølo. Roar Herrevold og Jonny Vonheim til Fjordingen.

Dette vil bli teke med i den vidare planprosessen, lovar Steinar Nesdal. Som viser til at alle detaljar vert vurdert i arbeidet med reguleringsplan.

Gamalt krav

Kravet om planfri kryssing av fv 60 i Lovik skriv seg heilt attende til 1980-talet. Den gong var der campingplass og idrettsbana på sjøsida i Lovik. Etter den tid har det kome til bygdehus, skule, barnehage og nærmiljøanlegg. Dette har ført til auka behov for gangbru.

Med tanke på den store trafikken som er på fv 60 i dag, og som vil auke med opninga av Kvivsvegen, er ikkje dagens kryssing tilfredsstillande. Vi ser også at ekspansjonen på industriområdet medfører større trafikk. I samband med omlegging av krysset og vegen i Lovik, vil det vere naturleg at NK bidreg til finansiering av gangbru, sjølv om dette først og fremst er ei oppgåve for Statens vegvesen, vert det presisert.


Dagens opplegg med 40-sone og fartsdempar er ikkje godt nok fastslår Arild BødaL (f.v), Roar Herrevold, Handis Flølo, Johnny Vonheim, Wenche Flølo og Inga Bødal.

Gang og sykkelveg til Solvik/Rake

Gang- og sykkelveg frå Loen sentrum til Solvik/ Rake vil gje tilgang på 85 bustadtomter.På Rake ligg der 40 tomter som ventar på gang-og sykkelveg til Loen sentrum. I til legg er 5 tomteri Leitekvin og 40 tomter i Solvik bandlagde i påvente av trygg veg for mjuke trafikantar.

Det er eit enormt behov for denne gang- og sykkelvegen, fastslo Steinar Nesdal på folkemøtet i Loen. Den lokale vegnemnda har kalla inn til møte førstkomande tysdag, der dei vil orientere om prosjektet.


1,9 km lang gang- og sykkelveg til Loen sentrum vil utløyse 85 bustadtomter på Rake og Solvik.

Sikring mot Gjølmunna. To alternativ

Betre rassikring er eit vilkår for vidare utbygging av Hotel Alexandra. NVE skisserer to alternative løysingar.

Det minste alternativet er kostnadsrekna til 9,32 millionar kroner (eks moms). NVE dekkjer 7,46 millionar (80 prosent). Det betyr at distriktsandelen vert på 1,86 mill. kroner.

Alternativ to vil koste 18,8 millionar kroner. NVE dekkjer det same som i alternativ ein. Det vil seie at distriktsandelen blir på 10,73 millionar kroner.

Mesteparten av Hotel Alexandra vert godt nok sikra med den miste vollen. Der kan også byggjast på måtar som gjer det mogeleg å utvide hotellet ytterlegare ved val av minste alternativet, opplyste seksjonsleier Steinar Nesdal.

Stryn kommmune har fått saka på høyring, men enno ikkje teke stilling til val av alternativ.


Vidare utbygging av Hotel Alexandra krev betre rassikring mot Gjølmunna

Fjerning av elveforbygging

I arbeidet med kommune-delplanen blir det vurdert å fjerne nedste delen av elvefor-bygginga på sørsida i Loelva.

Formålet er å få meir ferskvatn inn på grandane. I detaljreguleringa vil det bli vurdert å fjerne eller byggje om forbygginga. Det er greit å få innspel på dette, sa Steinar Nesdal.

Arne Loen som ofte fiskar i utløpet av Loelva, oppfordra kommunen til å finne løysing som sikrar større tilgang av ferskvatn inn på området nedanfor campingplassen.


Elveforbygginga på sørsida hindrar innsig av ferskvatn på grandane.

Protesterer mot fjerning av forbygging

(Hotel Alexandra var ikkje representert på møtet 13.8, men har gitt innspel som var referert i Fjordingen 8.8.2012)

Hotel Alexandra protesterer på forslaget om å fjerne 80 meter av elveforbygginga på sørsida av Loelva.

Hotel Alexandra går sterkt imot forslaget om fjerning av forbygging i utløpet av Loelva. Det blir peika på at eit slikt inngrep kan føre til skade på tomta og bygningsmassen til Hotel Loenfjord.

I revisjon av kommunedelplanen for Loen sentrum ligg der inne forslag om å fjerne ca 80 meter av forbygginga på sørsida av Loelva. Det vert i den samanheng synt til "Vassrammedirektivet for vassområdet Stryn".

Hotel Alexandra vil protestere mot forslaget og krev det fjerna frå planen. Vi grunngir det med sikring av tomt og bygningen til Hotel Loenfjord. Nedste stykket av forbygginga skjermar mot store bølgjer. Seinast under stormfloa til Dagmar 25. desember 2011, viser skader på forbygginga på nordsida, omsyn tatt til retninga på vinden inn fjorden, skader opp til vestdelen av Hotel Loenfjord. Ved fjerning av 80 meter på sørsida ville desse skadane på nordsid av forbygginga av Loelva vore synlege opp til austdelen av Hotel Loenfjord med vatn heilt inntil bygget. Dette ville vore uakseptabelt og til stor skade for tomt og bygning, påpeikar hotelldirektør Richard Grov i merknaden til kommunedelplanen for Loen sentrum.

Store tomter i Kvitefjell

Orkanen Dagmar har etterleie seg stygge sår i Kvitfjell. I den samanheng lanserte Arild Bødal ideen om å utvide bustadfeltet oppover.

Viss grunneigaren er interessert, kan kommunen gå i dialog for å etablere tomter på t.d. to mål. Dei vil vere attraktive, sa Arild Bødal.

Turveg langs sjøen

I kommunedelplanen for Loen sentrum er det lagt inn turveg langs sjøen frå Hotel Alexandra til kaia.

Massedeponi i Loen

Leif Arne Loen har teke initiativ til etablering av deponi der husbyggjarar og andre kan levere overskotsmasse.

Dette er ei bra løysing, uttalte plansjef Steinar Nesdal på folkemøtet i Loen.

Utsett høyringsfrist

Fristen for å kome med innspel til kommundelplanen for Loen sentrum er utsett frå 15. august til 1. september.

Til dokumentstart

24. 200 på utstilling i Lovik.

Publisert i Fjordingen 22.august 2012.

Ove Sveen. (ove.sveen@fjordingen.no)


Jon Rasmus Langeset Vik (t. v) og Arne Loen i garasjen i Lovik.

Over 200 personar var laurdag innom Jon Rasmus Langeset Vik og Arne Loen si utstilling i Lovik.

Med dette ville vi fokusere på historien til Loen og Lodalen som er altfor dårleg dokumentert. Mange har fotografi og postkort som blir kasta eller går i gløymeboka. Med dei store kopiane, kjem historien i fokus. Jon Rasmus har stor historisk interesse og har gjort ein kjempejobb, seier Arne Loen. Loen er eigar av utstillingslokalet i Lovik som tidlegare var garasje for Lodalen skysslag.

Mange innom laurdag

Jon Rasmus Langeset fortel at dei fleste var innom på ettermiddagen laurdag då Skåla Opp var slutt. Mange sette seg ned og slo av ein prat med sveler og kaffi på bordet.

Kva har de lagt vekt på med utstillinga? Det er å få fram historien. Her er alt i alt omlag 40 fotografi i stort format. Det er frå postkort og bilete som eg har scanna med høg oppløysing. Fluor Lux i Stryn har printa ut og limt på plate. Det er sylskarpe detaljar, og vi er særs nøgde med resultatet. Fotografia er frå tida etter 1897, og fram til og med den andre Lodalsulukka i 1936, seier Langeset Vik.

Historisk dokumentasjon

Sjeldan har Fjordingen vore innom ei fotoutstilling som til dei grader fortel historien. Brynjulf Loen som er oppvaksen berre eit steinkast frå garasjen, besøkte laurdag utstillinga. Han er onkelen både til Arne Loen og Jon Rasmus Langeset Vik. Eit gamalt fotografi frå bryllaupet til Ingeborg Olesdotter Loøren og Rasmus Myrhaug (tidlegare Bødal) vekte stor interesse. Brynjulf var i slekt med brura og spelemannen var bestefaren til Arne. Bryllaupet stod truleg i 1922. Igeborg og Rasmus fekk seinare tre born, og alle omkom i Lodalsulukka.

Den andre Lodalsulukka var 13. september, og dekninga i Bergens Tidende og i Arbeiderbladet si landsutgåve av "Fram" vat stor og fyldig. Også desse oppslaga har fått sin plass i Lovik.

Retromøblar

Fotoutstillinga er også komplettert med stor utstilling av retromøblar. Eg har kjøpt litt her og litt der, også i idrettslagsbutikken i Stryn. Den dyraste kombinasjonen av platespelar og radio kosta meg 1.500. Her er ein Radionetta til 280 kroner, seier Arne Loen. Over møbelet heng fotografi av gamle Hotel Alexandra frå 1925 og frå kaia i Loen med eit stor engelsk turistskip.

Eg har også interesse for kunst, og kunst må ut til folket. Kanskje kan vi få til ei meir omfattande utstilling, seier Arne Loen. Dei to eldsjelene nøyer seg denne gongen med utstilling i to dagar. Skulle skuleklassar ha interesse, opnar dei gjerne dørene på nytt.


Jon Rasmus Langesel Vik (frå venstre), Brynjulf Loen og Ame Loen framfor bryllaupsmotiv.


Arne Loen framfor ein Radionette med platespelar.

Til dokumentstart

25. Kommunedelplan for Loen. Merkander

Publisert i Fjordingen 5.september 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Alle innspel blir vurderte

Stryn kommune har fått inn ei rekkje merknader til kommunedelplanen for Loen sentrum. Alle innspela blir vurderte i den vidare planprosessen, forsikrar seksjonsleier Steinar Nesdal.

Den store konflikta dreiar seg om areal til Nordfjord Kjøtt. Arne Loen som risikerer å miste to tredjedeler av eigedomen i Lovik, har fått utvida sin høyringsfrist til 10. september. Dette med bakgrunn i at kommunen imøtekom kravet om å synleggjere inngrepet ved utstikking i det aktuelle området.

Sikring mot Gjølmunna er eit anna vesentleg punkt i planforslaget. Vi ser at det minste sikringsalternativet er for lite. Dette blir no teke opp med Norges vassdrags- og energidirektorat, opplyser Steinar Nesdal.

Korleis blir den vidare prosessen etter at alle innspela er komne inn? Då kjem planen opp i formannskapet. Der blir alle merknader vurderte og handsama. Korvidt dette skjer på møtet i september eller oktober, er ikkje bestemt. Vi har mål om å få godkjent kommunedelplanen for Loen sentrum i løpet av 2012, sluttar Steinar Nesdal.


Steinar Nesdal leiar arbeidet med kommune-delplanen for Loen sentrum.

Ber kommunen ta vare på jorbruksareal i Loen

Loen Sameige ber kommunen vurdere andre alternativ før dei legg ut nytt bustadfelt aust for Hotel Alexandra.

Vi er opptekne av å ta vare på eksisterande jordbruksareal i bygda, påpeikar Loen Sameige og viser til at det i kommune-delplanen er lagt inn 6.758 kvm bustadfelt på eigedomen til Kar Ove Loen.

Loen Sameige meiner at ein no må prioritere oppstart av bustadfelt på Rake/Solvik, samt vidareutvikle feltet i Kvitefjell framfor å legge eit bustadfelt i sentrum.

I innspelet til kommuneplanen blir det synt til at Loen har lite areal til næringsformål, og at de i framtida kan bli behov for tomter til utvikling av servicefunksjoner, tenesteyting osv.

Ikkje einebustader. Dersom det prosessen likevel endar med at bustadfeltet aust for Hotel Alexandra vert lagt inn i kommuneplanen, har Loen Sameige ei klar oppfatning av bruken. Skal området nyttast til bustader må det etter vår meining brukast til tettbebyggelse i form av rekkehus/ leilegheiter som gjev betre arealutnytting enn einebustader, slår dei fast.

Svært nøgd med elveforbygginga

I kommunedelplanen ligg det inne forslag om å fjerne 80 meter av elveførebygginga på sørsida.

Loen Elveeigarlag, Loen Sameige og Loåsvegen går i felles uttale imot forslaget om å fjerne nedste delen av elveforbygginga.

I samband med bygginga av Hotel Loenfjord, vart det gjort store endringar ved utløpet av Loelva. I framlegget til kommunedelplan er det tirådd å fjerne den nedste del av førebygginga for å la ferskvatn kome inn på Grandane. Hotel Alexandra har protestert på at dette vert gjort. No får dei støtte frå Loen Elveigarlag, Loen Sameige og Loåsvegen. Dei viser m.a. til det no er lettare for oppgang av fisk på lita vassføring.

Vi er svært nøgde med omlegginga. Området er blitt pent og fungerer godt. Vi vil såleis gå sterkt imot fjerning av den føreslegne del av førebygginga. Om tilførsel av ferksvatntil Grandane er føremålet, kunne ein kanskje løyse dette med ei gjennomføring av vatn i kanal/stort rør gjennom førebygginga, heiter det i innspelet til kommunedelplanen for Loen sentrum.

Loen Elveeigarlag, Loen Sameige og Loåsvegen etterlyser oppfylgjing etter at Grandane fekk vernestatus. Vi saknar tiltak for rydding av ikkje naturleg avfall (plast, kanner, flasker osv.). Her burde vernemyndigheitene stilt midlar til opprydding, gjeme annankvart år, meiner dei.


I kommunedelplanen ligg det inne forslag om å fjerne 80 meter av elveforbygginga på sørsida.

Ønskjer ny gang- og sykkelveg

41 oppsitjarar i Kvitefjell og Loen ber om at det i kommunedelplanen vert teikna inn ein gang-og sykkelveg mellom byggefelta. Dei argumenterer med at ein slik veg vil knyte saman bustadfelta, skape tettare samhald mellom born og vaksne og eliminære foreldra si bekymring for borna som i dag går vegen om Lofossen.

Vil sikre utviding av Mattilsynet

Loen Eigedomar AS som leiger ut lokale til Mattilsynet, ber om at kommunedelplanen ikkje vert til hinder for oppføring av tilbygg.

Ved eit eventuelt vedtak om flytting av den kommunale vegen, ber vi om at han vert lagt så langt sør at den ikkje "stengjer oss inne", skriv styreleiar Anne Loen Skåre i innspelet.

Nordfjord Kjøtt treng større parkeringsplass

Nordplan har på vegne av Nordfjord Kjøtt (NK) sendt inn ønskje om planendring som vil imøtekome verksemda sitt behov for parkeringsplassar.

NK vil at 1.530 kvm av framtidig bustadareal skal regulerast til parkering, medan 1.215 kvm inngår i LNF-område.

Terrenget er bratt og ueigna til bustadtomter, heiter det i inn spelet til kommunedelplan for Loen sentrum.

NK har i dag over 300 tilsette og ved utviding av bedrifta vil de vere krav om betre parkering.

307 parkeringsplassar: NK sine planar går ut på å flytt dagens parkeringspassar ved industrianlegget til sørsida av noverande Lovikveg (føreset av vegen vert lagt om). Situasjonsplanen viser at der kan parkerast 307 bilar, 65 fleire enn det som ligg inne i planframlegget til kommunen.

Dette er sårt tiltrengte plassar då NK har planar om å utnytte dagens parkeringsareal til framtidig utviding av bedrifta, understrekar Nordplan.


Nordfjord Kjøtt vil bruke dagens parkeringsplass til framtidig utvidingsareal.

Til dokumentstart

26.Protesterer på eigedomsinngrep i Lovik

Publisert i Fjordingen 19.september 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Arne Loen har gjennom advokat Bjørn Kristian Hove sendt inn protest på framlegg til kommune-delplanen for Loen.

Planforslaget som har vore ute på høyring, inneber at Arne Loen får redusert eigedomen Trollhaugen frå 15,1 til 6,3 dekar.

Utkastet til kommunedel-plan inneber kort og godt ei likvidering av Arne Loen sin eigedom, ikkje berre for hans planar om framtidig bruk, men er også eit dødsstøt for veletablert bruk av eigedomen. For Arne Loen er forslaget ikkje mindre enn katastrofalt. Det er ikkje til å leve med og skal følgeleg heller ikkje kunne vedtakast, poengterer advokat Bjørn Kristian Hove.

Blåkopi

I protestskrivet blir det synt til at Stryn kommune i sitt forslag har imøtekome ønskje frå Nordfjord Kjøtt.

Spesielt i denne saka er at utkastet til kommunedelplan innan dette området i betydeleg grad synest å vere ein blåkopi av Nordfjord Kjøtt sitt tidlegare innsende forslag til detaljregulering, hevdar advokat Hove.


Stryn kommune har etter oppfordring frå grunneigaren sett ut stikker som viser korleis inngrepet på Trollhaugen vil bli.

Til dokumentstart

27.Loen hotel
Til sals for hyttepris

Publisert i Fjordingen 12.oktober 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Til sals for hyttepris.

Jan Egil Flo vil selje Loen Hotel for fem millionar kroner: Det er ikkje meir enn folk betalar for ei stor hytte på Bøanedsetra, seier Flo til Fjordingen. Med fullt fokus på Moods of Norway, har ikkje Jan Egil Flo tid til å engasjere seg i drift av hotellet som han kjøpte i 2006.

Eg dreiv Loen Hotel på sommarbasis fram til 2010. Dei to siste år har det vore brukt berre til enkelt-arrangement og utleige i samband med Skåla Opp, fortel Jan Egil Flo.

Du ønskjer å selje hotellet? Ja, eg sette opp eit skilt med "Til sals" for å lodde stemninga.

Har det gjeve respons? Ja, to-tre personar har meldt interesse. Av dei er det både lokale folk og personar utanfrå.

Kva med prisen? Eg vil ha fem millionar kroner. For den prisen får kjøpar eit hotell på 2.500 - 3.000 rutemeter.

Korleis er standarden? Heile romfløyen (24 rom) vart pussa opp då eg overtok i 2006/2007. Etter Dagmar sine herjingar er taket skifta. Det einaste som står att, er restauranten frå 1980-talet. Den er no så gamal at interiøret held på å bli moderne igjen. Eigedomen har også stort uteområde og til og med symjebasseng. Så det er ikkje tvil om at kjøparen får mykje for pengane.

Har du sett nokon frist for salet? Nei, og eg har enno ikkje gått ut med annonse eller kontakta meklar. Men dersom eg får rett pris, står eg klar til å selje anten nokon vil drive hotell eller ha dette som ei stor "firma-hytte", sluttar Jan Egil Flo.


Loen hotel

Til dokumentstart

28. Bygdekvinnelaget
Klare for storinnrykk I Loen

Publisert i Fjordingen 19.oktober 2012.

Eit aktivt bygdekvinnelaget i Loen og Rake førebur seg no på storinnrykk til bygdekafeen deira pa aksjonsdagen søndag.

Loen og Rake har eit aktivt bygdekvinne-lag med eit trettitala medlemmer som står bak mange allsidige aktivitetar og tiltak ti glede for heile lokalmiljøet.

Litt spesielt er det også at det er tre generasjonar i same familien blant dei aktiv i laget, nemleg Dortea, Karin og nestleiar Lene Auflem frå Tjugen. Berit Hogrennin er nyvald leiar, Sissel Loen held framleisstyr på økonomien og Kari Kvåle Faleide er sekretær. Studieleiar er Helle Goberg Solheim. Som i dei fleste andre lag og foreiningar er sjølvsagt eigne medlemsmøte ein viktig del av verksemda, og av dette ei det verd å nemne mellom anna; lokale kunstutstillingar, operabesøk, lesesirkel, besøk frå andre organisasjonar og internasjonalt humanitært arbeid.

Sidan Amnesty International har fått tildelt den årlege TV-aksjonen, er det naturleg for Loen - Rake Bygdekvinnelag å ta på seg det praktiske ansvaret for bøssebering og innsamling i sitt område. Dugnadslivet elles i grendene og engasjement i aktivitetane til andre lag er også ein vesentleg del av bygdekvinnelagets gjeremål. Men Loen - Rake Bygdekvinnelag står faktisk bak like mange arrangement som er opne for alle. For ikkje å snakke om årets største hending, i alle fall med omsyn til frammøte, klubbemiddagen.

Tradisjonen tru inviterer bygdekvinne-laget inn til middag og kake i år og, og det blir kafe i bygdehuset søndag. Sidan dette har vorte eit populært arrangement for gjester frå heile indre Nordfjord, er det også staden for å treffe mange frå andre bygder og prate med kjentfolk. Dette er bygdekultur på sitt beste, skriv sekretær Kari Kvåle Faleide for Loen- Rake Bygde-kvinnelag.


Annonse klubbemiddag

Til dokumentstart

29. Kommuneplan Lovik
Eit siste forsøk på frivillig løysing

Publisert i Fjordingen 5.november 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Stryn formannskap utsette reguleringssaka i Lovik i eit siste forsøk på å få til løysing som både grunneigar Arne Loen og Nordfjord Kjøtt kan godta.

Konfliktsaka dreiar seg om kor mykje areal Arne Loen skal måtte avstå til ny Lovikveg. Bakgrunnen for omlegginga av den kommunale vegen frå fv 60 til bustadfeltet, er i hovudsak Nordfjord Kjøtt sitt behov for meir areal til fryseri og ferdigmatproduksjon. I framlegget til kommunedelplan vil Arne Loen misse to tredjedeler av den 16,6 dekar store eigedomen. Reguleringa legg også opp til at det skal etablerast stor parkeringsplass mellom Trollhaugen og bustadfeltet i Lovik.

Eg ønskjer ikkje å stoppe NK sine utvidingsplanar. Men det må gå an å finne løysing utan at heile eigedomen min vert rasert, uttalte Arne Loen under synfaringa med formannskapet.

Har råd til parkeringshus

Løysinga som eigaren av Trollhaugen kan akseptere, er at den nye Lovikvegen vert lagt lenger frå hyttene og at NK finn alternativ parkeringsplass.

Så godt som verksemda går, bør dei ha økonomi til å byggje parkeringshus i to eller tre etasjar, uttalte Arne Loen. Arkitekt Tore Geir Aaland, som representerte Arne Loen under synfaringa, sa seg lei for at det ikkje hadde lukkast å få til frivillig avtale.

Planframlegget slik det ligg føre, er rått. Ved å ta heile platået framfor Trollhaugen, raserer ein eigedomen, slo Aaland fast.

6-8 dekar mindre til NK

Kva blir konsekvensen av å leggje vegen lenger frå hyttene, spurde ordførar Sven Flo (H).

Då vert det mindre areal til NK, svara rådmann Per Kristian Storevik. I fylgje plansjef Steinar Nesdal vil den skisserte justeringa som Arne Loen kan godta, føre til at NK misser 6-8 dekar.

Korleis stiller NK seg til at vegen vert flytta lenger frå hyttene, ville Aud Løvlid (H) vite.

Det betyr at vi må endre på planlagt løysing, opplyste Ottar Vinsrygg utan å gå nærare inn på kva konsekvensar det vil få.

Nyttig synfaring

Jofrid Rye Hestenes (Sp) karakteriserte synfaringa som nyttig.

Det er viktig å ivareta næringslivet. På same tid må vi arbeide for gode løysingar for dei som bur i området. Eg meiner vi skal vurdere det siste innspelet frå Arne Loen, meinte Jofrid Rye Hestenes og stilte kritisk spørsmå. ved det nye parkeringsarealet mellom Trollhaugen og bustadane i Lovik.

NK eig dette området. Dei meiner at tomta kan brukast til parkering og ikkje industri, opplyste plansjef Nesdal. Som la til: Parkeringshus burde kanskje vore vurdert.

Nei til makebyte

Under debatten i formannskapet kom det fram at det var gjort forsøk på makebyte, der Arne Loen fekk tilbod om den 17,8 dekar store NK-tomta pluss millionerstatning i byte med Trollhaugen. Desse forhandlingane stranda.

Stryn kommune har ikkje vore inne i denne diskusjonen, poengterte rådmann Per Kristian Storevik.

Eg har hatt inntrykk av at saka var veldig fastlåst. Under synfaringa kom det fram at Arne Loen var på veg til å bevege seg litt. Det er viktig med næringsareal, men spørsmålet er om ein treng å ha vegen så nær hyttene på Trollhaugen utan at det øydelegg for NK. Det bør vi få avklara, meinte Aud Løvlid (H).

Ja, spørsmålet er kor mykje som må justerast for at vi skal få Arne Loen med på ein deal, samtykte Kolbjørn Roset (Ap).

Ikkje optimistisk

Kathrina Flo (Sp): Veglina bør endrast. Ein kan kanske også vurdere parkeringshus.

Sven Flo (H): Eg er ikkje optimistisk for at flytting av vegen skal føre til semje. Når det gjeld parkeringsplassen, blir det strid uansett.

Per Kjøllesdal (Sp): Eg slit med å leggje begrensinger på NK sitt areal. Elles er eg samd i at vi kan gje oss tid for å få avklara kva justeringa av veglina medfører når det gjeld avstand til hyttene. Men det er ikkje grunnlag for store endringar i planen.

Utsett til 14. novemeber

Rådmann Per Kristian Storevik sa seg samd i at saka krev ein del avklaringar. Til formannskapsmøtet 14. november vil ein vite korleis NK og Arne Loen stiller seg til eventuelle endringar i planforslaget

Det dummaste av alt er å lage ny vegline som ingen av partane er fornøgd med. Då har vi ikkje oppnådd noko som helst, konluderte rådmannen.

Vi må for all del unngå at begge partar blir misfornøgde. På møtet 14. november må dei anten ha kome fram til semje, eller så vedtek vi planen slik han ligg føre, avslutta ordførar Sverre Flo.


Arne Loen (i midten) orienterte formannskapet om konsekvensane av planforslaget som går ut på å leggje den nye veglina 18 meter frå hyttene, samt bygge stor parkeringsplass mellom Trollhaugen og bustadfeltet i Lovik

Til dokumentstart

30. Sikringsvoll Gjølmunna
Vil ha sikringsvoll til 11,6 millionr kroner

Publisert i Fjordingen 9.november 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Til formannskapsmøtet 14. november vil det liggje føre tilråding om å velje det billegaste alternativet for sikring mot Gjølmunna i Loen. NVE dekkjer 9,3 millionar av den totale kostnaden på 11,6 millionar kroner.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd to alternativ for oppgradering av eksisterande voll langs Gjøl-munna i Loen.

Alternativ 1 som er kostnadsrekna til 22.740.000 kroner, vil verne område for eksisterande hus og område for hotelldrift for høvesvis eit sannsyn for skred på 1/1000 og 1/5000 år. Dette alternativet legg til rette for ny bygging i området.

Alternativ 2, kostnadsrekna til 11.650.000 kroner, vil verne det meste av området for eksisterande hus for eit sannsyn for skred på 1/333 år. Det er 8 hus som får ein lågare tryggleik enn dette, kanskje for ein 200-300års hending. Hovudmålet for alternativet er å verne eksisterande bygningar. Området for hotelldrift vil berre delvis bli vern, mot ein 5000 års hending etter alternativ 2.

NVE dekkjer 9,3 millionar

NVE vil dekkje 80 prosent av kostnaden med den minste sikringsvollen, dvs. 9,3 millionar kroner. Ved val av dette alternativet vert distriktsandelen (20 prosent) på 2,3 millionar. Dersom kommunen går for alternativ 1, vil distriktsandelen utgjere 13,4 millionar kroner.

Til formannskapsmøtet 14. november vert det lagt fram tilråding om å vlje det billegaste alternativet til 11.650.000 kroner, opplyser plansjef Steinar Nesdal til Fjordingen.

Innstillinga frå rådmannen er i samsvar med konklusjonen etter møtet som vart halde mellom representantar frå Stryn kom-mune, NVE, NGI og Hotel Alexandra.

Alexandra frå utvide

Konsekvensen av velje billegaste løsinga, er at dei 8 husa ikkje får tilfredsstillande tryggleik ved bygging av sjølve vollen. Men det vil la seg løyse ved tiltak på husa. Stryn kommune skal skaffe seg oversikt på kva tiltak som krevst og kostnad med dette, slik at dei kan søkje NVE om støtte til dette.

For påtenkt vidare utbygging i hotellområdet, vil dette mest truleg la seg gjere ved å ta omsyn til ekstra påkjenning ved prosjektering av bygningen.

Søknad om rehabilitering og/ eller utviding av bustadhusa i området vert å handsame som byggesak innanfor gjeldande reglar.


NVE vil dekkje80 prosent av kostnadene med oppgradering av eksisterande sikringsvoll langs Gjølmunna i Loen

Til dokumentstart

31. Like fastlåst i Lovik

Publisert i Fjordingen 14.november 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Rådmannen sitt drøftingsmøte med Arne Loen/arkitekt Tore Geir Aaland og Nordfjord Kjøtt førte ikkje til semje om arealbruken i Lovik. Det betyr at det til dagens formannskapsmøte ikkje ligg føre ny tilråding i saka.

Formannskapet utsette handsaminga av kommunedelplanen for Loen sentrum i eit siste forsøk på å finne ei løysing som både grunneigar Arne Loen og Nordfjord Kjøtt kan godta. Men utifrå rådmannen sine nye opplysningar virkar situasjonen like fastlåst.

Arne Loen som etter gjeldande planforslag må avstå to tredjedeler av den 16,6 dekar store eigedomen Trollhaugen, har skissert ei løysing med justert veglinje. Men han står fast på a parkeringsplassen mellom hyttene og byggefeltet må takast ut av planen. Arne Loen meiner Nordfjord Kjøtt sitt behov for parkeringsareal kan reduserast ved bygging av parkeringshus i fleire plan på nordsida av planlagt veg.

Rådmannen oppfattar at fjerning av parkeringsplassen bak Trollhaugen er eit vilkår for semje, skriv Per Kristian Store-vik i saksutgreiinga til formann- skapet.

Vil ikkje avstå parkeringsareal

Nordfjord Kjøtt er ikkje avvisande til ei justering av veglina, men viser til at dei treng både parkeringsarealet som er avsett og areal regulert til industriføremål. Det er i følgje NK nødvendig for å gjennomføre ønska utvikling av verksemda både på kort og lang sikt.

På dette grunnlag blir saka lagt fram for ny behandling. Nærare orientering om drøftingane blir gjeve på formannskapsmøtet, opplyser rådmannen.


Arne Loen er villeg til å justere veglina, men godtek ikkje parkeringsplassen mellom Trollhaugen og bustadfeltet i Lovik. Frå venstre: Tore Geir Aaland, Steinar Nesdal, Ottar Vinsrygg, Arne Loen og Sven Flo

Til dokumentstart

32. Nordfjord kjøtt-Lovik
Nordfjord Kjøtt får utvidingsareal i Lovik

Publisert i Fjordingen 16.november 2012.

Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)

Stryn formannskap tilrådde samrøystes framlegget til kommunedelplan for Loen sentrum. Det inneber ny Lovikveg og tilrettelegging for utviding av Nordfjord Kjøtt. Kommunestyret fattar endeleg vedtak på møtet 19. desember.

Kommunen har vore i forhandlingar med Nordfjord Kjøtt og grunneigar Arne Loen i forsøk på å finne løysing som begge partar kan godta.

Det er ikkje kome fram til semje og administrasjonen held fast på tilrådinga, opplyste rådmann Per Kristian Storevik.

På formannskapsmøtet vart det lagt fram skisse, der Nordplan synleggjer omlegging av Lovikvegen og Nordfjord Kjøtt sineplanar for utviding av produksjonsanlegg og fryseri. Dette medfører flytting av noverande parkeringsplass til eit areal mellom Arne Loen sin eigedom Trollhaugen og bustadfeltet i Lovik.

Parkering stridstema

Det er etablering av ny parkeringsplass bak Trollhaugen som ligg Arne Loen tyngst for hjartet, opplyste Storevik.

Jofrid Rye Hestenes (Sp) stilte spørsmål om det finst alternativ parkering, t.d. parkeringshus.

Det meste er muleg, men det er ikkje det vi skal ta stilling til. Nordfjord Kjøtt eig parkeringsarealet. Verksemda vil i følgje eigne tal bruke 20 millionar kroner på vegomlegging i Lovik, svara rådmannen.

Godt belyst

Denne saka er godt belyst i formannskapet. Vi har fått synleggjort konsekvensane av framlegget til kommunedelplan og er klare til å ta endeleg avgjerd, konkluderte ordførar Sven Flo (H).

I denne saka finst det to alternativ: NK sitt ønskje og ønskjer til Arne Loen. Er det ikkje aktuel med justeringar dei imellom, spurde Per Kjøllesdal (Sp).

Arne Loen meiner at vegen heng saman med parkering. Om veglina vert endra utan å gjere noko med parkeringa, er vi like langt, hevda rådmann Storevik.

Reguleringsplan i neste omgang

Jon Olav Kvamme (KrF) stilte spørsmål om mulegheita for å skjerme parkeringplassen mot Trollhaugen.

Området må regulerast.Då vil t.d. beplanting bli ein del av saka, opplyste Storevik og synte til at detaljane vil kome fram når reguleringsplanen vert fremja som eiga sak.

Eg ser at partane ikkje er nærare kvarandre. Vi må kome vidare med saka. Eg støttar tilrådinga frå administrasjonen, sa Kolbjørn Roset (Ap).

Debatten enda med at samtlege formannskapsmedlemmer stilte seg bak framlegget frå rådmannen.


Nordplan sin fotomontasje viser i grove trekk korleis det vil sjå ut dersom Nordfjord Kjøtt får realisert sine planar i Lovik. Striden gjeld veglina, men først og fremst plassering av det nye parkeringsarealet (1) bak Trollhaugen (2). l

32. Nordfjord kjøtt får utvidingsareal i Lovik (forts)
Regulerer vekk 2/3 av Trollhaugen

Framlegget til kommune-delplan medfører at Arne Loen misser 2/3 av 16,6 dekar store Trollhaugen.

Eit knapt døgn før saka skulle opp til slutthandsaming i formannskapet, sende Arne Loen sin advokat Bjørn Kristian Hove e-post med skisse som viser parkeringsanlegg i tre etasjar nord om ny vegtrase i Lovik.

Denne planløysinga ivaretek Nordfjord Kjøtt sitt behov for bil-oppstillingsplassar og vil dertil vise ei viss anstendigheit overfor Arne Loen sin eigedom, hevda advokat Hove.

I e-posten står det vidare: "Det foreslåtte fremstår så vel teknisk som økonomisk å være en relevant/adekvat tilnærming til ivaretakelse av NKs anførte arealbehov. At løsningen kan være mer kostbar enn NKs "førstevalg" er så vel ekspropriasjonsrettslig som planfaglig av ringe betydning. Det verken er eller skal være slik at besparelser på NKs hånd kan legitimere økonomisk og trivselsmessig utradering av Arne Loens eiendom. Andres eiendommer skal ikke kunne nyttes som spareposter i eget regneskap".

Til beste for NK og Loen

Advokat Tore Geir Aaland har utarbeidd skissa der parkeringsplassen for 307 bilar mellom Trollhaugen og bustadfeltet er flytta nord om ny vegtrase, og erstatta med parkeringsanlegg i tre etasjar. Denne løysinga vil gje plass til 312 bilar, og synleggjer ein reserve mot vegen med plass for ca 150 bilar.

Arkitekt Aaland peikar på konsekvensen ved å leggje ein stor parkeringsplass mellom Trollhaugen og bustadfeltet i Lovik. For parkeringsløysinga som er skissert som overflateparkering i planframlegget, går det med ca 7,5 dekar inn mot eksisterande bustadområde med 307 bilar inn og ut to gonger per dag. Dette er dårleg og lite berekraftig arealbruk midt i turistbygda Loen. Ved å flytte desse plassane nord om planlagt veg i eit parkeringsanlegg delvis nedgravd, vil ikkje bilane dominere landskapsbildet i det heile teke. Forbrukt areal vil bli 1/3 av opphavleg areal og løysinga vert ikkje til sjenanse for bebuarar og omgivelsane i det heile teke. Etter mitt syn vil dei føreslegne endringstiltaka bli til beste for NK og Loen, konkluderer Tore Geir Aaland.

Arne Loen som fylgde handsaminga i formannskapet, uttrykkjer via advokat Bjørn Kristian Hove misnøye med at den skisserte løysinga til arkitekt Aaland ikkje vart drøfta i formannskapet, medan NK-innspelet vart "behørig presentert og behandlet".

Til dokumentstart

33.Omlegging rundt Loen-bukta

Fjordingen for 55 år sidan (1957) Publisert i Fjordingen 23.november 2012.

Tre lag har vore i arbeid med omlegging av vegen rundt Loen-bukta. Vi har snakka med overingeniør Sørum om kva tid denne vegen kan vere ferdig, og han trur at arbeidet skal vere ferdig ein gong på ettersommaren 1958. Målet var til sommarsesongen, men det er for lite pengar.

Til dokumentstart

34. Kunstisbana opna i Loen

Publisert i Fjordingen 3.desember 2012.

Ove Sveen. (ove.sveen@fjordingen.no)

Den første kunstisbana i fylket vart opna med pomp og prakt i Loen laurdag.

Allereie tidleg på dagen var dei første unge skøyteentusiastene på plass på den 13 gonger 26 meter store bana. Etterkvart som dagen gjekk, strøymde folk på og stemninga var til å ta og kjenne på. Dette trass i at det var bitande kaldt.

Lostrupane i sving

Hotel Alexandra og Loen Aktiv har lukkast med eit tiltak som kombinerer julemarknad og god mat med aktivitet. Lyssetjinga var prangande. Hotellgjester og innfjordingar fann vegen til isflata mellom Hotel Loenfjord og Hotel Alexandra. Lostrupane song, og Cecilie Aalberg framførte trompetsolo med koret. Julestemninga var der absolutt, og slik vil det vere med open tilgang på laurdagar og søndagar fram til og med den 16. desember. Etter dette vert opningstidene vurdert på nytt.

Trivselstiltak

Mellom dei som storkosa seg laurdag var også Erik Brendefu og hotelldirektør Richard Grov. Førstnemnde tok også skøytene på tidleg på dagen. Ute var det salsbod, og innandørs var det utleige av skøyter og hjelmar. Masse fine bruksting, bakevarer og juledekorasjoner freista mange innandørs saman med varm mat levert frå hotellet. Tove Sunde og Lisbeth Mykløen hadde gode medhjelparar i presentasjon av bruksting og dekorasjonar. Her var også ei flott ustilling av smijernsarbeid av 94 år gamle Asmund Myklebust.

Vi vil at anlegget skal vere eit trivselstiltak både for gjester og folk i lokalmiljøet, seier hotelldirektør Richard Grov. Isanlegget i Loen har ein kostnad på over 600.000 kroner.


Laura Liptakova storkosa seg på skøyteisen. (Foto: Anne-Mari Aalberg)

Til dokumentstart

35. Trollhaugen - Varslar rettsleg ettespel

Publisert i Fjordingen 17.desember 2012.

Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Arne Loen har via advokat gjort det klart at han vil gå rettens veg dersom Stryn kommunestyre stadfester vedtaket som tek to tredjedeler av eigedomen Trollhaugen i Lovik.

Stryn kommunestyre skal onsdag vedta kommunedelplan for Loen sentrum. Stridsemnet er inngrepet i Arne Loen sin 16,6 dekar store eigedom. Formannskapet gav 14. november samrøystes tilråding som inneber at det vert teke to tredjedeler av Trollhaugen til omlegging av Lovikvegen, slik at Nordfjord Kjøtt AS får bruke noverande parkeringsplass til utviding av produksjonen.

Arne Loen har skissert ei løysing med justert veglinje som ikkje gjer så stort inngrep på Trollhaugen, og der Nordfjord Kjøtt sitt parkeringsbehov vert løyst utan å etablere ny parkeringsplass mellom hyttene og bustadfeltet i Lovik.

Nordfjord Kjøtt avviser ikkje justering av veglinja, men står fast på at dei treng både parkeringsarealet som er avsett og areal regulert til industriføremål. Det vil ifølgje verksemda vere nødvendig for å kunne utvikle seg på kort og lengre sikt.

Imøtegår Nordfjord Kjøtt

Same dag som formannskapet handsama saka (14. november) sende NK-direktør Geir Egil Roksvåg eit brev som vart utdelt på møtet. Arne Loen sin advokat, Bjørn Kristian Hove, meiner fire av dei åtte punkta reflekterer feil faktum.

Roksvåg hevda at NK er eigar av det aktuelle arealet. Det er ikkje rett. Som tidlegare påvist vil aktuell planløysing rasere Arne Loen sin eigedom. Om det herskar ingen tvil, poengterer advokat Hove.

Større verdi enn 8 millionar

Roksvåg gav fylgjande framstilling på innløysing av Trollhaugen og makebyte der Arne Loen ville få eitt mål meir ved å overta parkeringsarealet inn mot bustadfeltet. "Vi har prøvd å komme til einigheit med den grunneigaren som protesterer på vår skissserte plan for nytting av arealet. Dette har vi mellom anna gjort ved å tilby oss å kjøpe tomtearealet frå han ved å tilby 8 million kroner. Noko vi meiner var ein god pris. Dette tilbodet er avvist og såleis ikkje lenger aktuelt. Vi har også tilbode eit makeskifte der det vart tilført ca eitt mål meir enn det som skulle bytast". heiter det i skrivet som formannskapsmedlemmene fekk utdelt på møtet. Advokat Hove ser saka frå ei anna side.

For min part har eigedomen ubeskåren større verdi enn 8 millionar kroner. Det er imidlertid ikkje korrekt at tilbodet frå Nordfjord Kjøtt AS, stort kr 8 million, er avvist av min part. Semje vart på den andre sida ikkje etablert der og då tilbodet muntleg vart framsett, idet Arne Loen framheldt at ei totalinnløysing først måtte drøftast med hans søstre som eig naboeigedomen. Noko det frå Nordfjord Kjøtt si side vart uttrykt forståing for i kombinasjon med at selskapet engasjerte arkitektkompetanse for utarbeiding av teikningar/synleggjering mot sistnemnde sin eigedom. Slik løysing, altså ei totalinnløysing tilbode av Nordfjord Kjøtt for 8 mill, vart av Arne Loen førelagt hans søstre som 20. oktober meddelte at slik totalinnløysing kunne aksepterast. Dette vart herfrå 21. oktober 2012 vidareformidla til Nordfjord Kjøtt, opplyser advokat Bjørn Kristian Hove, som konkluderer med at tilbodet ikkje er avvist.

Vedtak på feil grunnlag

Formannskapet sitt vedtak byggjer såleis på feil faktum, påpeikar Hove.I brevet stila til Stryn kommunstyre vert også forsøket på måkebyte kommentert.

Det er ikkje korrekt at det vart framsett tilbod om relevant makebyte. Bygningsmassen på Trollhaugen er aldri tilboden erstatta i tilknytning til makebyteforslaget, hevdar advokaten, som i parantes bemerkar at makebytetilbodet indikerer at Nordfjord Kjøtt ikkje har kvalifisert behov for det store arealet som no er føreslege lagt ut til parkeringsføremål.

Eigedomsrett

Geir Egil Roksvåg viser til at Nordfjord Kjøtt er ei verksemd i stadig utvikling, og finn det uforståeleg at ein anna tomteeigar som ikkje har alternativ bruk av arealet, protesterer.Dette vert imøtegått av advokat Hove, som viser til at Arne Loen sine planar om å utvikle Trollhaugen til ein kulturell samlingsstad.

Det er ikkje gitt faktum at Nordfjord Kjøtt har krav på optimale løysingar når det medfører utradering av andre sin eigedom. I eit samfunn som vårt er det grunn-leggande utgangspunkt at andre sin eigedom rettsmessig utgjer "hindringar", skriv advokat Hove, som minner om at grunneigedomsretten til og med vert rekna mellom Europa sine vedtekne menneskerettar.

I eit siste punkt kommenterer advokaten Roksvåg si opplysing om at Nordfjord Kjøtt vil bruke 20 millionar kroner på omlegging av Lovikvegen.

Innhaldsmessig framstår det slik at kommunen/planstyresmaktene vert tilbydd betydelege midlar/innsparingar, gitt eit planvedtak som Nordfjord Kjøtt ønskjer. Det er eit aspekt som framstår planfagleg irrelevant og som dertil vil kunne vere eigna til å rokke ved eit eit slikt eventuelt vedtak si gyldigheit. At private slik skal kunne "kjøpe" seg til planløysignar, disponerande andre sin eigedom, rokkar ved grunnleggande demokratiske kvalitetar, understrekar advokat Bjørn Kristian Hove,


Arne Loen misser to tredjedeler av 16,6 dekar store Trollhaugen dersom reguleringsforslaget vert vedteke på kommunestyremøtet 19. desember.

Til dokumentstart

36. Kommunedelplan vedteken
Sammrøystes utan debatt

Publisert i Fjordingen 21.desember 2012.

Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Stryn kommunestyre vedtok samrøystes kommunedelplanen for Loen sentrum. Det skjedde utan at konfliktsaka i Lovik vart debattert.

Dette har vore ei tidkrevjande sak. Men det var heilt nødvendig å køyre ein så grundig prosess. Eg føler at vi har fått belyst alle sider, sa ordførar Sven Flo (H) før han gav ordet fritt.

Ettersom ingen følte behov for å kommentere framlegget til kommunedelplan for Loen sentrum, blei saka raskt klubba.

Vedtaket betyr at Lovikvegen kan leggjast om, slik at Nordfjord Kjøtt AS får bruke noverande parkeringsplass til utviding av produksjonsanlegget.

Omlegginga av vegen medfører at Arne Loen må gje frå seg to tredjedeler av den 16,6 dekar store eigedomen Trollhaugen.

I forkant av møtet gav Loen via sin advokat melding om at vedtaket vil få rettsleg etterspel.


Skisa til Nordplan viser omlegginga av Lovikvegen, utviding av Nordfjord Kjøtt sitt produksjonsanlegg og ny parkeringsplass mellom Tollhaugen og bustadfeltet i Lovik.

Til dokumentstart

36. Min barndoms jul

Publisert i Fjordingen 24.desember 2012.

Av utflytta Loar, Jon Knut Drageset.

I Loen tende bygdefolket den staselege julegrana i adventstida. Ho hadde vakse seg stor rett inntil veggen til Truls-stova. Frå 'Sjønå' var ho strålande å sjå opp til - med alle lysa tende!

Ei jul var denne grana mørk-lagd. Nokon hadde fått ein ny (lys?) idé: Dei hadde teke med seg ei nyhogd gran som vart fest til muren ved kyrkja. Men dette vart ikkje heilt det same tykte eg. Det er litt rart med tradisjonar. Brått lyt ein berre venje seg til omskifte.

Få år tilbake såg eg berre stubben til den gamle julegrana. Ho hadde vel vakse seg for stor der attmed vegen. Søskena hennar langs etter Truls-svingen var og borte. Opp i Sjure fekk dei i alle fall betre utsikt no.

Han Sjur-Ola og ho Aslaug har vore lenge borte. Desse folka var gode ideal for oss som vaks opp den gongen. Ola med sine kloke replikkar, og Aslaug med sin arbeidsiver i hus og på åker. Her var det gildt å kome både med loddbøker og som fantefølgje i juletida.

Vi gjekk julebukk i Lo-tunet, og var velkomne hos alle. Han Lunda-Oskar prøvde å lure oss med historier om kobbane i Skåla-vatnet, medan han. Erke-Leif gjerne viste oss tre-sleivene han hadde spikka. Magne-Bård var alltid i god lune. Sameleis med han Mons-Anders. Johannes Framigard og kona levde på gamalt vis med trebriskar, medan Truls-Anders tok litt ekstra skråtobakk.

Ei slag julegeit lagde vi og. Hovudet sette vi på stake, og folk kunne leggje frukt o.l. inn i munnen hennar. Dette var lenge før Halloween kom til bygda.

I Teina nedanfor kyrkja rende vi kjelke. Vi suste forbi Erke, Tindebudsteinen og Markus. Småungane på vanlege kjelkar - ofte med styrestong etter. Dei store gutane hadde kjelkar med ratt og brems.

To gutar frå Lotunet kom ei dag nedover i susande fart. Eg stod visst litt i vegen for dei. Dei klarte ikkje bremse fort nok, og eg rakk ikkje kome meg unna. Dermed kom eine leggen min under ein sylskarp kjelke-meid. Beinet knakk, og eg måtte dragast heim på den vesle kjelken min. Gips og seng i fleire veker. Men leggen vart sterk att med tida. Hugsar eg hadde god trøyst i ein liten speledåse med sveiv.

No er det musikk på øyret som er inn. Trykkjer berre på knappar og har valet mellom fleire 100 låtar. Onkel Kristian på Tjugen trykte og på knappar (trekkspel), men dei kom det levande lyd utfrå. Kvar jul fekk vi kome i julegjestebud på garden. Ikkje berre var det god, heimelaga mat å få, men og levande underhaldning. Vart det ikkje meir trekk-spel, sette Kristian seg ved trø-orgelet og spelte opp. Med levande tonar gjekk vi rundt treet i bestestova og song dei kjære julesongane. Ein gong fekk eg vise lysbilde og, men ei husfluge hadde gått seg vill i lysbildeapparatet. Ho kom brått på lerret (kvitt laken) og lagde mykje 'forvirring'. Kva skulle ein med TV? Meir moro utan -den gongen i alle fall!

Hotellet var stengt i jula, men butikken til onkel Walde hadde 'pynta' seg til jul. Vareutvalet i vindauga baud på mykje nytt. Kanskje gode gåve-idear til dei nærmaste?

Eg hadde nett fått meg nytt kamera - endå til med lysmål-ar! Det gamle, enkle fotografiapparatet hadde gjeve meir-smak på denne 'kunsten'.

Etter eit besøk hos han Tambur-Bendikt fekk eg sjå at ein kunne kopiere bilde frå film sjølv. Snart lærte eg meg å framkalle både film og foto. I potetkjellaren heime var det mørkt nok.

Ein dag fekk eg følgjande idé: Eg ville gå rundt på gardane i Loen og ta bilde, deretter lage julekort for kvart av bruka. Nokre filmar har eg no funne att.

Onkel 'Walde' var med på 'leiken'. Eg kopierte mange ulike gards-og bygdebilde og la dei ut for tinging på gamlebutikken hans. Det kom fleire tingingar, og eg fekk 'produsert' bilda i kort-storleik i rett tid til jul. Dermed hadde eg litt å kjøpe julepresangar for - eg og. I sommarsesongen var det mange som kom til bygda for å tene på hotellet. Utanlandsk arbeidskraft og. Då gjorde eg meir 'forretning' med kameraet mitt. Tok bilde frå kvar avdeling av hotell-jenter og gutar. Eg fekk selt mykje kvar sommar. (No som pensjonist skal eg gå igjennom filmane att. Trur det kan dukke opp noko interessant...)

Mor hadde rasjoneringskorta godt gøymde i spiskammerset. Det ein skulle handle, måtte vere godt planlagt. Måtte spare litt fram til jul. Det skulle vere råd å få bakt seg nokre kaker. Om det vart sju sortar kvar jul, hugsar eg ikkje, men ein smak av fest og høgtid fekk ein råd til.Eg hugsar godt at vi mol opp mandlar, blanda dei med melis og lagde marsipangrisar til jul.

Vi ungane såg fram til ei appelsin kvar, og kanskje ei 1/4 brusflaske og om det var pengar att på sparegrisen.

Hasselnøtter hadde vi oftast hausta utpå ettersommaren. Vi plukka dei på Helsetneset og på Raudi lenger inne i Lo-dalen. Til jul var det gildt å hente fram 'nisse'-knekkjaren. Dei sjølvplukka nøttene smakte betre enn dagens. Elles hugsar eg at knekkebrøda smakte betre før enn no.

I Kvikk-klubben hadde vi produsert ferdig julenummeret. Det gav oss påfyll i ei slank klubb-kasse. Smørbukk, Vangsgutane, 'Knoll og Tott' forutan'Tuss og Troll' var julegåveynskja våre. Dei blada vi ikkje fekk, kunne vi låne av kvarandre.

Det likaste i jula før var festen for oss borna i gamle ungdomshuset Heimtun. Foreldre og besteforeldre kom og på juletrefestane. Dei sterkast minna eg har frå om lag 60 år at-tende, er om dei eldste i bygda: Kvinner i mørke klede og gjerne med skaut på hovudet. Eldre menn med tåreri augnekroken når vi barna gjekk rundt treet. Desse hadde nok opplevd tyngre tider med verdskrigar og Lodalsulukker. No skjønar eg meir kor heldige vi var som fekk vekse opp i trygge omgjevnader med bygdefolk og slektningar som stødige førebilete. Folk som brydde seg om. Folk som ikkje berre tenkte på sitt.

Ha ei velsigna,god jul der heime!

Utflytt loar, Jon Knut Drageset


Vinter i Loen på Femtitalet.