Litteratur.
Avisutklipp 2000-2009

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2000-2009

0. Dokument-start
1.Kronår i frukthagen.
2. Eugene Rodi i Norge
3. Ny leiar i bygdeboknemnda.
4. Slektsgranskarar i Kjølsdalen
5 Sigurd Nesdal til minne
6. Bilde frå Oppheim
8. Roy Andre Loken, memory
9. I fotefara til Siam-kongen.
10.Nytt frå Loen 12.10.2007
11.Arbeid i nasjonalparken
12.Fleire kjempeskred. 2007
13.Sikrar laks og sjøaure
14.Om sterke folk
15.Veglys i Loen
16.Ny hotellfasade til påske.
17.Sjinglebrua snart på plass.
18.Storsatsing i Lodalen.
19.Bygdebokarbeidet i stampe
20.Barndomsår i Loen
21.L/D Auto oppløyst.
22.Skaper nytt liv i Lodalen
23.Felte gaupe på 20 kilo
24. Helikopterplass, Tyvaneset
25. Historie frå romertiden

Diverse artiklar i Fjordingen og andre stader 2000-2009

1. Kronår i frukthagen. Fjordingen 13.10.00

Av Harald Vartdal.


Karl Ove haustar_frukt.

Karl-Ove Loen og andre fruktdyrkarar i indre Nordfjorg kan gle seg over kronår i eplehagane. Godveret i haust gjorde underverk. Eg reknar med å hauste 10 tonn meir enn i eit normalår opplyser Loen.

Den store mengda av førsteklasses frukt fører til topp sesong ved mottaksanlegget i Innvik. I periodar må dei køyre to skift for å få pakka alt som skal ut i butikkane

Fruktdyrkarane i indre Nordfjord opplever kron år. - Eg reknar med å kome opp i ca.50 tonn. Det er 20 prosent over eit gjennomsnittsår opplyser Karl-Ove Loen til Fjordingen.

Den fine hausten gjorde underverk på frukta. I sommar såg det dårleg ut. Men veksten skaut fart i august og september, forktel Karl-Ove Loen.

Frukthagen framfor Hotell Alexandra består av ca 3000 tre, spreidde over 32 dekar. Innhaustinga starta i byrjinga av september. Summerred og discovery var først, deretter kom gravenstein og no er det sesong for aroma

Veret gjorde ikkje berre underverk på storleiken. Solrike haustdagar framkalla den søte og gode smaken. Frå bugnande tre er det plukka store mengder frukt av førsteklasses kvalitet.

Frukthagane har gjennomgått store endringar. Dei høge og omfangsrike apalane er for lengst skifta ut med låge tre der ein stort sett kan plukke frå bakken. Noko som naturlegvis lettar arbeidet. Likevel blir det travle dagar i sesongen. Dei fire siste vekene har vi plukka kvar dag unntatt søndagane, fortel Karl-Ove Loen.

Men no går det mot sesongslutt. Aroma er den siste sorten. Eg reknar med at avlinga blir på ca 50 tonn. Det er 10 tonn over eit gjennomsnittsår, sluttar ein travelt oppteken Karl-Ove Loen.


Karl Ove Loen får hjelp av søstera Gro Anita Loen Sve til å hauste eple.


Olga Loen viser fram aromaeple av førsteklasses kvalitet.

Til dokumentstart

2 Eugene Rodi i Norge (Fjordingen 31.5.2002)

Fann slektsgarden (Raudi) mellom steinblokker

2.1. Slektsgarden og bestefaren

Eugene Rodi (Raudi på norsk) fann attende til slektsrøtene under sitt korte opphald i Stryn. Med tremenningen Kari Vik som guide, fekk han sjå del store steinblokkene som utraderte garden Raudi i 1885. Berre sju år seinare emigrerte bestefaren, Ole Simensen Raudi.

Ole Simensen Raudi vart fødd i 1875, og han var den eine av ni syskjen som emigrerte. Ole kom til Camplake Township i Benson i 1892 der han seinare vart gift med Oline Vanberg frå Olden. Raudislekta er stor i midt-vesten. Kari Vik og broren Odd Raudi har ikkje mindre enn 52 søskenbarn i Amerika. Kor mange tremenningar, har dei ikkje talet på. Etter det Eugene fortel, var det heile 11 personar som utvandra frå garden Raudi.

2.2. Sør-Norge rundt

Eugene og kona Sharon Rodi kom til Oslo 20. mai der dei leigde bil for rundreise i Sør-Norge. Sharon si slekt på farssida med etternamnet Lia, er for det meste å finne i Hvittingfoss i Kongsberg kommune, og på morsida hadde ho slekt å vitje i Flåm. Tysdag gjekk turen til Ålesund. Derifrå reiste ekteparet til Bergen og i dag går ferda heim til Minneapolis.

Vi har hatt eit kort, men fantastisk opphald i Norge, seier den 59 år gamle dataingeniøren. At han ikkje skulle bli farmar, har si spesielle historie. Faren Elmer som no blir 86 år gamal overtok faren Ole sin gard i Benson, men måtte berre gje opp av helsemessige årsaker. På den måten kom dei til byen Minneapolis då Eugene var 8 år gammal. I dag arbeider han med "memory-system" i computerfirmaet UNISYS som staffingeniør og designar i Roseville, ein forstad til Minneapolis.

2.3. I Norge for første gong

Eit oversyn på Fylkesarkivet sine. sider på internett knytta til utvandringa viser at faren Elmer står som president i Nordfjordlaget. Såleis er interesse for emigrasjonen eit familieanliggande. Trass i dette har Eugene tidlegare aldri vore i Norge.

Vi har hatt vidunderlege dagar i Norge. og berre to av dei med regn. Folk har tid og er vennlege, og naturen er berre fantastisk. Det som likevel overraskar er kor lang tid det tek å kome fram. Avstandane er større enn eg hadde forestilt meg, og eg skal garantere at eg ikkje har vore trygg på alle vegane. Då er det godt at nordmennene har trafikkultur, seier Eugene. Overraska er han også over kor nær folket kan kome offentlege personar. Norge må vere eit fritt land.

Å kunne gå opp til slottet i Oslo og legge hendene på veggen, er noko heilt for seg sjølv. I Washington får vi knapt sjå det kvite hus av tryggingsmessige årsaker.

Eugene fortell elles at Minmapolis med sine knappe 400.000 innbyggjarar er ein by med mykje natur, parkar og sjøar. Med tvillingbyen St Paul og forstadene kjem folketalet opp i to millionar.


Eugene Rodi fann slektsgarden sin mellom steinblokker i Lodalen. Til venstre kona Sharon og i midten tremenningen Kari Vik f. Raudi.


I hagen til Kari og Ola Vik var det langt tryggare enn i Lodalen. Her ser vi Eugene (i midten) saman med tremenningane Kari Vik og broren hennar Odd Raudit.

Til dokumentstart

3. Jon R. Langeset Vik ny leiar i bygdeboknemnda(Fjordingen 30.10.2002)


Jon R Langeset Vik ny leiar i bygdeboknemnda

Jon Rasmus Langeset Vik vart måndag kveld valt til ny leiar av bygdeboknemnda for Stryn kommune etter at Edvard Faleide sa frå seg leiarskapen. Faleide går no inn som medlem i gruppa.

Etter meir sporadiske møte i nemnda, ser det no ut til at konkretiseringa for alvor vil starte opp med tanke på busetnadssoge og ættesoge for bygdene i Stryn kommune.

3.1. Måtte ha med fagfolk

Sekretær i gruppa, Myrtel Janne Thomassen seier til Fjordingen at historikaren Arnfinn Kielland ved Høgskulen i Volda no står klar til å sjå på eit forprosjekt og avklare kostnadene med eit bygdebokprosjekt- Ho seier det var heilt nødvendig å avvente Kielland sitt engasjement:

Forprosjektet er utruleg viktig. Arbeidsgruppa har fått sitt mandat men det er ikkje fastsett tidsperspektiv for framdrifta. Forprosjektet vil bli utarbeidd parallell med innsamlingsarbeidet, seier Thomassen.

3.2. Kurs i minneinnsamling

I februar i fjor vart det halde innsamlingskurs i lag med kyndige representantar firå Skjåk, mellom desse Hans Hosar som har skrive bygdebøkene for Skjåk. Med på minne innsamlingskurset var også Stein Grjotheim, skjåkværing og tidlegare lærar i .Stryn. I vår vart kurset ført vidare med berre stryningar til stades

Arbeidsgruppa for bygdebokprosjektet er sett saman av Jon Rasmus Langeset Vik, leiar, Edvard Faleide, Aud Bruland, Olav Guddal, Jon Tvinnereimreim, Jon Åning, Selma Kvame, Matias 0. Lunde og Myrtel Janne Thomassen, sekretær

Til dokumentstart

4. Slektsgranskarane møtest i Kjølsdalen. (Fjordingen)


Slektsgranskarane møtest i Kjølsdalen

Det er no tid for dei som vil til Kjølsdalen til helga, for å lære meir om slekta, fortel Rønnaug Leite som er ein av initiativtakarane Eg sit med ei kjensle av at folk trur dette er noko høgtfykande, men det er tvert imot eit arbeid gjort av folket sjølve enten med datateknologi eller utan, seier ho.

Bjarne Greidung vil lese frå boka si og forje om.sitt arbeid, Selma Kvame kjem, Jan Petter Hoddevik, Lars Lunde og evt. Jon Rasmus Langeseth Vik og Bjarne Garlid. Eg har hatt mange spennande samtaler med personar i Nordfjord som kan lære oss andre mykje og gje oss inspirasjon. Bjarne Gardlid sende meg eit hefte i posten her ein kveld med røtene 9 generasjonar tilbake, meir enn eg har samla sjølv gjennom 40 år.

Audun Loen sit i Oslo har og lagt "heile" Loen ut på nettet i eit prosjekt han har kalla LOKHIS, og når han kjem oppover til våren skal vi få til eit møte.

Målet er som sagt Digital Slekts- og Bygdebok laga av folket sjølve i framtida, men vegen kan både være lang og kort. Det blir utstillingar i salen og høve til å utveksle erfaring i pausane. Oppkoplinga mot Rogaland Kunnskapspark er ein del av prosjektet "Den lærande bygda" som Stårheim og Kjølsdalen køyrer i lag i vinter, men pr. i dag har vi ikkje råd til anna enn einvegs kommunikasjon.

Til dokumentstart

5. Sigurd Nesdal til minne (Fjordingen 15. november 2002, død 12. november 2002)


Sigurd Nesdal

Totalisten, norskdomsmannen og humoristen Sigurd Nesdal er død, 87 år gamal.

Han vart fødd på garden Frøholm, ved Innvik i Nordfjord. Han var vegarbeidar i mange år før han flytte til Oslo og fekk seg teknisk utdanning. Ei tid var han i Geografisk oppmåling før han byrja i Noregs Vassdrags og Elektrisitetsvesen. Der var han resten av sitt yrkesaktive liv, og i mange år redaktør av bladet Fossekallen.

Men det var som programlagar, kåsør og underhaldar han var mest kjent. Alt etter dei første åra til fjernsynet var han nærast blitt ein veteran med program som "Då Valdresvassdraget rann ut ved Moss", "Lodalen - fager og fårleg" (som seinare og vart bok) og "Dei vart amatørar". I radioen har han i tillegg til å vere morgonkåsør i " Som dagane går" hatt mange kåseri med stor spennvidde i emneval. "Lopper og lus i liv og litteraturen", " Jaktlag eller slaktarlag" og "Eldvatn og narkotika" . er døme på dette. Mange av programma har vore i tilknyting til folkedans og folkedansmiljøet i Oslo, der han sjølv var aktiv i meir enn femti år i Nordfjordlaget.

I dei seinare åra var han mykje nytta som historieforteljar. Det særmerkte er at han dikta om historiene til rim. Gjennombrotet kom med eit innslag i programposten til Dag Frøland og Tore Ryen, "Har du lyst har du lov". Seinare vart det plate, og versa vart gitt ut som hefte. Han har og vore gjest i 'Du skal høre mye" frå NRK Tromsø.

Det var visse emne han meinte var for alvorlege til å ha moro med. Dei tragediane som følgjer av alkoholbruk skulle ein ikkje vitse vekk i '"full mann" -sketsjar. Og han var oppteken av den plaginga menneske med skavankar har vore utsette for lenge før "mobbing" vart eit moteord.

Etter at han vart pensjonist har han reist land og strand rundt som underhaldar, både som folkedansar, kåsør og historieforteljar. No har han lagt inn årene for godt, og ein merkesmann er borte. Men merket og minnet vil stå att.

Arild Nesdal

Til dokumentstart

6. Bilde frå Oppheim i Fjordingen 5.11.04

Nyleg hadde vi to bilde der utflytte nordfjordingar ville vite om motiva var henta frå Heggdal eller frå Rake. Svaret let ikkje vente på seg, og her ser vi originalmotivet som viser at dei to bilda i røynda var eitt bilde.


Oppheim ca 1908-1909

Kjellaug Oppheim Moen (Oppigard) har fylgjande opplysningar til bildet: Bilda er frå gardane Utigard og Oppigard på Opheim i Um. og er teke før utskiftinga som var ca 1908 - 1909.

Far min, Rasmus Oppheim, som var fødd i 1891 sit i lag med ein kamerat framanfor steingarden. Han er sju - åtte Ar. Bestefar min, Ola Opheim, stir med ei bloms i handa, til ære for gjestene som var pi vitjing frå Amerika, fortel ho. Ho fortel vidare at dei to som var pi vitjing var halv-brødrene til Ola-besten og dei hadde reist til Amerika i ung alder. Han med det kvite skjegget er gamle Abraham Utigard.

Mi oldemor, Kristi Knutsdotter Rake, var fødd i 1835 og kom frå garden Nigard på Rake. Gjertrud Rake kjem også frå Nigard på Rake. Kristi var gift tre gonger. Ho fekk Ola i første ekteskapet, og frå andre ekteskapet fekk ho to søner med ein som heitte Vang berg eller Skarstein. Det var dei som var på vitjing og tok bildet som seinare vart sendt til heimegrenda, fortel ho.

Isamband mod fotograferinga var dei fleste på Opheim samla. Difor er dei pynta i bunad, snoreliv og lange stakkar, seier ho og vil gjerne vite om det er folk i grenda som har enno meir å fortelje om denne spesielle hendinga. Vi på vår side vil gjerne takke fordi vi fekk desse opplysninga. Det gjer bildet enno meir verdfullt for ettertida. Spesielt for dei som skal byggje opp historiske arkiv.

Til dokumentstart

8. Roy Andre Loken In memory, January 2006.

He died on january 20, 2006

Roy Andre Loken was born on November 17, 1914 at home on the farm, rural Brinsmade to Rasmus and Andrine (Loen) Loken. He was reared and educated in Brinsmade, attending Brinsmade Public School. He worked with the CCC (Civilian Conservation Corps) at Fort Lincoln, ND in the mid 1930's. Roy then spent most of his life farming. He farmed with his parents until 1940 when he bought his own farm at Brinsmade.

On July I 1, 1942, Roy was united in marriage to Ena Marie Piper at Esmond, ND. They made their home on the farm until November of 1975 when Roy retired and they moved to Leeds, ND. In 1983, Roy and Ena moved to Devils Lake where they have since made their home.

Roy was very active in the community and served on many boards, including the Harlow Farmers Union Elevator Board for 9 years, Brinsmade School Board, McClellan Township Board and Election Board. He served on the Church Council and also as a Deacon of the Brinsmade Lutheran Church and was a former member of the Leeds Lutheran Church. Roy was now a member of Our Savior's Lutheran Church.

As a farmer, Roy had a wonderful talent to grow crops and as a carpenter he had a special talent to build and was a part of many building projects in Brinsmade and Leeds.

Roy loved the outdoors and hunting, especially pheasants, and when he was no longer farming he enjoyed gardening and walking every day. Roy also had a strong environmental spirit and made it his goal to plant as many trees as possible on the farm and in the Brinsmade area. Roy loved to play cards and of course this meant Roy was spending time with his dear family and friends.

Roy was preceded in death by his parents; sisters, Jennie Skarsten, Olga Bennes, Valborg Sosalla and Agnes Lysne; brothers, Oscar Loken and Arthur Loken.


Roy Andre Loken In Memory

Til dokumentstart

9. I fotefara til Siam-kongen.(27.7.2007)

Fjordingen 27.juli 2007. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

Fredag 20. juli 2007 var det nøyaktig på dagen 100 år sidan kongen av Siam vitja Kjenndalen. Jens Hogrenning vart ikkje lite overraska då seks thailandske filmfolk dukka opp i MB Kjenn-dal for å filme i kongen sine fotefar.

Dette var heilt utruleg. Eg skulle ha ringt deg tidlegare i dag. No er filmfolka desverre reist, fortalde Hogrenning då han kontakta Fjordingen fredag kveld. I 1907 var Siam sin konge, Chulaongkorn på ei 235 dagars lang rundreise i Europa. Klokka 11.30 den 20. juli dette året la kongefylgjet ut på Lovatnet med Lodølen. Fredagen hundre år seinare var det Hogrenning som ynskte filmfolka ombord. Dei bomma med ein time.Avreisetidpunket på Sande var 10.30!

9.1. Stor serie i thailandsk TV

Eit thailandsk mediaselskap,Global Intercommunication med seks produsentar og sjølvaste direktøren i spissen er dette året frå 27. mars til 17. november) i gong med å gjenskape gude-kongen si europareise. Og dei gjer det i kjærleik til sin konge. Neste år skal Channel 5 i Thailand vise 50 episodar frå reisa som ei hundreårsmarkering. Det blir både radioprogram, fjernsynsprogram og bok. Kong Chulalongkom av Siam vil alltid vere den store kongen i thailendarane sine tankar, kongen som moderniserte landet. Han styrte frå han var 16 år i 1854 til tre år etter Europareisa då han døde.

9.2. Fekk kongebilete">

Hogrenning hadde ein spennande tur til Kjenndalen med filmfolka. Han fekk studere kongen si eiga dagbok (oversett til norsk) frå turen i 1907 og fekk også overrekt kopiar av kongen sine eigne bilete, motiv som skulle oppsøkjast av filmfolket hundre år etter. Kongen sjølv hadde teke dei fleste bileta, men på eit par motiv sat han på hesteryggen til ein fjording-hest. No skal bileta rammast inn og få heidersplass i MB Kjenn-dal.

Den 18. juli 1907 kom Kong Chulalongkorn og hans store fylgje til Grotli frå Geiranger med hesteskyss. Dagen etter gjekk skyssen vidare til Stryn og Hotel Alexandra via Videseter.

9.3. Fire jordbær imponerte

Jordbær hadde kongen av Siam aldri sett før, og under frukosten på Hotel Aexandra 20. juli 1907 imponerte fire jordbær han stort.

Det er Jens Hogrenning som fortel dette til Fjordingen. Under filmfolka si vitjing i Kjenndalen fekk han rikeleg høve til å studere kongen si dag- bok frå den store Europa-reisa.

Kongen tok rikeleg med sukker og mjølk på. Pærene og plomene fann han for sure. Også dei måtte ha sukker på.

9.4. Første til breen

Eg skulle tru at desse pro-gramma i thailandsk fjernsyn må bli ypparleg norgesreklame. Kanskje gjekk breen for 100 år sidan nesten ned dit bilvegen er i dag. Lodølen tilhøyrde Lodalen Båtlag, og kanskje var Markus Loen med til Kjenndalen. I allefall var kongen av Siam den første kongen som kom heilt inn til breen. Keiser Wilhelm hadde vore i Kjenndalen, men ikkje inn til breen, seier Hogrenning.

Bilder:


Jens Hogrenning med bileta han fekk av den thailandske filmteamet. Dei fleste var tekne av Siam-kongen sjølv


Siam-kongen til hest under Kjenndalsbreen


Reisefylgjet går inn i Kjenndalsstova


Så stor var Kjenndalsbreen i 1907

Til dokumentstart

10. Nytt frå Loen i Fjordingen 12.10.2007

Fjordingen 10.oktober 2007.Harald Vartdal. harald.vartdal@fjordingen.no

10.1. Utbetrar 46 kommunale bruer

Først på lista står dei 2 bruene på Sæten i Loen


Den nederste brua på Sæten

10.2. Husa reiser seg i Kvitefjell bustadfelt

Hus nr 4 er under oppføring i i Kvitfjell bustadfelt.

Kvitefjell bustadfelt i Loen har 13 frittståande tomter og eit areal for rekkjehus. Etter ein litt treg start, har det blitt fart i bygginga. - Eitt mål tomt i Kvitefjell kostar ca 232.000 med alle refusjonar, opply ser Astrid Sætre Rake ved sentraladministrasjon i Stryn kommune.


Fire av dei 13 frittståande tomtene i Kvitefjell har fått sine eigarar

10.3. Ny heleikopterplass i Loen

Utbygginga av Hotel Loenfjord gjer at Helikopter Utleie AS vurderer å flytte aktiviteten til den framtidige landingsplassen på Tyvaneset.

Helikopter Utleie sin konsesjon for Loen Helikopterplass Alexandra er i ferd med å gå ut. I den samanheng ber dei Luftfartstilsynet avklare når den nye landingsplassen på Ty-vaneset kan vere klar.

"For at vi ikkje skal kome i konflikt med Stryn kommune sitt lovverk, ønskjer vi klarheft i kor langt arbeidet med å planlegge ny helikopterplass er kome, og eventuelt når ein slik landingspass kan vere operativ. Vi har meddelt grunneigar at det kan vere aktuelt for vårt selskap å nytte framtidig landingsplass på Tyvaneset under føresetnad av at denne har kapasitet for nødvendige trafikkmengder, og at plassen vert gjeve dei nødvendige godkjenningar samstundes som den tilfredsstiller operative og tekniske krav", heiter i brevet frå Lars Kveen.


Den framtidige helikopterplassen på Tyvaneset er med i kommuneplanen for Stryn Kommune. Utfylling av området er i gang

Til dokumentstart

1 11. Presisjonsarbeid i nasjonalparken.31.10.07

Fjordingen 31.oktober 2007. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

Stien frå Bødalssetra mot Bødalsbreen er utbetra med stor presisjon etter store snøskred sist vinter og tilsig av vatn. Ingen skulle tru at her har vore maskinar i aksjon.

Ingenting er tilefeldig i gjenoppbygginga av stien. Fredag fekk vi ein demonstrasjon i korleis maskinarbeid kan utførast innanfor nasjonalparkgrensene.Tiltaka er skånsame. Slikt krev tid og kostar pengar.

Vi reknar oss nærast ferdige på strekninga. No må vi sjå til ast revegeteringa blir som planlagt, seier Rune Holen som no har starta sitt eige selskap Naturservice. Han er innleigd av Statens naturoppsyn i planlegging og utføring av tiltak innanfor nasjonalparken. Sjølve maskinarbeidet i Bødalen er det Finn Drageset i Drageset Maskin, Bjørn Kjetil Hilde i Hilde Maskin og Yri Sand som har gjort.

11.1. Masse frå elva

Ein god del arbeid vart utført i fjor av Yri Maskin på stien frå setra og over elva. Stien vart då steinsett over ei lengre strekning i myrområdet.. For knapt tre veker sidan tok Finn Drageset og Bjørn Kjetil Hilde opp att arbeidet i dei blautaste partia som har vore vanskelege å forsere i fleire år. Snøskreda sist vinter og stor nedbør hadde berre forverra stiane.

Vi har køyrt gravemaskin i elva for ikkje å skade vegetasjonen, og vi har teke oss opp på stien seks ulike stader for utføre tiltak. Vi har gravd oss ned på nokonlunde fast grunn og tilført grov masse og seinare sand frå elvebotnen. På eitt parti måtte vi fylle opp i ei dybde på to meter på det meste. På ei strekning over 100 meter brukte vi heile 150 kbm sand og steinmasse frakta i ein beltegåande dumpar, fortel Finn Drageset. Og dumparen er ei historie for seg. Denne vart innleigd frå eit firma i Oslo og flaut nærast på overflata utan å gjere skade i terrenget. Med ein lastekapasitet på 2,5 tonn var han som skreddarsydd til aktiviteten, meiner Holen og Drageset.

11.2. Klopper over stien

Den som trur at drensrøyr kan leggast under og langs stien, må tru om att. Her må det klopper til etter walisisk mønster. I dei utbetra områda er det ni slike klopper. Enkelte stader er dei opne, andre plas-, sar er dei overbygde med steinar. Langs stien er lyngtoer som vart fjerna under gravearbeidet, pent lagt på plass att.

Vi skal ha eit kontinuerleg ettersyn her saman med grunneigarane. Grunneigarane gjer også ein kjempejobb for forvaltninga og reiselivsnæringa, seier Rune Holen før han løfter eit drensrøyr over skuldra som berre har vore i mellombels bruk og ruslar ned mot setra. Her skal det gravast ned septiktank for eit nytt vassklosett. Mellom setra og parkeringsplassen er ei ny betongbru komen opp, Også parkeringsplassen skal byggast ut for å auke kapasiteten.

11.3. Eksplosjon i besøk

Holen anslår at det er brukt omlag 250. 000 kroner på å oppgradere sti og bruer i Bødalen dei siste 2-3 åra.

Det har vore ein eksplosjon i besøk her, og vi forventar auke også neste år. Omlag 1500 personar har vore på breen i sommar. Mange kjem hit på grunn av sterk interesse i kvartærgeologi. Frå her på stien ser vi faktisk fem brear, Ravnefjellsbreen, Tindefjellsbreen, Skålabreen, Lodalskåpa og Bødalsbreen. Etterspurnaden er stor i Europa for vandring i dei ville dalane, seier Rune Holen. Fleire stader ligg preskogen flat etter herjingane i vinter. Bjørkeskogen derimot reiser seg igjen.


Finn Drageset (venstre) og Rune Holen er stolte av stien


Drageset og Holen ved ei av kloppene på stien


På steinsett sti

Til dokumentstart

12. Fleire kjempeskred. 2007.

Fjordingen 31.oktober 2007. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

Skredforskar Krister Kristensev fortel at det sist vinter gjekk fleire uvanlege og kjempestore skred i vårt område, også i Bødalen.

Generelt var det roleg på skredfronten, men vi fekk kjempeskred på spesielle plassar. Vi kan nemne storskredet i Stranda dalen mellom Hellesylt og Stranda. Vi fekk vidare kjempeskredet langs Skåla-råsa som tok brua til Tjugen-setra. Dette var eit slags 25-50 årsskred. Det gjekk også eit uvanleg stort skred i nabodalen mot Lohøgesetra. Dette var nok nærast eit hundreårsskred. Leitefonna i Bødalen gjekk også etter det vi får opplyst i slutten av februar i ein periode med kraftig nedbør som vart etterfylgt av regn, seier Kristensen. Han ser ikkje vekk frå at vi i framtida kan få ei rekkje uvanlege skred på grunn av klimaendringane og fordi breane har endra seg.

Til dokumentstart

13. Miljøtiltak sikrar laks og sjøaure i Loelva 2007.

Fjordingen 19.mars 2007. Inge Fænn. inge.fen@fjordingen. no


Miljøtiltaka i Loelva er også ein turistatraksjon. Her ser vi frå venstre: Asle Loen, Thomas Kristiansen og Vidar Gausemel som har utført myke av arbeidet, Håkon Loen og Helge Nordvik

Det er satsa omlag ein halv million på miljøtiltak i Loelva. Prosjektet som er eitt av dei største miljøtiltaka i samarbeid mellom grunneigarar NVE her i fylket, vil hindre at mykje yngel går tapt.

Lodalsulukkene har gjort mykje skade på nedre del av Loelva i utløpet mot fjorden fram gjennom tidene. Etter ulukka i 1905 vart det bygt ei demning (kjæret) omlag 400 meter oppe elva. Demninga skulle fordele vassføringa mellom hovudløpet i elva og eit mindre løp. Det var laga ei renne i kjæret som skulle sikre vintervassføring.

Under ulukka i 1936 vart kjæret mykje skada. Renna som skulle sikre vintervassføring vart øydelagt. Om sommaren og hausten samla det seg mykje yngel og småfisk i dette sideløpet, men når vintervassføringa ikkje var sikra førde det til uttørking og til tider botnfrysing, slik at mykje yngel og småfisk gjekk tapt.

Det var skadeleg for laksestammen at mykje yngel gjekk tapt, og det har vore snakka om utbetringsarbeid. Då riksvegen vart omlagt og etter kvart - også Loenfjord Hotell kom på plass, vart det føreteke ei omlegging av elveløpet ut i fjorden. Hotellet fekk betre plass til hage og parkanlegg, og sjølve elveløpet vart også betre. Det som stod at var sjølve kjæret.

Namnet kjæret verkar ukjent for folk flest, men i fylgje Helge Leif Nordvik i NVE skriv namnet seg frå ein gamal byggjemåte i slike elvar, der det vart bruk både stein og tømmer. For loarane er namnet kjendt som kjæret. Dei som kjenner elva veit også kvar kjæret er.

Det som er gjort i vinter er at det er bygt ny demning i stein og laga ei opning som sikrar vintervassføringa. Dermed hindrar dei også uttørking og tap av yngel. I tillegg er det bygt fire bassengterskler mellom kjæret som ligg nær opp mot anlegget til Nordfjord Kjøtt, og nedover til fjorden. Desse bassenga sikrar produksjonen av yngel og ungfisk.

Tysdag var det synfaring på anlegget, og både NVE og grunneigarane er godt nøgde med resultatet. Miljøtiltaket ligg midt i eit turistområde, og det er lagt vekt på å auke trivselfaktoren. Heile anlegget er fint utforma, mykje skog er fjerna og det er bygt gangsti heilt frå brua over elva på riksveg 60, langs elva heilt forbi hotellet. Også det som tidlegare har lege nærast som ei tilvoksen øy mellom hovudelva og sideelva er rydda og planert, slik at det kan haldast vedlike med ein beitepussar. Dermed vil området vere til glede både for turgåarar og laksefiskarar sjølv om om det er fiskarane som har første prioritet kring dei delane av elva der laksen står.

Ut på holmen mellom dei to elveløpa ned mot fjorden, kan vi sjå ein stein, nærast som ein bauta. Kva han skal brukast til veit vi ikkje, men dei som har ansvar for anlegget fortel ei segn om ein rise som skal ha kasta steinen ned frå fjellet i sinne fordi han ikkje fekk den jenta han ville. Ei segn kan også vere ein turistattraksjon.


Det er denne opninga i demninga som skal sikre vintervassføring og tap av yngel, sier Helge Leif Nordvik i NVE


Her er karane på synfaring der gangstien går fram til Loenfjord hotell

Til dokumentstart

14. Om sterke folk. 4.2.2008

Fjordingen 4.februar 2008. Steinar Sande

Det stod i Fjordingen 28. januar om den store Doksetskåra-slekta og den sterke Johanne som bar ein 100 kilo sekk. På Helset i Loen budde det også ei sterk kvinne. Han Olav A. Loen, «Sjur-Ola» fortalde meg om ei gong han kom køyrande opp bakken ved tiendebuda med stuttkjerra og mange 100 kilo mjøl-sekker på. Så datt ein sekk ned i vegen. Dårte Helset kom bak i vegen. Ho sa: «Vent litt!» Ho tok 100 kilo sekken åleine og løfte den opp på lasset.

Då dei skulle setje opp nye telefonstolper på linja til Bødal,mangla siste stolpen. Anton Sande var med. Han hadde ny sykkel og sykla ned i Loen, tok stolpen på eine aksla og sykla 10 kilometer. Han sa då han kom til Bødal: «Det var verst for sykkelen»

I 1940 heldt ein norsk styrke på å bli omringa i Valdres av tyskarane. Soldatane var slitne, men han Anton bar mitraljøsa og ammunisjon og gjekk føre i snøen. Då han kom heim att, la han seg i senga. Han sov i over to døgna Det fortalde mor mi.

Steinar Sande

Til dokumentstart

15. Veglys i Loen.20.2.2008

Fjordingen 20.februar 2008

Vidare er det gjeve fylkeskommunalt tilskot på 156.000 kroner i trafikkstryggingsmidlar til veglys mellom Lobrua og Alexandra Hotel i Loen. Totalprosjektet på 15 veglys har ein kostnad på 260.000 kroner. Ni av veglysa er no komne opp i løpet av dei siste dagane. I dette prosjektet må 104.000 kroner dekkast inn gjennom gåvemidlar. Dei ni gatelysa som er sette opp, er det fullført finansiering på. Gatelysnemnda i Loen skal allereie søndag ha basar for å skaffe nye inntekter som skal gi til dei resterande seks. Aksjonsleiar Elle Drageset opplyser også at dei har mål om å få gatelys heilt opp til Vassenden på sikt.

Til dokumentstart

16. Ny hotellfasade til påske. (22.2.2008)

Fjordingen 22.februar 2008. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord er i forvandling. Alexandra får ny fasade mot sør før påske. I løpet av to år er det investert for 51 millionar kroner i utbygging og opprusting i konsernet.

Richard og Eivind Grov stoggar ikkje med nye fasadar og opppussing av 108 nye rom ved dei to hotella. Dei har heile tida nye vyer.

Vi vil gjeme vere best i vår klasse, og det er forpiktande, seier Richard før vi tek heisen opp i 5. etasje for å sjå på dei nye romma og balkongane.

Investert nær 200 mill. kroner

Eivind Grov fortel at konsernet dei siste ti åra etter at Loenfjord vart bygt, frå og med 1997, har investert for 161 millionar kroner i utbygging/opprusting. I tillegg er det utgiftsført vedlikehald for rundt 40 mill. kroner. Lånegjelda i den same perioden er auka med nær 62 mill. kroner. Det betyr at rundt 140 milli-onar kroner av investeringane pløgd inn att i verksemda av eigne midlar. Dette tilseier også at innteninga har vore god.

Vi håpar at vi er blitt betre dei siste ti åra, og byggjebransjen får auka aktivitet som fylgje av dette. Når vi no avsluttar byggjearbeida i programmet for 2007 og 2008, er det mange faktorar som bestemmer utviklinga framover, ikkje minst renteutviklinga, seier Grov.

Badeanlegg eller utviding?

Badeanlegget på Loenfjord er på ingen måte skrinlagt. Det er i arkitekten sine hender. Oppgradering av nye rom på Alexandra og oppgradering av heisen har første prioritet i 2009. 30-35 rom står att. I neste omgang må vi vurdere om utviding av romkapasiteten på Alexandra og ut viding av spa-avdelinga skal prioriterast før badeanlegget på Loenfjord. Ventelista i spa-anlegget er lang, og det er berre marginalt at vi kan auke antal gjestedøgn utan utbygging. På den andre sida vil vi gjerne investere for å gjere Loenfjord meir til eit heilårshotell, seier Grov.

Ferdig til påske

På Hotel Alexandra er 40 baderom totalrenovert i 2007. Det er utført tiltak i terapibassenget, og lagt nytt berelag ute med skiferkantar. Vidare er Alex Dancing pussa opp. Det vart starta opp arbeid med bygging av balkongar på sør- og vestsida av Hotel Alexandra. I samband med dette prosjektet, blir 54 rom pussa opp og der det vert lagt inn sentralvarme på 50 rom. 44 av romma får nye balkongar. I 5. og 6. etasje er dette arbeidet ferdig. Neste fredag fylgjer fjerde etasje etter. 3. etasje vert påbyrja måndag. Fasaden mot sør skal stå fullstendig ferdig til påske, og fasaden mot vest i løpet av april.

På Loenfjord vert det bygt 15 nye rom, og 36 rom er pussa opp i vinter. Også «Fiskekroken» skal opprustast. Dermed står det att 30 rom som skal opprustast dei næraste åra.


Eivind Grov framfor Hotel Alexandra der arbeidet med fasaden pågår for fullt. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av april

Til dokumentstart

17. Sjinglebrua snart på plass. (28.5.2008)

Fjordingen 28.mai 2008. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

Ei ny kraftig bru er snart på plass over Fosdøla til glede for alle som skal til Skåla. Trafikken til topps er sterkt aukande, seier primus motor for prosjektet, Rune Holen.

Den gamle Sjinglebrua vart i vinter eller vår teken av ras, og det må ha vore sterke krefter i sving for å knuse den i alt 5,2 tonn sterke betongbrus. Store mengder med stein og masse la seg i elvefaret etter raset. Sist helg gjorde Rune Holen, Finn Drageset og Bjørn Kjetil Hilde ein kjempejobb, og arbeidet held fram i denne veka og neste veke.

Minigraver i lufta

Laurdag vart Knut Øvreberg sin minigravar frakta med helikopter opp til Sjinglebrua saman med forskalingsmaterialer og utstyr. Bjørn Kjetil Hilde konstruerte også sin eigen vinsj som skulle ta store steinar ut av elvefaret. Medan Drageset sat i gravaren, betjente Hilde vinsjen. Utan vinsjen hadde vi neppe fått vekk steinane som saman med masse demde opp elva. No er elvefaret reinska, og gamlebrua er knust. Det har vore ei lang arbeidshelg, kunne Rune Holen bekrefte då vi snakka med han måndag kveld.

Nytt betongelement

Asbjørn Fure og Jan Erik Nedreflo er no i gong med forskalingsarbeidet på Sjinglebrua. To kraftige fundament skal støypest, og ein superpuma-maskin frå Air Lift skal fyke opp eit 4,9 meter langt betongelement som skal tole det meste. Dette skjer truleg i neste veke. Rekkverket frå gamlebrua skal på plass att.

Rune Holen kan melde om at folk er opptekne av bruprosjektet og at mange i helga var til fjells, heilt inn mot Lodalskåpa.

Det verkar som at mange er godt skodde og har bra kompetanse. Denne stien er viktig.

Kva med arbeid på stien elles i sommar?

Vi har eit prosjekt som må gjennomførast med steinlegging m.m. frå Skåla-vatnet mot skaret. Truleg kjem vi i gong i slutten av juli. Dette er prosjekt som krev sin logistikk og sitt utstyr, seier Holen.


Finn Drageset ryddar i Fosdøla, høgt til fjells. (Foto: Rune Holen)


Knut Øvreberg sin minigra-var vart frakta luft-vegen til Sjinglebrua. (Foto: Rune Holen)

Til dokumentstart

18. Planlegg storsatsing i Lodalen. (28.5.2008)

Fjordingen 28.mai 2008. Inge Fænn inge.fenn@fjordingen.no

Ramnefjell Naturarena er namnet på det som kan bli ein ny turistmagnet både i Lodalen og indre Nordfjord. Den Økonomiske vurderinga viser ei samla investering på 30 millionar kroner og at prosjektet innan få år skal kunne gå med overskot. Det er laga ein framdriftsplan med tanke på realisering i 2010- 2011.

Prosjektmanualen som er utarbeidd av Rune Holen og Per Helge Bø ligg akkurat no på bordet til Innovasjon Norge. Ideskaparane tenkjer seg eit bygg i Bødal, i siktelinja mot såret i Rampefjellet. Takkonstruksjonen viser ei båre som bryt inn over land der det ein gong låg grøderike gardar. Historia kring dei tragiske rasulukkene vil stå sentralt i prosjektet.

Ramnefjell Naturarena skal vere opplevingssenter som formidlar kunnskap både nasjonalt og internasjonalt, og som tilbyr naturbaserte opplevingar med høg kvalitet, skriv dei to i inn-leiinga.

Norsk skredsenter, Nesodden natur-og kultursti, M/B Kjendalen, Nordfjord oppleving og Norsk Fjellakadem skal samlast under paraplyen for Naturarena.

M/B Kjendal er alt på plass, men det kan bli aktuelt å korte ned på båtruta slik at båten går berre mellom del nye senteret og kaia ved Kjenndalsstova. Der var også kai før ulukka. Nesodden natur- og kultursti er også i gang. «Pilgrimsvandringa» har vore i gang i ei tid, og i år kjem den kulturhistoriske vandringa med guide eller åleine, kring på stadar der det ein gong budde folk før båra slo inn.

Vi har også ei målsetjing om å tilby naturbaserte opplevingar med høg kvalitet, seier to.

To års planlegging

Det er brukt nærare to år på prosjektel frå ide til ein plan. Reiselivsaktørane i Loen og Lodalen har diskutert vidareutvikling i lengre tid, og også Briks-dalen har fatta interesse. At breane smeltar krev nytenkjing og Ramnefjellet har ei historie som er verd å ta vare på. Ideskissa har full støtte både frå grunneigarar og ei samla reiselivsnæring i dalen.

Dei naturbaserte opplevingane i Lo-dalen står nærast i kø. Det er eit spørs-mål om å ta dei i bruk på ein god måte.

Initiativtakarane slepp å starte heilt på bar bakke. Norsk Fjellakademi har alt gjennomført eit forprosjekt, men det stranda på grunn av mangel på kapital og for dårleg nettverk. Stryn kommune vil stille prosjektet til disposisjon for seriøse aktørar som til dømes Ramnefjell Naturarena.

Norsk Skredsenter

Norsk Skredsenter er eit spennande satsingsområde der Lodalen ligg midt i «smørauga». Ikkje minst på grunn av historia, men også fordi det er eit område som opnar for forsking både på fjellskred, lausmasseskred og snøskred.

Senteret skal legge spesiel vekt på å formidle historiene rundt rashendingane i 1905 og 1936, men det er også ein stad for forsking, seier dei.

Prosjektet har ei god forankring i nasjonale, fylkeskommunale og lokale planar for reiselivet. Mellom dei som har kome med kommentarar er professor Atle Nesje. Han er positiv og seier at Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking kan hjelpe til med utstillingar. Både norske og utanlandske forskingsmiljø og også skuleverket, vil kunne gjere seg nytte av Norsk skred-senter slik det er tenkt lagt opp. Uteområda i Lodalen høver godt for dei ulike aktivitetane som er planlagde, og han meiner at senteret også vil kunne presentere dagsaktuelle problemstillingar som til dømes Åkneset på Sunnmøre og samanhengen mellom skred og klimaendringar.

Prislapp på 30 millionar

Arild Bødal med røter til det aktuelle området, har føreteke ei økonomisk vurdering som endar opp med ei samla investering på 30 millionar. To millionar i veg og infrastruktur, 16 millionar i bygningsmasse og 12 millionar i innhald/inventan

Bødal har sett opp ei finansiering med 7,75 millionar kroner i offentleg støtte, 10,85 mill i donasjonar frå private og stiftingar og 12,4 millionar kroner i bankfinansiering.

Talet på besøkjande vil vere avgjerande for økonomien. Med røynsle frå liknande prosjekt er det lagt til grunn eit stabilt årleg besøkstal på 30.000. Ein veit at besøkstala for Lodalen i tidlegare år, har lege på godt over 30.000.

Grunntanken er Bødal og Lodalen

Grunntanken er at bygningen skal ligge i Bødal som vart hardast ramma av Lodalsulukkene. Det er eit stort potensiale i området, og bygget blir trakt opp frå stranda slik at det ikkje kjem i konflikt med vernesona for vassdraget. Minussidene er vegen til Lodalen og avstand til hovudveg, men dei mange plussidene vil oppvege dette. Grunneigarane i området står samla bak prosjektet.

Det er naturleg å lokalisere senteret til Stryn kommune både fordi det er ein stor straum av turistar og fordi det er eit kjerneområde for skred i Norge.

Stor interesse

Alternativ til Lodalen kunne vore sjølve Loen eller Stryn, men dei som står bak prosjektet meiner at det er mindre aktuelt. Det er i Lodalen og området Bødal dei finn dei store mulegheitene til eit samla produkt, og det er der dei verkeleg kan knyte senteret til historia..

Fråsegnene som er komne inn viser at det er stor interesse både fagleg og kommersielt. NGI er mellom dei som har stilt seg positive. Dei gjev full tilslutning til planane som førebels er i den innleiande fasen. Det er likevel lagt ned mykje arbeid for å ha best mogeleg plattform vidare inn i arbeidet med forprosjektet. Målsetjinga er at forprosjektet skal vere ferdig neste år. Gjennomføringsfasen er sett til 2010/2011 og drift frå 2011.


Skissa er utarbeidd av Aaland arkitektkontor.


Grunneigarrepresentant Magne Bein-nes til v. saman med Rune Holen og Per Helge Bø som har laga prosjektmanua-len. Omlag her skal senteret kome. I bakgrunnen Rampefjellet.

Til dokumentstart

19. Bygdebokarbeidet står i stampe. (27.8.2008)

Fjordingen 27.august 2008. Inge Fænn. inge.fenn@fjordingen.no

Bygdebokarbeidet i Stryn står i stampe. Kommunen finn ikkje rom for 10 - 12 millionar over driftsbudsjettet, men dei arbeider med ulike løysingar med tanke på økonomiplanen som skal fram for kommunestyret i desember.

Oddmund Kyllesø har etterlyst status for bygdebøkene i Stryn, i eit ope brev til Stryn kommune. Det er også mange andre som er opptekne av kva som ska skje etter at spørsmålet har vore diskutert i mange år utan at det har kome til noko endeleg løysing slik at arbeidet kan setjast i gang.

Vi skal gje Kyllesø eit svar på det opne brevet, men om det blir eit svar han og også andre er nøgde med, veit eg ikkje, seier skule- og kultursjef Arne B. Berge. Det har ikkje skjedd noko etter møtet med bankane i desember i fjor, men to av dei etablerte bankane har sagt ja til å gå vidare i samtalane med kommunen.

Vi har hatt ein del skifte i kulturetaten siste året, men ho som no er på plass vil setje seg inn i saka slik at vi kan kome vidare, seier han.

I samarbeid med Arnfinn Kjelland ved Høgskulen i Volda er det utarbeidd ei skisse der opplegget er ei bustad- og grendesoge, eit verk på ni bind. Det er rekna med 9,4 årsverk og kostnadstala i 2007 var 10 - 12 millionar kroner.

Det manglar ikkje på vilje til å starte arbeidet, men det er eit økonomisk spørsmål. I utgangspunktet tenkte vi eit forskotteringslån, og kanskje også førehandstinging, men fylkesmannen seier nei til låneopptak. Dette blir ikkje rekna som investering. Det skal gå over driftsbudsjettet, og då har vi eit problem med den kommuneøkonomien vi har i dag. Vi skal prøve å legge fram ei skisse til ein avtale med bankane. Ei skisse der også Stryn Energi er med, og så får vi sjå kva vi kjem fram til. Vi må i alle falle seie noko i samband med økonomiplanen i desember, seier Berge.


Arne B Berge.

Til dokumentstart

20. Barndomsår i Loen. (30.12.2008)

Fjordingen 30.desember 2008. Jon Knut Drageset.


Flyfoto med Hotel Alexandra i eldre tider slik forfattaren hugsar frå barne og ungdomsåra (utsnitt av postkort Harstad 144.S.38)

Rett etter krigen var mjølka dårleg. Ingen smak. Blåaktig og tynn. Eg fekk magetrøbbel og måtte på sjukehus. Elles hadde eg plage med astma. Det peip i brystet. Småhoste og nysing. Vart lett forkjøla. Måtte kle meg betre enn andre ungar. Mor tok på meg ei ulltrøye inst - og gjeme med ein ekstra klut dynka i kamferatom. Vart litt erta av nabokonene for dette. Kanskje eg vart sett på som ein pusling.

Leikegrinda mi var ein opp-ned snudd kjøkkenkrakk ute i hagen. Der fekk eg berre stå rett opp-ned. Knapt nok sitje. Gå laus ute kunne eg ikkje. I Drageset-tunet var det mykje trafikk -både av bilar og hestar med vogner. Dei siste skulle hente mjøl frå buda til onkel Walde.

Hugsar godt Helje-Leif. Han kom alltid med langereidet. Dette brukte ein helst til hesjestaur-transport. Men han ville vel ikkje bruke møka-kjerra til mjøltransport. Skulle vel ikkje grise til mjølsekkane, eller seg sjølv sidan kan likte å ha pankleda på når han vitja sjøatunet.

20.1 På butikken med rasjoneringskort

Etter krigen var det lite å få kjøpt, og vi hadde dårleg råd. Skulle mor på butikken, måtte ho først leite fram rasjoneringskorta. Det var kort for mjøl, sukker og det meste av slikt vi trong i kvardagen. Heldigvis var slekta på Tjugen oppmerksomme. Det kom forsyningar av ost og anna frå garden. Så fekk vi vere med i slaktetida der. Då vanka det kjøt, pølse og andre godsaker til oss. Flatbrødbaking var mor med på i kjellaren på fødegarden sin. Så fekk vi litt av det og i hus til jul. Vi var og heldige som kunne skaffe oss kvar vår appelsin til høgtida.

Far og onkel Bjarne hadde bygd seg eit lite grisehus heilt ute på kanten av Loelva. Der forte dei opp kvar sin smågris. Desse vart slakta til jul. Tambur-Anders var altmogeleg-mann. Han var ekspert på grisebust-skraping (skolding).

Ei haustnatt hadde det vore stormflo. Sjøvatn kom opp til grisene som gjekk til knes og fraus. Dei måtte ikkje få influensa og feber. Rask avliving i staden. Litt mindre juleflesk det året.Bjarne, som budde på budalemen med familien sin og han far lema skrottane. Dei salta det meste. Skinkene vart hengde opp til speking. Elles kunne ein nytte stabburet på Tjugen. Lukta derifrå hugsar eg enno. Betre ange enn frå spekeskinker, heimelaga morr og nysteikt flatbrød finst ikkje.

Spekesild og flakt sild sytte fedrene våre for og. Dei fekk kassar med feit og fin sild frå Måløy. Desse vart handsama etter gamal skikk og hengde opp til tørk i eit heimesnekra skur ved grisehuset på elvekanten. Herleg kost etter nokre veker!

20.2 Den farlege elva

Eg var litt for ofte heilt ute på denne farleg kanten - for å fiske. Ja, det var faktisk mykje småsei å få berre med heimelaga makke-trode. Vi brukte og fiskeauga som agn. Morten kokte vi til hønsa. Blanda fisken med mjøl. Ein dag bestemte far seg for å få slutt på vågestykket: Han ville ikkje oppleve ei drukningsulukke til. Far hadde mist bror sin, Arnold, her i den frådande Lo-elva. Han tok meg på fersk gjeming der på elvekanten: Heldt meg i beina med hovudet rett ned i villskapen. Den dukkerten gløymer eg aldri. Men søskenbarnet mitt datt ut i ein dag, han Jostein! Heldigvis låg yankee Andreas like nedanfor med båt og fekk berga guten med håven sin.

Egg hadde vi og ei råd med. Far hadde innreidd eit slags rom i eine hjørnet i kjellaren. (Heile kjellaren var ein stor snekkarverkstad frå midten av krigen og eit tiår framover. Her produserte ein 3-4 makkarar stolar, senger og skrivebord for onkel Walde som var ein framtenkt kjøpmann. Han starta seinare fryseri i budakjellaren sin.)

20.3 Hønseegg i skjorareir

Om våren tenkte eg at eg skulle stele med meg nokre egg og leggje i reiret til skjora som heldt til i grana bak annekset til Alexandra. Men einkvan sa det ville vere bortkasta, for vi hadde ingen hane! Nei, vel, så fekk eg spørje onkel Anders på Tjugen om egg derfrå. Der var hanen i god form. Fire egg frå Tjugen vart så putta i bukselommane, og klatringa til topps i den høge grana tok til. Eg brukte god tid. Egga måtte ikkje knusast.

Skjora forlét motvilleg reiret sitt med en del leven. Egsa hennar bytte plass med hønse-egga. Eg lurte meg stilt heim att. Skoregga hadde og tolt påkjenninga. Dei stakk eg hol i og tømde for innhald: Nytt tilskot til samlinga mi. Her hadde eg fleire egg frå spor-vefamilien, vadefuglar og symjefuglar. Vi rt gutane tykte dette var morosamt og spennande. Det gjekk konkuranse i å ha den største egge-sam- linga. Vi fekk mykje kunnskap om dei ulike fu- gleartene ved å studere åtferda deira når vi leita opp reirplassane.

Skjora i toppen av anneks-grana var ei trufast mor. Ho låg på hønse-egga som om dei var hen- nar eigne. Etter 21 dagar var det tid å klatre til reiret att. Tok først på meg ei bukse med djupe lommar. Vel opp ved reirkanten fekk eg løn for strevet: Tre nydeleg hønsekyllinger! Ein svart, ein grå og ein brun. Det fjerde egget var misluk- ka. Kyllingane overlevde transporten heim der dei fekk bu i ei stor pappøskje. Maten var brøds- mular og litt hønsemjøl frå kjellarhønsa.

Kyllingane treivst og veks! Eg tok dei ofte opp i hendene og leika med dei. Mor hadde ei gamaldags tre-rulle på loftet. Denne ville eg bru- ke til kyllingsirkuset mitt. Eg sette ein og ein kylling opp på den øvste trerulla. Byrja å sveive sakte. Den brune kylligen klarte å halde seg på beina lenge: Sprang i takt med farten på rulla. Så auka eg farten litt. Den lakkerte trerulla vart brått for glatt for dei små kyllingføtene. Brune- kyllingen sklei av, og langtåa komi klemme mellom valsane. Hurtig revers! Tåa kom fri, men var blodig og flatklemd! Eg surra rundt ei tøyfil- le og gav stakkaren litt ekstra å ete. Tåa kom seg raskt, og kyllingen kvikna til att. Ikkje meir sir- kus på denne måten, nei!

20.4 Eige sirkus

Heller sirkus ute. Vi gutane fann oss tome olje- fat. (Ikkje så vanskeleg i 50-åra då det var to bensinstasjonar i bygda: Alexandra sin Esso og Markus-Jon sin Shell.) Vi rulla fata ut på Drage- set-tunet der det var flatast. Kravla opp på kvar si tønne og byrja ballansere. Kunsten å gå på rullande fat kom seg etter kvart. Turistar og fast- buande vart ståande litt å glane.

Vi utvida Drageset-sirkuset med å spenne opp solide tau mellom nokre frukttre i hagen til on- kel Walde. Så vart det ballansekunst på slakke tau. Ame-Frode vart etter kvar den mest smidi- ge. Han kraup igjennom sykkeldekk utan å dette ned.

Eg nemnde mjølk. Ho vart betre etter kvart. Tjugen var for langt unna for mjølkehenting. Han Sjur-Ole og ho Sjur-Aslaug var gilde bøn- der i Lotunet. Kvar dag sette dei ut eit bitte lite aluminiumsspann på trappa til meg. Fylt med fråseparert mjølk. Denne gjorde meg godt, og så fekk eg trimmen frå sjøatunet til Lotunet dagleg.

Ole kunne vere ein spøkefugl. Kom på trappa og tok seg røykepauser. Snadda og smilet var på plass. Ein gong fekk eg vere med inn i stova der han oftast sat: Om lag alle veggene var fylt opp av bøker. Skrivesakene hans stod klar på stove- bordet. Seinare fekk eg lese spennande historier som «Trettandedagen» med handling frå Breng. Og boka «Ung elsk» av Olav Alvheim (pseudo- nymet til Sjur-Ole). Aslaug var av eit heilt anna kaliber: Gardkjerring av rette slaget. Undrast på kor mange tonn jordbær og gulrøter ho fekk pro- dusert. Ein gulrotsekk, sekunda, til kr 1.25 pr. kilo, kom eg og henta kvar haust. Det var eigent- leg prima vare som stod seg heile vinteren!

Alexandra hadde ei svær vaskebud rett att med Drageset-buda. Denne vart leikeplassen vår på uvérsdagar. I den store tørkesalen øvst hadde vi reine gym-hallen. Vi var ikkje så høge at tør- kesnorene der oppe under taket vart til hinder. Nede var det fleire mindre rom. Eitt var det grue og store koparkjelar i. Her hadde hotelljentene kokt opp sengetøy og dukar. Etter halvtørk vart tøyet teke inn på rullerommet nede: Midt på golvet eit stort, solid bord. På bordet fleire runde trestokkar. Over stokkane ei svær trekasse med fleire kilo stein i. For eit arbeid det må ha vore å glatte ut tøyet!

20.5 Frimerke med hotelldirektøren

Gamledirektøren, Richard Loen, hadde vi smågutane respekt for. Han samla på det same som vi: Frimerke! Medan vi var nybyrjarar, var han den vi såg opp til som reine eksperten. Vi fekk lov å kome på besøk i det nye huset hans etter at han flytta ut frå dei tre småhusa i Nordfjordtunet. No viste han oss den imponerande samlinga si. Ark på ark med ustempla frimerke og! Alt trygt forvart i brannsikkert skåp. (Ikkje så rart han hadde halde på ei stund. I Markus, der han hadde vakse opp, hadde dei postopneri - med luke i kontor-døra!)

Richard gjorde klokt i å samle på alle matrestar frå hotellkjøkkena. Dermed kunne han fø opp fleire grisar i skogen bak hotellet. Slik ressursbruk er mangelvare i dagens bruk- og kast-samfunn.

Jon Knut Drageset

Til dokumentstart

21 L/D Auto oppløyst for 55 år sidan (januar 2009)

Fjordingen for 55 år sidan (1954) ved Inge Fænn (Januar)

Sist laurdag vart det halde møte i L/D Auto, og det vart med stort fleirtal vedteke å løyse opp laget. Røystetalet var 74 mot 22 røyster. Møtet var i ungdomshuset i Loen. Det var Loen Dampbåtlag som starta dette billaget i 1937, og då krigen kom hadde dei ikkje mindre enn sju bussar og to drosjer. Noko av matriellet vart kverrsett under krigen, og seinare vart det selt meir. Når laget vart oppløyst, har dei ein buss og to drosjer som no skal seljast.

Til dokumentstart

22 Skaper nytt liv i Lodalen (.02.09)

Fjordingen, veke 6, 2009 (fleire artiklar i Fjordingen om denne saka)

Gjennom det nasjonale verdiskapingsprogrammet "Naturarven som verdiskapar", kan Stryn kommune få millionbeløp til Ramnefjell Naturarena og andre prosjekt i Lodalen.

Dette er veldig spennande med tanke på aktivitet og arbeidsplassar, seier rådmann Harald Risnes til Fjordingen.

Stryn kommune og Rune Holen i full gang med å utarbeide prosjektskisse for "Liv i Lodalen". Denne må vere sendt til Direktoratet for naturforvalting innan 13. februar. Formannskapet handsamar saka førstkomande måndag.


Rune Holen (t.h.) og Per Helge Bø står sentralt i arbeidet med å skape nytt liv i Lodalen. (Foto: Ove Sveen)"

I fjordingen fredag 13, februar vart det opplyst at Stryn formanskap stiller seg heilhjerta bak søknaden om å få "Liv i Lodalen" inn i det nasjonale verdi-skapingsprogrammet "Naturvern som verdiskapar". Elin Kvamme (AP) presiserte at kommunen sitt økonomiske bidrag må kome tydeleg fram. Artikkelen er ikkje skanna, men er klipt ut

22.1 Tilrår Lodalen på sisteplass (04.032.09)

Fjordingen. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no (onsdag 4. mars 2009)

Fylkesmannen har pr prioritert prosjektet «Liv Lodalen» på fjerde op sisteplass i kampen om midlar frå eit nytt verdiskapingsprogram.

Dette er prioritering gjort overfor Direktoratet for Naturforvaltning. Inntil 10 hovudprosjekt i heile landet får støtte, og det er avsett ti millionar kroner til programmet for 2009, noko som betyr om lag ein million kroner til kvart prosjekt som vert vald ut. LDet er stilt krav om 50 % eigen finansiering.

Oppmoda av fylkesmannen

Fylkesmannen oppmoda Stryn om å søkje om deltaking i verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdi-skapar» før jul, og det vart sendt inn søknad med «Liv i Lodalen» som arbeidstittel. Dette omfattar fleire delprosjekt som Skålasti-prosjektet, stiprosjektet Bødalseter-Bødalsbreen, Breng kulturlandskap, kulturminneprosjekt knytta til ulukkene i Rampefjell, oppbygging av nasjonalt skredsenter, gardsmat m-m. knytta til Hogrenning/Kjenndalstova, samt prosjekt knytta til kulturlandskap m.m. på Bødalsetra.

Askvoll og Solund på topp

Fylkesmannen har valt å prioritere prosjekt frå Askvoll og Solund på førsteplass og eit prosjekt frå verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap på andreplass. Deretter fylgjer Luster og til slutt Stryn. Fylkesmannen grunngjev prioriteringa hovudsakleg med at det er særleg unytta potensiale og større utfordringar til vern på kysten og at prioriteringa vil støtte opp om det planlagde informasjonssenteret på Værlandet.

Varsemd i Lodalen

Luster og Stryn er store turist-kommunar, og begge har nasjonalparksenter i dag, vert det anført. Fylkesmannen skriv at søknaden frå Stryn har ei litt «snever vinkling mot Lodalen, ein dal der den låge kulturpåverknaden utgjer ein særleg kvalitet, noko som tilseier varsemd overfor aktivitet som kan auke menneskeleg påverknad». «For Stryn kommune som for Luster, kan det vere viktig å konkretisere kva hovudprosjektet kan bidra med til å ta vare på verneføremåla i verneområda. For å ha større geografisk og tematisk spelerom bør hovudprosjektet truleg ikkje avgrense seg til berrre Lodalen», skriv fylkesmannen.

22.3. Siste ord ikkje sagt(04.03.09)

Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no (onsdag 4. mars 2009)

-Det er for tidleg å konkludere om prosjektet i Lodalen, meiner rådmann Harald Risnes, t.v. og ordførar Nils R Støyva. (Foto: Harald Vartdal)


(Bildet av Risnes og Støyva)

Rådmann Harald Risnes og ordførar Nils P. Støyva meiner at siste ord ikkje er sagt når det gjeld prosjektet i Lodalen.

Eg har fått fylkesmannen si tilråding berre referert. Vi må grundig inn i desse vurderingane, seier rådmannen.Let tiltaka seg gjennomføre om kommunen ikkje får midlar gjennom dette programmet? Siste ord er ikkje sagt. Vi har presentert ei totalpakke. Enkelte ting kan vere lettare å gjennomføre enn andre, men totaliteten blir klart tyngre å gjennomføre utan slike midlar, seier Risnes.

Stort potensiale i Lodalen

Heller ikkje ordførar Nils P.Støyva har studert fylkesmannen sine vurderingar nøye. Han er usikker på kva ein 4. plass i prioriteringa betyr og er atterhalden i kommentarane.Vurderinga kan nok gå på at vi allereie har nasjonal-parksenter i Stryn. Blir vi ikkje med i programmet, har vi klart ei finansieringskjelde mindre. Eg har lenge argumentert for prosjektet i Lodalen. Lodalen har stort potensiale i reiselivssatsing og cruiseutflukter, seier Støyva.

22.4. «Liv i Lodalen nådde ikkje opp»(01.04.09)

Harald Vartdal (Fjordingen onsdag 1.4.2009), harald.vartdaI@fjordingen.no

«Liv i Lodalen» er ikkje mellom dei 16 nasjonale prosjekta som vert inviterte til å søkje om opptak i verdiskapingsprogrammet for naturvern. - Svært skuffande, seier rådmann Harald Risnes til Fjordingen.

Stryn kommune hadde klare forventingar til at «Liv i Lodalen» skulle bli eitt av prosjekta i det nasjonale verdiskapsingsprogrammet for naturvern. Formannskapet handsama søknaden som hastesak 10. februar, og den dokumenterte søknaden vart sendt 13. februar. Men no viser det seg at arbeidet var vekkasta. Rådmann Harald Risnes er skuffa over at «Liv i Lodalen» ikkje nådde opp. - Eg meiner vi hadde gode kort på hand. Difor er det skuffande at vårt prosjekt ikkje står på lista til Direktoratet for naturforvaltning, seier Risnes.

Kvifor fekk ikkje «Liv i Lodalen» gjennomslag? - Det må vere fordi fylkesmannen prioriterte Verdsarv-området og kystprosjektet i Askvoll og Solund. Noko anna forklaring har eg ikkje.

Kva betyr avslaget for planane i Lodalen? - Det blir heilt klart tyngre å realisere prosjekta i Bødalen. Men vi får sjå om det ikkje let seg gjere å gjennomføre nokre av tinga vi har lagt opp til, sluttar rådmann Harald Risnes.

22.5. Byggjer ikkje luftslott (14.4.2010)

(Fjordingen 14.4.2010) Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)


Rune Holen (t.v.) og Per Helge Flo gav formannskapet ein statusrapport får arbeidet med Lodalen naturarena

Per Helge BØ og Rune Holen vil dokumentere at Lodalen naturarena ei liv laga før spaden vert sett i jorda for ei utbygging til 50 millionar kroner.

Det Lodalen treng minst av alt, er eit bygg som vert ståande tomt etter fem eller ti års drift, var inititativtakarane si klare melding til Stryn formannskap. Korvidt det er mogeleg å realisere planane om eit naturbasen opplevinga- og kompetansesenter i Lodalen, vert avklara når dei no går i gang med fase to i forprosjektet. Prosjektet Norsk Skredsenter vart lansert i 2007. Seinare er namnet endra til Lodalen naturarena.

Lodalen sitt potensial er ikkje fullt utnytta. Vi ønskjer å etablere ein publikumsattraksjoi som tek utgangspunkt i den unike historia og naturen, innleia Per Helge Bø og Rune Holen i sin presentasjon av det som alle eie er gjort for å tilføre indre Nordfjord ein ny attraksjon. Prosjekter inneheld også natur- og og kultursti og overbygg for båt vraket i Nesdal.

Natur- og kultursti

Gjennom fase ein i forprosjekta er det lagt opp til å byggje 1.500 meter natur- og kultursti som gjer det mogeleg for folk å gå rundtur på Nesodden og opp til ysteriet som spelte ei sentral rol le under den siste Lodalsulukka 1936. Stien er kostnadsrekna til 1.450.000 kroner. Det er også planar om å bruke 500.000 kroner på eit overbygg som ivaretek båtvraket i Nesdal.

Vi har vore for lite flinke til å formidle historia og ta vare på kulturminna som knyter seg til dei to største naturkatastrofane i landet. Her har vi eit stort ansvar understreka Bø og Holen.

Populærvitenskapleg senter.

Gjennom første del i forprosjektet er det lagt stor vekt på å knyte kontakt med fagmiljø som arbeider med skredproblematikk.

Alle som vi har snakka med, stiller seg positive til at det vert etablert ein populærvitenskapleg arena, fortalde Per Helg Bø og Holen. På lista over samarbeidspartnarar finn vi tunge ak tørar som Norges geologiske undersøkelse, Norges Geotekniske Institutt, NVE, Statens vegvesen, Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

46, 7 mill. kroner

Lodalen naturarena er kalkulert til 46,7 mill. kroner. Det omfattar alle utgifter med 960 kvm bygg, utstillingar, kinosal og andre fasilitetar som krevst for å ta imot turistar i tusental. Grunneigarane har stilt seg positive til planane.

Det 960 kvm store bygget er kostnadsrekna til 26,3 mill. kroner, innhald 10,7 mill. og infrastruktur 9,7 mill. kroner. Finansieringa baserer seg 40 prosent i offentleg investeringsstøtte, 40 prosent donasjonar og 9,7 mill. kroneri låneopptak. Dette meiner vi er fullt mogeleg å få til, meinte initiativtakarane. Son overfor formannskapet gjorde det klart at dei ikkje vil køyre fram prosjektet for ein kvar pris.

Det siste Lodalen treng er eit «spøkelseshus». Vi kjem ikkje til å setje spaden i jorda før alt ei skikkeleg dokumentert, forsikra Bø og Holen.

Søkjer kommunale midlar

Så langt er det brukt 800.000 - 900.000 kroner pluss dugnadsinnsats på forprosjektet. Til gjennomføring av fase to krevst det ytterlegare 800.000 - 1.000.000 kroner. Stryn kommune er ein av instansane som får søknad om økonomisk bidrag. Framdriftsplanen legg opp til at det i næraste framtid vert etablert ein med eigarskap og engasjement for realisering av naturarenaen.

Våre von til Stryn kommune er at prosjektet blir politisk og administrativt forankra i kommunen, at det vert gjeve økonomisk støtte til fase to i forprosjektet og at det lokalpolitiske miljøet viser engasjement for prosjektet overfor t.d. fylkeskommunen. Vi ser også gjerne at kommunen deltek i styringsgruppa for Lodalen naturarena, sa Per Helge Bø og Rune Holen.

Utruleg spennande

Ordførar Nils Petter Støyva fann det naturleg at dei startar med natur- og kulturstien og båthuset. Prosjekt som kan gå uavhengig av kva som skjer med bygging av naturarenaen.

Ja, natur- og kulturstien må vere klar seinast i 2011 og båthuset snarast råd, fastslo mennene bak prosjektet. Varaordførar Anne Margrete Tonning rosa initiativet.

Dette er eit utruleg spennande prosjekt i ei tid då stadig fleire etterspør opplevingar, poengterte ho. Ingolf Folven såg natur- og kulturstien som det viktigaste elementet i prosjektet.

Det blir eit større trekkplaster enn bygget, meinte han.

Vi må uansett ha ein plass å setje kassaapparatet, repliserte Rune Holen.

Til dokumentstart

23 Felte gaupe på 20 kilo (16.2.2009)

Fjordingen, 16. februar 2009

Jan Ove Hogrenning vart historisk då han i 13-tida søndag felte den første gaupa i Loen i nyare tid. Heile 20 kilo vog hanngaupa som vart skoten etter ei storstilt jakt.

Det var fredag at jegarane i Loen og Lodalen førebudde seg til jakt. Erik Bødal fekk tidleg om morgonen sjå gaupespor då han skulle til skogs og felle eit par grantre.

Sporinga etter dyret vart teken opp, og det skulle syne seg at dyret natt til laurdag hadde streifa milevidt rundt i Loen og Lodalen. Gaupa hadde også kryssa Lovatnet over til Nesdal.

Fredag vart to eigarar av spesialhundar i Trysil kontakta, og desse sette seg i bilen og nådde Loen i 6-tida laurdag morgon. Utover dagen var 20 jegarar i sving på leit etter dyret. Nynøen gjorde sporinga vanskeleg

Det var først søndagens jakt som gav fullklaff. Gaupa hadde kryssa Saubrua mellom Tjugen og Loen. Like i nærleiken vart ho skoten med eit velretta rifleskot i bogen.


Jaktlaget - gaupejakta.Jan Ove Hogrenning med gaupa han skaut ved 13-tida søndag. Rundt ser vi jegarane som deltok i den hiostoriske og storstilte gaupejakta i Loen. (Foto: Ove Sveen)

Til dokumentstart

24 Positive til helikopterplass på Tyvaneset (5.3.2009)

Skrive av: Harald Vartdal (torsdag, 05.mars 2009 09:40) i Fjordingen.

Stryn formannskap ser positivt på at Leif Arne Loen får etablere helikopterplass på Tyvaneset, men ber om at aktiviteten vert avgrensa til 250 rørsler per veke.


Leif Arne Loen er i ferd med å opparbeide helikopterplass på Tyvaneset i Loen. (Foto: Harald Vartdal)"

Etter handsaminga i formannskapet,går denne fråsegna til Luftfartstilsynet: "Stryn kommune ser positivt på at Leif Arne Loen får konsesjon til helikopterplass på Tyvaneset, slik det går fram av forslag til konsesjonsvilkår. Kommunen vil likevel be om at avgrensinga i tal rørsler per veke vert redusert frå 290 til 250. Stryn kommune vil også drøfte inn- og utflygingsretninga med konsesjonshavar i tråd med framlegg til konsesjon. Dette for å sikre at støymengda inn mot bebyggelse og institusjonar i Loen vert minst mogeleg. Det er svært viktig at helikopterplassen på Tyvaneset vert tilgjengeleg for dei helikopterselskap som ynskjer å drive turistflyging i kommunen og at konesjonshavar finn løysing på å fordele trafikkmengda. Med omsyn til når landingsplassen kan takast i bruk, må tiltakshavar fremje eigen søknad om teknisk godkjenning".

Anders Magne Vik (Frp) synte til at Stryn kommune tidlegare har lagt opp til offentlege helikopterplassar, og at det her kjem inn ein privat eigar som vil drive butikk. Ifølgje Vik kan dette føre til konkurransevriding mellom aktørane i bransjen.

Også dei noverande plassane som Helikopter Utleie har fått konsesjon på, er private. Selskapet står fritt til å sleppe til andre aktørar viss der er ledig kapasitet. Poenget for kommunen er at vi no får ein plass som fleire kan nytte gjennom avtalar med Leif Arne Loen. Alternativet for å nå målsetjinga om ein meir nøytral plass, var kommunal eige og drift. Det kan seinare bli aktuelt på Skarsmyra i Stryn miljø- og næringspark, opplyste rådmann Harald Risnes.

24.1 Fylkesmannen positiv til helikopter pa Tyvaneset.(6.4.2009)

Harald Vartdal, Fjordingen, 6.4.2009, harald.vartdal@fjordingen.no

Fylkesmannen har ingen avgjerande merknader til at det vert gjeve konsesjon for Tyvaneset helikopterlandingsplass i Loen.

Søknaden frå Leif Arne Loen om å etablere helikopterplass på Tyvaneset har vore ute på høyring. Fylkesmannen syner til at det er kommunen som lokal planstyresmakt som sit med hovudansvaret for avklaring og prioritering av arealbruken.

Vår oppgåve er primært å sjå til at nasjonale og regionale interesser vert ivaretekne, presiserer leiinga i fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Tyvaneset er vist som helikopterplass i arealdelen til kommuneplanen, og det ligg føre godkjent utbyggingsplan for denne. Fylkesmannen har såleis ikkje avgjerande merknader til at det vert gjeve konsesjon for Tyvaneset helikopterplass, men viser til kommunen sine vurderingar og fråsegn når det gjeld m.a. avgrensing i tal flyrørsler per veke og totalt per år og ruter for inn- og utflyging med tanke på busetnad og institusjonar i Loen, heiter det i fråsegna.

24.2 Gjer klar for landing (på Tyvaneset).(20.4.2009)

Skrive av: Harald Vartdal (måndag, 20.april 2009 09:45)

Leif Arne Loen gjer klart for oppstart på Tyvaneset helikopterplass. Eg har avtale med selskapet Pegasus, men plassen er open for alle som driv turistflyging, opplyser Loen til Fjordingen. Med kommunal tilråding om 250 flyrørsler i veka, blir dette største helikopterplassen i Stryn.

Som privat eigar og konsesjonshavar står eg fritt til å bestemme all aktivitet. Folk kan kome direkte til meg med eventuelle klager. Mitt ønskje er minst mogeleg bråk og at alle blir fornøgde, seier Leif Arne Loen. Asbjørn Nes i Pegasus karakteriserer Tyvaneset som beste lokalisering for helikopteraktivitet i Loen.

Dersom alt går etter planen, vil flyging av cruiseskipspassasjerar frå Tyvaneset landingsplass starte i midten av mai. Konsesjonen ser ut til å gå i orden, men vegvesenet må godkjenne avkøyrsla før helikopterplassen vert teken i bruk, opplyser Leif Arne Loen til Fjordingen.


Leif Arne Loen eig landingsplassen på Tyvaneset i Loen. (Foto: Harald Vartdal)

Til dokumentstart

25. Har funnet eit stykke historie frå romertiden (16.9.2009)

Skrive av: Tommy Nilsen (onsdag, 16.september 2009 10:10)

Forskarar har gjort eit sjeldan og historisk funn i Loen. Der har dei funne eit gammalt stort gardshus på over 40 meter frå cirka 300-talet.

Vi har ikkje gjort liknande funn i Stryn tidlegare, bekreftar Anita Haugen. Ho er feltleiar for denne utgravinga.

Det ser no ut til at framståande maktmenneske har heldt hus i Loen. Feltleiaren peikar på geografiske forhold når ho skildrar storgarden sitt opphav. Mellom anna har nærleik til fjorden vore viktig.

Teamet frå Bergen museum reknar med at garden skriv seg tilbake til mellom år 300 og 400 etter Kristus. Dei har arbeidd i tre veker ved kyrkja i Loen.


Feltleiar Anita Haugen og hennar frå Bergen Museum har funne mykje spennande i løpet av tida i Loen. Ho seier det har vore kjempegøy å jakte på historie.