"Reise i bilder"

"Reise i bilder" er eit opplegg for å vise natur og lokal-historie med bilde. Opplegget er tilpassa Loengrenda med sine gardar og bruk. Rammeverket er etablert, men det manglar ein stor del av innhladet ved årsskiftet 2007/2008.

Som bakgrunn for val av område er nytta sattelittbilde og flybilde. Grenda, gardar og bruk er markerte med raude punkt som kan veljast (klikke på).

Bilde og informasjon er knytt til dei geografiske nivåa grend, gard og bruk med modulane Gardpunkt(berre for grend), Brukpunkt (berre for gard), Bildepunkt (for grend og gard), Bildegalleri og Tekst. Naturbilde som viser dagens situajson er tenkt vist i modulen bildepunkt, medan historiske bilde er tenkt vist i form av bildegalleri. Det er likevel slik at det er høve til indiviudlel utforming av modulane for kvar gard og kvart bruk.

Nivåa Jordkloden, Europa, Norge og Nordfjord er med berre for å plassere Loen i ein større samanheng. Startnivå kan veljast i øverste høgre hjørne i skjermbildet

Produktet "Reise i bilde" er basert på ein 20 år gamal visjon om å bruke kartet som meny og GIS som verktøy for lokalhistoria. Visjonen gjekk ut på at ein kunne starte med oversiktskartet. Etter kvart som eni zooma inn i kartet kunne det dukke opp stadig nye kartobjekt som kunne veljast og visast med tilleggsinformasjon fra andre databasar (t.d. gardstun og andre bustadhus). Visjonen kunne ha blitt realisert om sentrale aktørar hadde gått saman om å etablere ein felles kartbase som grunnlag for kartbasert lokalhistorie. Av økonomiske grunnar (m.a.innkjøp av digitalt kartgrunnlag og datasystem) og mangel på kompetanse (drift av eit geografisk informasjonssystem) var det umogleg fore ein privatperson å realisere visjonen åleine. Funksjone "Reise i bilde" er berre ei primitiv tilnærming til den opprinnelege visjonen. På mange andre område ser ein no at visjonen om oppslag via kart og bilde blir realisert (t.d. Google earth)

Gardpunkt

Modulen gardpunkt er eigenltleg ein meny for å velge gard, men viser samtidig kvar i grenda dei ulike gardane ligg. Modulen har sattelittbilde av Loengrenda som bakgrunn og senteret for kvar gard er market som raudt punkt. Gard vel ein ved å klikke på punktet for garden. Bakgrunnsbildet er henta frå Google earth. (eksempel)

Brukpunkt

Modulen brukpunkt er ein meny for å velge bruk innan garden, men viser samtidig kvar dei ulike bruka har sitt driftssenter. Modulen har som hovedregel flybilde i svart /kvitt som bakgrunn og driftssenteret for kvart bruk er market som raudt punkt. Bruk vel ein ved å klikke på punktet for bruket. Flybilda som er nytta som bakgrunn er innkjøpt frå Terratec A/S. Tidspunktet for flybilda er sommaren 1993. (eksempel for garden Loen)

Bildepunkt

Modulen bildepunkt er ein meny for å velge og vise naturbilder. Bakgrunnen her er også sattelittbilde eller flybilde, og bilda som kan visast er avmerka som klikkbare piler. Bildepilene er plasserte der bilda er tekne og pila viser retninga. Sjølve bilda vert viste på den måten som er standard for bildearkivet med bildetekst under bilda. Formatet på bilda er ca 500 punkt i vertikal retning. Originalbilda i full storleik er ikkje tilgjengelege på nettet. (eksempel for grenda (sokna) Loen)

Bildegallerit

Modulen bildegalleri gir eit eller fleier bildealbum for grenda, kvar gard og kvart bruk. Bildegalleria er bygt opp av klikkbare småbilde organisert i tabellform i to spalter med 300 punkt i bredda for kvart bilde. Når ein klikkar på eit bilde får ein opp bildet med tekst på den måten som er standard for bildearkive. (eksempel for sjurebruket i Loen)

Tekst

Tekstmodulen gir tilgang til meny med lenker som knyter tekst til grenda, kvar gard og kvart bruk. Teksten inngår ikkje som del av opplegget for "Reise i bilder", men kan finnast under andre delar av nettstaden til Loen webinfor eller kvar som helst på nettet. (eksempel for sjurebruket i Loen)