Bilde. Postkort

Audun Loen sitt postkortarkiv

Postkorta viser Loen kyrkjesokn frå Ytterste Strand til Kjenndalsbreen gjennom 100 år.
Beklager små bilder. Eksempel: Full størrelse

Loen Til dokumentstart

Postkortprosjektet

Innsamling av postkort starta i 2005. I perioden etter 2005 har eg kjøpt alle ulike kort som har vore på sal på QXL. Prosjektet vart avslutta med oppsummering i mai 2020

For presentasjon og som praktisk hjelpemiddel for å unngå kjøp av dublettar, laga eg ei web-side med alle postkort som blei kjøpt. Denne web-sida vart skriven manuelt. Det vart teke i bruk ei gruppering av korta etter geografisk tema innan kyrkjesoknet.

I arkivet er postkorta samla i postkortalbum, sortert ette same hovedtema som nemnt ovanfor. Det er likevel ikkje nødvendigvis same rekkefølgja på bilda innen kvart tema som på i web-sida. Postkorta fyller 9 postkortarlbum. I alt var det kjøpt 680 postkort. Med gjennomsnittspris på kr 50 utgjer dette kr 34.000.

Dei digitale kopiane av postkorta har blitt arkivert som ein del av bildearkivet som eigen bildeserie med kode N og med temainndeling etter geografi i kirkesognet. Dei viktigaset gruppene med flest kort var: Oversikt over Loen (94), Hotella (111), Kaia og turistskip (34), Vassenden (54), og Kjenndalen med restaurant og bre (128).

Ved avslutning av prosjktet i 2020 vart alle poskorta koda med utgjevar (copyright), og fortatt opptelling. Det vart i alt registrert 65 utgjevarar. Alle postkorta har blitt skanna og bilde av korta er arkivert i bildearkivet med serie kode N.For 33 kort var det ikkje påtrykt kven som var utgjevar. For nokre kort var både fotograf og rettigheitshavar oppgitt. Det er den som står oppført med copyright som vart registrret i systemet. Både Drageset (butikken) og hotell Aleksandra stod oppført som eneberettiget på ein del kort. Det er 14 utgjevarar som har meir enn 10 kort i samlingan. Dei 5 største er : Normann (176), Mittet (66), Knud Knudsen (51),Kirkhorn Molde (32) og Aune (31). Det kan også nemnast at der var 9 kort av Maurset.