Loen webinfo
Loen webinfo har som formål å formidle informasjon om Loen med hovedvekt på naturbilde, slekt og lokalhistorie. Loen-webinfo er eit privat hobbyforetak som driv på ideelt grunnlag utan inntekter eller økonomisk støtte.

Loen
Det som særmerkjer Loen er naturen, fager men fårleg. Bygda er kjend for rasulukkene i 1905 og 1936, brearmane, elva med laksefiske, turistnæringa med hotell Alexandra i sentrum, jordbruksdrift og Nordfjord kjøttindustri.

Informasjonssystem for Loen
Nedanfor er det orientert om korleis Loen-webinfo har strukturert informasjonen om Loen og gjort den tilgjengeleg på internett. .

LOEN BYGDEBASE
Begrepet "Bygdebase" er lansert som motsykke til papirproduktet bygdebok. Bygdebasen for Loen blir etter kvart ei felles overbygning for informasjonsprodukta for Loen. For publikum blir adressa til informasjonen om Loen: http://loen.bygdebase.no

LOKHIS
Hovudproduktet for Loen Webinfo er eit lokalhistorisk informasjonssystem. Systemet er bygt opp på same måten som tradisjonelle bygdebøker med oppslag via gard og bruk. For kvart bruk er det lenke til personar som har vore eigarar og/eller brukarar og for desse er det tilgang til slektstre med både aner og etterslekt. Systemet inneheld også bilde, tekst og kjeldedata. Det er tilgang til systemet for autoriserte brukarar. For å vise kva systemet går ut på er det laga ein demo som er tilgjengeleg for alle. Det er også laga ein indeks over personar som inngår i systemet. Ved hjelp av denne indeksen kan det gjerast oppslag i slektstreet utan å gå vegen om gard og bruk.

LITTERATUR
Gjennom LOKHIS er det tilgang til litteratur knytt til gardar, bruk og personar. Dette gjeld mellom anna tekst frå bygdeboka. Ein har valt å gjere litteraturdelen tilgjengeleg uavhengig av tilgang til LOKHIS. Dette er i ferd med å bli ei digital artikkelsamling for Loen. Artiklane inneheld både aktuelt og historisk stoff.

BILDE (frå satelitt, fly og ustsiktspunkt i Loen)
Alle bilda som vert nytta av Loen Webinfo er samla i eit eige bildearkiv. Bildearkivet er organisert som eigen nettstad med eige domenenamn: http://loen-bilder.info/ . Det er laga nokre opplegg for presentasjon av Loen med utgangspunkt i bilde medrekna postkort, satelittbilde, flybilde og kart. Dette er førebels berre å rekne som prototypar og nokre av presentasjonane er utan fullstendig datainnhald for heile bygda. Desse presentasjonane er det tilgang til via nettstaden for bildearkivet. Dette gjeld systema: postkort, reise i bilde, fottur og bildegalleri (album).

NETTSTADAR I LOEN
Det er mange nettstadar i Loen, særleg innan reielivsnæringa, med omtale på fleire språk. Det er laga ein liten portal med tilgang til desse nettstadane

Bilde: Gamalt og nytt:
Loen mot fjorden 1903
Loen mot fjorden 2006
Hotel Alexandra 1900
Hotel Alexandra 2006