Til kart/flybilde

Tur: Historisk vandring i Bødal

Start generell turomtale (ny versjon)
Start generell turomtale
.

Inneiing

Det er merka ei turløype for historisk vandring gjennom Bødal. Deler av denne løypa er også meka som pilgrimssti til ein kross på toppen av Nesodden. Den historiske vandringa går innom vraket av dampbåten Lodalen og tuna på gardsbruka der dei låg før ulukka i 1936,

Nummereringa av skilta er lagt opp til at ein startar turen ved minnetavla på vegen mellom Bødal og Kjenndal og endar ved den faste busetnaden i Bødal på sørsida av brua over Bødalselva. Denne omtalen med bilde og historie er basert på ein tur 8.juli 2010 i den motsette retgninga, med start i Bødal med historisk vandring til minnetavla og tilbake til Bødal langs bilevegen. I denne omtalen er det ikkje teke med skilta som er sette opp for å markere pilgrimsstien.

Omtale av turstien

På grunn av at det var fullt på parkeringsplassen ved minnetavla, køyrde vi tilbake til den faste busetnaden i Bødal og gjekk turen den motsette vegen av merkinga. Vi parkerte bilen på nordsida av elva i Bødal (mot Loen) og gjekk over brua. Sør for brua gjår det traktorveg mot vest mot Lovatnet. Ved gresna mot Raudiparten er det 90 graders vinkel på traktorvegen som går vidare mot sør mot Nesodden. Der traktorvegen endar går det sti mot vest til toppen av Nesodden, og opptråkka sti mot aust opp til vraket av dampbåten Lodalen. Frå vraket er det opparbeidd ny traktorveg til minnetavla ved vegen til Kjenndalen. Frå minnetavla gjekk vi hovedvegen tilbake til Bødal.

Langs stien er det sett opp nummererte skilt med tekst. Desse markerar tuna på bruka i Nesdal samt nokre andre hus som ysteriet, skulehuset og forsamlingsnhuset (IOGT-huset).Det er også markert kvar det gamle tunet av Bødal var lokalisert før raset i 1905. Dette området er delvis skola bort av bårene og er no ein del av vatnet utanfor.

Den nye traktorvegen frå minnetavvla og ned til båtvraket er ikkje komen med på kartgrunnlage for denne presntasjone som er lage i oktober 2010. Stiar som manglar i kartgrunnlaget er teikna inn skjønnsmessig.

Kartpresentasjonen

Bakgrunnskartet er henta frå "Gardskart på nett", med ortofota, høgdekoter, vegar og eigesomsgrenser og påførde gards- og bruksnr. Loen webinfo har etter beste even lagt inn punkt som markerar tuna frå før 1936 (raud fareg) og andr minnesmerke (gul farge). Ved å klikke på desse punkta får ein tilgang til historisk omtale med historiske bilde. Vidare er det lagt inn fotopunkt frå turen 8. juli 2010. I kvart fotopunkt er det lenke til eitt eller fleire bilde frå denne turen. Desse punkta er merka med blått.

Historiske opplysningar om bruka

I staden for å lage ny historisk omtale for kvart bruk for dette prosjektet, er det lagt til sider som er generert automatisk fra loen.lokhis.no. Alle web-sider som inngår i loen.lokhis for bruka i Bødal er med, men det er ikkje tilgang til sidene med detaljerte personopplysningar.

Personar med tilgang til loen.lokhis.no, som ønskerj å sjå nærere på slektene og personane i Bødal, kan logge seg på her

Om Bødal og bruka

I 1905 var det 7 bruk i Bødal medrekna Raudiparten. Garden var ikkje utskifta før ulukka, og 5 av bruka hadde husa sine i eit klyngetun heilt nede ved vatnet.Det var husa på Gjerstunbruket og på Raudiparten låg utanfor klyngetunet. Gjerstunbruket og Raudibruket gjekk fri for ulukka i 1905, medan båra tok alle bustadhusa i klyngetunet. Det var berre nokre av dei øvste fjøsbygningane som vart ståande. Det var 24 menneskje i Bødal som omkom ulukkesnatta og 3 dei neste dagane.

Dei nye tuna vart etter kvart bygde opp på nytt ovanfor det gamle tunet. I boka til Sigurd Nesdal "Lodalen fager og fårleg"er der kartskisser (side 90 og side 128) der plasseringa av bruka før ulukke i 1936 er avmerke. Markeringa av tuna i den historiske turløypa er stort sett i samvar med dette. Ved raset i 1936 kom bølgja mykje støre enn i 1905. Medan bølgja i 1905 delte seg mot Nesodden, skola ho no over Nesodden og alle bruka i Bødal vart tekne. Det einaste som stod igjen var ysteriet, og nokre gardfjøsar lengst oppe. Etter 1905 var det komne til to nye bruk ved frådeling slik at det var 9 bruk som var lagde øyde.

I dag (2010) er det berre eitt av bruka i Bødal som er bygt opp igjen og har fast busetnad. Dette bruket ligg ovanfor den komunale bilegen like sør for brua over Bødalselva